Hjem

Medier og kommunikasjon, bachelor, 3 år

Studiet gir deg kunnskap om medier og kommunikasjon si sentrale rolle i samfunnet. Mediene påverkar korleis vi lever, kva som skjer i politikk og samfunnsliv og korleis vi ser på oss sjølv og andre.
  • Lengde3 År
  • Ordinær47,1
  • Primær44,2
  • Plassar60
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På bachelorstudiet kan du fordjupe deg i område som strategisk kommunikasjon, sosiale medium, mediebruk, film, TV-seriar, dataspel, journalistikk og medieteknologi.  

  • Kva betyr sosiale medier i samfunnet?  
  • Korleis fungerer politisk og strategisk kommunikasjon?  
  • Korleis kan vi forstå film, tv og dataspel som kulturformer?  
  • Kva betyr mediebruk i folk sine liv? Korleis blir vi påverka av media? 

Studiet passar for deg som er samfunnsengasjert og vil arbeide med formidling, medier og kommunikasjon. Mediesamfunnet er i rask endring, og det vil i framtida vera eit aukande behov for folk som kan analysere og forstå utviklinga og som kan produsere medieinnhald. 

Du vil tileigne deg kunnskap om kommunikasjon og om media og deira rolle i samfunnet, blant anna 

  • om mediebruk, mediepåverknad og forholdet mellom publikum og medieinnhald 
  • om den norske mediebransjen og om historia bak organiseringa av ulike medier 
  • om funksjonen til og betydninga og verdien av retorikk og strategisk kommunikasjon i offentlegheita. 

Studiekvardag 

Ei normal studieveke inneheld ei forelesing og eitt seminar . I tillegg kjem mellom 4-12 timar med workshops, som vi har på fleire av kursa. På alle kursa må du sette av tid til sjølvstudium. Du kan sjølv organisere lese- eller arbeidsgrupper i lag med medstudentar. 

Det er lagt opp til ei aktiv læringsform slik at du på seminar, workshops og arbeidsgrupper vil produsere medieinnhald, lage medieundersøkingar, halde talar eller presentasjonar. Du må òg gi tilbakemelding på presentasjonane eller oppgåvene til medstudentane. Undervisninga går føre seg på norsk, skandinavisk og engelsk. Det same  gjeld for litteraturen.  

Som student på bachelorstudiet i medier og kommunikasjon vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på blant anna Ulrikke Pihls hus og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på Ulrikke Pihls hus eller på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus).

Meir informasjon under

Bachelor i medier og kommunikasjon

Produsent:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Bachelorstudiet i medier og kommunikasjon gir deg grunnleggande kompetanse til å arbeide med formidling og kommunikasjon i privat og offentleg sektor, i mediebedrifter, organisasjonar og kulturlivet. 

Det er stor variasjon i kva yrke du kan få, men nokre eksempel er: 

  • kommunikasjonsrådgjevar 
  • journalist 
  • kulturarbeidar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging

Bachelorstudiet i medier og kommunikasjon er eit treårig fulltidsstudium (180 studiepoeng) som startar i august. 

1. semester

2. semester

3. semester

4.-6. semester

  • Valfrie emne* / utveksling (60 studiepoeng)
  • Valemne i spesialiseringa (15 studiepoeng)
  • Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

* Valfrie emne vel du ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, dra på utveksling eller ta 60 studiepoeng i et anna fag som gir deg undervisningskompetanse. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

På bachelorstudiet i medier og kommunikasjon kan du reise på utveksling i eitt eller to semester i enten fjerde, femte eller sjette semester.  Du kan dra til eit av dei nordiske landa, til Europa, eller til Asia, Amerika, Afrika eller Australia.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Om du vil auke jobbmoglegheitene dine eller jobbe med forsking, kan du ta masterprogrammet i medier og kommunikasjon. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: + 47 55 58 98 50 

E-post: studieveileder.media@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her