Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi

Arbeids- og organisasjonspsykologi

Introduksjon

Arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeidet møter vi andre, realiserer oss sjølve og utviklar oss som menneske. Vi kan oppleve medgang og meistring, men også stress, mobbing og utbrenning.

Eit godt arbeidsmiljø har stor innverknad på trivsel, helse og produktivitet på ein arbeidsplass. Kva er avgjerande for eit godt arbeidsmiljø? Korleis handlar og reagerer enkeltindividet i forhold til ulike sider i arbeidslivet?

Det finst verkemiddel ein kan nytte for å utvikle både enkeltmenneske, grupper og organisasjonar. Og det finst ting ein kan gjere for å førebygge og handtere problem som oppstår på arbeidsplassen.

Gjennom studiet lærer du korleis du kan få verksemder til å forstå at menneska er den viktigaste ressursen dei har, og hjelpe dei til å utvikle sine tilsette med omsyn til både yteevne og sjølvrealisering.

Visste du at ...

Våre tankar om andre menneske påverkar måten vi behandlar dei på.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek for seg tema som organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstilling, sjukefråvær og helse i arbeidslivet.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i psykologi med fokus på arbeids- og organisasjonspsykologi.

Forsking

I fagmiljøet ved arbeids- og organisasjonspsykologi forskar «FALK», på arbeidsmiljø, leiing og konflikt på arbeidsplassen. Ei anna gruppe, «Operational Psychology Research Group», forskar på korleis vi oppfattar risiko og problemløysing i usikre, tidsknappe situasjonar.

 

 

 

 

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du kan for eksempel studere ved universitet i Australia, Sør-Afrika, USA, Canada, Storbritannia, Nederland, og Danmark. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet (sjå oversikt under Oppbygging).

Yrkesvegar

Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet innan leiing, verdiskaping og helse i organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som for eksempel leiar, medarbeidar, rådgivar, konsulent eller analytikar, skal ha ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske i organisasjonar. Dette gjeld også det å førebygge belastingar og handtere konfliktar. Kandidatar med eksamen i arbeids- og organisasjonspsykologi arbeider innan personal- og organisasjonsutvikling både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

 

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i kultur- og samfunnsvitskap.

Fagleg innhald:

Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.

Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, sjukefråver og helse i arbeidslivet.

Målet med studiet er å utdanne kandidatar som kan få verksemder til å skjøne at menneske er den viktigaste ressursen dei har. Denne synleggjeringa skjer ved at ein peikar på nytten av verdiskaping, helse og livskvalitet. Utdanna kandidatar skal gjennom sine kunnskapar kunne hjelpe verksemder til å utvikle sine tilsette både med omsyn til yteevne og sjølvrealisering.

Krav til forkunnskaper

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi, til saman 30 studiepoeng. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

  • Ex.phil. (10 sp) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem.
  • EXFAC03P: Examen facultatum, psykologi (10 sp) tek for seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin.
  • PSYK100: Innføring i psykologi (10 sp) skal gje eit overordna innsyn i den psykologiske vitskap. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom.

Førstesemesteret er obligatorisk, men kan etter søknad erstattast av andre godkjende førstesemesterkombinasjonar.

Fageining og spesialisering

Spesialiseringa utgjer 120 studiepoeng og er satt saman av:

  • PSYK101: Generell psykologi 1gir ei innføring i biologisk psykologi, kognitiv psykologi og utviklingspsykologi: Emnet skal gje ei første forståing av menneskeleg åtferd og åtferd hjå andre organismar.
  • PSYK102: Generell psykologi 2 gir ein innføring i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg får du kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode.
  • PSYK202B: Psykologiske forskingsmetodar B. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapelig forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking.
  • PSYK106: Personalpsykologi fokuserer på individet i organisasjonen, både individet sine føresetnader for å gå inn i rolla som arbeidstakar, og organisasjonar sine føresetnader for handtering og utvikling av den einskilde. Temaet karriereutvikling i og på tvers av organisasjonar vert presentert.
  • PSYK110: Arbeids- og organisasjonspsykologi. Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiinga og utviklinga av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling.Arbeidspsykologi fokuserar på den yrkesaktive si oppleving av arbeidsmiljø og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Tema som vert drøfta, er mellom anna psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle skilnader, sosial stønad, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet.
  • PSYK200: Leiingspsykologi gir ei opplæring i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Mellom anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing, og situasjonsfaktorar sin innverknad på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri syner ein kva innverknad leiing har på organisasjonar sin produktivitet og dei tilsette sin trivsel.
  • PSYK201: Bacheloroppgåva skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve bygd på fagleg fordjuping og empirisk arbeid.
  • Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typer godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, økonomi og humaniora.

Alle emna som inngår i spesialiseringa er obligatoriske for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Emne innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, økonomi og humaniora vert tilrådd.

Krav om rekkefølgje - emne

PSYK101, PSYK102, PSYK202B, PSYK110 (tidligare PSYK103 og PSYK104) og PSYK106 må vere bestått før ein kan ta PSYK201: Bacheloroppgåve

Vurdering / Eksamensformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer. Eksamensformene vil vere skriftlege (skule- og heimeeksamen) samt munnlege presentasjonar og høyringar.

Yrkesvegar

Programmet gir kompetanse om det å skjøna og utvikle menneske, grupper og organisasjonar. Studiet tek sikte mot å formidle kunnskapar om verdiskaping, jobbtrivsel og helse på arbeidsarenaen, slik at kandidaten - i rolla som leiar, medarbeidar eller rådgjevar får ein adekvat kompetanse til å skjøna, ivareta og utvikle menneske i organisasjonar, innkludert det å førebyggje belastningar og løyse konfliktar.

Ulike målgrupper kan nytte studiet for ulike typar yrkesløp:

  • Studentar som ønskjer ei utdanning innan utvikling og leiing av menneske i organisasjonar: Personal og leiing.
  • Leiarar som ønskjer å utvikle personalrelaterte kunnskapar og dugleikar: Personal og leiing.
  • Personalansvarlege, konsulentar og personell med ansvar for opplæring i helse-, miljø- og tryggleik (HMS) - og som treng kompetanseutvikling og profesjonalisering: Personal og konsultasjon.
  • Tillitsvalde som ønskjer fagleg vidareutvikling: Personal og leiing.
  • Organisasjonskonsulentar som ønskjer fordjuping innan organisasjon og arbeid: Konsultasjon og organisasjonsutvikling.
  • Psykologar og cand. psychol. -studentar som ønskjer spesialisering innan organisasjon og arbeid: Konsultasjon og organisasjonsutvikling.
  • Kandidatar som ønskjer å satse på forsking innanfor fagområdet: Vitskap.

Vidare studium:
Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/høgskular.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 100 sider per 15 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Det vil bli gitt tilrådingar med omsyn til studiestader i utlandet, helst stader fakultetet allereie har etablert kontakt med. I tillegg føreligg tilbod innan NORDPLUS, ERASMUS og SOKRATES programma for studentutveksling

Oppstart

Haust.

Søknad til studiet skjer gjennom samordna opptak (SO), 15 april.

Planforslag

1. semester:

  • Ex.phil. (10 sp)
  • EXFAC03P Ex.fac. (10 sp)
  • PSYK100: Innføring i psykologi (10 sp)

2. semester:

  • PSYK101 Generell psykologi 1 (15 sp)
  • PSYK102 Generell psykologi 2 (15 sp)

3. semester:

PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 stp)

4. semester:

  • PSYK202B: Psykologiske forskingsmetodar B (15 sp)
  • PSYK106: Personalpsykologi (15 sp)

5. semester:

  • Valfrie modular (30 sp)
  • (evt. utlandsopphald/andre fakultet)

6.semester:

Meir infomasjon

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultetet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/Høgskular.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 56,4

Førstegangsvitnemål: 47,3

Antall studieplasser

60

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10

Oppbygging

Studieprogrammet skal innehalde følgjande:

  • 30 studiepoeng med innføringsemne.
  • 120 studiepoeng med spesialisering innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi, inkludert metode.
  • 30 studiepoeng valfrie emne der alle eller delar kan veljast frå andre fag.

 

Under ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp.

1. semester:

2. semester:

  • PSYK101 Generell psykologi 1 (15 studiepoeng)
  • PSYK102 Generell psykologi 2 (15 studiepoeng)

3. semester:

  • PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 studiepoeng)

4. semester:

  • PSYK106 Personalpsykologi (15 studiepoeng)
  • PSYK202A Forskingsmetodar (15 studiepoeng)

5. semester:

  • Valfrie emne (30 studiepoeng)

6. semester:

  • PSYK200 Leiingspsykologi (15 studiepoeng)
  • PSYK201 Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
BAPS-AOP/Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Innføringsemne - psykologi (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC03P Examen facultatum, Psykologi 10 1-6 1
PSYK100 Innføring i psykologi 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-PSSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Arbeids- og organisasjonspykologi spesialisering (krav: 120 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PSYK101 Generell psykologi 1 15 1-6 2
PSYK102 Generell psykologi 2 15 1-6 2
PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi 30 1-6 3
PSYK202B Psykologiske forskningsmetoder B 15 1-6 4
PSYK106 Personalpsykologi 15 1-6 4
PSYK200 Leiingspsykologi 15 1-6 6
PSYK201 Bacheloroppgave i arbeids- og organisasjonspsykologi 15 1-6 6
Valfrie emne (30 studiepoeng) (krav: 30 SP)