Bachelorprogram i generell psykologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Presterer idrettsutøvarar betre når dei blir observert enn når dei trenar aleine? Kvifor gjer vi menneske mindre innsats når vi arbeider i grupper enn når vi arbeider for oss sjølve?
Psykologi er vitskapen om åtferd og mentale prosessar hos menneske og dyr. Vi relaterer oss til kvarandre, og påverkar kvarandre. Kva har førsteinntrykket å seie i sosial samhandling? Kor mykje har oppmuntring å seie for læring? Korleis tolkar vi positive og negative hendingar i dagleglivet?
I psykologien er åtferd forklart med teoriar som bygger på vitskaplege metodar, og studiet gir kunnskap om generell psykologisk forskingsmetodikk. Du vil bli kjent med hovudorienteringar, teoretiske hovudperspektiv, sentrale forskingsbidrag og funn i psykologifaget. Gjennom studiet vil du lære å identifisere og analysere mennesket i samspel med omgivnadene sine.
Visste du at ...
Folk kan nokre gongar hugse ting som ikkje har skjedd og gløyme sjølv dramatiske hendingar i livet.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet gir blant anna kunnskap innanfor områda biologisk psykologi, kognitiv psykologi, lærings- og åtferdspsykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram innanfor helsefremmande arbeid og helsepsykologi. Vi arbeider også med å utvikle eit nytt masterprogram innanfor psykologi med fleire alternative retningar.
Forsking
Fagmiljøet forskar på fleire ulike område innan psykologi. Forskingsgruppa «Bergen Judgement & Decision Making and Social Cognition» er blant anna oppteken av korleis kognitive og sosiale faktorar påverkar avgjerdsprosessane våre.
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du kan for eksempel studere ved universitet i Australia, Sør-Afrika, USA, Canada, Storbritannia, Nederland, og Danmark. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.
Yrkesvegar
Avhengig av fagkombinasjonen vil studiet gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike delar av det private næringslivet, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Studiestart
Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i generell psykologi skal gje deg generell og teoretisk kunnskap innan dei utvalde psykologiske basalområda (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi) med høve til fordjuping i utvalde fagfelt.
Studiet skal også gje deg kunnskapar innan generell psykologisk forskingsmetodikk. Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd og kognisjon hos menneske (og dyr). Åtferd er i psykologien forklart med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Studiet skal utvikle dine evner til å identifisere og analysere mennesket i samspel med omgjevnadane sine. Gjennom lesing og deltaking i førelesingar og seminar vil du bli kjend med hovudorienteringar, teoretiske hovudperspektiv, sentrale forskingsbidrag og funn i psykologifaget.
Bachelorprogrammet har et omfang på tre år (180 studiepoeng).
Opptakskrav
For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse.
Innføringsemne
Førstesemesterstudiet er på 30 studiepoeng og er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.
- Ex.phil. (10 sp.) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkjemåte, særskild i høve til psykologiske grunnlagsproblem.
- Ex.fac. (10 sp.) tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin.
- PSYK100 Innføring i psykologi (10 sp.) skal gje eit overordna innsyn i den psykologiske vitskapen. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom.
Førstesemesteret er obligatorisk. Ein må søkje særskild om eventuelt fritak eller innpasning av andre emne.
Obligatoriske emne / spesialisering
Spesialiseringa i generell psykologi er på 90 studiepoeng (1 ½ års studium) er satt saman av følgjande obligatoriske emne:
- PSYK101: Generell psykologi 1 (15 sp) gir ei innføring i biologisk psykologi, kognitiv psykologi og utviklingspsykologi. Emnet skal gje ei første forståing av menneskeleg åtferd og åtferd hjå andre organismar.
- PSYK102: Generell psykologi 2 (15 sp) gir ei innføring i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg får du kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode.
- PSYK207: Læring og åtferdspsykologi (15 sp) skal gje deg kunnskapar om moderne åtferdspsykologi, teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar i lærings/åtferdspsykologi.
- PSYK208: Affekt og kognisjon (15 sp) skal gje ei innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Du vil gjennom emnet få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.
- PSYK202B: Psykologiske forskingsmetodar (15 sp) skal gje ei brei innføring i kvalitativ og kvantitativ metode, samt ei innføring i statistikkprogram.
- PSYK250: Bacheloroppgåva (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Gjennom arbeidet med oppgåva vil du utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for videre opptak til masterstudium. Alle andre obligatoriske emne må vere gjennomført seinast same semester som PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi.
Tilrådde valemne
Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Det psykologiske fakultet har planlagt i denne samanheng eit tilbod av tilrådde emne og kombinasjonar som er nyttige saman med dei obligatoriske elementa og som kan utgjere ei ytterligare spesialisering innan retningane skule, helse og næringsliv. Desse emna er særskild anbefalt: PSYK106, PSYK110 og PSYK109. Det vert ellers anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, samfunnsvitskap.
Rekkefølje for emne i studiet
Studenten må ha bestått 1.semestersstudiet (30 studiepoeng), i tillegg må eksamen vere bestått i følgjande emne før ein kan melde seg opp i PSYK250:
Studenten må ha bestått PSYK202B seinast same semester som ein tar PSYK250.
Det vert anbefalt å ta emna i følgjande rekkjefølge:
1. semester:
Examen philosophicum (10 sp)
EXFAC03P Examen facultatum (10 sp)
PSYK100 Innføring i psykologi (10 sp)
2. semester:
PSYK101 Generell psykologi 1 (15 sp)
PSYK102 Generell psykologi 2 (15 sp)
3. semester:
PSYK207 Læring og åtferdspsykologi (15 sp)
PSYK208 Affekt og kognisjon (15 sp)
4. semester:
PSYK202B Psykologiske forskingsmetodar B (15 sp)
Valfrie emne (15 sp)
5. semester:
Valfrie emne (30 sp)
6. semester:
Valfrie emne (15 sp)
PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi (15 sp)
Delstudium i utlandet
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingavtalar, både i og utanfor Europa. Det er ein føremon om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vil bli gitt i form førelesingar, seminar, nettbasert undervisningsmateriell, nettbaserte grupper og diskusjonsforum.
Vurderingsformer
Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.
Karakterskala
Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.
Kompetanse for vidare studium
Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til eit mogleg (ikkje vedteken) mastergradsstudium i psykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre universitet/høgskuler.
Yrkesvegar
Bunden av fagkombinasjonen vil studiet gje kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, til dømes i skulen, ulike delar av privat næringsverksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne som inngår i programmet er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Det psykologiske fakultet.
Programstyret for årsstudiet og bachelorprogrammet i generell psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Kontakt: post@psyfa.uib.no/55 58 27 10
Administrativ ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i generell psykologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 54,8
Førstegangsvitnemål: 48,1
Antall studieplasser
60
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.psyfa@uib.no
55 58 27 10
Oppbygging
Studieprogrammet skal innehalde følgjande:
- 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil.
- 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor generell psykologi, inkludert metode.
- 60 studiepoeng valfrie emne der alle eller delar kan veljast frå andre fag.
Under ser du korleis bachelorprogrammet i generell psykologi er lagt opp.
1. semester:
- EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- EXFAC03P Examen facultatum, psykologi (10 studiepoeng)
- PSYK100 Innføring i psykologi (10 studiepoeng)
2. semester:
3. semester:
4. semester:
- PSYK202B Forskingsmetodar (15 studiepoeng)
- Valfritt emne (15 studiepoeng)
5. semester:
- Valfrie emne (30 studiepoeng)
6. semester.
- Valfritt emne (15 studiepoeng)
- PSYK250 Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Innføringsemner - psykologi (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Husk at du må velge en av exphil-variantene. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC03P | Examen facultatum, Psykologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| PSYK100 | Innføring i psykologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-PSSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-PSEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i generell psykologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PSYK101 | Generell psykologi 1 | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| PSYK102 | Generell psykologi 2 | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| PSYK207 | Læring og atferdspsykologi | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PSYK208 | Affekt og kognisjon | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| PSYK202B | Psykologiske forskningsmetoder B | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| PSYK250 | Bacheloroppgåve i generell psykologi | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (60 studiepoeng) (krav: 60 SP) | ||||||||||||