Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i film- og TV-produksjon

Film- og TV

Introduksjon

Korleis formidlar ein best kjensler gjennom kameralinsa? Kor viktig er det gylne snitt i ein intervjusituasjon? Har nyheitsdekninga endra seg dei siste 30 åra, og korleis kjem den til å vere i framtida?

Du lærer å lage filmar, frå idé og manuskript til ferdig klipt film. For å kunne lage ein god film eller ein god reportasje, er det viktig å ha både teoretisk og praktisk bagasje. Teoridelen er viktig for å få i gang ein refleksjon kring det audiovisuelle mediet. Derfor blir du drilla i fag som handlar om publikum og deira oppleving og forståing av tekstar i ulike medium, i tillegg til den praktiske opplæringa i faget.

Praksis er nødvendig for å få den allsidige produksjonskompetansen som trengs for å møte yrkeslivet. Du får tidleg ei grundig teknisk innføring etterfølgd av emne som for eksempel manusutvikling og reportasjeproduksjon.

Det siste semesteret går med til ein hovudproduksjon der alt du har lært blir omsett i praksis. Vi vektlegg samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medium slik at du er godt budd på varierte yrkessituasjonar og -utfordringar.

Visste du at ...

Studentane på Film- og TV-produksjon lager TV-
innslaga frå Bergen Internasjonale Film Festival (BIFF)
og frå Nordiske Mediedager.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet inneheld emne som blant anna handlar om manusutvikling og produksjonsutvikling. Innan film fokuserast det på historie og analyse, i tillegg til teknisk opplæring. Innan nye medier får du innsikt i produksjon og analyse, dokumentar og reportasje, og spørsmål kring opphavsrett.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i medievitskap.

Forsking

Forsking på film og fjernsyn har stått sentralt heilt sidan faget blei oppretta i 1985. Forskinga fokuserer særleg på historikk og estetikk. Sjangerstudiar, forteljeteori og stilistiske endringar som følge av ny digital teknologi er viktige interessefelt. Spørsmål om mediekonvergens og dei audiovisuelle media si rolle i demokratiet har også fått mykje merksemd.

Sjå også desse studia

Nye medier, medievitskap, journalistikk.

 

 

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det fjerde semesteret i programmet.

 

 

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i film- og tv-produksjon kvalifiserer deg til arbeid innan film- og tv-produksjon, både i store produksjonsselskap, medieverksemder og organisasjonar, og som sjølvstendig film- og tv-skapar. Programmet samarbeider med studieprogramma i nye medier og journalistikk, og gjennom studiet får du møte svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver i spenningsfeltet mellom tradisjonelle og nye medier.

 

 

Graden

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon fører fram til graden bachelor i film- og tv-produksjon. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Haust

 

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon gir ei teoretisk reflektert, praktisk orientert forståing av audiovisuelle medier, ein allsidig produksjonskompetanse på området, samt kvalifikasjonar innan eitt av fleire profesjonelle spesialområde (foto, regi, redigering, manus m.m.). Studiet er basert på digitale løysingar og blir gjennomført i samarbeid med bachelorprogrammet i nye medier og journalistikk.

Læringsutbyte/resultat

Etter oppnådd bachelorgrad har studentane følgjande læringsresultat:

Kunnskap

Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om

  • produksjonsprosessen i film & tv fra idèutvikling til publisering
  • sjangre og verkemiddel i audiovisuelle medier
  • film- og fjernsynshistorie
  • medienes rolle for publikum og i samfunnet
  • ulike publiseringplattformer
  • medieindustrien sin organisering og arbeidsmåtar
  • journalistiske verktøy og metoder i så vel innhenting, som bearbeiding og presentasjon av informasjon.
  • etikk og opphavsrett

Ferdigheiter

Kandidaten har velutvikla ferdigheiter i

  • planlegging og produksjon av reportasje og dokumentar for fjernsyn og Internett
  • manusskriving for kortfilm
  • produksjon av fiksjon i kortformat
  • digital produksjonsutstyr for foto, lydopptak og postproduksjon

Kandidaten har spesialiserte ferdigheiter i

  • ein fagfunksjon (regi, foto, klipp, produsent, lyd)

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • reflektere over egen praksis
  • forstå konsekvenser av egen yrkesutøvelse
  • arbeid i kreative team
  • analysere medieinnhald

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Rekkefølje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng med innføringsemne inkludert Ex.phil.
  • 150 studiepoeng med spesialisering i film- og tv-faglege emne på 100- og 200-nivå, teoretisk så vel som praktisk retta. 60 av desse studiepoenga har hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve)

 

Ein legg opp til eit studium som har både produksjonsretta og teoretiske modular.

 

  • I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk introduksjonskurs i film, tv og nye medier (INFOMEVI106, 10 stp.) saman med studentane frå bachelorprogrammene i journalistikk og i nye medier. I tillegg tek studentane introduksjonskurs på institutt- og fakultetsnivå: MEVI100 (10 stp.) og Ex.phil (10 stp.)
  • Det andre semesteret er delt mellom eit 15 studiepoengs praktisk-teoretisk kurs (INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse), samt eit 15 studiepoengs teoretisk kurs (MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning), som dreier seg om publikum og deira oppleving og forståing av tekstar i ulike medier).I det praktisk retta kurset får studentane tilbod om spesialisering innan foto/kamera, lyd og etterarbeid. Kurset INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse tek ein saman med studentane ved bachelorprogrammet i nye medier.
  • I det tredje semesteret følgjer studentane MEVI153 Dokumentar og reportasje (15 studiepoeng) og MEVI103 Medietekstar: teori og analyse (15 studiepoeng).
  • I det fjerde semesteret tek studentane eit 15 poengs kurs i Reportasjejournalistikk (MEVI165). Studentar ved bachelorprogrammet i journalistikk får også tilbod om dette kurset. Studentane følgjer i tillegg MEVI213 Film: historie og analyse, som er ei fordjuping i filmhistorie med vekt på filmanalyse (15 studiepoeng). Studentar som skal ta delstudium i utlandet bør gjere det i 4.semester. Under utvekslingsopphaldet må ein ta minst 15 studiepoeng i medievitskap innan filmhistorie/-analyse. Studentar som dreg på utveksling kan søkja om fritak frå kravet om å ta MEVI165.
  • I det femte semesteret tek studentane eit obligatorisk kurs i manusutvikling og produksjonsutvikling (MEVI254, 30 stp.) med tanke på den avsluttande produksjonen i det sjette semesteret.
  • Det sjette semesteret brukar ein til produksjon og arbeid med bacheloroppgåva (30 studiepoeng), som inkluderer praktisk og teoretisk arbeid.

 

 

 

Delstudium i utlandet

Dersom studentar ønskjer å ta delstudium i utlandet bør det bli gjort i det fjerde semesteret.

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterar mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, rettleiing og teknisk opplæring.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og emneoppgåver, samt produksjonar og produksjonsanalysar.

PRODUKSJONSRETTAR:

For alle produksjonar laga som ledd i utdanninga, eller som er laga heilt eller delvis med utstyr som tilhøyrer Universitetet i Bergen, gjeld følgjande:

  • Studentane har opphavsretten til produksjonane, og dei har rett til fritt å nytte desse i ikkje-kommersielle føremål.
  • Universitetet i Bergen står som ansvarleg produsent av alle produksjonar, og har såleis alle økonomiske rettar til produksjonane.
  • Distribusjon av produksjonar samt fordeling av eventuelle inntekter, skjer etter reglar som blir nærare fastsette av Institutt for informasjons- og medievitskap.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som en bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Kompetanse for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medievitskap og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i film- og tv-produksjon kvalifiserer studentane til arbeid innan film- og tv-produksjon, både i store organisasjonar og som sjølvstendige film- og tv-skaparar. Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medier sikrar at studentane er vel førebudde på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innan alle delane av det mangslungne medie-, kunst- og informasjonsfeltet.

Administrativ ansvarleg

post@infomedia.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 53,6
Førstegangsvitnemål: 49,7

Antall studieplasser

22 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva
for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no


Læringsutbyte/resultat

Etter oppnådd bachelorgrad har studentane følgjande læringsresultat:

Kunnskap

Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om

  • produksjonsprosessen i film & tv fra idèutvikling til publisering
  • sjangre og verkemiddel i audiovisuelle medier
  • film- og fjernsynshistorie
  • medienes rolle for publikum og i samfunnet
  • ulike publiseringplattformer
  • medieindustrien sin organisering og arbeidsmåtar
  • journalistiske verktøy og metoder i så vel innhenting, som bearbeiding og presentasjon av informasjon.
  • etikk og opphavsrett

Ferdigheiter

Kandidaten har velutvikla ferdigheiter i

  • planlegging og produksjon av reportasje og dokumentar for fjernsyn og Internett
  • manusskriving for kortfilm
  • produksjon av fiksjon i kortformat
  • digital produksjonsutstyr for foto, lydopptak og postproduksjon

Kandidaten har spesialiserte ferdigheiter i

  • ein fagfunksjon (regi, foto, klipp, produsent, lyd)

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • reflektere over egen praksis
  • forstå konsekvenser av egen yrkesutøvelse
  • arbeid i kreative team
  • analysere medieinnhald

Oppbygging

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon begynner det første semesteret med innføringsemne for programmet. Deretter må du fylle 150 studiepoeng med spesialisering i film- og tv-faglege emne på 100- og 200-nivå, teoretisk så vel som praktisk retta. 60 av desse studiepoenga har hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet krev aktiv deltaking i undervisninga.

BASV-FILM/Bachelorprogram i film- og TV-produksjon
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Førstesemesteret i bachelorprogram i film/TV (krav: 30 SP)
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Obligatoriske innføringsemne (krav: 20 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MEVI100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1
INFOMEVI106 Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier 10 1
Studieforløp, bachelorprogram i film/TV (krav: 135 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse 15 2
MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning 15 2
MEVI103 Medietekster: teori og analyse 15 1-3 3
MEVI153 Dokumentar og reportasje 15 3
MEVI165 Reportasjejournalistikk 15 4
MEVI213 Film, historie og analyse 15 4
MEVI254 Manusutvikling og spesialisering 30 5
MEVI250 Bacheloroppgåve i film- og tv-produksjon og nye medier 30 6
Frie emner i Bachelorprogram i film- og TV-produksjon (krav: 15 SP)
Permisjon for bachelorstudentar