Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i informasjonsvitskap

ingressbilde

Introduksjon

Kva faktorar er avgjerande når kundar vel nettbank eller mobiltelefon? Kva nye arbeidsmetodar etablerer skuleelevar når e-læringssystem blir innførte i skulen, og korleis nyttar dei seg av dei teknologiske hjelpemidla?

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Ein er ikkje berre interessert i dei reint teknologiske aspekta knytte til datamaskina, men også i menneska som skal nytta ho. Dersom nokon treng eit program, er det informasjonsvitaren sin jobb å analysere kva programmet skal nyttast til, og deretter tilpasse det til brukarane og det nivået dei er på. Ein skal gjere programmet mest mogleg effektivt for brukarane.

Gjennom studiet lærer du korleis handsaming av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk og internett. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskap er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy.

Studievegar

Bachelor

I det treårige studiet inngår emne som systemutvikling, databasehandsaming, objektorientert programmering, informasjonssystem og formelle metodar for informasjonsvitskap. Du kan også velje emne som interaksjonsdesign, multimediahandsaming, programutvikling og kunstig intelligens.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap.

Forsking

Fagmiljøet ved informasjonsvitskap har hovudfokus på forsking innanfor design og bruk av IKT som støtter arbeid og læring, programmering og kunstig intelligens, og utvikling av informasjonssystem frå eit brukar- og organisasjonsperspektiv. Aktuelle forskingstema er mobilteknologi som vert nytta til spel, læring og søk etter multimediainformasjon.

Visste du at ...

Informasjonsvitarar ved UiB har utvikla helsetenester i Afrika ved bruk av mobiltelefonar.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Andre studievegar

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, datavitskap, datateknologi, kognitiv vitskap, nye medier, informatikk-matematikk-økonomi, språkvitskap (med spesialisering i datalingvistikk), digital kultur, årsstudium i informasjonsvitskap.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. Vi rår deg til å studere emna grunnkurs i informasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Programmet inneheld også 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor informasjonsvitskap eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Alle emna i informasjonsvitskap har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver.

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for informasjons- og medievitskap vil utvikle tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Yrkesvegar

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan til dømes omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer eigne verksemder, medan andre arbeider med forsking og undervising på universitet eller høgskular. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i informasjonsvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 43,4
Førstegangsvitnemål: 33,5

Antall studieplasser

50 (talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/ikt eller ta kontakt med studierettleiar!
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar@info.uib.no
55 58 91 00

Graden

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap fører fram til graden bachelor i informasjonsvitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng innføringsemne inkludert Ex.phil.
  • 90 studiepoeng spesialisering i informasjonsvitskaplege emne
  • 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske universitet

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Kvar haust

Mål og innhald

Informasjonsvitskap har informasjon og kunnskap som sentrale studieobjekt, særleg med eit informasjonsteknologisk perspektiv. Bachelorprogrammet tar føre seg teoretiske aspekt ved data, informasjon og kunnskap, samt teknologiar for å forvalte informasjon og kunnskap, i høve til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Studiet omfattar eit breitt spekter av tema knytt til analyse og utvikling av informasjonssystem, deriblant / inkludert modellering, utforming, programmering og datahandsaming, semantiske og sosiale teknologiar, samt kunnskapsteknologi. Studiet gir ei forståing av grunnlaget for slike teknologiar og erfaring med bruk av metodar og dataverktøy, og gir ein informasjonsteknologisk kompetanse som dannar et solid grunnlag for vidare utdanning og arbeid i næringsliv og forvalting.

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullført studieprogram skal ha følgjande samla/totale læringsutbytte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse.

Kunnskap:

Kandidaten har grunnleggjande teoretisk kunnskap om

  • perspektiv på data, informasjon og kunnskap frå ulike fagdisiplinar
  • informasjonsteknologien si rolle i organisasjonar og samfunn

Kandidaten har brei teoretisk og teknisk kunnskap om

  • grunnlag og prinsipp for modellering og utforming av informasjonssystem
  • grunnlag og prinsipp for programutvikling
  • grunnlag og prinsipp for datahandsaming
  • grunnlag og prinsipp for kunnskapsrepresentasjon og semantisk teknologi
  • grunnlag og prinsipp for sosiale teknologiar

Kandidaten kan nytte kunnskapane og gjere reflekterte val i utforming og realisering av programmer og informasjonssystem. Kandidaten har ei forståing for grunnlaget for teknologiar og system som er relevante i eit langt perspektiv.

Dugleikar:

Kandidaten har velutvikla dugleikar i

  • modellering, utforming og utvikling av informasjonssystem basert på varierte former for teknologi
  • programmering
  • datahandsaming

samt praktisk erfaring med metodar, teknikkar, språk og verktøy for dette.

Generell kompetanse:

Kandidaten kan

  • analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi. Både med omsyn til teknologiske løysningar og m.o.t. den verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.
  • bidra til hele prosessen frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av informasjonssystem.
  • delta i større utviklingsprosjekt der ein krevjar kunnskapar om bruk av moderne metodar og verktøy for systemutvikling, programmering og datahandsaming.

Kandidaten har

  • grunnlag til å reflektere over tilhøvet mellom teknologien og konteksten den opptrer i.
  • solid grunnlag for å sjølvstendig kunne vidareutvikle og utvide kompetansen sin innan fagfeltet.
  • erfaring med vanlege arbeidsformer som gruppe- og prosjektarbeid
  • erfaring med framstilling av skriftlege rapportar og dokumentasjon samt munnleg presentasjon.
  • grunnlag for vidare studiar på masternivå i informasjonsvitskap eller relaterte fagområd i inn- og utland
  • ein sterk generell informasjonsteknologisk kompetanse som også vil vere nyttig utanfor IT-bransjen i det breie spekteret av verksemder innan næringsliv og forvalting som nyttar informasjonsteknologi.

Opptakskrav

Det vert ikkje stilt formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Opptak følgjer vanlege reglar, jfr. Samordna opptak.

Innføringsemne

Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. På bachelorprogrammet i informasjonsvitskap tilrår vi INFO100. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.

Rekkefølje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. Vi rår deg til å studere emna grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Programmet inneheld også 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor informasjonsvitskap eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Til å begynne med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne. Alle emna i informasjonsvitskap har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver.

  • I 1. semester gjennomfører studentane eit introduksjonskurs - INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg følgjer studentane SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar (10 stp) og Ex.phil. (10 stp).
  • I 2. semester tar studentane 15 studiepoeng informasjonssystem - INFO110 Informasjonssystem (10 stp) og INFO114 Utvalde emne i informasjonssystem (5 stp) og 10 studiepoeng i programmering - INFO132 Grunnkurs i programmering, samt INFO102 Formelle metodar for informasjonsvitskap (5 stp).
  • I 3. semester følgjer studentane normalt INFO122 Databasehandsaming (10 stp), INFO123 Utvalde emne i databasehandtering (5 stp), INFO210 Systemutvikling (10 stp) og INFO214 Utvalde emne i systemutvikling (5 stp).
  • I 4. semester kan studentane velje fordjuping på 200-nivå i informasjonsvitskap. Dei vel mellom alternativa INFO221, INFO231, INFO261 og INFO282+INFO232.
  • 5. og 6. semester er sett av til 60 studiepoeng valfrie emne. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i informasjonsvitskaplege emne eller til emne i andre fag. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra. Det er mogleg å bytte om 4. og 6. semester, slik at ein tar emne på 200-nivå i 6. semester, og valemne i 4. semester.

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Du kan t.d. ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium så lenge desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for informasjons- og medievitskap vil utvikle tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master:

INFO102, INFO110, INFO114, INFO132, INFO122, INFO123, INFO210, INFO214

30 studiepoeng fordjuping på 200-nivå, der studentane vel to av følgjande alternativ: INFO221, INFO231, INFO261, INFO232+INFO282

Yrkesvegar

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan t.d. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Evaluering

Programmet og emna som inngår i det er gjenstand for kontinuerleg evaluering.

Administrativ ansvarleg

studierettleiar@info.uib.no

55589100

BASV-INFO/Bachelorprogram i informasjonsvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Følgjande emne gir undervisningskompetanse i informasjons- og medievitskap: INFO122, 123, 210, 214, 132, 102, 110 og 114. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesteremne ved SV
Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP)
Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil.
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
AORG100 Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap 10 1-6 1
ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 1
GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
GLOB101 Global utvikling 10 1-6 1
INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
MEVI100 Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1-6 1
SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SOS100 Invitasjon til sosiologi 10 1-6 1
SANT100 Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
POLØK100 Innføring i politisk økonomi 10 1-6 1
Spesialisering i informasjonsvitskap (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO132 Grunnkurs i programmering 10 1-6 2
INFO102 Formelle metodar for informasjonsvitskap 5 1-6 2
INFO110 Informasjonssystem 10 1-6 2
INFO114 Den sosiale veven 5 1-6 2
INFO122 Innføring i databasehandsaming 10 1-6 3
INFO123 Utvalte emne i databasehandsaming 5 1-6 3
INFO210 Prosjekt i systemutvikling 10 1-6 3
INFO214 Systemutvikling 5 1-6 3
Valemne innanfor spesialisering i informasjonsvitskap (krav: 30 SP)
Du må velje minst 30 studiepoeng i spesialisering på 200-nivå i informasjonsvitskap
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO221 Multimediahandsaming 15 1-6 4
INFO231 Programutvikling 15 1-6 4
INFO261 Interaksjonsdesign 15 1-6 4
INFO232 Programmering for kunstig intelligens 5 1-6 5
INFO282 Artificial Intelligence 10 1-6 5
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudentar