Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i medievitskap

Medievitskap

Introduksjon

Korleis kan ein analysere ei filmoppleving? Kvifor vel media enkelte vinklingar framfor andre? Kva rolle spelar tillit ved utveksling av informasjon og tenester over nettet?

Dagens samfunn blir ofte omtala som informasjonssamfunnet. Interaktive medium, digitale nettverk, filmar, radio, aviser og tv inngår som ein naturleg del av daglegliva våre, utan at vi heilt reflekterer over korleis dei ulike media påverkar måten vi forstår oss sjølve på eller kva for rolle dei spelar for den offentlege meiningsdanninga.

Medievitskap set søkelys på medieinstitusjonane og bodskapane dei formidlar, på forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom media og samfunnet. Gjennom bachelorprogrammet i medievitskap skal du få kjennskap til dei historiske og samfunnsmessige vilkåra som media har, og kva for funksjonar dei har når vi ser dei i eit heilskapleg perspektiv.

Studiet kombinerer både samfunnsvitskaplege og humanvitskaplege perspektiv, og gir ei elementær innføring i bruk av teknikkar i medie-produksjon (for eksempel radio og film).

Visste du at ...

Fagmiljøet ved informasjons- og medievitskap gir ut eit eige nettmagasin, Vox Publica. Målet med magasinet er å bidra til å heve nivået på kunnskapen og ordskiftet om demokrati og ytringsfridom i Noreg.

 

 

Studievegar

Bachelor

I det treårige studiet inngår blant anna emne om medieinstitusjonar og historia deira, mediebruk og meiningsdanning, pressehistorie, medieteknologi, kultur og samfunn, medieretorikk og filmrelaterte emne.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i medievitskap.

Forsking

Medievitskap har fleire forskargrupper og forskarprosjekt som arbeider med ulike problemstillingar. Det er for eksempel etablert ei eiga internasjonal forskargruppe ved Institutt for informasjons- og medievitskap som kallar seg for DigiCult. Gruppa forskar på demokrati og digitalisering av audiovisuell kultur. Det finst også eit forskingsprosjekt som studerer endringar i kulturjournali-stikken sine sjangrar og funksjonar.

Sjå også desse studia

Film- og TV-produksjon, medievitskap, journalistikk, informasjonsvitskap, digital kultur, informasjons- og kommunikasjonsvitskap (IKT), kognitiv vitskap, språkvitskap (med spesialisering i datalingvistikk).

 

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar.

 

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i medievitskap kvalifiserer for ei lang rekke mediefaglege yrkesoppgåver i medieverksemder og kultur- og utdanningsinstitusjonar. Det kan for eksempel vere innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i den private og offentlege sektoren. Studiet kan dessutan byggast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

 

 

 

Graden

Bachelorprogrammet i medievitskap fører fram til graden bachelor i medievitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

Bachelorprogrammet i medievitskap er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Kvar haust

Mål og innhald

Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og mediene sine tekstar, av forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom medier og samfunn. I medievitskap kombinerer ein sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på massemediene med kultur- og tekstanalytiske perspektiv. Gjennom bachelorstudiet i medievitskap vert desse teoretiske synsmåtane konfrontert med analyse av mediesamfunnet og praktisk medieproduksjonen.

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei overskrir tradisjonelle sosiale skiljeliner og utfordrar etablerte skilje mellom elite- og populærkultur - med konsekvensar for identitetsdanning, kunnskapsnivå og høve til å delta aktivt i samfunnslivet. Eit sentralt utviklingstrekk i dag er konvergens mellom tradisjonelle medieteknologiar, telekommunikasjon og datateknologi. Mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar vert endra gjennom framveksten av nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.

Dei samfunnsmessige konsekvensane av digitale teknologiar stiller medievitskapen overfor nye faglege utfordringar. I tillegg til massemediene si formidling mogleggjer interaktive medier og digitale nettverk tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i hittil ukjent skala. Mediene overskrid nasjonale grenser og er sentrale aktørar i ulike moderniseringsprosessar. Gjennom bachelorprogrammet i medievitskap vert kunnskap om mediene sine historiske og samfunnsmessige vilkår mobilisert i ein analyse av mediene og kommunikasjonsteknologiane si rolle i dagens samfunn.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap

Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om

  • forholdet mellom medieinstitusjonar og mediene sine tekstar
  • forholdet mellom publikum og medieinnhald
  • tekstanalyse og tekstanalytiske forskingstradisjonar
  • mediene si rolle i daglegliv, offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar
  • korleis ny teknologi skaper nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.

Dugleikar

Gjennom arbeid med bacheloroppgåva har kandidaten tileigna seg

  • grunnleggjande innsikt i korleis ein planlegg og gjennomfører mindre forskingsprosjekt
  • dugleik i å utvikla presise problemstillingar, samla inn og systematisera eit empirisk materiale
  • dugleik i å bruka metodisk innsikt, teoretiske perspektiv og begrep i analyse av innsamla materiale.

Kompetanse

Kandidaten har tileigna seg kompetanse som

  • kvalifiserer for mediefaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving.
  • kvalifiserer for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentlig sektor.

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Rekkefølje for emne i studiet

Bachelorgraden i medievitskap er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng innføringsemne inkludert Ex.phil.
  • 90 studiepoeng spesialisering i medievitskaplege emne
  • 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske universitet

 

 

  • I 1. semester tilrår vi studentane å ta innføringsemnet - MEVI100 Introduksjon til medier og kommunikasjon, i tillegg til SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar (10 stp) og Ex.phil (10 stp).
  • I 2. semester følgjer studentane normalt MEVI101 Medier: Institusjonar og historie (15 stp) og MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning (15 stp).
  • 3. semester er også delt mellom to 15 studiepoengs emne: MEVI103 Medietekstar: teori og analyse og MEVI104 Medier, representasjon og identitet.
  • I løpet av 4.-6. semester må studentane ta emnet MEVI200 Bacheloroppgåve i medievitenskap - 15 studiepoeng. I tillegg må dei ta eit av følgjande emne, alle på 15 studiepoeng: INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn, MEVI211 Pressehistorie, MEVI212 Kringkastingshistorie, MEVI213 Film: historie og analyse, MEVI203 Medieretorikk. Emna vert gjevne i ulike semester.

I tillegg skal studentane i løpet av 4.-6. semester avleggje 60 studiepoeng i valfrie emne. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i medievitskaplege emne eller til emne i andre fag. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra.

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

I bachelorprogrammet i medievitskap vél vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og emneoppgåver

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i medievitskap kvalifiserer for ei lang rekke mediefaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentlig sektor. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Administrativ ansvarleg

post@infomedia.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i medievitskap.

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 45,6
Førstegangsvitnemål: 42,8

Antall studieplasser

58 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap

studierettleiar@media.uib.no

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap

Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om

  • forholdet mellom medieinstitusjonar og mediene sine tekstar
  • forholdet mellom publikum og medieinnhald
  • tekstanalyse og tekstanalytiske forskingstradisjonar
  • mediene si rolle i daglegliv, offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar
  • korleis ny teknologi skaper nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.

Dugleikar

Gjennom arbeid med bacheloroppgåva har kandidaten tileigna seg

  • grunnleggjande innsikt i korleis ein planlegg og gjennomfører mindre forskingsprosjekt
  • dugleik i å utvikla presise problemstillingar, samla inn og systematisera eit empirisk materiale
  • dugleik i å bruka metodisk innsikt, teoretiske perspektiv og begrep i analyse av innsamla materiale.

Kompetanse

Kandidaten har tileigna seg kompetanse som

  • kvalifiserer for mediefaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving.
  • kvalifiserer for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentlig sektor.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i medievitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng innføringsemner medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor medievitskap.

Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Dette kan for eksempel vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.

 

BASV-MEVI/Bachelorprogram i medievitskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Følgjande emne gir undervisningskompetanse i informasjons- og medievitskap og opptaksgrunnlag til PPU: MEVI101, MEVI102, MEVI103 og MEVI104. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesteremne ved SV
Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP)
Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil.
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
AORG100 Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap 10 1-6 1
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 1
GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling 10 1-6 1
INFO100 Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
MEVI100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1-6 1
SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SOS100 Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi 10 1-6 1
SANT100 Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
POLØK100 Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi 10 1-6 1
Spesialisering i medievitskap (krav: 90 SP)
Du må velje eit emne på 200-nivå i tillegg til MEVI200 og dei obligatoriske 100-emna for å få ein bachelorgrad med spesialisering i medievitskap
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MEVI101 Medier: institusjonar og historie 15 1-6 2
MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning 15 1-6 2
MEVI103 Medietekster: teori og analyse 15 1-6 3
MEVI104 Medier, representasjon og identitet 15 1-6 3
MEVI200 Bacheloroppgåve i medievitskap 15 1-6 6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn 15 1-6 5
MEVI211 Pressehistorie 15 1-5 4
MEVI212 Kringkastingshistorie 15 1-6 4
MEVI213 Film, historie og analyse 15 1-6 4
MEVI203 Medieretorikk 15 1-6 5
RET207 Vår tids visuelle retorikk - 1-6 5
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudentar