Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i politisk økonomi

ingressbilde

Introduksjon

Kvifor subsidierer rike land jordbruket medan fattige land skattlegg det? Inneber demokrati at dei fattige konfiskerer formuen til dei rike? Blir arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå påverka av graden av politisk styring av sentralbanken?

I 1975 konstaterte grunnleggaren av faget samanliknande politikk, professor Stein Rokkan, at «røyster tel, ressursar avgjer». Opp gjennom åra har mange studentar kombinert studium i samanliknande politikk, med fokus på røysting og andre politiske prosessar, med studium i samfunnsøkonomi og fokus på bruk av ressursar.

Politisk økonomi konsentrerer seg om økonomisk åtferd i den politiske prosessen og politisk åtferd i marknaden. Målsettinga med studiet i politisk økonomi er først og fremst å gi deg grunnleggande kunnskapar om både økonomi og samanliknande politikk, og deretter kombinere desse kunnskapane i studiet av konkrete institusjonar.

Visste du at ...

Det er påvist at utbreiinga av internett bidrar til å redusere korrupsjon. Ved å studere politisk økonomi lærer du korleis og kvifor.

 

 

 

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek for seg tema som stats- og nasjonsbygging, mikroøkonomiske kjerneomgrep og marknadsteori, demokrati og demokratisering, makroøkonomi, politisk økonomi, ressursallokering og velferdsteori.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi eller samanliknande politikk.

Forsking

I forskingsmiljøa blir det blant anna forska på kva rolle politiske parti spelar i demokrati, politisk korrupsjon og samanhengen mellom globalisering og skattepolitikk.

Sjå også desse studia

Samfunnsøkonomi, samanliknande politikk.

 

 

 

Utveksling

Dersom du ønsker å ta delar av bachelorgraden din i eit anna land, må du ta emner tilsvarande dei du ville tatt ved UiB. I bachelorprogrammet i politisk økonomi vil det vere aktuelt å ta enten nokre økonomifag eller statsvitskaplege emne ved utanlandske institusjonar.

 

 

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i politisk økonomi opnar opp for mange ulike jobbar. Kombinasjonen av økonomi og politikk er eit godt grunnlag for å jobbe med informasjon, sakshandsaming og lettare utgreiingsoppgåver i næringslivet så vel som i offentleg forvalting. Dette studiet er svært nyttig for deg som ønsker jobb i internasjonale organisasjonar og i bistandsarbeid. Ved å bygge på med mastergrad i samfunnsøkonomi eller samanliknande politikk, er du også godt rusta til utgreiingsoppgåver og til analyse- og leiingsoppgåver på høgt nivå innanfor dei same sektorane.

 

 

Graden

Bachelorprogrammet i politisk økonomi fører fram til graden bachelor i politisk økonomi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Mål og innhald

I 1975 konstaterte grunnleggjaren av faget samanliknande politikk, professor Stein Rokkan, at "stemmer tel, ressursar avgjer". Opp gjennom åra har mange studentar kombinert studium i samanliknande politikk (med fokus på stemmegiving og andre politiske prosessar) med studium i samfunnsøkonomi (med vekt på bruk av ressursar). Studieprogrammet i politisk økonomi er eit integrert tilbod til studentar som er interessert i desse to faga og i grenselandet mellom økonomi og politikk.

Politisk økonomi arbeider både med "økonomisk" åtferd i den politiske prosessen og med "politisk" åtferd i marknaden. Målsettinga med studiet i politisk økonomi er først å gi studentane grunnleggjande kunnskap om både økonomi og samanliknande politikk, og deretter å kombinere desse kunnskapane i studiet av konkrete institusjonar. Studiet blir avslutta med si sjølvstendig oppgåve.

Bachelorprogrammet i politisk økonomi skil seg frå dei fleste disiplinorienterte programma ved Det samfunnsvitskaplege fakultet i at det førar fram til to ulike masterprogram. Etter fullført bachelorgrad kan studentane søkje seg inn både på mastergradsprogrammet i samanliknande politikk og i samfunnsøkonomi.

Ettersom studentane skal vere i stand til å gå inn på to ulike masterprogram etter avslutta bachelorgrad er heile bachelorgraden satt saman av obligatoriske emner. Også studieløpet i bachelorgraden er fastlagt. Det vil seie at studentane må ta emna i den rekkefølgja som studieplanen legg opp til.

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totalelæringsutbytte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten kjenner til, og har kompetanse til å analysere, samfunnsfenomen som i sterk grad er forma både av økonomiske interesser og politiske prosessar.

Kandidaten har grunnleggjande innsikt i mikro- og makroøkonomiske problemstillingar, samt korleis ein kan nytte økonomiske modeller for å forstå sosiale fenomen. Kandidaten har vidare utvikla kunnskap om sentrale statsvitskaplege emne, slik som vilkåra for demokratiske styreformer, drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva slags stadier stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i ulike land. Kandidaten har også fått innsikt og kunnskapar om samspelet mellom stat, politiske parti og ulike interessegrupper, samt kjenneteikn ved den politiske kulturen og politisk deltaking i ulike land.

Kandidaten har opparbeidd seg analytisk innsikt som gjer det mogeleg å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet, og bruke denne kunnskapen sjølvstendig. Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva har kandidaten øvd opp evna til å formulere presise og relevante problemstillingar innan feltet politisk økonomi, og evna til å gjennomføre analyser og utgreiingar av slike problemstillingar. Kandidaten har gjennom bachelorstudiet tileigna seg kunnskap og ei innstilling som sporer til kritisk refleksjon omkring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving.

Kandidaten kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar. Kompetansen inneber evne til klar, ryddig og argumentativ skriftleg og munnleg framstilling. Arbeidskompetansen omfattar evne til sjølvstendig arbeid, organisering og planlegging av eige arbeid innanfor gitte fristar.

Samla gir dette kandidaten kompetanse til å utføre arbeidsoppgåver innan kunnskapsintensiv verksemd; i næringslivet, offentleg sektor og i frivillige organisasjonar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Rekkefølje for emne i studiet

Bachelorstudiet er delt inn i to nivå; innføringsnivå og fordjupingsnivå. Innføringsnivået (100-nivå) er begynnernivået. Studieemne på innføringsnivå skal gje studentane innføring i fagets sentrale idear og kunnskapsområde. Studentane skal opparbeide ei forståing for vitenskaplig arbeidsmåte og få ei innføring i dei elementære metodane for slikt arbeid. Denne innføringa skal hjelpe til å gi ei kritisk og prøvande holdning til forskningsresultat.

Obligatoriske emne i Bachelorgraden:

Bachelorgraden i politisk økonomi er eit særskilt tilrettelagt studieprogram med ei normert studietid på tre år, tilsvarande 180 studiepoeng. Alle emne i programmet er obligatoriske og må tas i den rekkefølgja som er bestemt av programstyret for politisk økonomi.

Graden består av følgjande emne som alle er obligatoriske (Antall studiepoeng i parentes):

  • 1. studieår, Haust: Ex.phil (10), POLØK 100 (10), ECON 100 (10)
  • 1. studieår, Vår: SAMPOL 110 (30)
  • 2. studieår, Haust: SAMPOL 115 (15), MET 102 (15)
  • 2. studieår, Vår: ECON 110 (10), ECON 130 (10), ECON 140 (10)
  • 3. studieår, Haust: ECON 210 (10), ECON 230 (10), ECON 240 (10)
  • 3. studieår, Vår: SAMPOL 214 (10), ECON 225 (10), POLØK 250 (10)

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, mellom høvesvis dei nordiske universiteter og universiteter i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetene sin ordinære verksemd. Norske studentar kan inkludere eitt på forhånd godkjent studieprogram i sitt studium og sin norske grad.

Institutt for samanliknande politikk og Institutt for økonomi har utvekslingsavtalar med ein god del universiteter som sorterer under Erasmus- og

Nordplus-ordningane. I tillegg har vi bilaterale avtalar med universiteter over heile verda.

Institutta kan tilby råd og rettleiing ved valg av utvekslingsstad. Studenten får også hjelp ved å tilretteleggje opphaldet i praksis. Utenlandsstudiet må leggjast til 3. eller 5. semester.

Fagansvarleg

Institutt for samanliknande politikk og Institutt for økonomi

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i politisk økonomi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 49,9
Førstegangsvitnemål: 45

Antall studieplasser

20 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for økonomi

studierettleiar@econ.uib.no

 

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totalelæringsutbytte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten kjenner til, og har kompetanse til å analysere, samfunnsfenomen som i sterk grad er forma både av økonomiske interesser og politiske prosessar.

Kandidaten har grunnleggjande innsikt i mikro- og makroøkonomiske problemstillingar, samt korleis ein kan nytte økonomiske modeller for å forstå sosiale fenomen. Kandidaten har vidare utvikla kunnskap om sentrale statsvitskaplege emne, slik som vilkåra for demokratiske styreformer, drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva slags stadier stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i ulike land. Kandidaten har også fått innsikt og kunnskapar om samspelet mellom stat, politiske parti og ulike interessegrupper, samt kjenneteikn ved den politiske kulturen og politisk deltaking i ulike land.

Kandidaten har opparbeidd seg analytisk innsikt som gjer det mogeleg å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet, og bruke denne kunnskapen sjølvstendig. Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva har kandidaten øvd opp evna til å formulere presise og relevante problemstillingar innan feltet politisk økonomi, og evna til å gjennomføre analyser og utgreiingar av slike problemstillingar. Kandidaten har gjennom bachelorstudiet tileigna seg kunnskap og ei innstilling som sporer til kritisk refleksjon omkring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving.

Kandidaten kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar. Kompetansen inneber evne til klar, ryddig og argumentativ skriftleg og munnleg framstilling. Arbeidskompetansen omfattar evne til sjølvstendig arbeid, organisering og planlegging av eige arbeid innanfor gitte fristar.

Samla gir dette kandidaten kompetanse til å utføre arbeidsoppgåver innan kunnskapsintensiv verksemd; i næringslivet, offentleg sektor og i frivillige organisasjonar.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i politisk økonomi skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., 120 studiepoeng (to års studium) med obligatoriske emne og 30 studiepoeng spesialiseringsemne.

BASV-POLØK/Bachelorprogram i politisk økonomi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Tilrådd oppbygging for bachelorprogrammet i politisk økonomi (krav: 170 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1
POLØK100 Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi 10 1
ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori 10 4
ECON140 Matematikk for økonomer 10 4
ECON130 Makroøkonomi I 10 4
ECON210 Velferd og økonomisk politikk 10 5
ECON230 Makroøkonomi II 10 5
ECON240 Statistikk og økonometri 10 5
SAMPOL115 Demokrati og demokratisering 15 3
MET102 Samfunnsvitskapleg metode 15 3
ECON225 Politisk økonomi - økonomiske perspektiver 10 6
POLØK250 Bacheloroppgåve i politisk økonomi 10 6
SAMPOL214 Political Economy 10 6
SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging 10 2
SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati 10 2
SAMPOL107 Politisk mobilisering 10 2
Permisjon for bachelorstudentar