Bachelorprogram i petroleum- og prosessteknologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Olje- og gassindustrien jobbar med dei viktigaste spørsmåla innan energiproduksjonen i Noreg. Korleis skal vi få mest mogleg ut av oljereservoara våre? Kan ein fanga og lagre CO2 for å møte klimautfordringane? Korleis kan vi sikre et vi transporterer og behandlar oljen og gassen på en effektiv og trygg måte?
Om du er interessert i teknologi, og vil vere med på å svare på desse spørsmåla, er bachelorprogrammet i petroleum - og prosessteknologi noko for deg.
Petroleumsteknologi omfattar teknologi i samband med leiting, karakterisering og utvinning av petroleum frå olje- og gassreservoar. Prosessteknologi på si side omfattar transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvara har kome til overflata.
I Bergen vil du studere i nærleiken av olje- og gassfelta i Nordsjøen, olje raffineriet på Mongstad og gassanlegget på Kollsnes. Utvinning av olje og gass er den viktigaste inntektskjelda vår og vil vere det i lang tid framover, og omfattar både verfts-, service- og høgteknologiindustrien.
Visste du at ...
I løpet av den tida det tar deg å lese denne setninga, blir det produsert olje og gass på den norske kontinentalsokkelen for nesten 1/3 million kroner.
Studievegar
- Bachelor
Det treårige studiet tek utgangspunkt i dei klassiske realfaga fysikk, geologi, matematikk og kjemi. Med spesialiseringsemne i siste halvdel av studiet i tillegg, får du eit godt fagleg grunnlag for å kunne møte dei utfordringane som fins i olje- og gassindustrien i dag.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i prosessteknologi eller petroleumsteknologi.
Det er òg mogleg å gå vidare på eit masterprogram i energi eller geologi dersom du vel bestemte valemne.
- Forsking
UiB har lange tradisjonar innanfor gransking av kontinentalsokkelen. I tida framover blir det viktig med blandt anna forskning innan EOR (metodar for å auke utvinning av olje og gass frå reservoaret), CO2- lagring og på metodar for å transportere og behandla olje og gass på ein effektiv og trygg måte (slik at ein unngår store ulykker som Deepwater Horizon). Desse og andre spørsmål er noko du kan jobbe med dersom du vel å fordjupe deg i petroleumsteknologi eller prosessteknologi.
- Sjå også desse studia
Geovitskap, fysikk, nanoteknologi, matematiske fag, kjemi.
Utveksling
Dersom du ønskjer eit utanlandsopphald under bachelorstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar. UiB har i dag avtaler med University of Alberta (Canada) og University of Western Australia. Det er også mogleg å få eit opphald ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), der det er tilbod om fleire emne innanfor arktisk geofysikk, geologi, biologi og teknologi. Dersom du tek valemna dine på UNIS, vil du få ein del kunnskap om korleis det er å drive oljeverksemd i kalde område. Det passer best å ta utanlandsopphald i det 6. semesteret.
Yrkesvegar
For å løyse dei utfordringane som olje- og gassindustrien kjem til å støyte på i åra framover trengs ny kompetanse. Ei forskingsbasert og tverrfagleg utdanning med internasjonal profil vil gi deg den rette faglege bakgrunnen for dette. Utdanninga kvalifiserer deg til eit vidt spekter av stillingar i oljeselskap og serviceselskap. Dette gjeld innanfor leiting og produksjon av olje og gass, og innan vidareforedlinga av petroleumsprodukta. I tillegg finst det jobbar innan kjemisk, metallurgisk og mekanisk prosessindustri. Dessutan vil det vere eit behov for kvalifisert personell hjå styresmaktene til å styre og evaluere oljeaktiviteten.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust
Mål og innhald
Programmet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for arbeid i olje- og gassindustrien. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i dei basisfaga som er nødvendige for å gi ei djupare forståing for dei fysiske og kjemiske prosessane som er knytte til olje- og gassutvinning. Fagfeltet petroleumsteknologi er særlig retta mot reservoarskildring og modellering av strøyming i porøse media i undergrunnen, mens fagfeltet prosessteknologi konsentrerer seg om transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvarene har kome til overflata.
Studieprogrammet skal utnytte forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi, og geologi til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse innanfor petroleum- og prosessteknologi, og danne grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi skal kunne:
- forklare matematiske omgrep og anvende matematiske teknikkar innan til dømes derivasjon og integrasjon, komplekse tall, enkle differensiallikningar og lineær algebra
- forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengar mellom desse og kunne utføre enkelt eksperimentalt arbeid i kjemi, greie ut om termodynamikkens lover, elektrokjemi og reaksjonskinetikk og anvende desse til analyse og drøfting av komplekse problemstillingar i faget
- greie ut om mekanikkens grunnleggande omgrep og være i stand til å bruke desse på fysiske problemstillingar
- forklare og anvende terminologien i geologi, og anvende dette til å skildre og analysera dei geologiske prosessane som har betyding for danning og akkumulering av petroleum
- forklare eigenskapane ved porøse media og dei grunnleggande petrofysiske omgrepa
- bruke likningar som beskriv fleirfasestrøm generelt i reservoaret og i nærbrønnområdet, trykktesting, materialbalanse og beskriver petroleum fluideigenskapar og metodar for auka oljeutvinning
- beskrive prinsippa i fluidmekanikk og varmeoverføring, og forklare korleis dei blir bruka til kvantitativ behandling knytt til prosjektering/design av prosessteknisk utstyr
- formidle idear, problem og løysningar både til spesialistar og ikkje-spesialistar ved hjelp av ulike teknikkar som omfattar kvalitativ og kvantitativ informasjon
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Obligatoriske emne / spesialisering
I byrjinga av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i nokre viktige «verktøyfag» innanfor matematikk, geologi, generell og fysikalsk kjemi og mekanikk. Det gir deg eit godt fundament til spesialiseringsemna seinare i bachelorprogrammet, og ein eventuell mastergrad.
Bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi vil da sjå slik ut:
6. semester
Petroleumsgeologi eller Masseoverføring og faselikevekter
Val
Val
5. semester
Fluidmekanikk og varmeoverføring
Kjemisk termodynamikk
Val
4. semester
Reservoarteknikk I
Elektromagnetisme og optikk eller Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk
Val
3. semester
Mekanikk
Kjemi og energi
Grunnleggjande reservoarfysikk
2. semester
Lineær algebra
Grunnkurs i matematikk II
Innføring i geologi
1. semester
Ex.phil.
Grunnkurs i matematikk I
Innføring i prosess- og petroleums-teknologi
Som valemne vil dei fleste ha nytte av noko statistikk og informatikk.
Krav til bachelorgraden i Petroleum- og prosessteknologi er ei spesialisering på til saman 120 studiepoeng, i tillegg til 20 studiepoeng innføringsemne og 40 valfrie studiepoeng. Spesialiseringa består av:
PTEK100, MAT112, MAT121, KJEM110, KJEM210, PHYS111, GEOV101, PTEK202, PTEK211 og PTEK212 + eit av emna PHYS112 eller PHYS114 og eit av emna PTEK203 eller GEOV260.
Første semester tar du innføringsemna Ex.phil. og MAT111 + PTEK100. Har du en svak matematikkbakgrunn frå vidaregåande skule bør du vurdera å ta MAT101 i første semester, og utsetja MAT111 til eit seinare semester. Tar du både MAT101 og MAT111 gir dei til saman 15 studiepoeng.
Tilrådde valemne
MAT131, MAT160, MAT212, MAT252, MAT254, KJEM130, KJEM202, KJEM203, KJEM220, GEOV103, GEOV104, GEOV107, GEOV111, GEOV112, GEOV113, GEOV276, STAT101, STAT200, INF109, PHYS113, PTEK205, PTEK213, PTEK214, PTEK218, PTEK226, PTEK231, PTEK251 og MNF170. Elles bør valemne velgast i forhold til et eventuell masterstudium. Ved å ta emna GEOV104 og GEOV107 kan du kvalifisera deg til å ta eit masterprogram i geologi.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Dersom du ønskjer eit utanlandsopphald under bachelorstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar. Det finst i dag konkrete avtaler med University of Alberta (Canada) og University of Western Australia. Det er også mogleg å få eit opphald ved UNIS, der det er tilbod om fleire emne innanfor arktisk geofysikk, geologi og teknologi. Dersom du tek valemna dine på UNIS, vil du få ein del kunnskap om korleis det er å drive oljeverksemd i kalde område. Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar. Det passer best å ta utanlandsopphald i det 5. eller 6. semesteret.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Petroleumsrelatert industri vil i åra framover trenge ein ny type kompetanse som reflekterer både samfunnsutviklinga og dei problemkompleksa som industrien strevar med. Det vil bli lagt stadig større vekt på å utvikle ein tverrfagleg, interaktiv og ikkje minst internasjonal profil.
Forskingsbasert og tverrfagleg utdanning er det som trengst for å gi den rette faglege bakgrunnen for å løyse dei utfordringane som petroleumsnæringa kjem til å støyte på. Alderssamansetjinga innanfor den internasjonal petroleumsindustrien er også eit teikn på at det er sterkt behov for nyrekruttering. Utdanninga kvalifiserer deg til eit vidt spekter av stillingar i oljeselskap og serviceselskap i oljenæringa, innanfor både leiting og produksjon av olje og gass, og innanfor vidareforedlinga av petroleumsprodukta i prosessindustrien. I tillegg til olje- og gassindustrien finst det også jobbar innan kjemisk, metallurgisk og mekanisk prosessindustri. Dessutan vil det vere eit behov for kvalifisert personell hjå styresmaktene til å styre og evaluere oljeaktiviteten.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder.ppt@ift.uib.no
Tlf 55 58 28 64.
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eit realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJEM(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2)
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorprogrammet bygger på Matematikk R1+R2, Kjemi 1 og Fysikk 1+2. Det er ein fordel å ha Kjemi 1+2 i tillegg. Dersom du har svakare forkunnskapar må du rekne med lengre studietid.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 51,1Førstegangsvitnemål: 46,7
Antall studieplasser
60
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi skal kunne:
- forklare matematiske omgrep og anvende matematiske teknikkar innan til dømes derivasjon og integrasjon, komplekse tall, enkle differensiallikningar og lineær algebra
- forklare generelle kjemiske omgrep og samanhengar mellom desse og kunne utføre enkelt eksperimentalt arbeid i kjemi, greie ut om termodynamikkens lover, elektrokjemi og reaksjonskinetikk og anvende desse til analyse og drøfting av komplekse problemstillingar i faget
- greie ut om mekanikkens grunnleggande omgrep og være i stand til å bruke desse på fysiske problemstillingar
- forklare og anvende terminologien i geologi, og anvende dette til å skildre og analysera dei geologiske prosessane som har betyding for danning og akkumulering av petroleum
- forklare eigenskapane ved porøse media og dei grunnleggande petrofysiske omgrepa
- bruke likningar som beskriv fleirfasestrøm generelt i reservoaret og i nærbrønnområdet, trykktesting, materialbalanse og beskriver petroleum fluideigenskapar og metodar for auka oljeutvinning
- beskrive prinsippa i fluidmekanikk og varmeoverføring, og forklare korleis dei blir bruka til kvantitativ behandling knytt til prosjektering/design av prosessteknisk utstyr
- formidle idear, problem og løysningar både til spesialistar og ikkje-spesialistar ved hjelp av ulike teknikkar som omfattar kvalitativ og kvantitativ informasjon
Oppbygging
Bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi skal innehalde 20 studiepoeng med innføringsemne i tillegg til ei spesialisering på 120 studiepoeng.
I byrjinga av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i nokre viktige «verktøyfag» innanfor matematikk, geologi, generell og fysikalsk kjemi og mekanikk. Desse faga bygger eit godt fundament til det vidare bachelorprogrammet, og ein eventuell mastergrad.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Innføringesemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MAT101 | Brukarkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Matematikkvalg (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT102 | Brukarkurs i matematikk II | 10 | 1-8 | 2 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-8 | 2 | ||||||||
| Spesialisering i petroleum- og prosessteknologi (krav: 110 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PTEK100 | Introduksjon til petroleum- og prosessteknologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GEOV101 | Innføring i geologi | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| KJEM110 | Kjemi og energi | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PHYS111 | Mekanikk 1 | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PTEK211 | Grunnleggjande reservoarfysikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PTEK212 | Reservoarteknikk I | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| KJEM210 | Kjemisk termodynamikk | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| PTEK202 | Fluidmekanikk og varmeoverføring | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PHYS112 | Elektromagnetisme og optikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| PHYS114 | Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GEOV260 | Petroleumsgeologi | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| PTEK203 | Masseoverføring og faselikevekter | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 40 studiepoeng | ||||||||||||