Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign

Introduksjon

Introduksjon

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verktøy, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt og knytt til interaktive løysingar og on-demand-tenester. I slike situasjonar er det viktig at dei digitale og interaktive systema er enkle og effektive å bruke både for medieprodusentar og mediebrukarar. Dei må gjere det brukarane treng, og ikkje skape frustrasjon og dårleg brukaroppleving. Nye interaktive løysingar krev òg at ein utviklar nye former for medieinnhald som passar dei nye teknologiane og brukarmønstera.

På bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign lærer du å forstå kva brukarane treng i slike situasjonar, og gjer dei i stand til å designe løysingar for interaksjon som gjer medieproduksjon effektivt og mediebruk brukarvennleg. Gjennom utdanninga får du kunnskap om interaksjonsdesign og digitale grenseflater som sikrar inkluderande og intuitiv menneske-maskin-interaksjon og positive brukaropplevingar knytt til medieproduksjon og mediebruk, inkludert web, mobile løysingar og spel.

Undervisninga skjer i tett samband med medieaktørane i Bergen, og undervisninga skjer i nye lokale i Media City Bergen. Sentrale komponentar i studiet er interaksjonsdesign, visuell kommunikasjon, designprosessar, og webprogrammering og front end-utvikling.

Studiet er prega av å vere eit praktisk orientert universitetsstudium som legg vekt på sjølvstudium, refleksjon og teoretisk kompetanse, samtidig som det fokuserer på problembasert læring gjennom workshops og praktisk utvikling av brukarvennlege løysingar for mediefeltet.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer deg til arbeid innanfor interaksjonsdesign, UX-design og webdesign for media og digitale plattformer. Studiet vil også kvalifisere deg for arbeideinnanfor informasjons- og kommunikasjonsarbeid i privat og offentleg sektor.

Vidare studium

Studiet kan byggast ut med eit masterstudium i medie- og interaksjonsdesign.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om sentrale tema, problemstillingar, verkty og metodar innan interaksjonsdesign og mediebruk.
  • kan bruke omgrep og metodar for interaksjonsdesign som inkluderer en forståing av menneskje og miljø, inklusiv emnar og omgrep innan grafisk design, interaksjonsdesign, designteori, brukaroppleving, prosjektplanlegging, programmering og datahandsaming.
  • har kunnskap om historia og tradisjonar innan interaksjonsdesign og mediebruksforsking, og fagfeltets plass i samfunnet.
  • har kunnskap om marknadsmessige, juridiske og etiske aspekt ved produksjon av interaktive media.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan analysere interaksjonsdesign som del av ein kommunikativ prosess, og forklare korleis design kan påverke interaksjon og oppleving av interaktive digitale produkt, miljø, system og tenester, med særleg fokus på medieproduksjon og mediebruk.
  • forstår og kan foreslå løysingar på utfordringane knytt til design og samhandling med interaktivt medieinnhald.
  • kan planlegge og utvikle brukarorienterte interaktive system, herunder mediesystem med tilhøyrande innhald, og nytte teknikkar for testing og prototyping i alle fasar av designprosessen, inklusiv metodar for brukartesting og brukarsentrert design.
  • kan nytte ulike publiseringsplattformer og evaluere deira grenser og moglegheiter.
  • kan nytte verkty for bruk innan medieproduksjon.
  • kan utføre usabilitytesting og brukartestar, interaksjonsdesign og grafisk design, og nytte skriptprogrammering for web, mobile platformer, og spel.
  • kan utføre spesialiserte oppgåver innan eitt av områda interaksjonsdesign, brukartesting, innhaldsproduksjon eller front-end-programmering.
  • kan med bakgrunn i akademisk tenkemåte evaluere designforslag og reflektere kritisk over eigen og andre sin designpraksis.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje og utvikle eit komplett interaksjonssystem i samarbeid med andre i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar innan interaksjonsdesign både skriftleg, muntleg og gjennom eigen designpraksis.
  • kan drøfte og utveksle synspunkt med fagfellar kva konsekvensar designval har for mediebruk, medieproduksjon og utforminga av medieinnhald.
  • kan arbeide sjølvstendig med design av interaksjonssystem, men òg i kreative team med personar med annan spesialisering.
  • kjenner til forsknings- og utviklings- og innovasjonsarbeid innan interaksjonsdesign, og kan oppdatere sin kunnskap innan feltet.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign er på totalt 180 studiepoeng.

Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign (krav 180 SP)
Førstesemesteret i Bachelorprogram i TV-produksjon (krav 20 SP)
Exphil (krav 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-SVSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-SVEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Obligatoriske innføringsemne (krav 10 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEPRO100Examen facultatum - Medieproduksjon og akademisk skriving101
Studieforløp, Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign (krav 130 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MIX101Introduksjon til medie- og interaksjonsdesign101
INFO134Klientprogrammering102
INFO262Interaction Design102
MIX102Webdesign og prosjektarbeid102
MIX201Design for medieproduksjon303
MIX202Design for mediebruk304
MIX250Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign306
Valgfrie emner (krav 30 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 30 studiepoeng.
Utveksling
Dersom studentar ønsker å ta delstudium i utlandet, må du gjere det i femte semester.
Valfritt
Utenlandsopphold, 1 semester
Permisjon for bachelorstudentar
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet har du høve til å reise på utveksling til nordiske universitet og universitet i EU-land Vi har i tillegg utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Du kan inkludere på førehand godkjente emne frå det utenlandske universitetetdin norske grad. Dersom studentar ønsker å ta delstudium i utlandet, må du gjere det i femte semester.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april. For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars. Du søker gjennom Samordna opptak

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

bachelor_mix.jpg

illustrasjonsbilde

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?