Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i kognitiv vitskap

ingressbilde

Introduksjon

Korleis fungerer hjernen? Kva er kunstig intelligens? Korleis får ein ei datamaskin til å
spele sjakk og attpåtil slå dei beste sjakk-spelarane i verda? Kva eigenskapar må ein robot ha for å kunne bevege seg i ulendt terreng?

Menneskeleg tenking blir til i eit samspel mellom sansing, minne, språk, problemløysing og kjensler. I kognitiv vitskap prøver vi å forstå korleis desse ulike delane av menneskeleg tenking fungerer kvar for seg og samla. Det gjer vi mellom anna ved å lage dataprogram som skal simulere desse delane, for å sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens.

Slik prøver vi å skaffe betre kunnskap om korleis ein intelligent hjerne fungerer, og vidare om korleis vi kan konstruere dataprogram som har kunstig intelligens. I praksis kan slik kunnskap mellom anna brukast til å lage dataspel, datasystem med talegjenkjenning eller dataprogram for medisinsk diagnose.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet i kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk, psykologi og filosofi.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering.

Forsking

Ved UiB er det mange som driv med kognitiv vitskap. Vi har informasjonsvitarar som jobbar med teknikkar for å modellere kunnskap og bruke denne kunnskapen i dataprogram. Her finst lingvistar som prøver å finne ut korleis hjernen tolkar språk for å nytte tilsvarande teknikkar i program som kan føre ein flytande samtale med menneske. Vi har informatikarar som ser på korleis vi kan få dataprogram til å resonnere. Og vi har psykologar som prøver å forstå kva som skjer i hjernen når ein person synest at noko er vakkert.

Visste du at ...

Det beste sjakkprogrammet i verda vil truleg slå Magnus Carlsen 8 av 10 gonger. Hos oss lærer du kva som må til for å slå Magnus Carlsen 10 av 10 gonger.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Oppbygging

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster: 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil., 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap og 60 studiepoeng valfrie emne, avhengig av kva spesialisering du vel.

Du kan mellom anna studere følgjande tema: programmering, språkvitskap (lingvistikk), språk og data, biologisk og kognitiv psykologi. Dei siste 60 studiepoenga i bachelorprogrammet vel du ut frå kva fagområde du ønskjer å spesialisere deg i. Følgjande spesialiseringsfag er tilgjengelige: informasjonsvitskap, informatikk, filosofi og datalingvistikk.

Utveksling

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetet si ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit førehandsgodkjent studieprogram (frå 3 veker til 12 månader) i studiet og graden sin.

Yrkesvegar

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Studiet kan òg byggjast ut med masterstudium i fleire retningar, som kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskulesektoren.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i kognitiv vitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 45,1
Førstegangsvitnemål: 40,0

Antall studieplasser

22 (talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/ikt eller ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar@info.uib.no
55 58 91 00

Graden

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap fører fram til graden bachelor i kognitiv vitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

Graden er sett saman av fag og emne frå fire ulike fakultet etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil.
  • 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap
  • 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske lærestader

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Kvar haust

Mål og innhald

Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.

Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.

På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du mellom anna studere følgjande tema:

  • Programmering
  • Språkvitskap (lingvistikk)
  • Språk og data
  • Biologisk og kognitiv psykologi
  • Sinnsfilosofi
  • Logikk
  • Kunstig intelligens

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap:

Ved fullført studium har studenten

  • brei teoretisk forståing av korleis kognitive system er bygd opp
  • forståing av korleis dei fungerer, både hos menneske og i datamaskiner
  • forståing for korleis ein kan programmere og eksperimentere med kognitive system i datamaskiner ved bruk av teknikkar frå logikk, kunstig intelligens og datalingvistikk
  • eit humanistisk perspektiv på kognisjon ivaretatt gjennom ei innføring i kognitiv psykologi og sinnsfilosofi.

Dugleikar:

Studenten har velutvikla dugleikar i

  • kritisk refleksjon omkring den forståinga vi har av kognitive prosessar og korleis dei er bygd opp
  • programmering og datahandsaming retta mot utviking av kunstig intelligente datasystem, resonnerande programvare og språkteknologi
  • analyse av teknologiar for denne typen datasystem
  • statistisk analyse av data omkring kognitive fenomen

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • analysere, evaluere og forstå kognitive prosessar, språk, og andre komplekse fenomen med relasjon til menneskeleg åtferd
  • vidareutvikle og utvide sin kompetanse innan fagfeltet kognitiv vitskap, gjerne med spesialisering i informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk eller filosofi
  • avhengig av spesialisering, kunne bidra som ikt-systemutviklar i ulike typar roller, i eit spenn som omfattar alt frå kommunikasjon med brukar til avansert teknisk utvikling

Studenten har

  • samarbeidd i gruppe- og prosjektarbeid
  • har utforma skriftlege rapporter og dokumentasjon og stått for munnleg framlegging av eige arbeid

Innføringsemne

Ex.Phil, INF100 og EXFAC00SK er obligatoriske innføringsemne for å oppnå ein bachelorgrad i kognitiv vitskap.

Obligatoriske emne / spesialisering

Obligatoriske programemne:

  • I 1. semester gjennomfører studentane ex. phil. samt introduksjon til programmering (INF100- informatikk) og ex.fac. lingvistikk.
  • I 2. semester tar studentane 15 studiepoeng i logikk (LOG101 - filosofi), 5 stp i diskrete strukturar (INFO102- informasjonsvitskap) og eit oversynskurs i kognitiv vitskap (KOGVIT101)
  • I 3. semester følgjer studentane kurs i kunstig intelligens (INFO282), programmering for kunstig intelligens (INFO232), språk og kognisjon (LING122) og statistikk og kognisjonsforsking (DASP106).
  • I 4. semester får studentane ei innføring i kognitiv psykologi i kurset PSYK120, matematisk logikk i INF227 og sinnsfilosofi i FIL105
  • 5. og 6. semester er sett av til 60 studiepoeng frie kursval, gjerne ved utanlandske universitet. Vi tilrår at studentane vel ei spesialisering innan informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk eller filosofi, som alle opnar for mulig framhald med ein mastergrad (avheng av spesialisering).

I tillegg til obligatoriske programemne må følgjande emne avleggjast for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informasjonsvitskap:

I tillegg til obligatoriske programemne må følgjande emne avleggjast for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informatikk :

I tillegg til obligatoriske programemne må følgjande emne avleggjast for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i datalingvistikk :

I tillegg til obligatoriske programemne må følgjande emne avleggjast for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i filosofi:

  • FIL113 Samtidsfilosofi
  • FIL250 Bacheloroppgåve i filosofi
  • FIL111 Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria
  • FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon.

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetet si ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehandsgodkjent studieprogram (frå 3 veker til 12 månader) i studiet sitt og den norske graden studenten tek.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master:

Informasjonsvitskap:

KOGVIT101, INFO102, INFO232, INFO282, INFO122, INFO123, INFO110, INFO114 + 15 sp på 200-nivå (anten INFO210+214, INFO221, INFO231 eller INFO261)

Informatikk (programutvikling eller algoritmar):

KOGVIT101, INF100, INF227, INF102, INF121, MAT111, INF112, INF223, MAT121

Datalingvistikk:

KOGVIT101, DASP101, DASP106, DASP107, DASP104, LING116/INFO121 (minst eitt av desse), LING118, LING111, DASP201, DASP203

Filosofi:

KOGVIT101, LOG101, FIL105, INF227, FIL113, FIL250, FIL111, FIL112

Yrkesvegar

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Studiet kan også byggjast ut med masterstudium i fleire retningar, og det kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Evaluering

Programmet og emna som inngår i det er gjenstand for kontinuerleg evaluering.

Administrativ ansvarleg

studierettleiar@info.uib.no

55589100

BASV-KOGNI/Bachelorprogram i kognitiv vitskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Innføring i kognitiv vitskap (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6 1
INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering 1) 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-PSSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
Fagemner i kognitiv vitskap (krav: 90 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KOGVIT101 Oversyn over kognitiv vitskap 10 1-6 2
LOG101 Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk 15 1-6 2
INFO102 Formelle metodar for informasjonsvitskap 5 1-6 2
INFO282 Artificial Intelligence 10 1-6 3
DASP106 Statistikk og kognisjonsforskning 5 1-6 3
LING122 Språk og kognisjon 10 1-6 3
INFO232 Programmering for kunstig intelligens 5 1-6 3
PSYK120 Biologisk og kognitiv psykologi 10 1-6 4
FIL105 Innføring i sinnsfilosofi - 10 10 1-6 4
INF227 Innføring i logikk 10 1-6 4
Val av spesialisering innan bachelorprogrammet i kognitiv vitenskap (krav: 60 SP)
Spesialisering i informasjonsvitskap (krav: 60 SP)
Val dersom ein skal søkje opptak til master i informasjonsvitskap. I tillegg til dei obligatoriske emne skal studentane velje 15 studiepoeng på 200-nivå (anten INFO210+214, INFO221, INFO231 eller INFO261)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO110 Informasjonssystem 10 1-6 6
INFO114 Den sosiale veven 5 1-6 6
INFO122 Innføring i databasehandsaming 10 1-6 5
INFO123 Utvalte emne i databasehandsaming 5 1-6 5
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO210 Prosjekt i systemutvikling 10 1-6 5
INFO214 Systemutvikling 5 1-6 5
INFO221 Multimediahandsaming 15 1-6 6
INFO231 Programutvikling 15 1-6 6
INFO261 Interaksjonsdesign 15 1-6 6
Spesialisering i informatikk (krav: 60 SP)
Val dersom ein skal søkje opptak til master i informatikk
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering 10 1-6 5
INF112 Systemkonstruksjon 10 1-6 6
INF121 Programmeringsparadigme 10 1-6 5
INF223 Kategoriteori 10 1-6 6
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 5
MAT121 Lineær algebra 10 1-6 6
Spesialisering i datalingvistikk (krav: 60 SP)
Val dersom ein skal søkje opptak til master i datalingvistikk
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
DASP104 Automatisk analyse av språk - 1-6 5
LING118 Språk og kognisjon - 1-6 5
LING111 Syntaks 10 1-6 6
DASP201 Grammatikkar og datalingvistiske verktøy - 1-6 6
DASP251 Leksikon og ordnett - 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
LING116 Semantikk 10 1-6 5
LING121 Fonologi 10 1-6 5
Spesialisering i filosofi (krav: 60 SP)
Val dersom ein skal søkje opptak til master i filosofi
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FIL111 Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria 15 1-6 6
FIL112 Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon 15 1-6 6
FIL113 Innføring i samtidsfilosofi - 1-6 5
FIL250 Bacheloroppgåve i filosofi 15 1-6 5
Permisjon for bachelorstudentar