Hjem
Click

Utdanning

Bachelorprogram

Bachelorprogram i nye medier

  • Studiepoeng180
  • Poenggrense43.2 / 37.2
  • Antal år3
  • StudiekodeBASV-NYMED
  • Antal plasser20
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk

Introduksjon

Introduksjon

Kva slags ferdigheiter trengst for å lage ei webside til mobiltelefonen eller eit nytt grensesnitt for smartklokker? Korleis lagar ein eigentleg nye medier? På denne utdanninga lærer du å lage medieorienterte designløysingar med eigenprodusert innhald.

Versjon i katalog: Dette studiet gir deg ein unik kombinasjon av tek­niske og kreative ferdigheiter som det er stort behov for i mediebransjen.

Du vil blant anna vere med å lage ein dramatisert web-TV-serie i fleire episodar, der du lærer å designe ei nettside og produsere videoforteljingar. I tillegg skal du lage ein journalistisk mobilapp med lyd eller video, og presentere denne prototypen med ein pitchvideo.

Når du nærmar deg slutten av studiet er du med å lage ein fungerande prototype i samarbeid med ei medieverksemd i Bergen.

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i nye medium inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga.

Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan for eksempel vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskapelege fag eller fleire medievitskapelege eller informasjonsvitskapelege emne.

Kva kan du bli

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med interaksjonsdesign, innhaldsproduksjon og brukartesting ved hjelp av blant anna programmering, design i tekst, lyd og video og semantiske verktøy. Uteksaminerte studentar har fått jobb som teknisk manager i TV 2, webdesignar i Bergens Tidende, avdelingsleiar for brukarvennligheit i Logica (Oslo), doktorgrad i informasjonsvitskap (UiB) og interaksjonsdesigner i designbyrået MobileTech.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for historia om digitale medier, norsk og internasjonalt
  • har teoretisk og praktisk kunnskap om grafisk design, journalistikk, databasehandsaming, systemutvikling, interaksjonsdesign og om brukartesting

 

Dugleikar

Kandidaten

  • kan utvikle idear frå skissestadium til fungerande prototype og presentere arbeidet båe munnleg og skriftleg
  • kan spele inn og redigere video- og lydproduksjonar
  • kan programmere for web og mobil
  • kan designe grafisk profil og interaksjonsmønster
  • kan utføre brukartesting og usabilitytesting
  • kan utvikle eit komplett informasjons- eller mediesystem i samarbeid med andre
  • kan skrive journalistiske tekstar
  • har spesialiserte ferdigheiter innafor ein relevant fagfunksjon (programmering, grafisk design/interaksjonsdesign, innhaldsproduksjon, brukartesting)

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over eigen praksis og yrkesetiske problemstillingar
  • kan analysere medieinnhald
  • kan analysere webdesign og applikasjonar på ein kritisk måte
  • har kjennskap til nytenking og innovasjon innan fagfeltet
  • kan forholda seg til den samfunnsmessige rollen til design av nye medier, særleg knytt til mediemarknaden
  • kan samarbeide i kreative team om prosjekt innan fagfeltet

Opptak

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i nye medier. Studiekode på Samordna opptak er 184 850.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense

43.2 / 37.2

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår

Oppstart

Haust

Utveksling

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medium vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet.

Vidare studium

Studievegar

Bachelorprogram

Det treårige studiet gir studenten viktige ferdigheiter for å kunne designe nye medium: programmering, interaksjonsdesign, produksjon av redaksjonelt innhald i tekst, lyd og video, metodar for brukartesting, og teori om innovasjon og forretningsmodellar.

Masterprogram

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i medievitskap eller informasjonsvitskap.

Forsking

Forskinga på nye medium går føre seg i skjeringsfeltet mellom informasjons- og medievitskap, og omfattar alt frå undersøkingar av korleis ulike sosiale medium blir brukte i dagens samfunn, til design av prototypar på nye læringsverktøy.

Studieløp

Bachelorprogram i nye medier (krav 180 SP)
Ex.phil. og Ex.fac., nye medier (krav 20 SP)
Exphil (krav 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-SVSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-SVEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Obligatorisk Ex.fac. (krav 10 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INFOMEVI106Examen facultatum - Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier101–61
Obligatoriske emner i studieprogrammet (krav 130 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INFO132Grunnkurs i programmering101–61
INFO103Informasjon og kunnskap51–62
INFO134Klientprogrammering101–62
INFOMEVI171Nye medier: produksjon og analyse151–62
INFO115The Social Web101–63
INFO116Semantic Technologies101–63
INFO125Datahandtering101–63
INFO110Informasjonssystem101–64
INFO262Interaction Design101–64
INFOMEVI173Journalistisk mobilapplikasjon101–64
INFOMEVI270Bacheloroppgåve i nye medier301–66
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEVI167Metode og etikk151–65
MEVI224Medieteknologi og samfunn151–65
Valgfrie emner (krav 30 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 30 studiepoeng. Om du ønskjer opptaksgrunnlag til master i informasjonsvitskap eller medievitskap sjå under "kompetanse for vidare studiar" i studieplanen for informasjon om kva emne du då må studere i den valfrie delen av programmet.
Permisjon for bachelorstudentar
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Nye medier

Foto:
Colourbox

Søkerkode (SO)

Kontakt

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no 55 58 98 50 (10.00 - 15.00)

Institutt for informasjons- og medievitskap

studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no

Visste du at...

Nye medier samarbeider med mediehuset Bergens Tidende. BT har eit fagmiljø som prøver ut nye løysingar for nyheiter. Studentane våre har laga prototypar på blant anna søkesider, vising av lesarbilde, og online livestudio for Bergens Tidende.

Interaksjonsdesigner og frontend-utvikler

Jeg har hatt stor nytte av fagene, særlig fagene innenfor interaksjonsdesign og programmering
Marianne Røsvik
Interaksjonsdesigner og frontend-utvikler