Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i samfunnsøkonomi

ingressbilde

Introduksjon

Kvifor er bilavgiftene så høge i Noreg samanlikna med i Sverige? Korleis kjem eldrebølga til å påverke oss alle? Kva er det som gjer at nokre land er fattige og andre er rike?

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som spenner frå saman-hengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er riktig billettpris på bussen. Det handlar om korleis vi bruker ressursane våre ¿ enten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr.

Det finst ikkje alltid klare svar på desse problemstillingane, og i faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det lar seg gjere.

Samfunnsøkonomar undersøker korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte. Kort sagt: korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å leve!

Visste du at ...

Samfunnsøkonomar ikkje meiner at marknaden alltid har rett.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek for seg tema som internasjonal makroøkonomi, miljø- og ressursøkonomi, investerings- og finansieringsteori, bedriftsstrategi og konkurransepolitikk, velferdspolitikk og offentleg styring, næringsstruktur og internasjonal handel, politisk økonomi og utviklingsøkonomi.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi.

Forsking

Sentrale temaområde innanfor samfunnsøkonomisk forsking ved UiB er arbeidsmarknad og utdanning, helseøkonomi, næringsøkonomi og økonomisk organisering, sosialforsikring og sosialpolitikk.

Sjå også desse studia

Politisk økonomi, utviklingsstudiar, informatikk-matematikk-økonomi, miljø- og ressursstudiar, årsstudium i samfunnsøkonomi.

 

 

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

 

 

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeids-marknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking eller med journalistikk. Samfunnsøkonomar blir også valutahandlarar, eller jobbar med formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. I det private næringslivet arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå, ved universitet og høgskular og i departementa. Her arbeidar ofte samfunnsøkonomar i nær kontakt med den politiske leiinga. Med rett samansetting av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket.

Les meir her: http://www.uib.no/econ/utdanning/hvor-blir-de-av

 

Graden

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi fører fram til graden bachelor i samfunnsøkonomi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang

180 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor samfunnsøkonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar mellom dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre - anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunna auka verdiskapinga og fordela resultatet på ein meir rettferdig måte - kort sagt, korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er "rett" billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Læringsutbyte/resultat

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi tar sikte på å gje grunnleggjande metodekompetanse, analytisk kompetanse, arbeidskompetanse og formidlingskompetanse.

Metodekompetansen omfattar kompetanse i å orientere seg i relevant faglitteratur, presisere samfunnsøkonomiske problemstillingar, samt innsikt i korleis ein kan knyte sambandet mellom teori og empiri. Den analytisk kompetanse inneberer evne til å ta i bruk økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen. Formidlingskompetansen inneberer evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, samt logisk og matematisk presisjon. Arbeidskompetansen omfattar evne til sjølvstendig arbeid, organisering og planlegging av eige arbeid innanfor gitte fristar. Samla vil det gi kompetanse til å utføre arbeidsoppgåver innan kunnskapsintensiv verksemd; i næringslivet, offentleg sektor og i frivillige organisasjonar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no

Innføringsemne

Ex.phil, ECON100. Andre ex.fac-variantar kan erstatte ECON100.

Rekkefølje for emne i studiet

Alle bachelorprogram byrjar første semester med ex.phil. og innføringsemne for programmet. For å få ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi, må du sørgja for å få 90 studiepoeng med emne frå faget (rekkjefølgja avgjer du til en viss grad sjølv). Til å byrja med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne.

Eit bachelorstudium i samfunnsøkonomi inneheld nokre obligatoriske kurs, men mange emne er valfrie. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk). Dei valfrie kursa omhandlar mange ulike tema:

  • Internasjonal makroøkonomi
  • Miljø- og ressursøkonomi
  • Investerings- og finansieringsteori
  • Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk
  • Velferdspolitikk og offentleg styring
  • Næringsstruktur og internasjonal handel
  • Politisk økonomi

De siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei "frie" studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vil då sjå slik ut:

TOTALT: 180 poeng/3 år

Delstudium i utlandet

Det finns i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi. Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom enda fleire spesialiseringsemne og ved skriving av masteroppgåve. Dei analytiske evnene dine blir styrkte gjennom eigeninnsats i form av oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og innlevering av skriftlege arbeid. I tillegg blir den metodiske kompetansen betra, og du blir meir fagleg sjølvstendig.

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei blir journalistar, valutahandlarar, eller deltek i formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting.

Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. I det private næringslivet arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå, ved universitet og høgskolar og i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga). Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Administrativ ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 50,4
Førstegangsvitnemål: 45,7

Antall studieplasser

70 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for økonomi
studierettleiar@econ.uib.no

Læringsutbyte/resultat

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi tar sikte på å gje grunnleggjande metodekompetanse, analytisk kompetanse, arbeidskompetanse og formidlingskompetanse.

Metodekompetansen omfattar kompetanse i å orientere seg i relevant faglitteratur, presisere samfunnsøkonomiske problemstillingar, samt innsikt i korleis ein kan knyte sambandet mellom teori og empiri. Den analytisk kompetanse inneberer evne til å ta i bruk økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen. Formidlingskompetansen inneberer evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, samt logisk og matematisk presisjon. Arbeidskompetansen omfattar evne til sjølvstendig arbeid, organisering og planlegging av eige arbeid innanfor gitte fristar. Samla vil det gi kompetanse til å utføre arbeidsoppgåver innan kunnskapsintensiv verksemd; i næringslivet, offentleg sektor og i frivillige organisasjonar.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi skal innehalde minimum 20, maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor samfunns-økonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

 

 

BASV-SØK/Bachelorprogram i samfunnsøkonomi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesteremne ved SV
Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP)
Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil.
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
AORG100 Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap 10 1-6 1
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 1
GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
GLOB101 Examen facultatum - Global utvikling 10 1-6 1
INFO100 Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
MEVI100 Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1-6 1
SAMPOL100 Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SOS100 Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi 10 1-6 1
SANT100 Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
POLØK100 Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi 10 1-6 1
Spesialisering i samfunnsøkonomi (krav: 90 SP)
Det er mogleg å byte ut emnet ECON140 med ECON141 i 2.semester. Utanlandsopphald kan leggjast til 3. eller 5. semester. Enkelte av valemna har uregelmessig undervisning. Ta kontakt med studieveileder@econ.uib.no for informasjon om kva emne det blir undervist i det aktuelle semesteret.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori 10 1-6 2
ECON130 Makroøkonomi I 10 1-6 2
ECON140 Matematikk for økonomer 10 1-6 2
ECON210 Velferd og økonomisk politikk 10 1-6 3
ECON230 Makroøkonomi II 10 1-6 3
ECON240 Statistikk og økonometri 10 1-6 3
ECON290 Bacheloroppgave 10 1-6 4
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON115 Utviklingsøkonomi I 10 1-6 1
ECON121 Helseøkonomi 10 1-6 1
ECON160 Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk 10 1-6 1
ECON216 Miljø- og ressursøkonomi I 10 1-6 4
ECON218 Næringsstruktur og internasjonal handel 10 1-6 4
ECON220 Velferdsstatens økonomi 10 1-6 4
ECON261 Investering og finansiering I 10 1-6 4
ECON231 Internasjonal makroøkonomi 10 1-6 4
ECON225 Politisk økonomi - økonomiske perspektiver 10 1-6 2
ECON228 Europeisk økonomisk integrasjon - 1-6 2
ECON141 Videregående matematikk og optimering 10 1-6 2
ECON232 Makroøkonomi og finans - 1-6 4
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudentar