Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i sosialantropologi

ingressbilde

Introduksjon

Dei siste åra har punken fått ein oppsving i Kina, og særlig i Beijing. Kvifor akkurat punk, kvifor akkurat i Beijing, og kvifor akkurat no?

Sosialantropologi er det samanliknande studiet av kultur og samfunn. Det er vitskapen om det kulturelle mangfaldet blant menneska og om dei sosiale prosessane som utspelar seg over heile verda.

Sosialantropologar ønskjer å forstå samanhengar innanfor ei gruppe eller eit samfunn og mellom ulike grupper og samfunn. Dei studerer sosiale fellesskap, rituelle handlingar, etniske grenser og politiske konfliktar, og freistar å gjere greie for sosial og kulturell variasjon.

Kjernen i antropologifaget er feltarbeidet. Antropologar lever ofte tett på menneske over lang tid for å få innsikt i deira liv, tankar og kvardag, og bruker slik deltakande observasjon som metode for å forstå menneske og sosiale fellesskap. Sosialantropologi har i særlig grad tilgang på menneske sine kvardagserfaringar, gjerne i grupper som sjeldan er i ålmenta sitt søkelys. Den djupe innsikta faget gjev i uvante tenkjemåtar og levevis, legg grunnlag for alternative perspektiv på eige samfunn.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet tek opp emne som sosial ulikskap, politikk og vald, økonomi, globalisering, kjønns- og slektskapsrelasjonar, økologi, religion og ritual, nasjonalisme, etnisitet og identitet, materialitet og meining, og sosiokulturelle dimensjonar ved rom og stad.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i sosialantropologi. Masteroppgåva er basert på eit sjølvstendig planlagt og gjennomført feltarbeid som varer i rundt eit halvt år. Du kan velje å gjere dette i din eigen eller i ein heilt anna kultur.

Forsking

Sosialantropologisk forsking ved UiB rettar seg dels mot særskilde tema som stat og nasjon, fattigdom og utvikling, urfolk og etnisitet, natur og miljø, kjønn og helse, religion og globalisering, og dels mot spesifikke delar av verda, særleg Stillehavsøyane, Sør- og Aust-Asia, Midtausten, Afrika, Europa og Noreg.

Visste du at ...

På masterstudiet legg instituttet til rette for feltarbeid i alle verdsdelar, mellom anna i regi av større prosjekt i Midtausten og på Stillehavsøyene.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Andre studievegar

Sjå også desse studia: Utviklingsstudiar, årsstudium i sosialantropologi.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i sosialantropologi skal innehalde innføringsemne og minst 90 studiepoeng (ca. to års studium) med spesialisering innanfor sosialantropologi.

Spesialiseringa består av seks obligatoriske emne, dei fire første med fokus på grunnleggjande tematikkar i sosialantropologien: sosialitet, materialitet, meining og makt. Det siste semesteret med spesialisering består av to emne for vidarekomne. Det eine skal gi studenten meir djuptgåande kjennskap til sosiale og kulturelle særtrekk i to verdsregionar og den komparative tilnærminga som kjenneteiknar sosialantropologien. Det andre er den avsluttande bacheloroppgåva.

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Her kan du for eksempel reise på utveksling eller ta inn utdanning frå tidlegare studium.

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosialantropologi har tilbod om utanlandsopphald i ulike land i Europa, Afrika, Asia og Sør-Amerika, som ein integrert del av bachelorgraden.

Yrkesvegar

Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i tverrfaglege team, og gjerne i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskular, og meir spesifikt innan arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og innan miljøvern. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket. I arbeidslivet blir antropologar oftast tilsett på bagrunn av at dei har gjort feltarbeid ein viss stad, og/eller har studert særskilde tema. I jobbsamanheng fungerer antropologar ofte som utprega brubyggarar, og her kan dei nasjonale og internasjonale kontaktane dei har skaffa seg under feltarbeidet få stor praktisk nytte.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i sosialantropologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 43,2
Førstegangsvitnemål: 39,2

Antall studieplasser

78 (talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for sosialantropologi

studierettleiar@sosantr.uib.no
55 58 92 50

Graden

Bachelorprogrammet i sosialantropologi fører fram til graden bachelor i sosialantropologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Sosialantropologi er den sentrale disiplin i det globalt samanliknande studiet av kultur og samfunn. Sosialantropologar undersøkjer det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet. Faget er difor vidt tematisk - all menneskeleg verksemd og kunnskap er interessant når sosialantropologar freistar å forstå variasjon, samanheng og endring i samfunn og kultur. Dette kjem òg til syne i faget sitt geografiske spenn. Sosialantropologar forskar overalt i verda og har ein særskilt tradisjon for studiar av ikkje-vestlege samfunn, men faget bidreg òg i høg grad til kunnskap om kultur, samfunn og organiseringsformer i Noreg og andre vestlege samfunn. Metodisk vektlegg faget feltarbeid, komparasjon og heilskapelege perspektiv. Under feltarbeid oppheld sosialantropologar seg i lang tid (månader eller år) i nært samliv med menneske for å få innsikt i liva deira. Den komparative metode tyder at sosialantropologar handsamar sine data ved å samanlikne dei med livsforhold andre stadar, òg forskaren sitt eige samfunn. Det heilskapelege overgripande blikket inspirerar sosialantropologar til å tenkje på tvers av livsområde (familieliv, økonomi, politikk, religion osv.) som gjerne handsamast meir isolert i andre fag. Sosialantropologi har i særskilt grad tilgjenge på menneske sine kvardagserfaringar, gjerne blant grupper som ikkje er i ålmenta sitt søkelys. Den djupe innsikta faget gjev i uvante tenkemåtar og levevis legg såleis grunnlag for kritiske og alternative perspektiv på eige samfunn.

Bachelorstudiet i sosialantropologi skal gje innsikt i sosial og kulturell variasjon verda over og har som mål å gje studenten metodiske og teoretiske reiskapar for å analysere strukturar, institusjonar og prosessar i mellommenneskeleg liv. Målsetjinga er for det første å gi ei brei og grunnleggjande innsikt i korleis menneske utformar og formast av røyndomsoppfatningar og samfunnsmessige forhold på ulike livsområde. Tema som handsamast er mellom anna slektskap, ekteskap, familie, sosiale nettverk og andre former for organisering av kvardagslivet; former for ulikskap som til dømes kjønn, kaste, klasse og etnisitet; tilpassingar til miljøet gjennom produksjonsformer, bytte og konsum; makt, legitimering, motstand og politisk spel; verdsbilete, magi, hekseri, religion og ritual, og kvardagslivet sitt forhold til stat, nasjon, migrasjon, globalisering og utviklingsprosessar. I tillegg til denne breie globale handsaminga av sentrale tematikkar i menneske sine livstilhøve får studenten òg meir djuptgåande kjennskap til sosiale og kulturelle særtrekk i to verdsregionar. For det tredje problematiserar bachelorstudiet forholdet mellom teori og empiri ved å leggja vekt på korleis ulike teoretiske perspektiv på røynda gjev ulike forståingar av sosialt og kulturelt mangfald.

Innføringsemnet (10 poeng) gjev studenten ei erfaring med den sentrale metoden i sosialantropologi - feltarbeid - og kastar lys på ulikskap og likskap i samfunn verda over. Dei neste temaemna (fire emne kvar på 15 poeng) drøftar menneskeliv med utgangspunkt i fire generelle tilnærmingar - sosialitet, materialitet, meining og makt. Ei rekkje meir spesifikke temaområde vert handsama under desse fire emna. Siste del av studiet er eit regionalemne (15 poeng) som gjev ei grundig etnografisk innsikt i to verdsregionar og som drøftar nytta av å legge til grunn eit regionalt perspektiv på kulturell variasjon. Til slutt skriv studenten ei sjølvstendig fagleg oppgåve ("bacheloroppgåve", 15 poeng) basert på dei gjennomførte emna. Oppgåveskrivinga er òg knytt til opplæring i akademisk skriving og informasjonssøking.

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten:

- har tileigna seg global komparativ kunnskap om ei rekkje menneskelege livsformer verda over som til vanleg ikkje er i ålmenta sitt søkelys, og kan gjere greie for alternative forståingar og praksisar på ei rekkje livsområde.

- har djupare etnografisk innsikt i (minst) to regionar av verda.

- kan gjere greie for dei sentrale teoretiske perspektiva som ligg til grunn for ulike forståingar av kultur og samfunn innan sosialantropologi

- kan gjere bruk av sentrale fagomgrep i analysar av mellommenneskelege forhold.

- kan gjere greie for sentrale metodar i faget, særleg deltakande observasjon, og kan identifisere etiske utfordringar knytta til disse metodane.

- samanstiller gjennom bacheloroppgåva informasjon om, og viser innsikt i, eit sjølvvalt fagleg tema.

- meistrar tekstanalyse og akademisk skriving på eit vis som legg grunnlag for sjølvstendige faglege utgreiingar, og førebur kandidaten for høgaregradsstudiar i sosialantropologi.

Ferdigheter

Kandidaten kan:

- samanlikne kulturtrekk i ulike samfunn og identifisere konvensjonar i eige samfunn i kontrast til andre samfunn.

- i nokon grad nytte deltakande observasjon og handtere etiske utfordringar knytta til feltarbeid og innsamling av personsensitive data.

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

- gje skriftleg og munnleg framstilling av eit materiale.

- analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, identifisere sentrale argument i tekstar, relatere og samanlikne ulike akademiske tekstar og formulere ei samla skriftleg framstilling av dette.

- utforme og drøfte ei fagleg problemstilling på sjølvstendig grunnlag og under fagleg vegleiing komponere eigen fagleg tekst og framstille eige fagleg argument.

- nytte bibliotek og andre kjelder til litteratur for å finne relevant sekundærinformasjon i utarbeiding av eige prosjekt.

- føre referansar til kjelder i eigen akademisk tekst og lage litteraturliste.

- respektere og praktisere vitskaplege grunnverdiar.

- respektere og praktisere det forskingsetiske rammeverket.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Anbefalte innføringsemne i bachelorprogrammet er ex.phil., SANT100 og SV100 (kan erstattas av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Rekkefølje for emne i studiet

1. semester

  • SANT100 Invitasjon til sosialantropologi
  • SV100 Samfunnsvitskapelege tenkemåtar
  • EXPHIL Examen Philosophicum

2. semester

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv
  • SANT103 Materialitet: Miljø, stad og økonomi

3. semester

  • SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon
  • SANT105 Makt: uttrykk og løyning

4. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling

5. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling

6. semester

Delstudium i utlandet

Studentar ved UiB kan inkludere eitt på førehand godkjent studieprogram ved eit anna universitet i sitt studium og sin norske grad. Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeida, mellom høvesvis dei nordiske universitet og universitet i EU-land, og gjennom bilaterale avtaler med land utafor Europa, er det organisert studentutveksling som ein del av universiteta sin ordinære verksemd.

Instituttet kan tilby råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad og til innpassing av utanlandsstudiet i graden. Det anbefalast at utanlandsstudiet leggjast til 4. eller 5. semester.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar / filmframvisningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftlig-, heime- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Ein bachelorgrad med spesialisering i sosialantropologi vil kvalifisere studenten for opptak til masterprogrammet i sosialantropologi og utviklingsantropologi ved UiB. Masterprogrammet er eit 2-årig fordjupingsstudie som skal styrkje analytiske evner og teoretisk og metodisk kompetanse. Studiet tar sikte på å kvalifisere studentane til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på 4-6 månader som munnar ut i en avhandling basert på innsamla empirisk materiale.

Etter fullført mastergrad er det mogleg å gå vidare på PhD-studiet. I doktorgradsutdanninga utfører kandidaten eit sjølvstendig forskingsarbeid med doktoravhandlinga som det endelege resultat.

Yrkesvegar

Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrker, ofte i tverrfaglege team, og gjerne også i jobbar som krevjar internasjonal kompetanse og krysskulturelle innsikter. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskuler, og meir spesifikt innan arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og innan miljøvern. Med rett samansetting av fagemne blir du også kvalifisert til å undervise i skuleverket. I arbeidslivet er det sjeldan «ein antropolog» som vert tilsett, men derimot ein antropolog som har studert særskilte tema. I jobbsamanheng fungerer antropologar ofte som utprega brubyggjarar, og her kan dei nasjonale og internasjonale kontaktane dei har skaffa seg under feltarbeidet få stor praktisk nytte.

Evaluering

Programmet evaluerast jamleg av ekstern programsensor.

Administrativ ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

E-post: studieveileder@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/antro

BASV-SANT/Bachelorprogram i sosialantropologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Frå haust 2010 gir følgjande emne undervisningskompetanse og opptaksgrunnlag til PPU: SANT104, SANT105, SANT102 og SANT103. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU.
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Førstesemesteremne ved SV
Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak.
Exphil (krav: 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP)
Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil.
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar 10 1-6 1
AORG100 Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap 10 1-6 1
ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi 10 1-6 1
GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar 10 1-6 1
GLOB101 Global utvikling 10 1-6 1
INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap 10 1-6 1
MEVI100 Introduksjon til media og kommunikasjon 10 1-6 1
SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk 10 1-6 1
SOS100 Invitasjon til sosiologi 10 1-6 1
SANT100 Invitasjon til sosialantropologi 10 1-6 1
POLØK100 Innføring i politisk økonomi 10 1-6 1
Spesialisering i sosialantropologi (krav: 90 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv 15 1-6 2
SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi 15 1-6 2
SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon 15 1-6 3
SANT105 Makt: uttrykk og løyning 15 1-6 3
SANT215 Komparativ regional etnografi 15 2-6 6
SANT260 Bacheloroppgåve 15 2-6 6
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng
Permisjon for bachelorstudentar