Hjem

Spesialpedagogikk, bachelor, 3 år

Vil du lære korleis vi kan legge til rette for barn, unge og vaksne med ulike lærevanskar eller funksjonsnedsettingar? Spesialpedagogikk er for deg som vil bidra til eit meir inkluderande samfunn, og utgjere ein forskjell for barn og unge med særlege behov og føresetnader.
  • Lengde3 År
  • Ordinær50,4
  • Primær45,3
  • Plassar23
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

NB! Fra hausten 2024 vil det bli endringer i studieplanen. Meir informasjon her: Ny utdanningsplan bachelor i spesialpedagogikk frå hausten 2024

Kva lærer du? 

På dette studieprogrammet får du ei brei og fagleg bakgrunn for å kunne legge til rette for menneske med ulike føresetnader for læring og utvikling, inkludert dei som er evnerike og dei med ulike utfordringar eller funksjonsnedsettingar. Du vil lære å identifisere styrkar, utfordringar og hindringar i skole og barnehage som kan påverke deira deltaking i eit inkluderande fellesskap.  

Viktige spørsmål innan spesialpedagogikk er:  

  • Korleis kan vi inkludere alle barn i barnehagar og skolar, og utvikle eit godt system for  samarbeid mellom heim og utdanningsinstitusjonar? 
  • Korleis kan vi legge til rette for tilpassa opplæring for barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar?   
  • Korleis kan vi sikre at opplæringsinstitusjonane ivaretar retten til medverknad for barn og unge med særlege behov?   

I tillegg vil du lære om viktigheita av inkludering, tidleg innsats, kartlegging og ulike former for tilpassa opplæring.

Studiekvardag 

På studiet vil du oppleve ulike undervisningsformer, som forelesingar, seminar, praktiske øvingar og ekskursjonar. Praksisperiodar er også ein viktig del av studiet, der du får ei veke i barnehage og ei veke i grunnskolen for å observere kva som kjenneteiknar livet der.  

Den organiserte undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar ein at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan være lurt å danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentar. 

For å kunne gå opp til eksamen må du ofte få obligatoriske aktivitetar godkjent. Dette kan inkludere innleveringar, munnlege presentasjonar, gruppearbeid og deltaking i seminar.  

Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12. Der vil du finne lesesalar, undervisningsrom, grupperom og kantine. 

Kva kan du jobbe som? 

Ein bachelorgrad i spesialpedagogikk opnar for ulike karrieremoglegheiter innanfor rådgjeving og utviklingsarbeid knytt til mellom anna skule og barnehage. Studiet gir deg kompetanse for jobb i både offentlege og private institusjonar, innanfor område der læring og utvikling hos barn, ungdom og vaksne med særlege behov er viktig, for eksempel i: 

  • opplæringssektoren 
  • kriminal- og rusomsorga  
  • helse- og sosialsektoren 
  • arbeidsinkludering 
  • kultursektoren  
  • velferdsforvaltninga 
  • fylkes- og kommunesektoren 

Det er viktig å merke seg at denne graden ikkje gjer deg kvalifisert til å undervise som spesialpedagog i skole og barnehage med mindre du også har fullført ei barnehagelærar- eller lærarprofesjonsutdanning. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Dette er eit treårig fulltidsstudium. Graden er bygd opp av 180 studiepoeng som er fordelt på dei tre kategoriane: Innføringsemne (25 studiepoeng), spesialisering (110 studiepoeng) og valfrie emne (45 studiepoeng).   

Dei valfrie emna kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan, innanfor visse rammar, velje blant alle emne som blir tilbydd på UiB.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes.  

1. semester  

  • Innføring i spesialpedagogikk (SPED100, 15 studiepoeng) 
  • Pedagogiske perspektiv på læring (PED112, 15 studiepoeng) 

2. semester  

  • Språkutvikling (SPED101, 15 studiepoeng) 
  • Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (PSYK114, 15 studiepoeng) 

3. semester 

  • Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (SPED102, 15 studiepoeng) 
  • Læring og atferdspsykologi (PSYK207, 15 studiepoeng) 

4. semester 

  • Examen Philosophicum (EXPHIL-PSSEM, 10 studiepoeng) 
  • Vitskaplege metodar (PED210, 15 studiepoeng) 
  • Lese- og skrivevanskar (SPED211, 5 studiepoeng) 

5. semester 

  • Utanlandsopphald eller valfrie emne (30 studiepoeng) 

6. semester  

  • Profesjonstenkning – lovverk og etikk i teori og praksis (SPED200, 15 studiepoeng) 
  • Bacheloroppgave i spesialpedagogikk (SPED250, 15 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt femte semester og tar ein del av dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.  

Slik går du fram for å reise på utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med bachelorgraden i spesialpedagogikk er du også kvalifisert til å søke deg videre til ulike masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som: 

Spørsmål om studiet? 

Tlf: +47 55 58 27 10

E-post: info.psyfa@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her