Bachelorprogram i molekylærbiologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Opptak
- Kontakt
- Studieplan
- Studieløp
Introduksjon
Korleis ser eigentleg cellene ut? Kva for endringar i cella er det som kjenneteiknar ei kreftcelle? Korleis utviklar eit befrukta egg seg til eit ferdig individ? Er det etisk forsvarleg å endre genane til dyr slik at dei kan produsere medisinar?
Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og livsprosessane som desse molekyla inngår i. Vi studerer den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til DNA, RNA, protein, karbohydrat og lipid. Da kan vi forstå deira plass og funksjon i dei levande organismane.
Studium av molekyl og celler har gitt mykje ny kunnskap dei siste 50 åra. Ein har mellom anna funne samanhengen mellom molekyl og ei rekke sjukdommar, identifisert genane til mennesket, fått kjennskap til fosteret si utvikling og delteke i utviklinga av nye vaksinar.
Molekylærbiologi og biokjemi, som er to sider av det same fagområdet, står i dag heilt sentralt i all biologisk og medisinsk forsking. Biokjemiske og molekylærbiologiske prinsipp blir også nytta innan for eksempel farmasøytisk og bioteknologisk industri.
Studievegar
- Bachelor
Det treårige studiet gir deg ei brei innføring i moderne molekylærbiologiske teoriar og metodar. Kombinasjonen mellom molekylærbiologiske emne og kjemi gir deg innsikt i dei biokjemiske/molekylære mekanismane bak biologiske prosessar. Matematikk, biologi og informatikk er viktige støttefag.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i molekylærbiologi, biologi og eventuelt kjemi.
- Forsking
Fagmiljøet driv forsking på fleire felt innan biokjemi og molekylærbiologi med prosjekt på enzymologi, genregulering, molekylær embryologi, proteinstruktur og funksjon, reproduksjon hos fisk og virologi.
- Sjå også desse studia
Kjemi, biologi, nanoteknologi.
Visste du at ...
Nobelprisen i medisin i 2011 gjekk til molekylær-biologisk forsking på molekylære mekanismar i medfødd immunitet og forsking på dendrittiske celler, som kan aktivere og regulere det erverva immunsystemet i kroppen?
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning
Oppbygging
Bachelorprogrammet i molekylærbiologi inneheld 20 studiepoeng innføringsemne og totalt 100 studiepoeng med spesialisering. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng molekylærbiologi, 30 studiepoeng kjemi og 10 studiepoeng matematikk eller statistikk. Dei siste 60 studiepoenga kan veljast fritt (valemne).
Utveksling
Valfridommen i det sjette semesteret kan med fordel bli nytta til delstudium i utlandet. Bachelorprogrammet i molekylærbiologi har valt ut tre samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best i din bachelorgrad. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Molekylærbiologisk institutt har avtaler med McGill University i Canada, University of Cape Town i Sør-Afrika og James Cook University i Australia. UiB har i tillegg mange andre utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa.
Sjå http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/utveksling-ved-molekylaerbiologisk-institutt for meir informasjon.
Yrkesvegar
Molekylærbiologar arbeidar innan forsking og undervisning ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i bedrifter innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Dei kan òg jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. For eksempel har kandidatar med ein grad i molekylærbiologi frå UiB fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervisning i den vidaregåande skule og i offentlig forvaltning.
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i molekylærbiologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Vi tilrår at du har kunnskapar som tilsvarar Kjemi 1+2 og/eller Biologi 1+2 og Matematikk R1.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
40
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i molekylærbiologi er 3-årig (180 studiepoeng).
Målet med studieprogrammet er å gi studentane ei brei og basal forståing av molekylærbiologiske metodar, tenkemåtar basert på kjemisk analyse slik at dei lett kan bruka kunnskapen til vidare studiar i biologi, kjemi, biomedisin eller byrja å arbeida i eit laboratorium.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført bachelorstudiet i molekylærbiologi skal kandidaten kunne:
- gjera greie for molekylærbiologifaget sin eigenart og utvikling
- klargjera strukturell mikroskopisk og makroskopisk organiseringar av biologiske system
- forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengane mellom disse i ein biologisk kontekst
- utføre enkelt eksperimentelt molekylærbiologisk arbeid
- gi oversikt av viktige molekylærbiologiske og biokjemiske metodar og dei fysikalske prinsippa for desse
- ha ei forståing for biologisk evolusjon
- kunne forstå samanhengen mellom genotype og fenotype
- ha ein forståing av verdien av bioinformatisk analyse og til ein viss grad kunna utføra slik analyse
- ha fordjupa seg i nokre sentrale molekylærbiologiske arbeidsområder
- ha ein viss kjennskap til molekylærbiologiske modellorganismar
- Bruka bibliotek og vitskapelige databasar til innhenting av relevant
informasjon
- kunne skrive eit essay om eit molekylærbiologisk tema
- formidla molekylærbiologiske tema på ulike faglege nivå opp til bachelorgrad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Innføringsemne
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i molekylærbiologi er ei spesialisering på tilsaman 100 studiepoeng i tillegg til 20 studiepoeng innføringsemne og 60 valfrie studiepoeng. Spesialiseringa er samansett av 60 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk/statistikk.
Spesialiseringsemna i molekylærbiologi (60 sp): MOL100 Innføring i molekylærbiologi, MOL200 Metabolisme: reaksjonar, regulering og kompartmentalisering, MOL201 Molekylær cellebiologi, MOL202 Eksperimentell molekylærbiologi, MOL203 Genstruktur og funksjon, MOL204 Anvendt bioinformatikk.
Spesialiseringsemne i kjemi (30 sp): KJEM110 Kjemi og energi, KJEM130 Organisk kjemi, valfritt emne i kjemi (10 sp). I første semesteret bør studentar som har liten bakgrunn i kjemi ta kjemikurset KJEM100 Kjemi i naturen. KJEM110 Kjemi og energi byggjer på Kjemi 2 eller fullført KJEM100. Ein kan ta KJEM110 første semester dersom ein er kvalifisert for det.
Spesialiseringsemne i matematikk/statistikk (10 sp): Dette kjem i tillegg til det obligatoriske innføringsemnet i matematikk (MAT101/MAT111), men ellers ein kan velje fritt (t.d. MAT121, STAT101/STAT110).
Tilrådde valemne
Dei 60 frie studiepoenga kan vere frå andre fagretningar eller samansett av andre emne enn dei tilrådde (sjå under). Ein bør velje valemne etter interesse og evt. i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Tilrådde valemne i molekylærbiologi er MOL231 Prosjektoppgåve og MOL270 Bioetikk. Andre emne i molekylærbiologi kan vere relevant å ta mot slutten av bachelorgraden.
Emne i kjemi som KJEM131 Organisk syntese og analyse, KJEM120 Grunnstoffenes kjemi og KJEM210 Kjemisk termodynamikk kan vere relevante å ta.
Biologiske emne som BIO100 Innføring i evolusjon og økologi, BIO113 Mikrobiologi og andre biologisk emne valt etter interesse.
Emne i matematikk, statistikk, fysikk og informatikk kan og være nyttig. Sjekk alltid forkunnskapskravet og tilrådde forkunnskapar før du vel valemne.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Studentar kan nytte valfridomen i det 6. semesteret til internasjonal utveksling. Det er i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta litt av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. I bachelorprogrammet i molekylærbiologi har vi i tillegg valgt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for deg. På den måten har du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Molekylærbiologisk institutt tilbyr tilrettelagte delstudium ved University of Cape Town, Sør-Afrika, McGill University, Canada og James Cook University, Australia. I tillegg har instituttet avtalar med fleire europeiske universitet.
Sjå http://www.uib.no/mbi/utdanning/bachelorstudent-ved-mbi/utveksling-ved-molekylaerbiologisk-institutt for meir informasjon.
Vurderingsformer
Obligatorisk undervising og informasjon om vurderingsformer står omtalt under kvart enkelt emne.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Molekylærbiologar arbeider innan forsking og undervising ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i bedrifter innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Molekylærbiologar kan også jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. Til dømes har kandidatar med ei grad i molekylærbiologi frå UiB har fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no.
Administrativ ansvarleg
Molekylærbiologisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@mbi.uib.no
Tlf 55 58 45 29.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i molekylærbiologi - obligatoriske emne (krav: 80 SP) | ||||||||||||
| For bachelor i molekylærbiologi inngår ei spesialisering; denne inkluderar 50 sp molekylærbiologi, 30 sp kjemi og 10 sp matematikk/statistikk (i tillegg til innføringsemnet). Studentar med svake forkunnskapar i kjemi bør velje KJEM100 i første semester, medan studentar med gode forkunnskapar i kjemi kan velje KJEM110. KJEM 110 er obligatorisk for alle studentar på programmet. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MOL100 | Innføring i molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MOL200 | Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| MOL202 | Eksperimentell molekylærbiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL201 | Molekylær cellebiologi | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| MOL203 | Genstruktur og funksjon | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| MOL204 | Anvendt bioinformatikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Spesialisering i molekylærbiologi - kjemivalg (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel eit kjemiemne (10 SP) etter interesse. Alle studentar skal ta minimum 30 sp kjemi. KJEM110 og KJEM130 er obligatorisk for alle, og ligg som obligatoriske emne i utdanningsplanen din. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| KJEM131 | Organisk syntese og analyse | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM120 | Grunnstoffenes kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM122 | Syntetisk uorganisk kjemi | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | 1-6 | |||||||||
| KJEM212 | Molekylære drivkrefter | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i molekylærbiologi - matematikk/statstikkval (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Eit matematikk- eller statistikkemne i tillegg til innføringsemne i matematikk skal veljast i løpet av bachelorgraden. Statistikk er tilrådd, men vel emne etter interesse. Det er og høve til å velje andre emne enn dei som er lista under. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| STAT101 | Elementær statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 60 studiepoeng | ||||||||||||