Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i geografi

ingressbilde

Introduksjon

Korleis kan folk sine levekår forklarast ut frå lokale, nasjonale og globale forhold og prosessar? På kva måte har menneska skapt kulturlandskapet?

Geografi er studiet av menneske, samfunn og natur, og samanhengen mellom desse. Studiet er tverrfagleg og tilbyr emne som tek føre seg sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle forhold som verkar inn på stader.

Naturgeografi tek utgangspunkt i naturlandskapet, og prøver ved hjelp av ulike metodar å forklare korleis diverse prosessar har forma og framleis formar landskapet og klimaet.

Miljø- og landskapsgeografi analyserer dei drivkreftene som verkar på landskap og drøftar teoriar, verkemiddel og metodar som vert nytta innan miljøforvaltning og planlegging.

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging omfattar analyser av føretak og næringar, folkesetnad, lokalsamfunn, politiske, sosiale og kulturelle strukturar.

Utviklingsgeografi tek utgangspunkt i forholdet mellom natur og samfunn i land i sør, slik dette kjem til uttrykk i menneskeleg bruk av naturbaserte ressursar.

Visste du at ...

Feltkurs og ekskursjonar er ein viktig og spennande del av studiet.

Studievegar

Bachelor

I løpet av det treårige studiet kan du velje mellom emne innan naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi, økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging og utviklingsgeografi.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i geografi innanfor ei av dei fire studieretningane, masterprogram i modellbasert samfunnsplanlegging eller Master's in Development Geography.

Forsking

Forskinga i fagmiljøet er organisert i fire forskingsgrupper:

1. Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

2. Naturgeografi

3. Miljø- og landskapsgeografi

4. Utviklingsgeografi

Sjå også desse studia

Utviklingsstudiar, miljø- og ressursfag, og årsstudium i geografi.

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Vi tilbyr utanlandsopphald i ulike land både i Europa, Afrika, Asia og Sør-Amerika som ein integrert del av bachelorgraden.

Yrkesvegar

Geografifaget utdannar yrkesutøvarar til offentlig forvalting og til det private næringslivet. Dei seinare åra har geografar gått inn i stillingar som leiarar, planleggarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvalting, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Fleire kandidatar arbeider som forskarar og utgreiarar, mens andre har gått til yrke innan oljeverksemd og databransjen. Geografar arbeider også med utviklingsspørsmål i nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Les meir her:

http://www.uib.no/geografi/utdanning/geografer-i-arbeidslivet

Graden

Bachelorprogrammet i geografi fører fram til graden bachelor i geografi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

180 studiepoeng

Undervisningsspråk

Det vert undervist på norsk på alle 100-nivå kurs, mens det på 200-nivå vert undervist både på engelsk og norsk.

Studiestart

Haust. Studentar som søkjer internovergang kan også starte om våren.

Mål og innhald

Geografifaget dreiar seg om verdsbiletet - om mangfald, variasjon og samspel i naturgjevne og menneskeskapte lokale og globale prosessar på jordoverflata. Faget er kjenneteikna ved store kontaktflatar til andre fagdisiplinar innan både samfunnsvitskap og naturvitskap.

Studiet tilbyr innføring og spesialisering innan fire retningar.

  • Naturgeografi (Klima-, landskaps- og miljøendringar) tar utgangspunkt i naturlandskap og søkjer gjennom ulike metodar å forklara korleis ulike prosessar har forma og formar (det norske) landskapet.
  • Miljø- og landskapsgeografi omfattar dei drivkreftene som verkar på landskap og kulturlandskap, og dei teoriar, verkemiddel og metodar som vert nytta av offentlege og ikkje-statlege aktørar innan miljøforvaltning og planlegging.
  • Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging omfattar analyser av føretak og næringar, folkesetnad, lokalsamfunn, og reguleringsmessige, politiske, sosiale og kulturelle strukturar
  • Utviklingsgeografi (Ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland) tar utgangspunkt i forholdet mellom natur og samfunn i fattige land i sør, slik dette kjem til uttrykk i menneskeleg bruk av naturbaserte ressursar.

Forsking og undervisning i desse områda kan ha ulike romlege nivå, frå det lokale til det globale. Omgrepa rom, stad og region står sentralt i geografisk forsking, men kan bli gitt ulikt innhald i dei ulike teoretiske tilnærmingane. Metodisk er faget så vel kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar utgjer difor ein sentral metodisk del av faget, noko som kjem til uttrykk i undervisninga. Særskilde geografiske metodar omfattar dessutan kartografi, geografiske informasjonssystem (GIS) og fjernanalyse (satellittmåling).

Institutt for geografi tilbyr studium på lågare grad (Bachelor), høgare grad (Master) og doktorgrad (Ph.D). Studiet er emnedelt, og ein kan velje mellom fleire studieretningar ved å kombinera ulike emne. Nokre av emna føreset bestått eksamen i bestemte emne på førehand. Difor bør studentar som vil gå vidare innan faget orientera seg om heile studieplanen og dei undervisningstilbod som vert gitt ved Institutt for geografi. Både dei reine geografiemna og dei emna som instituttet har det administrative ansvaret for i tverrfaglege gradar, er merkja med prefikset GEO i studieplanen. Feltkurs og ekskursjonar utgjer ein viktig del av undervisninga på alle nivå og er obligatorisk. For nærmare omtale av dei ulike emna viser vi til emneskildringane i studieplanen og emneoversikta.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorstudiet i geografi skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling
  • Skildre forholdet mellom mennesket og omgjevnadane og korleis dette utviklar seg i tid og rom
  • Gjere greie for dei mest vanlege geografiske undersøkingsmetodar
  • Skissere korleis natur og naturforhold har innverknad på folk og samfunn og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima i havet, i ferskvatn og på landjorda
  • Skildre og forklare kvar og korleis folk og ressursar er fordelt på jorda, korleis og av kven ressursane blir forvalta, kvifor tilgangen på ressursar er ulikt fordelt og korleis areal og ressursar kan forvaltast på en god og framtidsretta måte
  • Identifisere og skildre korleis ulike prosessar har forma og formar (det norske) landskapet i tid og rom
  • Skildre dei drivkreftene som har innverknad på landskap og kulturlandskap, og teoriar, verkemiddel og metodar som blir brukt av offentlege og ikkje-statlege aktørar innan miljøforvaltning og planlegging
  • Gjere greie for utbreiing og omfang av føretak og næringar, busetting, lokalsamfunn og reguleringsmessige, politiske, sosiale og kulturelle strategiar
  • Identifisere særskilte utfordringar innan ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland med utgangspunkt i forholdet mellom natur og samfunn i fattige land i sør, slik det kjem til uttrykk i menneskeleg bruk av naturbaserte ressursar

Ferdigheit

  • Gjere greie for og bruke geografisk kunnskap om mangfald, variasjon og samspel i naturgitte og menneskeskapte lokale, regionale og globale prosessar på jordoverflata
  • Beherske grunnleggande geografiske feltmetodar, lage og bruke kart og andre visuelle framstillingar og gjere seg nytte av eigne observasjonar i individuelle og gruppevise presentasjonar
  • Formidle geografifaglege idear, problemstillingar og moglege løysingar munnleg og skriftleg til både spesialistar og ikkje-spesialistar
  • Bruke feltundersøkingar, bibliotek og vitskapelege databaser til å innhente av relevant geografisk informasjon
  • Skrive feltrapportar frå feltkurs
  • Arbeide sjølvstendig og delta i team for å løyse eit bredt spekter av geografiske problemstillingar

Generell kompetanse

  • Evne til vitskapleg arbeid og framstilling
  • Innhente og behandle data og gjere feltundersøkingar i samsvar med god etisk praksis og i samsvar med god HMS-praksis

Relevans for arbeidslivet

Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og til det private næringslivet. Geografar arbeider som leiarar, planleggjarar, lærarar, forskarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Mange geografar arbeider til dømes med utviklingsspørsmål, miljøutfordringar, ressursforvaltning og ulike oppgåver innan samfunnsplanlegging, både nasjonalt og internasjonalt.

Innføringsemne

Tilrådd fyrstesemester til bachelorgraden i geografi omfatter ex.phil., SV100 og GEO100.

Rekkefølje for emne i studiet

Bachelorgraden i geografi inneheld ein spesialiseringsdel på 90 studiepoeng. Spesialiseringa omfattar normalt GEO111 eller GEO121, GEO112, GEO115, GEO151, GEO123 og GEO131, tilsvarande 60 studiepoeng. Dei resterande 30 studiepoenga blir valt blant GEO-emne på 100- og 200-nivå.

Obligatoriske emne for bachelorgrad i geografi er GEO115, GEO204 + eitt metodeemne til (GEO206/GEO215), GEO212/221/231/281 og GEO291/292. Det er også krav om minst 20 studiepoeng både innanfor samfunns- og naturgeografisk retning på 100-nivå (GEO115 tel som begge).

Tilrådd studieløp for bachelor i geografi og tverrfaglege program med spesialisering i geografi. Obligatoriske kurs for opptak til master i dei ulike studieretningane er utheva:

Naturgeografi:

Miljø- og landskapsgeografi:

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging:

Utviklingsgeografi:

* NB!! For studieretningane Miljø- og landskapsgeografi, Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging, og utviklingsgeografi er det obligatorisk å velge enten GEO215 eller GEO206.

Ei bacheloroppgåve/essay (GEO250) vert godkjent som ekvivalent til ein feltrapport for dei studentane ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar og Bachelorprogram i Latin-Amerikastudier som tar spesialisering i geografi når oppgåva/essayet er utarbeidd i samband med studentane sitt obligatoriske utanlandsopphald og har same lengd som feltrapportane. Det er krav om minimum 60 studiepoeng geografirelaterte emne der minst eitt av emna GEO204, GEO206 og/eller GEO215 inngår for å delta på GEO250, GEO291 og GEO292

Gyldigheit av obligatorisk krav

Obligatoriske studiekrav, som deltaking i seminar, kollokviar, ekskursjonar og feltkurs, laboratorieøvingar, skriftlege innleveringar, seminarinnlegg og mappeevaluering, er gyldige i tre semester; det semesteret studenten følgjer kurset og dei to påfølgjande semestra.

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i et anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa som ein integrert del av bachelorgraden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:

  • skriftleg eksamen
  • munnleg eksamen
  • heimeeksamen i kombinasjon med munnleg eksamen
  • mappeinnlevering i kombinasjon med munnleg eksamen
  • feltrapport (gruppeeksamen) i kombinasjon med munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen gis på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Kompetanse for vidare studium

Fullført bachelor i geografi kvalifiserer til å søkje opptak på mellom anna Master i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations og Master's in System Dynamics.

Opptaksgrunnlag til master:

Godkjent og fullført spesialisering i geografi som normalt består av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. GEO100 kan ikkje inngå i dei 90 studiepoenga. Følgjande kurs er obligatoriske for bachelor i geografi: GEO115, GEO204, eitt av kursa GEO206 og GEO215, eitt av kursa GEO212, GEO221 GEO231 og GEO281 og eitt av kursa GEO291 eller GEO292.

Krav til spesialiseringa for opptak på dei ulike studieretningane på master:

Yrkesvegar

Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og til det private næringslivet. Sjansane på arbeidsmarknaden aukar om ein tar ein mastergrad, men òg bachelor i geografi gir mange jobbalternativ.

Dei siste åra har dei fleste geografar gått inn i stillingar der dei arbeidar som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Fleire kandidatar arbeidar som forskarar og utgreiarar ved frittståande forskings- og utgreiingsinstitutt, medan andre har gått til yrker innan skuleverket, oljeverksemd og databransjen. Geografar arbeider òg med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Undervisningskompetanse

Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen vert dekka

gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna GEO111, 112, 115, 121, 131, 123 og 151. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan anten natur- eller samfunnsgeografi. GEO115 kan inngå i begge retningane.

Administrativ ansvarleg

Institutt for geografi, tlf: 55 95 93 83, epost: post@geog.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i geografi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 42,4
Førstegangsvitnemål: Alle

Antall studieplasser

50 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 94 51 / 55 58 98 50

Institutt for geografi
studierettleiar@geografi.uib.no

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorstudiet i geografi skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Gjere greie for geografifaget sin eigenart og utvikling
  • Skildre forholdet mellom mennesket og omgjevnadane og korleis dette utviklar seg i tid og rom
  • Gjere greie for dei mest vanlege geografiske undersøkingsmetodar
  • Skissere korleis natur og naturforhold har innverknad på folk og samfunn og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima i havet, i ferskvatn og på landjorda
  • Skildre og forklare kvar og korleis folk og ressursar er fordelt på jorda, korleis og av kven ressursane blir forvalta, kvifor tilgangen på ressursar er ulikt fordelt og korleis areal og ressursar kan forvaltast på en god og framtidsretta måte
  • Identifisere og skildre korleis ulike prosessar har forma og formar (det norske) landskapet i tid og rom
  • Skildre dei drivkreftene som har innverknad på landskap og kulturlandskap, og teoriar, verkemiddel og metodar som blir brukt av offentlege og ikkje-statlege aktørar innan miljøforvaltning og planlegging
  • Gjere greie for utbreiing og omfang av føretak og næringar, busetting, lokalsamfunn og reguleringsmessige, politiske, sosiale og kulturelle strategiar
  • Identifisere særskilte utfordringar innan ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland med utgangspunkt i forholdet mellom natur og samfunn i fattige land i sør, slik det kjem til uttrykk i menneskeleg bruk av naturbaserte ressursar

Ferdigheit

  • Gjere greie for og bruke geografisk kunnskap om mangfald, variasjon og samspel i naturgitte og menneskeskapte lokale, regionale og globale prosessar på jordoverflata
  • Beherske grunnleggande geografiske feltmetodar, lage og bruke kart og andre visuelle framstillingar og gjere seg nytte av eigne observasjonar i individuelle og gruppevise presentasjonar
  • Formidle geografifaglege idear, problemstillingar og moglege løysingar munnleg og skriftleg til både spesialistar og ikkje-spesialistar
  • Bruke feltundersøkingar, bibliotek og vitskapelege databaser til å innhente av relevant geografisk informasjon
  • Skrive feltrapportar frå feltkurs
  • Arbeide sjølvstendig og delta i team for å løyse eit bredt spekter av geografiske problemstillingar

Generell kompetanse

  • Evne til vitskapleg arbeid og framstilling
  • Innhente og behandle data og gjere feltundersøkingar i samsvar med god etisk praksis og i samsvar med god HMS-praksis

Relevans for arbeidslivet

Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og til det private næringslivet. Geografar arbeider som leiarar, planleggjarar, lærarar, forskarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Mange geografar arbeider til dømes med utviklingsspørsmål, miljøutfordringar, ressursforvaltning og ulike oppgåver innan samfunnsplanlegging, både nasjonalt og internasjonalt.

Oppbygging

 Bachelorprogrammet i geografi skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor geografi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag, enten ved UiB, andre stader i Noreg, blant anna Universitetssenteret på Svalbard, eller studium frå utanlandske universitet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så sant desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Vi anbefaler deg derfor til å studere emna introduksjon til geografi og samfunnsvitskaplege tenkemåtar i tillegg til ex.phil. Du må sørge for å få 90 studiepoeng med emne frå geografi. Til å begynne med tek du allmenne basisemne, og seinare bygger du på med fordjupingsemne for å spesialisere deg i ein av studieretningane.

BASV-GEOG/Bachelorprogram i geografi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen dekkjast gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna GEO111, 112, 115, 121, 131, 123 og 151. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan anten natur- eller samfunnsgeografi. GEO115 kan inngå i begge retningane. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesteremne ved SV
Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP)
Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil.
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
AORG100 Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap 10 1-6 1
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 1
GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling 10 1-6 1
INFO100 Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
MEVI100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1-6 1
SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SOS100 Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi 10 1-6 1
SANT100 Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
POLØK100 Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi 10 1-6 1
Val av studieretning (krav: 90 SP)
Naturgeografi (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO115 Kartografi og feltkartlegging 5 1-6 2
GEO111 Landformdannande prosessar 15 1-6 2
GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi 15 1-6 3
GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis 10 1-6 3
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 6
GEO212 Terrestriske klima- og miljøendringar 15 1-6 6
GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs 10 1-6 6
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO121 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad 15 1-6 2
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 1-6 2
GEO151 Feltkurs i samfunnsgeografi 5 1-6 3
GEO123 Regional utvikling 10 1-6 3
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 3
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 3
GEO231 Teorier om utvikling og migrasjon 10 1-6 3
Miljø- og landskapsgeografi (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO115 Kartografi og feltkartlegging 5 1-6 2
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 3
GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi 15 1-6 3
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 6
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis 10 1-6 3
GEO206 Kvalitativ analyse 5 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs 10 1-6 6
GEO292 Regionalgeografisk feltkurs 10 1-6 6
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO111 Landformdannande prosessar 15 1-6 2
GEO121 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad 15 1-6 2
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 1-6 2
GEO123 Regional utvikling 10 1-6 3
GEO151 Feltkurs i samfunnsgeografi 5 1-6 3
GEO231 Teorier om utvikling og migrasjon 10 1-6 3
Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO115 Kartografi og feltkartlegging 5 1-6 2
GEO121 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad 15 1-6 2
GEO123 Regional utvikling 10 1-6 3
GEO151 Feltkurs i samfunnsgeografi 5 1-6 3
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 6
GEO221 Globalisering og stadsutvikling 10 1-6 6
GEO292 Regionalgeografisk feltkurs 10 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis 10 1-6 3
GEO206 Kvalitativ analyse 5 1-6 6
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 1-6 2
GEO111 Landformdannande prosessar 15 1-6 2
GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi 15 1-6 3
GEO231 Teorier om utvikling og migrasjon 10 1-6 3
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 3
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 3
Utviklingsgeografi (krav: 90 SP)

Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudentar