Bachelorprogram i journalistikk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kva skil dei ulike journalistiske sjangrane frå kvarandre? Kva slags vinkling skal ein velje i ei sak? Korleis skal journalistar arbeide i forhold til Ver Varsam-plakaten? Kvar går skiljet mellom journalistrolla og rolla som privatperson på ein ulukkesstad der det står om liv?
Journalistar dokumenterer hendingar i samtida og må ha omsyn til mange viktige retningslinjer som gjeld presseetikk, bildebruk og innsyn i offentlege og private dokument. Korleis får ein fram maktkritisk informasjon, og korleis kan journalisten bidra til å sette fokus på dei svake gruppene i samfunnet?
Bachelorprogrammet i journalistikk legg grunnlaget for ein sjølvreflekterande og sjangermedviten journalistikk der oppøving av evna til kritisk tenking står sentralt. Studiet tek også sikte på å utvikle ein analytisk kompetanse.
Studiet er retta inn mot både audiovisuelle medium og nettmedium så vel som trykte medium. Det inneber ulike typar samarbeid med bachelorprogramma i film- og TV-produksjon og nye medier.
Visste du at ...
Studentar på journalistikkstudiet dekker sentrale kulturarrangement som BIFF og Nordiske Mediedager. I tillegg får dei åtte veker praksis i ein større nyheitsredaksjon.
Studievegar
Bachelor
I det treårige studiet inngår blant anna desse emna: introduksjon til journalistikk, reportasje- og nyheitsjournalistikk, journalistisk etikk og metode, opphavsrett, portrett og reportasje. Studiet inneheld òg ein praksisperiode.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i medievitskap.
Forsking
Infomedia si forskingsgruppe i journalistikk er stor og allsidig. For tida fokuserer gruppa på journalistiske nyorienteringar, der endringar i forma og vilkåra til journalistikken står sentralt.
Sjå også desse studia
Film- og TV-produksjon, medievitskap, nye medier.
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, er det organisert studentutveksling som ein del av den ordinære verksemda til universitetet. UiB har i tillegg samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i journalistikk vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det fjerde semesteret i programmet.
Yrkesvegar
Bachelorgraden i journalistikk kvalifiserer deg for ei lang rekke journalistiske og mediefaglege yrkesoppgåver i alle medium. Studiet vil også kvalifisere for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentleg sektor. Utdanninga førebur studentane på dei store teknologiske endringane som finn stad i media.
Graden
Bachelorprogrammet i journalistikk fører fram til graden bachelor i journalistikk. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Omfang
Bachelorprogrammet i journalistikk er 3-årig (180 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Kvar haust.
Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.
Mål og innhald
I eit moderne mediesamfunn skal ein uavhengig journalistikk bringe fram maktkritisk informasjon og bidra til at samfunnsborgarar kan delta aktivt i samfunnslivet. Dette journalistikkstudiet har som mål å setje studentane i stand til å innfri slike krav i sitt yrkesliv. Det skal gi grunnlag for ein sjølvreflekterande, kritisk og genrebevisst journalistikk. Studiet rettar seg inn mot den pågåande digitaliseringa og konvergensen på mediefeltet, og er følgjelig tverrmedialt innretta mot så vel audiovisuelle medier som nettmedier ved sidan av dei trykte mediene. Dette kjem til uttrykk i ulike typar samarbeid med instituttet sitt bachelorprogram i film/tv og nye medier. Dei utfordringane digitalisering og konvergens fører med seg både for journalistrolla og mediene sitt samfunnsoppdrag, blir også tematisert i studiet. Generelt vil studiet vere prega av at det skjer i samband med mangfaldig, aktiv forsking på journalistikk, medier, kultur og informasjonsteknologi. Som universitetsstudium vil det dessutan gi ei fagleg forankring utover det spesifikt medie- og journalistfaglege, gjennom valfrie emne, primært ved SV- og HF-fakultetet.
Læringsutbyte/resultat
Etter oppnådd bachelorgrad skal studentene ha følgende læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten har grunnleggende kunnskaper om
- journalistikkens faglige fundament og repertoar i ulike medier og på forskjellige formidlingsplattformer
- Journalistens rettigheter og forpliktelser
- journalistiske metoder
- journalistisk etikk
- Journalistikk og opphavsrett
- journalistiske sjangere
Ferdigheter:
Kandidaten har velutviklede ferdigheter i
- bruk av journalistiske verktøy og metoder i så vel innhenting, som bearbeiding og presentasjon av informasjon
- Reportasjejournalistikk og nyhetsjournalistikk
- aktiv bruk av lovhjemlet fundament for journalistisk virksomhet, eksempelvis offentlighetslov og innsynsrett
Generell kompetanse:
Kandidaten kan
- reflektere over egen praksis
- forholde seg til fagets samfunnsmessige rolle og forstå konsekvenser av egen yrkesutøvelse
- Se sin journalistfaglige kompetanse i sammenheng med annen faglig kompetanse. Bedrive en journalistikk som tar høyde for den pågående digitalisering og konvergens på mediefeltet
- rettferdiggjøre en uavhengig, opplysende og maktkritisk journalistikk
- analysere journalistisk innhold
Opptakskrav
Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.
Rekkefølje for emne i studiet
Bachelorprogrammet i journalistikk er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster
- inntil eitt semester (30 studiepoeng) med innføringsemne inkl. Ex.phil.
- Fire semester (120 studiepoeng) med spesialisering i medie- og journalistikkfaglege emne på 100- og 200-nivå.
- Eitt semester (30 studiepoeng) med valfrie emne.
Ein legg opp til semester med både produksjonsretta og teoretiske modular.
- I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk introduksjonskurs introduksjonskurs i film, tv, journalistikk og nye medier (INFOMEVI106, 10 stp.) saman med studentane frå bachelorprogrammene i film-/tv-produksjon og i nye medier. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg følgjer studentane MEVI100 Introduksjon til medier og kommunikasjon (10 stp.). Studentane tek også Ex.phil (10 stp.).
- I det andre semesteret følgjer studentane MEVI168 Nyhendejournalistikk (15 studiepoeng). I det same semesteret tek studentane eit kurs som gir teoretiske kunnskapar om og praktisk erfaring med reportasjejournalistikk - MEVI165 Reportasjejournalistikk (15 stp.).
- I det tredje semesteret tek studentane MEVI167 Metode, etikk og opphavsrett (15 stp.), samt MEVI153 Dokumentar og reportasje (15 stp.).
- Det fjerde semesteret er sett av til 30 studiepoeng med valfrie emne. Her rår ein studentane til å ta anten fordjuping i medie- og informasjonsvitskaplege emne, eller halvårseiningar som ein kan ta ved andre institutt innanfor ulike fagretningar. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret.
- I det femte semesteret tek studentane MEVI262 Praksisførebuing (15 stp.), samt eit emne i anten presse-, kringkasting- eller journalistikkhistorie (15 stp.).
- Det sjette semesteret blir brukt til produksjon og arbeid med bacheloroppgåva (15 stp.) som inkluderer praktisk og teoretisk arbeid. I tillegg gjennomfører alle studentane ein praksisperiode i ei medie- eller informasjonsverksemd under rettleiing (MEVI261). Kurset er normert til 15 studiepoeng.
Delstudium i utlandet
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, workshops, rettleiing og teknisk opplæring.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og emneoppgåver, samt produksjonar og produksjonsanalysar.
Karakterskala
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten
- Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
- Som en bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.
Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.
Kompetanse for vidare studium
Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medievitskap og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.
Yrkesvegar
Ein bachelorgrad i journalistikk vil kvalifisere for ei lang rekke journalistiske og mediefaglege yrkesoppgåver i alle typar medier. Studiet vil også kvalifisere for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentleg sektor. Utdanninga er spesielt tilpassa dagens store teknologiske endringar og utfordringar.
Administrativ ansvarleg
post@infomedia.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i journalistikk.
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 57,1
Førstegangsvitnemål: 51,2
Antall studieplasser
22 (talet på studieplassar kan bli justert)
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no
Læringsutbyte/resultat
Etter oppnådd bachelorgrad skal studentene ha følgende læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten har grunnleggende kunnskaper om
- journalistikkens faglige fundament og repertoar i ulike medier og på forskjellige formidlingsplattformer
- Journalistens rettigheter og forpliktelser
- journalistiske metoder
- journalistisk etikk
- Journalistikk og opphavsrett
- journalistiske sjangere
Ferdigheter:
Kandidaten har velutviklede ferdigheter i
- bruk av journalistiske verktøy og metoder i så vel innhenting, som bearbeiding og presentasjon av informasjon
- Reportasjejournalistikk og nyhetsjournalistikk
- aktiv bruk av lovhjemlet fundament for journalistisk virksomhet, eksempelvis offentlighetslov og innsynsrett
Generell kompetanse:
Kandidaten kan
- reflektere over egen praksis
- forholde seg til fagets samfunnsmessige rolle og forstå konsekvenser av egen yrkesutøvelse
- Se sin journalistfaglige kompetanse i sammenheng med annen faglig kompetanse. Bedrive en journalistikk som tar høyde for den pågående digitalisering og konvergens på mediefeltet
- rettferdiggjøre en uavhengig, opplysende og maktkritisk journalistikk
- analysere journalistisk innhold
Oppbygging
Bachelorprogrammet i journalistikk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 120 studiepoeng (2 års studium) med spesialisering, inkludert 30 studiepoeng med praksisperiode og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet består av medie- og journalistikkfaglege emne og fleire praktisk retta kurs. Studiet krev derfor aktiv deltaking i undervisninga.
Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan for eksempel vere studium du har tatt ved utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag, eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Førstesemesteret i bachelorprogrammet i journalistikk (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Exphil (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Obligatoriske innføringsemne (krav: 20 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEVI100 | Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon | 10 | 1 | |||||||||
| INFOMEVI106 | Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier | 10 | 1 | |||||||||
| Obligatoriske emner innenfor spesialisering i journalistikk (krav: 120 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEVI153 | Dokumentar og reportasje | 15 | 3 | |||||||||
| MEVI165 | Reportasjejournalistikk | 15 | 2 | |||||||||
| MEVI167 | Etikk, metode og opphavsrett | 15 | 3 | |||||||||
| MEVI168 | Nyheitsjournalistikk | 15 | 2 | |||||||||
| MEVI260 | Bacheloroppgåve i journalistikk | 15 | 6 | |||||||||
| MEVI261 | Praksis i medie- eller informasjonsverksemd | 15 | 6 | |||||||||
| MEVI262 | Praksisførebuing | 15 | 5 | |||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MEVI211 | Pressehistorie | 15 | 5 | |||||||||
| MEVI212 | Kringkastingshistorie | 15 | 5 | |||||||||
| Valgemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Det fjerde semesteret er sett av til 30 studiepoeng med valfrie emne. Her rår ein studentane til å anten ta fordjuping i medie- og informasjonsvitskaplege emne, eller halvårseiningar som ein kan ta ved andre institutt innanfor ulike fagretningar. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret. | ||||||||||||
| Permisjon for bachelorstudentar | ||||||||||||