Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i pedagogikk

Pedagogikk

Introduksjon

Kva er kunnskap, og korleis lærer vi eigentlig? Kvifor er utdanningsbehova heilt annleis og mykje meir påtrengande i dag enn tidlegare? Er ny digital teknologi svaret på gamle pedagogiske problem?

Pedagogikk er definert som læra eller vitskapen om opplæring og undervisning, men moderne utdanningsvitskap handlar om langt meir. Kommunikasjon, kunnskap og læring er kjernen i pedagogikkfaget, og i løpet av studiet får du kunnskap om og forståing for desse emna. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men i aukande grad i arbeids- og samfunnslivet generelt. Du vil derfor også utvikle kompetanse slik at du kan forstå, organisere, gjennomføre og vurdere opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Du vil dessutan lære om korleis globale utdanningspolitiske trendar påverkar utviklinga av det norske utdanningssystemet. I pedagogikkstudiet knyter ein pedagogiske grunnlagsproblem og læringsteoriar både til eigne erfaringar og til samfunnsmessige endringar.

Visste du at ...

Om lag 1 million av Noregs 5 millionar innbyggarar held i dag på med å ta formell utdanning.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek for seg tema som pedagogisk filosofi, læring og pedagogiske prosessar, bruk av IKT i læring og undervisning, utdanninga si rolle i samfunnet og forskingsmetodar.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i pedagogikk, eller eit fireårig nettbasert deltidsstudium i pedagogikk.

Forsking

Forskingsgruppa «Kunnskap, utdanning og demokrati», har fokus på dei utfordringar og tilhøve utdanning, demokrati og kunnskapsutvikling møter i dagens kunnskapssamfunn. Forskinga i gruppa har spesielt fokus på to område:

a) kunnskapsarbeid og leiing av kunnskapsprosessar i arbeidsliv, utdanning og samfunnsliv

b) utdanningsinstitusjonane si rolle i demokratiske samfunn og i samfunn med uro og/eller politiske konfliktar

 

Utveksling

Det finst mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB og Det psykologiske fakultet har mange utvekslingsavtaler å velje mellom, både i og utanfor Europa. Du kan for eksempel studere ved universitet i Australia, Sør-Afrika, USA, Canada, Storbritannia, Nederland, og Danmark. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.

 

Yrkesvegar

Eit bachelorstudium i pedagogikk gir deg kunnskap som vil kvalifisere for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Som pedagog vil du tileigne deg kunnskap om og forståing for kommunikasjon og læring sett i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv. Gjennom slik innsikt vil du kunne bidra konstruktivt i ei rekke utviklingsprosessar.

Universitetsutdanna pedagogar arbeider for eksempel i media, med kulturformidling, som opplæringsleiarar eller pedagogiske konsulentar. Dei finst også på fleire andre arbeidsplassar i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing for forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurt.

 

 

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart

Det vil vere opptak til studieprogrammet kvar haust.

Mål og innhald

Utdanning, kunnskap, læring og undervisning er sentrale tema i bachelorprogrammet. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeids- og samfunnslivet generelt. Studiet tar opp desse tema og drøfter dei filosofisk, teoretisk og i lys av samfunnsendringar.

Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap, forståing og handlingskompetanse knytt til pedagogiske utfordringar og praksisar Det skal kvalifisere studentane til å organisere, gjennomføre og vurdere formidlings-, opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

 

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med bachelorgrad i pedagogikk frå Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen skal:

 

Kunnskapar:

  • Ha kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet pedagogikk.
  • Ha kunnskap om og forståing for fagområdet sin eigenart og historie.
  • Ha kjennskap til relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
  • Kunne halde seg oppdatert på fagområdet pedagogikk.

 

Ferdigheiter:

  • Kunne analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til læring og utdanning.
  • Kunne nytte fagstoff i planlegging, implementering, vidareutvikling og vurdering av opplærings- og utdanningsstiltak.
  • Kunne søke, behandle og vurdere kunnskap og informasjon kritisk.

 

Generell kompetanse:

  • Kunne skrive ein resonnerande tekst og beherske fagområdet sine normer for dokumentasjon.
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ei gruppe.
  • Kunne utføre prosjektbasert arbeid og planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekker seg over tid.
  • Kunne kommunisere om og formidle faglege tema både skriftleg og munnleg.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det er også mogleg å søke opptak på grunnlag av realkompetanse.

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., EXFAC03P og POH100 innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

  • Ex.phil. (10 sp) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkjemåte, særskild i høve til psykologiske grunnlagsproblem.
  • EXFAC03P: examen facultatum, psykologi (10 sp) tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin.
  • POH100: innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)

Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

Obligatoriske emne / spesialisering

Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:

  • PED111: Pedagogisk filosofi (15 sp) synleggjer dei grunnleggjande filosofiske føresetnadene som pedagogisk praksis byggjer på, og retter merksemda mot korleis pedagogiske retningar drøftar spørsmål om utdanning, danning, kunnskap, læring og undervisning.
  • PED112: Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp) gir ei grunnleggjande innføring i læring og læringsteori sett i eit pedagogisk perspektiv. Du vil også få kunnskap om, innsyn i og praktisk erfaring med ulike former for skriftleg og munnleg formidling.
  • PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) gir eit grunnlag for å tileigne seg forskingsmessig kompetanse. Emnet gir ei generell innføring i grunnleggjande metodisk tenking og fokuserar på ulike tradisjonar innanfor psykologisk og utdanningsvitskapleg forsking, kvalitative og kvantitative metodar. Dei som har PSYK102 frå før må ta PSYK202B.
  • PED114: Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp) retter merksemda mot utdanningsinstitusjonar si oppgåve og funksjon i samfunnet frå ulike perspektiv: historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk. Emnet tek også opp korleis samfunnsendringar påverkar opplæringa, særleg i eit multikulturelt perspektiv.
  • PED211: Læring og pedagogiske prosessar (15 sp) gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekstar. Sentrale tema er samanhengen mellom ulike perspektiv på læring og den praktiske læreprosessen, forholdet mellom formell opplæring i etablerte institusjonar og uformell læring i daglegliv og arbeid, samt bruk av nye læringsmedier.
  • PED212: Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp). Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal du lære korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Du skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
  • Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typer godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emner innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon- og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-kultur- og mediefag, filosofi.

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar. PSYK202A kan etter søknad erstattast med metodeemne frå bachelorprogram på SV-fakultetet.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-, kultur-, og mediefag og filosofi.

Rekkefølje for emne i studiet

1. semester:

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
  • EXFAC03P Examen facultatum, psykologi (10 sp)
  • POH100 Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)

2. semester:

  • PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
  • PSYK202A Psykologiske forskingsmetodar (15 sp)

3. semester:

  • PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp)
  • PED114 Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp)

4. semester:

  • Valfrie emne (30 sp)

5. semester:

  • Valfrie emne (30 sp)

6. semester:

  • PED211 Læring og pedagogiske prosesser (15 sp)
  • PED212 Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp)

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei som ønskjer å ta deler av bachelorutdanninga i eit anna land. Det er lagt opp til at utveksling kan skje i 4. og/eller 5. semester, som er dei 2 semestera ein kan ta valfrie emne. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utafor Europa.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, samarbeid i grupper og rettleiing. Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med varierte arbeids- og vurderingsformer. IKT vil bli aktivt nytta i undervisinga.

Vurderingsformer

Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. I løpet av studiet blir desse vurderingsformene brukt: skuleeksamen, faglig essay, mappevurdering, heimeeksamen, prosjektoppgåve og munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast karakterskalaen A-F.

Kompetanse for vidare studium

Fullført bachelorgrad i pedagogikk kvalifiserer for opptak til masterstudiet i pedagogikk. (Fulltidsstudium eller deltid.)

Yrkesvegar

Eit bachelorstudium i pedagogikk vil gje eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Som samfunnsvitar vil ein tileigne seg kunnskap til å skjøna individet i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv, og gjennom slikt innsyn vil ein kunne bidra konstruktivt i ein rekkje utviklingsprosessar. Universitetsutdanna pedagogar arbeider til dømes i media og med kulturformidling, som opplæringsleiarar, som pedagogiske konsulentar og liknande yrker både i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesretningane er at innsyn i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurd.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Fagansvarleg

Det psykologiske fakultet, Programutvalet for pedagogikk. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

 

Administrativ ansvarleg

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet. Kontaktinformasjon:

Studieveileder.psyfa@uib.no / 55582710

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no/info/

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i pedagogikk.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i pedagogikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 49,7

Førstegangsvitnemål: 41,1

Antall studieplasser

40

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med bachelorgrad i pedagogikk frå Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen skal:

 

Kunnskapar:

  • Ha kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet pedagogikk.
  • Ha kunnskap om og forståing for fagområdet sin eigenart og historie.
  • Ha kjennskap til relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
  • Kunne halde seg oppdatert på fagområdet pedagogikk.

 

Ferdigheiter:

  • Kunne analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til læring og utdanning.
  • Kunne nytte fagstoff i planlegging, implementering, vidareutvikling og vurdering av opplærings- og utdanningsstiltak.
  • Kunne søke, behandle og vurdere kunnskap og informasjon kritisk.

 

Generell kompetanse:

  • Kunne skrive ein resonnerande tekst og beherske fagområdet sine normer for dokumentasjon.
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ei gruppe.
  • Kunne utføre prosjektbasert arbeid og planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekker seg over tid.
  • Kunne kommunisere om og formidle faglege tema både skriftleg og munnleg.

 

Oppbygging

Studieprogrammet skal innehalde følgjande:

  • 30 studiepoeng med innføringsemne.
  • 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor pedagogikk, inkludert metode.
  • 60 studiepoeng valfrie emne.

Under ser du korleis bachelorprogrammet i pedagogikk er lagt opp.

1. semester:

2. semester:

  • PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
  • PSYK202A Forskingsmetodar (15 sp)

3. semester:

  • PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp)
  • PED114 Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp)

4. semester:

Valfrie emne (30 sp)

5. semester:

Valfrie emne (30 sp)

6. semester

  • PED211 Læring og pedagogiske prosessar (15 sp)
  • PED212 Bacheloroppgåve (15 sp)

BAPS-PED/Bachelorprogram i pedagogikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Innføringsemner - pedagogikk og helsefremmende arbeid (krav: 30 SP)
Husk at du må velge en av exphil-variantene.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC03P Examen facultatum, Psykologi 10 1-6 1
POH100 Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-PSSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Bachelor i pedagogikk spesialisering (krav: 90 SP)
PSYK202A eller PSYK202B er obligatorisk emne i spesialiseringen. PSYK202B er for deg som har PSYK102 fra før. Velg PSYK202A med mindre du har PSYK102 fra før. PSYK202A og PSYK102 overlapper og gir en studiepoengreduksjon på 5 studiepoeng. Dersom du har PSYK102 fra før velger du PSYK202B.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PED111 Pedagogisk filosofi 15 1-6 3
PED112 Pedagogiske perspektiv på læring 15 1-6 2
PED114 Utdanning i eit samfunn i endring 15 1-6 3
PED211 Læring og pedagogiske prosessar 15 1-6 6
PED212 Bacheloroppgåve i pedagogikk 15 1-6 6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
PSYK202A Psykologiske forskingsmetodar A 15 1-6 2
PSYK202B Psykologiske forskningsmetoder B 15 1-6 2
Valfrie emne (60 studiepoeng) (krav: 60 SP)