Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i nye medier

ingressbilde

Introduksjon

Korleis presenterer ein audiovisuelt innhald på Internett? Korleis blir det same innhaldet distribuert i ulike plattformer som TV, Internett og mobilteknologi? Korleis kan interaktive medier brukast til digital historieforteljing?

Internett og verdsveven har vakse fram som ein av dei viktigaste formidlingskanalane for nyheiter, så vel som offentleg og personleg kommunikasjon. Studiet av nye medier handlar om digitaliseringa av både produksjon og distribusjon av medieinnhald. I denne prosessen er det viktig med kompetanse både om tekniske løysingar og verktøy. Det er òg viktig å vite korleis dette kan nyttast i journalistikken og når ein skal formidle ein bodskap.

I studiet lærer ein om korleis ein kan analysere og designe digitale media med spesiell vekt på Internett og web. Ein viktig del av dette er å kunne bruke webdesign, programmering og system for innhaldshandtering og utforme databaser. Ein annan sentral komponent i studiet er interak-sjonsdesign som handlar om prinsippa for korleis ein kan designe interaksjon mellom menneske og maskiner.

Visste du at ...

Nye medier har eit samarbeid med mediebedrifta Vizrt, som lagar programvare som blir brukt av CNN, BBC og fleire andre av dei største TV-selskapa rundt om i verda. På studiet får ein opplæring i nokre av Vizrt sine spesiallaga verktøy.

 

 

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek for seg emne som blant anna handlar om programmering, brukargrensesnitt, databasar og multimediehandtering, introduksjon til film, tv og nye medium, manuskript og medier og innføring i webdesign og webestetikk.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i medievitskap eller informasjonsvitskap.

Forsking

Forskinga på nye medier går for seg i skjeringsfeltet mellom informasjons- og medievitskap, og omfattar alt frå undersøkingar av korleis ulike nettverks-samfunn blir brukt i dagens samfunn, til korleis ein betre kan bruke mobil-teknologi og spel i læringssituasjonar.

Sjå også desse studia

Film- og TV-produksjon, medievitskap, journalistikk, informasjonsvitskap, digital kultur, informasjons- og kommunikasjonsvitskap (IKT), kognitiv vitskap, språkvitskap (med spesialisering i datalingvistikk).

 

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medier vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet.

 

 

 

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av avanserte dataverktøy og digitale, nettverksbaserte medier. Aktuelle arbeidsstader er privat og offentleg sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Programmet samarbeider med studieprogramma i film- og TV-produksjon og journalistikk, og gjennom studiet blir du stilt overfor svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

 

 

Graden

Bachelorprogrammet i nye medier fører fram til graden bachelor i nye medier. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Kvar haust.

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

Mål og innhald

Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teknisk kompetent og teoretisk reflektert design av digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar og blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i informasjonsvitskap, film/tv og journalistikk.

 

 

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for historia om digitale medier, norsk og internasjonalt
  • har tilegna seg kunnskap om grafisk design
  • har tilegna seg kunnskap om journalistikk
  • har tilegna seg kunnskap om databasehandsaming
  • har tilegna seg kunnskap om systemutvikling
  • har tilegna seg kunnskap om interaksjonsdesign
  • har tilegna seg kunnskap om brukartesting

 

Dugleikar

Kandidaten

  • kan utvikle idear frå skissestadium til fungerande prototype
  • kan spele inn og redigere video- og lydproduksjonar
  • kan programmere for web og mobil
  • kan designe grafisk profil og interaksjonsmønster
  • kan utføre brukartesting og usabilitytesting
  • kanutvikle eit komplett informasjons- eller mediesystem i samarbeid med andre
  • kan skrive journalistiske tekstar
  • har spesialiserte ferdigheiter innafor ein relevant fagfunksjon (programmering, grafisk design/interaksjonsdesign, innhaldsproduksjon, brukartesting)

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over eigen praksis
  • kan analysere medieinnhald
  • kan analysere webdesign og applikasjonar på ein kritisk måte
  • kan forholda seg til den samfunnsmessige rollen til design av nye medier, særleg knytt til mediemarknaden
  • kan samarbeide i kreative team

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Rekkefølje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i nye medier er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

 

30 studiepoeng med innføringsemne, inkludert Ex.phil.

90 studiepoeng med spesialisering i informasjons- og medievitskapelege emne samt direkte produksjonsorienterte emne på 100- og 200-nivå

30 studiepoeng innan ei valfri spesialisering anten i informasjons- eller medievitskap.

30 studiepoeng til avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve)

 

Studiet har både produksjonsretta og teoretiske modular.

 

I det første semesteret tek studentane eit introduksjonskurs i film, tv, journalistikk og nye medier (INFOMEVI106) saman med studentane i journalistikk og film- og tv. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg tek studentane INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 stp) og Ex.phil (10 stp).

 

I det andre semesteret tek studentane følgjande kurs: INFO132 Grunnkurs i programmering (10 stp) og INFO103 Informasjon og kunnskap (5 stp) saman med informasjonsvitskap, pluss INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse (15 stp.) saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon.

 

I det tredje semesteret følgjer studentane også tre kurs, kvar på 10 studiepoeng: INFO115 Den sosiale veven, INFO116 Semantiske teknologier, INFO125 Datahandtering. Desse kursa vert tatt saman med studentar frå informasjonsvitskap.

 

I det fjerde semesteret tek studentane to kurs med stor vekt på praktiske øvingar: INFO262 Interaksjonsdesign (10 sp) er felles med informasjonsvitskap, medan INFOMEVI173 Journalistiske mobilapplikasjonar (10 sp) er eit eige fordjupningskurs for nye medier-studentane. I tillegg tar studentane INFO110 Informasjonssystem (10 sp).

 

I det femte semesteret kan studentane fritt velje 30 studiepoeng. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret. Studentar som blir i Bergen vert rådd til å ta MEVI167 Etikk, metode og opphavsrett og INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn. Studentar som planlegg å ta master i medievitskap gjeld spesifikke krav, sjå under "Kompetanse for vidare studiar".

 

I sjette semester arbeider studentane med si bacheloroppgåve (INFOMEVI270 - 30 studiepoeng). Fyrst har studentane praksis hjå ei verksemd, og deretter utviklar dei eit mediedesign i gruppesamarbeid. Ein fullt fungerande prototype skal leverast inn, saman med ein produksjonsrapport.

Delstudium i utlandet

Dersom studentar ønskjer å ta delstudium i utlandet, rår vi dei til å gjere det i det femte semesteret.

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom dei nordiske universiteta og universiteta i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universiteta. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, workshops, rettleiing og teknisk opplæring.

Den pedagogiske utforminga av dei ulike kursa vil vere avhengig av ressurssituasjonen ved instituttet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og emneoppgåver, samt produksjonar og produksjonsanalysar.

Studiekrav og/eller eksamensformer på studieprogrammet og/eller på enkeltkurs kan bli endra som følgje av vedtak i fakultetsstyret og/eller gjennom forsøksordningar med dispensasjon frå det gjeldande reglementet.

 

PRODUKSJONSRETTAR

For alle produksjonar laga som ledd i utdanninga, eller som er laga heilt eller delvis med utstyr som tilhøyrer Universitetet i Bergen, gjeld følgjande:

Studentane har opphavsretten til produksjonane, og dei har rett til fritt å nytte desse i ikkje-kommersielle føremål.

Universitetet i Bergen står som ansvarleg produsent av alle produksjonar, og har såleis alle økonomiske rettar til produksjonane.

Distribusjon av produksjonar, samt fordeling av eventuelle inntekter, skjer etter reglar som blir nærmare fastsette av Institutt for informasjons- og medievitskap.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller

Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Kompetanse for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i informasjonsvitskap eller i medievitskap og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

 

FOR OPPTAK TIL MASTERSTUDIET I INFORMASJONSVITSKAP:

I opptaksgrunnlaget for søknad til masterstudiet i informasjonsvitskap inngår følgjande emne:

 

INFO103 Informasjon og kunnskap

INFO110 Informasjonssystem

INFO132 Grunnkurs i programmering

INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse

INFO115 The Social Web

INFO116 Semantic Technologies

INFO125 Datahåndtering

INFO262 Interaction Design

INFOMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier

 

 

FOR OPPTAK TIL MASTERSTUDIET I MEDIEVITSKAP:

I opptaksgrunnlaget for søknad til masterstudiet i medievitskap inngår følgjande emne:

 

INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse

INFOMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier

INFOMEVI173 Journalistisk mobilapplikasjon

 

Studentane må også i den valfrie delen av studiet ta 30 studiepoeng i medievitskaplege emne, og kan velja mellom MEVI103 Medietekstar: teori og analyse, MEVI104 Medier, representasjon og identitet, MEVI211 Pressehistorie, MEVI212 Kringkastingshistorie eller INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn, som då vert teke saman med studentane i medievitskap.

Yrkesvegar

Bachelorstudiet i nye medier kvalifiserer studentane til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentlig sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Samarbeidet med informasjonsvitskap, film/tv og journalistikk bidrar også til å sikre at studentane er godt førebudde på varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

Administrativ ansvarleg

post@infomedia.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i nye medier.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 46,3
Førstegangsvitnemål: 40

Antall studieplasser

20 (talet på studieplassar kan bli justert) 

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no

55 58 98 50

Institutt for informasjons- og medievitskap
studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for historia om digitale medier, norsk og internasjonalt
  • har tilegna seg kunnskap om grafisk design
  • har tilegna seg kunnskap om journalistikk
  • har tilegna seg kunnskap om databasehandsaming
  • har tilegna seg kunnskap om systemutvikling
  • har tilegna seg kunnskap om interaksjonsdesign
  • har tilegna seg kunnskap om brukartesting

 

Dugleikar

Kandidaten

  • kan utvikle idear frå skissestadium til fungerande prototype
  • kan spele inn og redigere video- og lydproduksjonar
  • kan programmere for web og mobil
  • kan designe grafisk profil og interaksjonsmønster
  • kan utføre brukartesting og usabilitytesting
  • kanutvikle eit komplett informasjons- eller mediesystem i samarbeid med andre
  • kan skrive journalistiske tekstar
  • har spesialiserte ferdigheiter innafor ein relevant fagfunksjon (programmering, grafisk design/interaksjonsdesign, innhaldsproduksjon, brukartesting)

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over eigen praksis
  • kan analysere medieinnhald
  • kan analysere webdesign og applikasjonar på ein kritisk måte
  • kan forholda seg til den samfunnsmessige rollen til design av nye medier, særleg knytt til mediemarknaden
  • kan samarbeide i kreative team

Oppbygging

 Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga.

Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan for eksempel vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.

 

 

BASV-NYMED/Bachelorprogram i nye medier
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesterstudiet, nye medier (krav: 30 SP)
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Obligatoriske innføringsemne (krav: 20 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO100 Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
INFOMEVI106 Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier 10 1-6 1
Obligatoriske emner i studieprogrammet (krav: 120 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INFO103 Informasjon og kunnskap 5 1-6 2
INFO132 Grunnkurs i programmering 10 1-6 2
INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse 15 1-6 2
INFO115 The Social Web 10 1-6 3
INFO116 Semantic Technologies 10 1-6 3
INFO125 Datahåndtering 10 1-6 3
INFO110 Informasjonssystem 10 1-6 4
INFO262 Interaction Design 10 1-6 4
INFOMEVI173 Journalistisk mobilapplikasjon 10 1-6 4
INFOMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier 30 1-6 6
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
INFOMEVI201 Teknologi, kultur og samfunn 15 1-6 5
MEVI167 Etikk, metode og opphavsrett 15 1-6 5
Valgfrie emner (krav: 30 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 30 studiepoeng. Om du ønskjer opptaksgrunnlag til master i informasjonsvitskap eller medievitskap sjå under "kompetanse for vidare studiar" i studieplanen for informasjon om kva emne du då må studere i den valfrie delen av programmet.
Permisjon for bachelorstudentar