Bachelorprogram i samanliknande politikk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kva er vilkåra for demokratiske styreformer? Kvifor blei nokre land tidlegare utvikla i retning av massedemokrati enn andre? Kva for stadium har stats- og nasjonsbygginga gått gjennom i ulike land, og kva har vore drivkreftene bak desse prosessane?
Politiske system og institusjonar har ulik utforming og funksjon, på same måte som den politiske åtferda blant borgarane varierer etter kva politiske kulturar dei lev i. Vi finn store variasjonar innan enkelte land over tid, så vel som mellom land.
Studiet vil gi deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie. Det blir lagt vekt på politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa, fordi solid kunnskap om eige kulturområde og eiga historie ofte er eit vilkår for å kunne studere politiske forhold i andre delar av verda. Den europeiske integrasjonsprosessen tilseier også at det er behov for å auke kunnskapen om Europa i det norske samfunnet.
Visste du at ...
Du kan utplasserast eitt semester i ei bedrift, ein institusjon eller ein organisasjon og få godkjent praksisen som del av studiane.
Studievegar
Bachelor
Det treårige studiet tek for seg det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i samanliknande politikk.
Forsking
Fagmiljøet ved samanliknande politikk har hovudfokus på forsking innan demokrati og demokratisering i brei forstand, både tematisk og geografisk. Nokre eksempel er: Noreg i kamp mot terrorisme, partisystem i Uganda, amerikansk politikk, høgrepopulisme i Europa, den norske nasjonalstaten, europeisk integrasjon, politisk utvikling i Latin-Amerika og korrupsjon.
Sjå også desse studia
Administrasjon og organisasjonsvitskap, europastudium, samfunnsøkonomi, årsstudium i samanliknande politikk.
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar, og vi vil hjelpe deg med å finne spennande utdanningstilbod i utlandet.
Yrkesvegar
Samanliknande politikk gir deg eit kunnskapsfundament som kvalifiserer deg for mange ulike jobbar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Mange kandidatar frå samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Ein god del får jobb i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, og mange finn vegen til media, forsking, utgreiing og undervisning. Med rett samansetting av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket. Gjennom dei siste åra har stadig fleire med denne utdannninga fått jobb i privat sektor, særleg i store og internasjonalt retta selskap.
Les meir her: https://www.uib.no/sampol/ressurser/hvor-er-de-naa
Graden
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk fører fram til graden bachelor i samanliknande politikk. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Omfang
Bachelorgraden i samanliknande politikk baserer seg på ein normert studietid på tre år, tilsvarande 180 studiepoeng. Det føresetjast ei fagleg spesialisering og fordjuping på minimum 90 studiepoeng. Studentane vel sine emnekombinasjonar blant dei tilbod som til einkvar tid vert gitt på instituttet og/eller emne som er godkjent som likeverdige. Normalt vil dette innebere 60 studiepoeng på innføringsnivå (100-nivå) samt 30 studiepoeng på fordjupingsnivå (200-nivå). I fordjupinga inngår ei obligatorisk bacheloroppgåve normert til 15 studiepoeng.
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart
Haust
Mål og innhald
Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen tek føre seg emne innan statsvitskap. Samanliknande politikk utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.
Faget skal gi studentane konkret og allsidig kjennskap til politiske forhold i ei rekkje land, og ein grundig metodisk skolering for å formulere relevante problemstillingar, finne fram relevante dokumenter og data, og gjennomføre forsvarleg analyse og utgreiing av faglege spørsmål. Det vert lagt vekt på politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa, fordi solid kunnskap om eins eige kulturområde og historie ofte er ein naudsynt føresetnad for å kunne studere politiske forhold i andre deler av verda.
Spørsmål som vert stilt i faget er mellom andre:
- Kva er føresetnadane for demokratiske styreformer?
- Kvifor fekk nokre land tidlegare utvikling i retning massedemokrati enn andre?
- Kva bestemte tempoet i denne utviklinga og kvifor fekk vi demokratiske system med ulik form?
- Kva for stadium har stats- og nasjonsbygginga gått gjennom i ulike land, og kva var drivkreftene bak denne prosessen?
- Kva for prosesser førte til utviklinga av einlege nasjonalstatar, og kva ga utvikling mot føderale statsdanningar eller andre former for statar som omfatta ulike nasjonale folkegrupper?
- Kva karakteriserer samspelet mellom staten og ulike interessegrupper og parti i statar med få og mange konfliktlinjer?
Faget består av studieemnar som kan kombinerast innanfor ein disiplinær bachelorgrad- eller mastergrad i samanliknande politikk, eller som kan brukast som studieemnar i ulike tematiske bachelor- eller mastergrader, eller som frie studiepoeng i andre disiplinære grader på bachelor eller masternivå.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskaper og forståelse
Gjennom bachelorstudiet i samanliknande politikk skal studenten ha skaffa seg ein grundig oversikt over fagfeltet gjennom ulike statsvitskaplege innførings- og spesialiseringsemne.
Med hovudvekt på politiske forhold i Europa skal studenten ha tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om og innsikt i politiske system i ei rekkje land og deira politiske historie og utvikling som basis for å studere politiske forhold i andre delar av verda.
Studenten skal ha utvikla kunnskap om sentrale problemstillingar i faget slik som vilkåra for demokratiske styreformer, faktorar som avgjorde tempoet i demokratiutviklinga og kvifor dei demokratiske systema vart ulikt utforma.
Studenten skal ha kjennskap til drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva slags stadier stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i ulike land.
Studenten skal vidare ha fått innsikt i og kunnskapar om samspelet mellom stat, politiske parti og ulike interessegrupper, samt kjenneteikn ved den politiske kulturen og politisk deltaking i ulike land.
Ferdigheter
Studenten skal gjennom bachelorstudiet i samanliknande politikk ha opparbeidd kjennskap til ulike statsvitskaplege analysemåter, og fått øving i bruk av statistiske og kvalitative metodar.
Studenten skal på denne bakgrunn ha utvikla analytiske evner som gjer han/ho i stand til å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet og bruke denne kunnskapen sjølvstendig.
Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studenten ha oppøvd evne til å formulere presise og relevante statsvitskaplege problemstillingar, og evne til å gjennomføre analyser og utgreiingar av slike problemstillingar.
Generell kompetanse
Studenten skal gjennom bachelorstudiet ha utvikla evne til kritisk refleksjon omkring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving.
Studenten skal kunne kommunisere med andre om sentrale begreper i sammenlignende politikk.
Studenten skal ha kompetanse til videre studier på masternivå.
Studenten skal beherske skriftlige fremstillinger av et selvstendig prosjektarbeid.
Innføringsemne
Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil., SAMPOL100 og SV100 (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader). Innføringsemnet SAMPOL100 er lagt opp som eit tilbod til førstesemesterstudentar og supplerer ex.phil. og introduksjonsemnet til samfunnsvitskaplege tenkemåtar (SV100).
Rekkefølje for emne i studiet
1. semester: Ex.phil, SAMPOL100 og SV100
2. semester: SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107
3. semester: SAMPOL115 og MET102
4. semester: valfrie emne
5. semester: valfrie emne
6. semester: SAMPOL260 og to av emna SAMPOL204, SAMPOL205, SAMPOL206, SAMPOL207, SAMPOL214 eller SAMPOL270. SAMPOL207 og SAMPOL270 går i haustsemesteret.
Delstudium i utlandet
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, mellom høvesvis dei nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av den ordinære verksemda til universiteta. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram i sitt studium og sin norske grad.
Institutt for samanliknande politikk har utvekslingsavtaler med ein god del universitet som sorterer under Erasmus- og Nordplus - ordningane. I tillegg har vi bilaterale avtaler med universitet over heile verda.
Instituttet kan tilby råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad. Studenten får også hjelp ved å leggje til rette opphaldet i praksis. Det vert anbefalt at utanlandsstudiet vert lagt til 4. og/eller 5. semester.
Undervisningsmetodar
Fleire emne med studiekrav om obligatorisk deltaking i gruppeundervisning/ innleveringar av oppgåver.
Nokre emne krev deltaking i gruppeundervisninga. I desse emna skal kvar student ha minst 75 % deltaking i gruppeseminara. Seminarleiarar fører protokoll over fråvær. Studentar som ikkje oppfyller kravet om 75 % deltaking reknast for å ha trekt seg frå emnet og eksamen, med mindre eksamensrett vert gitt av instituttleiinga i samråd med faglærer etter grunngjeven søknad om dispensasjon frå kravet om deltaking. Alle oppgåver må leverast.
Kva er krav til forkunnskapar?
Når emneomtalen omtaler krav til forkunnskapar, er dette absolutte krav i motsetning til ei anbefaling. Det er til dømes eit krav at ein har avlagt eksamen i MET102 og SAMPOL110/SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107 før ein kan få rettleiing på eller levere bacheloroppgåva (SAMPOL260).
Vurderingsformer
Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformar: essay og skuleeksamen.
Karakterskala
Emna som inngår i det anbefalte studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk kvalifiserer for søknad om opptak til eit toårig masterprogram i samanliknande politikk. Masterprogrammet skal styrkje den metodiske kompetansen og dei analytiske evnene dine. Me legg stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med masteroppgåva, som er ei større vitskapleg avhandling som du arbeider med i eitt år. Men det skjer også gjennom deltaking på ulike kurs og seminar.
Emna MET102, SAMPOL115, SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107, SAMPOL260 og to av emna SAMPOL204, SAMPOL205, SAMPOL206, SAMPOL213 eller SAMPOL270 utgjør opptaksgrunnlaget for master i samanliknande politikk.
Yrkesvegar
Samanliknande politikk gir eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for mange ulike jobbar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Mange kandidatar frå samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Ein god del får jobb i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, og mange finn vegen til media, forsking, utgreiing og undervisning. Med rett samansetjing av fagemne vert studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket. Gjennom dei siste åra har stadig fleire «sampolarar» fått jobb i privat sektor, særleg i store og internasjonalt retta selskap.
Evaluering
Programmet vert evaluert med jamne mellomrom.
Administrativ ansvarleg
post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i samanliknande politikk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 46,5
Førstegangsvitnemål: 44,3
Antall studieplasser
87 (talet på studieplassar kan bli justert)
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Institutt for samanliknande politikk
studierettleiar@sampol.uib.no
55 58 21 78 / 55 58 33 16
Læringsutbyte/resultat
Kunnskaper og forståelse
Gjennom bachelorstudiet i samanliknande politikk skal studenten ha skaffa seg ein grundig oversikt over fagfeltet gjennom ulike statsvitskaplege innførings- og spesialiseringsemne.
Med hovudvekt på politiske forhold i Europa skal studenten ha tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om og innsikt i politiske system i ei rekkje land og deira politiske historie og utvikling som basis for å studere politiske forhold i andre delar av verda.
Studenten skal ha utvikla kunnskap om sentrale problemstillingar i faget slik som vilkåra for demokratiske styreformer, faktorar som avgjorde tempoet i demokratiutviklinga og kvifor dei demokratiske systema vart ulikt utforma.
Studenten skal ha kjennskap til drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva slags stadier stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i ulike land.
Studenten skal vidare ha fått innsikt i og kunnskapar om samspelet mellom stat, politiske parti og ulike interessegrupper, samt kjenneteikn ved den politiske kulturen og politisk deltaking i ulike land.
Ferdigheter
Studenten skal gjennom bachelorstudiet i samanliknande politikk ha opparbeidd kjennskap til ulike statsvitskaplege analysemåter, og fått øving i bruk av statistiske og kvalitative metodar.
Studenten skal på denne bakgrunn ha utvikla analytiske evner som gjer han/ho i stand til å tileigne seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet og bruke denne kunnskapen sjølvstendig.
Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studenten ha oppøvd evne til å formulere presise og relevante statsvitskaplege problemstillingar, og evne til å gjennomføre analyser og utgreiingar av slike problemstillingar.
Generell kompetanse
Studenten skal gjennom bachelorstudiet ha utvikla evne til kritisk refleksjon omkring sentrale faglege problemstillingar og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon og etterprøving.
Studenten skal kunne kommunisere med andre om sentrale begreper i sammenlignende politikk.
Studenten skal ha kompetanse til videre studier på masternivå.
Studenten skal beherske skriftlige fremstillinger av et selvstendig prosjektarbeid.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. Vi rår deg til å studere emna innføring i samanliknande politikk og samfunnsvitskaplege tenkemåtar i tillegg til ex.phil det første semesteret. Du må også ha 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor samanliknande politikk, mens du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Du kan for eksempel velje historiske emne, språkemne eller andre samfunnsvitskaplege emne frå UiB eller frå utanlandske universitet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Følgjande emne gir undervisingskompetanse i samfunnsfag og opptaksgrunnlag til PPU: SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107, SAMPOL115 og MET102. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Førstesemesteremne ved SV | ||||||||||||
| Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak. | ||||||||||||
| Exphil (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| AORG100 | Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| ECON100 | Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GEO100 | Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GLOB101 | Examen facultatum - Global utvikling | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INFO100 | Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MEVI100 | Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SAMPOL100 | Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SOS100 | Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SANT100 | Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| POLØK100 | Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i samanliknende politikk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SAMPOL105 | Stats- og nasjonsbygging | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SAMPOL106 | Politiske institusjonar i etablerte demokrati | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SAMPOL107 | Politisk mobilisering | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SAMPOL115 | Demokrati og demokratisering | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SAMPOL260 | Bacheloroppgåve i samanliknande politikk | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SAMPOL204 | Varieties of Political Regimes: Latin America in Comparative Perspective | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| SAMPOL205 | Regions, Federalism and EU Integration | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| SAMPOL206 | Constitution-Making, Democracy and Development: Africa, Middle East and Comparative Perspectives | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| SAMPOL270 | American Government and Politics | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| SAMPOL207 | Citizenship: Theories and Policies | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| SAMPOL214 | Political Economy | 10 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng | ||||||||||||
| Permisjon for bachelorstudentar | ||||||||||||