Bachelorprogram i fysikk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Korleis heng verda saman? Kan vi gjenskape forholda rett etter Big Bang? Kor lite kan vi «sjå»? Kva er ei kvantedatamaskin og korleis blir ho laga? Korleis blir atmosfæra si samansetting påverka av energitransport frå sola? Korleis kan ein måle og modellere kompliserte fysiske prosessar?
Fysikk er eit grunnleggande fag som tek føre seg heile naturen, frå det indre i atomkjernane til dei fjernaste galaksane. Fysikken er også fundamentet for andre naturvitskapar og for all moderne teknologi.
Studiet skal gjere greie for det teoretiske grunnlaget for fysikken, og elles eksperimentelle metodar og naturvitskapleg og teknologisk bruk av fysikk. Det blir lagt vekt på analytisk tenkemåte og teoretisk og praktisk problemløysing.
I løpet av studiet vil du få kvalifikasjonar som er etterspurde i heile samfunnet. Studiet femner vidt, frå teoretisk og eksperimentell fysikk og modellering til tema knytte til dagens teknologi og industri.
Visste du at ...
Toreskyer produserer gammaglimt liknande dei gammaglimta som kjem frå supernovaeksplosjonar? Dette blei oppdaga heilt tilfeldig på 90-talet, og framleis er det ingen som forstår korleis slike jordiske gammaglimt oppstår. På IFT blir det no bygd ein svær gammadetektor som skal plasserast på utsida av den internasjonale romstasjonen. Målingar frå denne vil føre til heilt unike studiar av dette nyoppdaga naturfenomenet.
Studievegar
- Bachelor
Primærfaga i det treårige bachelorstudiet er klassisk fysikk, moderne fysikk, mekanikk, elektrisitetslære, optikk, varmelære og kvantefysikk. Desse emna bygger i stor grad på grunnkursa i matematikk.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i fysikk.
- Forsking
Fagmiljøet ved UiB forskar på eit vidt spekter av disiplinar: akustikk, elektronikk og målevitskap, nanofysikk, optikk og atomfysikk, petroleum- og prosessteknologi, romfysikk, skoleretta fysikk og formidling, subatomær fysikk, teoretisk fysikk og energifysikk. Utvikling og bruk av måleinstrument er eit døme på forsking vi gjer i samarbeid med internasjonale forskingsmiljø.
- Sjå også desse studia
Matematiske fag, meteorologi og oseanografi, geovitskap, petroleum- og prosessteknologi, nanoteknologi, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk, adjunktutdanning i matematikk og naturfag.
Utveksling
Dersom du ønsker eit utanlandsopphald under bachelorstudiet, kan eitt eller to semester av utdanninga gjennomførast ved eit utanlandsk universitet eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Vi har samarbeidsuniversitet som har gode fagtilbod som passar våre studentar godt. Blant anna har vi avtaler med universitet i Hong Kong, Cape Town, Sheffield og Heidelberg. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Yrkesvegar
Fysikarar er svært etterspurte både i industrien, i forsking, i skuleverket og i forvaltinga. Kandidatar med solide basiskunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på den norske arbeidsmarknaden. Desse faga dannar òg grunnlaget for den teknologien vi kjem til å nytte i framtida, og slik er dei ein viktig faktor i verdiskapinga i samfunnet.
For meir informasjon om yrket som fysikar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/fysiker
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i fysikk er 3-årig (180 studiepoeng).
Fysikk er eit grunnleggjande fag som beskriver heile naturen, frå dei fjernaste galaksane til det indre av atomkjernen. Fysikken er også fundamentet for andre naturvitskapar og for all moderne teknologi. Institutt for fysikk og teknologi har mange studieretningar med eit stort spenn frå teoretisk og eksperimentell fysikk og modellering til tema som er knytt til teknologi og industri. Primærfaga i studieprogrammet er fysikk, og målgruppa er studentar med generell interesse for fysikk- og matematikkbaserte fag. Studiet tek for seg det teoretiske grunnlaget for fysikken, eksperimentelle metodar, og naturvitskapelige og teknologiske bruksområde. Det blir lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysning. Du får trening i skriftleg og munnleg presentasjon av forskjellige problemstillingar og formidling av løysingane til andre. Ettersom fysikarar er storbrukarar av informasjonsteknologi er det anbefalt å ta informatikk som eit støttefag. Studiet vil gi kandidatar med kvalifikasjonar som er etterspurt i heile samfunnet.
Læringsutbyte/resultat
Ved avlagt bachelorprogram i fysikk skal studenten kunne:
- Gjøre reie for fysikkfaget eigenart og utvikling
- Forklare matematiske omrep og anvende matematisk formalisme innan for eksempel analyse, komplekse tall, lineær algebra og enkle differensiallikningar på fysiske problem
- Forklare de sentrale omrep innan fysikken, og greie ut om samanhenger mellom disse.
- Analysere fysiske problemstillingar og utføre fysiske berekningar ved bruk av den kunnskapen studenten har tilegna seg innan klassisk mekanikk og relativitetsteori, elektromagnetisme, kvantemekanikk, statistisk fysikk, termodynamikk og kjerne- og partikkelfysikk.
- Teikne skisser som systematiserer problemstillingar i fysikkoppgåver
- Bruke grunnleggjande eksperimentell apparatur for målingar av fysiske størrelsar og gjøre usikkerhetsoverslag
- Sammenfatte laboratoriearbeid i en skriftlig rapport
- Utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapelig praksis
- Oppsøke og anvende kunnskapar i fysikk ut over det lærestoff som inngår i studiet
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Innføringsemne
Ex.phil, MAT 111, MNF 140
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i fysikk er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, der 70 studiepoeng skal bestå av emna: PHYS110, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114, PHYS117, enten PHYS115 eller PHYS116, og 20 studiepoeng skal veljast frå desse emna: MAT111, MAT112, MAT121, MAT131 og MAT212. Studentar som ikkje har forkunnskapar i programmering bør vurdere å velje eitt programmeringsemne, for eksempel INF100 eller INF109, inn i bachelorgrada.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
I dette bachelorprogrammet er det mulig å legge inn eit utanlandsopphald eller eit semester ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Eit eventuelt utanlandsopphald passar best i 6. semester. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i fysikk vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passer best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudier i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Vurderingsformer
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Kandidatar med solide basiskunnskapar i matematikk og fysikk er ei mangelvare på arbeidsmarknaden, mellom anna i industrien, forsking, skuleverket og forvalting. Institutt for fysikk og teknologi har ei sterk forankring i nysgjerrigdriven grunnforsking, som er heilt sentral for vår forståing av naturen, og som dessutan dannar grunnlaget for ny teknologi og med det utgjer ein viktig del av verdiskapinga i samfunnet.
For meir informasjon om yrket som fysikar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/fysiker
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@ift.uib.no
Tlf 55 58 27 66.
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i fysikk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Tilrådde forkunnskapar
Undervisninga i bachelorprogrammet i fysikk bygger på Fysikk1+2 og Matematikk R1+R2.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
45
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
Ved avlagt bachelorprogram i fysikk skal studenten kunne:
- Gjøre reie for fysikkfaget eigenart og utvikling
- Forklare matematiske omrep og anvende matematisk formalisme innan for eksempel analyse, komplekse tall, lineær algebra og enkle differensiallikningar på fysiske problem
- Forklare de sentrale omrep innan fysikken, og greie ut om samanhenger mellom disse.
- Analysere fysiske problemstillingar og utføre fysiske berekningar ved bruk av den kunnskapen studenten har tilegna seg innan klassisk mekanikk og relativitetsteori, elektromagnetisme, kvantemekanikk, statistisk fysikk, termodynamikk og kjerne- og partikkelfysikk.
- Teikne skisser som systematiserer problemstillingar i fysikkoppgåver
- Bruke grunnleggjande eksperimentell apparatur for målingar av fysiske størrelsar og gjøre usikkerhetsoverslag
- Sammenfatte laboratoriearbeid i en skriftlig rapport
- Utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapelig praksis
- Oppsøke og anvende kunnskapar i fysikk ut over det lærestoff som inngår i studiet
Oppbygging
Bachelorprogrammet i fysikk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innan fysikk eller ein annan godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle, eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Du står fritt når det gjeld val av andre emne. Men vi vil rå deg til å ta emne innan matematikk, fysikk, geofysikk eller informatikk. Ta kontakt med studierettleiaren for meir informasjon om gode fagkombinasjonar.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringsemne (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Seminarmodellen på ex.phil er primært eitt tilbod til 1.semesterstudentane | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1 | |||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i fysikk (krav: 70 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS110 | Perspektiv i fysikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PHYS111 | Mekanikk 1 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PHYS112 | Elektromagnetisme og optikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| PHYS113 | Mekanikk 2 og termodynamikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| PHYS114 | Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| PHYS117 | Eksperimentalfysikk med prosjektoppgåve | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS115 | Kvantefysikk og statistisk mekanikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| PHYS116 | Signal-og systemananalyse | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Krav om matematikk (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Mimumum to av emna i lista under må inngå i bachelorgraden, men det er tilrådd å ta alle emna. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Valfritt emne (krav: 80 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emnar som til saman utgjer 80 studiepoeng | ||||||||||||