Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap

ingressbilde

Introduksjon

Har organisering noko innverknad for dei utfordringane ein står ovanfor innan område som helse, utdanning, næringsutvikling, miljøvern og samfunnstryggleik? Kva for nokre organisasjons- og styringsformar kan ein nytta og korleis verkar dei i ulike samanhengar? Kan innovasjon i offentleg og privat sektor planleggast?

Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit samanliknande studium av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus er særleg retta mot utforminga og iverksettinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har.

Teoriar om demokrati og organisasjonar, offentleg forvaltning og politikk står sentralt i faget. Viktige tema er det normative grunnlaget deira, korleis dei blir utvikla og endra, og kva verknad dette har.

Gjennom bachelorstudiet lærer du å utføre sjølvstendige analysar av organisasjonar, offentleg forvaltning og politikk.

Visste du at ...

Fagmiljøet har eit internasjonalt masterprogram med studentar frå Sør-Afrika, Uganda, Ghana, Zimbabwe, Tanzania, Nepal, Bangladesh, Kina og Colombia? Vi bidrar gjennom dette med kompetanseheving i offentleg forvalting i utviklingsland.

 

 

Studievegar

Bachelor

Sentralt i det treårige studiet er demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvaltning og offentlig politikk.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Forsking

Faget bygger i stor grad på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om formelle organisasjonar. Sentrale tema for fagmiljøet ved UiB er organisasjon, leiing og styring av alle typar organisert verksemd. Dette omfattar både offentleg og privat sektor så vel som det frivillige organisasjonssamfunnet.

Sjå også desse studia

Samanliknande politikk, sosiologi, utviklingsstudiar, samfunnsøkonomi, arbeids- og organisasjonspsykologi og årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap.

 

 

 

 

Utveksling

Du kan reise på utveksling som ein del av graden din. Instituttet deltek i eit NORDPLUS-nettverk i statsvitskap som gir deg høve til å studere fleire stadar i Norden. Du kan utveksle til dei fleste EU-land gjennom Erasmus programmet, eksempelvis har instituttet eit nært institusjonelt samarbeid med Potsdam Universitet i Tyskland. Gjennom UiB sine bilaterale avtaler finst det også spennande alternativ i resten av verda. Studentar på programmet kan for eksempel reise til American University og ta eit halvt år på det utfordrande Washington Semester Program, studere økonomi og business ved eit av Australia sine «Group of Eight»-universitet eller internasjonal og sør-afrikansk politikk ved universitetet i Cape Town.

 

 

Yrkesvegar

I løpet av studiet opparbeider du deg ein evne til å forstå prosessar og samhandlingar internt i organisasjonar og mellom organisasjonar. I tillegg får du kunnskap om politikk og forvaltingssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor. For eksempel finn ein tidlegare kandidatar i næringsverksemd, interesseorganisasjonar, statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetting av fagemne blir studentane kvalifiserte til å undervise ved ungdomsskole eller vidaregåande skole.

Les meir her:

https://www.uib.no/admorg/utdanning/hva-jobber-en-admorger-med 

 

Graden

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap fører fram til graden bachelor i administrasjon og organisasjonsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

180 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Kvar haust (august).

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal omfatte inntil 30 studiepoeng innføringsemne/førstesemesterstudiet inkl. ex.phil og 90 studiepoeng (1 1/2 års studium) med spesialisering innanfor administrasjon og organisasjonsvitskap der føljande emne er obligatoriske: AORG101 Organisasjonsteori, MET102 Samfunnsvitskapleg metode, AORG104 Politisk teori og styringsformer samt AORG250 Bacheloroppgåva. Valfrie emne innanfor spesialiseringa vel du blant desse emna på 100-nivå: AORG103 Politikk og forvaltning, eller AORG105 Stat og forvaltning i utviklingsland eller AORG107 EU og internasjonale organisasjonar, og på 200-nivå: AORG209 Politisk styring og organisering eller AORG210 Organisasjonsteori. Alle, eller delar av, dei siste 60 studiepoenga ("frie studiepoeng") kan du velje blant emne frå andre fag. Merk at førstesemesteremne frå andre fag ikkje gir utteljing som frie studiepoeng.

Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag og eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Faget byggjer i stor grad på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om formelle organisasjonar. Fokus er retta særleg på utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei blir utvikla og endra, og kva for verknad dette har.

Gjennom bachelorstudiet lærer studentane å utføre sjølvstendige analysar av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap skal studenten ha tileigna seg følgjande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

  • Studenten skal kunne framstille, samanfatte og forklare grunnleggjande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk.
  • Studenten skal kunne gjere greie for korleis offentleg politikk blir utforma og iverksett
  • Studenten skal ha kjennskap til og kunne gjere greie for ulike styrings-, organisasjons-, og demokratiformer og deira normative grunnlag på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå.
  • Studenten skal kunne gjere greie for samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.
  • Studenten skal kunne gjere greie for ulike typar organisasjonar, organisasjonsendring og om demokrati, deltaking og leiing under ulike vilkår.

Dugleikar

  • Studenten skal kunne nytte teoriar og analysemodellar i faget til gjennomføre analysar av ulike typar organisasjonar, av organisasjonsendring, og av vilkår for demokrati, deltaking og leiing.
  • Studenten skal kunne utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk
  • Studenten skal kunne gjere greie for og forklare samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.

Generell kompetanse

  • evne til vitskapleg arbeid og framstilling
  • evne til systematisk kunnskapsinnhenting gjennom tilretteleggjing og vurdering av tilgjenglege kjelder

Relevans for arbeidslivet

Gjennomføring av bachelorprogrammet gir grunnlag for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar, i føretak og interesseorganisasjonar på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og anna verksemd innan privat og offentleg sektor. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil., AORG100 og SV100 (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Rekkefølje for emne i studiet

Studentane vel sine emnekombinasjonar blant dei tilbod som til einkvar tid vert gitt på instituttet og/eller emne som er godkjente som jamngode. Emna må ikkje avleggjast i ei bestemt rekkjefølgje.

Instituttet tilrår:

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta delar av utdanninga si i eit anna land. Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap opnar opp for dette gjennom samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar slik at utanlandsopphald kan bli ein integrert del av bachelorgraden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av heimeeksamen og skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, og til ein del andre statsvitskaplege masterprogram ved andre norske universitet.

Yrkesvegar

Gjennomføring av bachelorprogrammet kvalifiserer for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Rekrutteringa til privat sektor er også aukande. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

 

Evaluering

Emna som inngår i bachelorprogrammet vert evaluert med jamne mellomrom.

Administrativ ansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Christiesgt. 17

5007 Bergen

studieveileder@aorg.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna Opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 47,9
Førstegangsvitnemål: 40,8

Antall studieplasser

73 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no

55 58 98 50

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

studierettleiar@aorg.uib.no

 

 

 

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap skal studenten ha tileigna seg følgjande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

  • Studenten skal kunne framstille, samanfatte og forklare grunnleggjande teoriar, analysemodellar og tilnærmingar innanfor studiet av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk.
  • Studenten skal kunne gjere greie for korleis offentleg politikk blir utforma og iverksett
  • Studenten skal ha kjennskap til og kunne gjere greie for ulike styrings-, organisasjons-, og demokratiformer og deira normative grunnlag på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå.
  • Studenten skal kunne gjere greie for samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.
  • Studenten skal kunne gjere greie for ulike typar organisasjonar, organisasjonsendring og om demokrati, deltaking og leiing under ulike vilkår.

Dugleikar

  • Studenten skal kunne nytte teoriar og analysemodellar i faget til gjennomføre analysar av ulike typar organisasjonar, av organisasjonsendring, og av vilkår for demokrati, deltaking og leiing.
  • Studenten skal kunne utvikle og gjennomføre studiar av organisasjon, offentleg forvaltning og offentleg politikk
  • Studenten skal kunne gjere greie for og forklare samanhengar mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.

Generell kompetanse

  • evne til vitskapleg arbeid og framstilling
  • evne til systematisk kunnskapsinnhenting gjennom tilretteleggjing og vurdering av tilgjenglege kjelder

Relevans for arbeidslivet

Gjennomføring av bachelorprogrammet gir grunnlag for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar, i føretak og interesseorganisasjonar på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og anna verksemd innan privat og offentleg sektor. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap skal omfatte minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne, 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor administrasjon og organisasjonsvitskap, og 60 studiepoeng med valfrie emne. Spesialiseringsdelen i administrasjon og organisasjonsvitskap er delt i to. Andre og tredje semester undervisast det i innføringsemne, med fokus på sentrale idear og kunnskapsområde i faget. Vidare skal graden innehalde eit semester med spesialisering. Desse emna tek sikte på å vidareutvikle evna til å gjere sjølvstendige analyser av organisasjonar, offentlig politikk og politikkfelt.

 

 

BASV-AORG/Bachelorprogram i administrasjon og organisasjonsvitens
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Følgjande emne gir undervisningskompetanse i samfunnsfag: AORG101, AORG104, MET102 og eitt av emna AORG103/105/107/209/210. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesteremne ved SV
Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP)
Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil.
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
AORG100 Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap 10 1-6 1
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 1
GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling 10 1-6 1
INFO100 Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
MEVI100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1-6 1
SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SOS100 Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi 10 1-6 1
SANT100 Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
POLØK100 Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi 10 1-6 1
Spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitskap (krav: 90 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
AORG101 Organisasjonsteori 15 1-6 2
AORG104 Politisk teori og styreformar 15 1-6 2
MET102 Samfunnsvitskapleg metode 15 1-6 3
AORG250 Bacheloroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap 15 1-6 6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
AORG209 Politisk styring og organisering 15 1-6 6
AORG210 Organisasjonsteori 15 1-6 6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
AORG103 Politikk og forvalting 15 1-6 3
AORG105 Stat og forvaltning i utviklingsland 15 1-6 2
AORG107 EU og internasjonale organisasjonar 15 1-6 3
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudentar