Hjem
Click

Utdanning

Studieplan for BASV-SAPO Bachelorprogram i samanliknande politikk, haust 2017

Namn på grad

Bachelor i samanliknande politikk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i samanliknande politikk har ei normert studietid på 3 år med eit omfang på 180 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Samanliknande politikk er ei av greinene i statsvitskap. Medan statsvitskapsstudiet generelt kan omfatte alle dei fire faggreinene samanliknande politikk, internasjonal politikk, politisk teori og offentleg politikk og administrasjon, konsentrerer bachelorstudiet i samanliknande politikk seg om denne eine retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt. Samanliknande politikk er det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan.

Studiet gir teoretisk innføring i vilkår for stats- og nasjonsbygging i Europa. Det gir innsyn i utviklinga og strukturen til europeiske politiske system. Studiet gir innsikt i vilkåra for demokrati og demokratisk utvikling, og innføring i ulike måtar demokrati kan organiserast på. Studiet legg vekt på metodisk skolering for å formulere problemstillingar, finne relevante dokument og data, og gjennomføre forsvarleg analyse og utredning av faglige spørsmål.

Studiet tek opp tema som:

  • stega stats- og nasjonsbygginga har gått gjennom i ulike land, og kva som har vore drivkreftene bak denne prosessen
  • organiseringa av statsmaktene i etablerte demokrati, variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer
  • føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag, rolla til sosiale masserørsler, politiske parti og frivillige organisasjonar, samt relasjonane mellom desse hovudformane for politisk mobilisering
  • føresetnadane for og variasjonar i demokratiske styreformer, demokratiske og ikkje-demokratiske politiske system samt prosesser som fører til endring i type politisk system

I programmet er det mellom anna mogleg å studere emne om politiske ideologiar, regional integrasjon, politisk økonomi og offentleg politikk på tvers av land. Studenten kan også velje emne som går i djupna på politikk i andre delar av verda enn Europa, inkludert politikk i utviklingsland.

Bachelorprogrammet i samanliknande politikk omfattar ulike undervisningsformer som forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Nokre emne har obligatoriske aktivitetar. Gjennom studiet blir studentane øvd og testa på ulike måtar, eksempelvis ved oppgåveskriving, datalab, heimeeksamen, skuleeksamen og bacheloroppgåve.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har skaffa seg eit grundig oversyn over tema, teoriar og metodar i samanliknande politikk, historia til fagfeltet og forholdet til andre deler av statsvitskapen
  • har kjennskap til drivkreftene i stats- og nasjonsbyggingsprosessane og kva for stadium stats- og nasjonsbyggingsprosessane har gått gjennom i ulike land
  • har tileigna seg grunnleggande kunnskap om og innsikt i dei politiske systema i ei rekke land, og den politiske historia, utviklinga og dei politiske institusjonane i desse landa, som basis for å studere politiske forhold i andre deler av verda
  • har fått innsikt i og kunnskap om samspelet mellom stat, politiske parti og ulike interessegrupper, i tillegg til ulike former for politisk deltaking og mobilisering
  • har utvikla kunnskap om sentrale forskingsarbeid og problemstillingar i faget, slik som vilkåra for demokratiske styreformer, faktorar som har avgjort tempoet i demokratiutviklinga og kvifor demokratiske system er ulikt utforma
  • kan ved å innhente og vurdere informasjon oppdatere kunnskapen sin om politiske prosessar og ulike lands politiske system

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har opparbeidd seg kjennskap til ulike statsvitskaplege analysemåtar og fått øving i bruk av statistiske og kvalitative metodar
  • kan analysere faglitteratur kritisk, formidle kunnskap og synspunkt frå denne litteraturen, og argumentere for eigne konklusjonar
  • kan formulere problemstillingar, hente inn relevant informasjon og gjennomføre forsvarleg analyse og utgreiing av faglege spørsmål
  • har utvikla analytiske evner som gjer kandidaten i stand til å tileigne seg kunnskap ut over lærestoffet i studiet
  • har utvikla evne til å formulere presise og relevante statsvitskaplege problemstillingar, evne til å gjennomføre analysar og utgreiingar av slike problemstillingar og evne til å justere si eiga gjennomføring av desse under rettleiing

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har utvikla evne til kritisk refleksjon kring sentrale faglege problemstillingar, og respekt for vitskaplege verdiar som presisjon, god kjeldebruk, pålitelegheit og etterprøving
  • kjenner til nytenking og nyskaping i studiet av politikk
  • kan kommunisere skriftleg og munnleg med andre om sentrale omgrep og tema i samanliknande politikk
  • kan planlegge og gjennomføre skriftleg framstilling av eit sjølvstendig prosjektarbeid

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i bachelorprogrammet er ex.phil., SAMPOL100 og SAMPOL103.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester: Ex.phil, SAMPOL100 og SAMPOL103

2. semester: SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107

3. semester: SAMPOL115 og MET102

4. semester: valfrie emne eller utveksling

5. semester: valfrie emne eller utveksling

6. semester: SAMPOL260 og to av SAMPOL200-emna (med unntak av SAMPOL290/291).

Delstudium i utlandet

Du vert oppmoda til å reise på utveksling som en del av graden din i samanliknande politikk. Det er lagt til rette for det i 4. og 5. semester.

Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har samarbeidsavtaler i mange land og regionar.

Instituttet hjelper deg med å finne utdanningstilbod hos våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert normalt sett saman av forelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. Innlevering av skriftlege arbeid inngår i fleire av emna. Desse blir typisk kommentert på gjennom seminaropplegget. Nokre emne krev deltaking i seminara eller andre delar av undervisninga. På bacheloroppgåva er det individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak eksamensformene heimeeksamen, skuleeksamen, semesteroppgåve og andre typar oppgåver, i nokre tilfelle i kombinasjon.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for videre studium

Bachelorprogrammet i samanliknande politikk kvalifiserer for søknad om opptak til toårig masterprogram i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og til andre masterprogram i statsvitskap eller tverrfaglege masterprogram i Noreg og i utlandet.

Relevans for arbeidsliv

Samanliknande politikk gir eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for mange ulike stillingar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Opplæringa i kvalitativ og kvantitativ vitskapeleg analyse av forskingsdata kvalifiserer sampolarar for mange ulike jobbar. Mange kandidatar frå samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Andre får jobb i nasjonale og internasjonale organisasjonar, eller i internasjonalt retta selskap. Mange finn vegen til kommunikasjon, samfunnskontakt og media, utgreiing, analyse, forsking og undervisning. Med rett samansetjing av fagemne vert studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringsrapportar for heile studieprogrammet og for einskildemne finn ein i Studiekvalitetsbasen (http://kvalitetsbasen.uib.no).

Adminstrativt ansvarleg

post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316