Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i statistikk

  • Lengde3 år
  • PoenggrenseALLE / ALLE
  • Studieplassar10
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Introduksjon

I det moderne samfunnet blir det lagra og generert data heile tida. Slik datainnsamling skjer gjerne i form av tal. Det gjer at behovet for folk som kan gi meining til og forstå tal, aukar. Når du studerer statistikk, lærer du om prinsippa og metodane for å samle inn og analysere data.

Som statikar kjem du ofte til å arbeide saman med kollegaer frå andre fagfelt for å finne svar på ulike problemstillingar. Det gjer at matematikken og metodane du lærer på dette studiet, kjem til å vere praktisk retta.

Faggruppa i statistikk ved matematisk institutt er eit av dei største fagmiljøa i Noreg på dette feltet. Fagmiljøet samarbeider med andre miljø i utlandet, og som student blir du oppmoda om å reise på utveksling.

I løpet av studietida kjem du til å lære om statistikk og matematikk. Du kjem til å bruke mykje tid på å utvikle kunnskap innanfor sannsynsrekning, statistiske analysemetodar og generell matematikk. I tillegg kan du velje breiddefag frå andre fagfelt, for eksempel økonomi, fysikk eller biologi. Vidare gjer studiet deg i stand til å analysere store mengder med data ved å bruke datamaskin og spesialisert programvare.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Statistikk er framtidsretta og ettertrakta kompetanse som gir deg mange moglegheiter. I dag arbeider det statistikarar innanfor industri, olje- og gass, finans, medisin, forsikring, offentleg forvaltning og forsking. Ein reknar med at behovet for kunnskap innanfor statistikk vil auke i tida framover.

Dei mest interessante arbeidsoppgåvene krev vanlegvis at du har ein mastergrad, og etter at du er ferdig med bachelorgraden, vel dei fleste å studere vidare. Som mastergradsstudent i statistikk kan du fordjupe deg i enten matematisk statistikk, dataanalyse eller finansteori og forsikringsmatematikk.

Ein bachelorgrad i statistikk opnar også for masterstudium i nærliggande fag.

Våre studentar har, etter at dei er ferdige med utdanning, fått jobb ved Havforskingsinstituttet, Helse Vest, Haukeland Sjukehus, Det Norske Veritas, Scandpower, Safetec, Folkehelseinstituttet, Gearbulk, Storm og UiB.

Sjå også: http://www.uib.no/math/52574/karriereportalen

Vidare studium

  • Masterprogram

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i statistikk, enten i Matematisk statistikk, Dataanalyse eller Finansteori og forsikringsmatematikk, eller nærliggande fag, for eksempel Anvend og utrekningsorientert matematikk, Matematikk, Energi eller Medisinsk biologi.

  • Forsking

Faggruppa i statistikk ved UiB forskar på problemstillingar innanfor bio- og medisinsk statistikk, utrekningsorientert statistikk, statistisk metode, samt finans og forsikringsmatematikk. Gruppa er eit av dei største fagmiljøa i Noreg innanfor statistikk.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan tileigne seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk og statistisk teori som kalkulus, lineær algebra og statistiske metodar.
  • Kan stille opp generelle modellar for analyse av data med usikkerheit ved hjelp av omgrep frå sannsynsteori.
  • Kan gjere reie for det teoretiske grunnlaget for sentrale statistiske analysemetodar.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan bruke eit vidt spekter av metodar for analyse og modellbygging innan statistikk.
  • Meistrer klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra.
  • Meistrer grunnleggjande programmering.
  • Kan gjennomføre deskriptive analyser av kvantitative data.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan oppsøke, kritisk vurdere og anvende statistikk-kunnskap.
  • Har ferdigheiter i vitskapleg arbeidsmåte, som gjer kandidaten i stand til å formulere seg godt både skriftleg og munnleg.
  • Kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon.
  • Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i statistikk inneheld 100 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag eller dei kan brukast til vidare spesialisering i statistikk.

Dei 100 studiepoenga med spesialisering må oppfylle desse krava:

Ein grunnpakke på ni emne som gir grunnleggande kunnskapar innanfor statistisk metode, stokastiske prosessar, statistisk inferens, matematisk analyse, lineær algebra, differensiallikningar og programmering

Eit prosjektarbeidsemne i statistikk, normalt i sjette semester.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-STATS

Bachelorprogram i statistikk (krav 180 SP)
Exsamen philosophicum (krav 10 SP)
Du kan velje mellom to variantar av ex.phil. Seminarvarianten kan kun veljast i 1. semester.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Spesialisering i statistikk (krav 100 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
STAT110Grunnkurs i statistikk101–61
MAT112Grunnkurs i matematikk II101–62
MAT121Lineær algebra101–62
STAT111Statistiske metodar101–62
INF100Grunnkurs i programmering (Programmering 1)101–63
MAT131Differensiallikningar I101–64
STAT220Stokastiske prosessar101–65
STAT210Statistisk inferensteori101–66
STAT292Prosjektarbeid i statistikk101–66
Valfrie emne (krav 70 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng
Utveksling
Valfritt
Utenlandsopphold, vår
Utenlandsopphold, høst
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i statistikk vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i statistikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1 (eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2. NB! Fra og med studieåret 2018/2019 blir det endringer i opptakskravet

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga bygger på kunnskap som svarar til Matematikk R1+R2

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

About the programme

Søkerkode i Samordna opptak
184914

Les heile studieplanen

Contact

Matematisk institutt

studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30