Bachelorprogram i sosiologi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kvifor er rikdomen, makta og høvet til å råde over sitt eige liv ulikt fordelt i ulike samfunn? Kva er grunnane til at folk flyttar mellom ulike samfunnstypar og land? Kva fører denne migrasjonen til for emigrantane sjølv, for samfunna dei forlèt og samfunna dei flyttar til?
Sosiologi er den av samfunnsvitskapane som dekker det største emne-området. Sosiologar studerer alle slags relasjonar mellom individ, grupper og organisasjonar i små og store sosiale fellesskap: alt frå møter mellom einskiltindivid til store globale endringsprosessar.
I sosiologistudiet lærer du å bruke ulike teoriar og metodar til å forstå korleis samfunnstilhøva har blitt til, korleis dei kan endrast, og korleis dei skaper sjansar og grenser for einskilte menneske og gruppene dei tilhører. Av emne det blir fokusert på i studiet, kan nemnast familie, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, klassebestemte og etniske relasjonar, og høvet mellom samfunnssystem, økonomi og miljø.
Visste du at ...
Vi har blant anna ei samarbeidsavtale med University of California, Berkeley. Kvart år reiser mange sosiologistudentar dit på utveksling.
Studievegar
Bachelor
Institusjonell endring, globalisering, ulikskap og makt er sentrale tema i det treårige studiet. Andre sentrale emne det blir fokusert på er velferd, familie, arbeid, utdanning, migrasjon og miljø.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i sosiologi.
Forsking
Sentrale forskingsområde ved Sosiologisk institutt er «Velferd, livsløp og ulikskap», «Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi», og «Migrasjon, miljø og utvikling».
Sjå også desse studia
Utviklingsstudiar, kjønnsstudiar, administrasjon og organisasjonsvitskap, samanliknande politikk, samfunnsøkonomi.
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosiologi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.
Yrkesvegar
Sosiologar er kvalifiserte for arbeid med planlegging og iverksetting av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling, og forsking og undervisning på universitet og høgskolar. Med rett samansetting av fagemne blir du òg kvalifisert til å undervise i skolen. Sosiologar arbeider i den offentlege forvaltinga så vel som i det private næringslivet.
Les meir mer: https://www.uib.no/sosio/ressurser/hvor-er-de-naa
Graden
Bachelorprogrammet i sosiologi fører fram til graden bachelor i sosiologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart
Haust (august)
Mål og innhald
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap; mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve, samtidig som dei sjølve kan endre desse vilkåra gjennom handlingane sine. Gjennom bachelorprogrammet skal studentane utvikle ei grunnleggjande forståing av sosiologifagets teoretiske og metodiske grunnlag. Dessutan skal programmet gje ein generell kunnskap om sentrale problemstillingar og perspektiv innafor nokre sosiologiske temaområde. Slike temaområde er mellom anna utforminga av familien, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, klasse- og kjønnsbestemte og etniske relasjonar, forholdet mellom økonomi og samfunn, og spørsmål som modernisering og globalisering, livsløp og institusjonell endring.
I løpet av bachelorstudiet vert det skrivi fleire sjølvstendige oppgåver til obligatorisk innlevering. Ved nokre emne må også studenten gje kommentarar på andre studentar sine utkast. Den avsluttande bacheloroppgåva fyller eit halvt semester (15 studiepoeng) og blir utvikla gjennom rettleiing av faglærar. Etter innlevering av bacheloroppgåva gjev studentane ein munnleg presentasjon av denne i eit eige seminar.
Læringsutbyte/resultat
Gjennom bachelorprogrammet i sosiologi skal studenten ha tileigna seg følgjande kvalifikasjonar:
Kunnskapar
- Studenten skal kunne gjere greie for dei mest sentrale trekka ved den sosiologiske faghistoria og dei teoretiske perspektiva og omgrepa som oftast blir brukte i faget.
- Studenten skal kunne gje døme på korleis slike teoretiske perspektiv og omgrep vert nytta i studiar av korleis sosial samhandling formar små og store samfunnsstrukturar og korleis samfunnsstrukturar og -prosessar formar livsvilkåra for menneskja.
- Studenten skal og kunne skildre generelle trekk ved dei vestlege moderne samfunn og deira typiske kjenneteikn langs økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle dimensjonar.
- Studenten skal kunne gjere greie for sosiologiske forståingar av endringsprosessane vi har sett og ser med omsyn til sosial lagdeling, familie, arbeidsliv, velferdsstat, kjønnsrelasjonar, globalisering, migrasjon og etniske relasjonar.
- Studenten skal, innafor eit sjøvalt sosiologisk spesialemne, kunne gjere greie for problemstillingar, teoretiske perspektiv, modellar og resultat innan nyare forsking på dei områda desse emna omhandlar.
- Studenten skal kunne gjere greie for kva hovudtypar av metodar samfunnsforskarar brukar til å skaffe og analysere data, kva slags kunnskapstypar dei gir, og i kva tilfelle dei blir brukte.
Dugleikar
- Studenten skal og kunne nytte kunnskapane sine om sosiologisk teori og metode til å skilje mellom ulike typar forklaringar på samfunnstilhøve og kunne gje grunngjevne vurderingar av kvaliteten på slike forklaringar.
- Studenten skal kunne nytte kunnskapane sine innan dei sosiologiske emneområda (sosial lagdeling, globalisering mv.) til å identifisere viktige samfunnsproblem og utviklingstendensar, hente inn og presentere relevant informasjon om desse, og delta med grunngjevne meiningar i ordskifte om samfunnstilhøve.
- Studenten skal kunne presentere og i nokon grad òg vurdere resultata som kjem fram med bruk av ulike typar metodar og sjølv bruke enklare variantar av nokre metodar.
- Gjennom innlevering av ei rekke mindre skriftlege arbeid og ei lengre bacheloroppgåve, som og presenterast og forsvarast munnleg, skal kandidaten ha lært å utvikle samfunnsfaglege problemstillingar under rettleiing og ha oppnådd praktisk dugleik i innsamling av informasjon og i skriftleg og munnleg presentasjon.
- Særleg i arbeidet med bacheloroppgåva har kandidaten også lært å planleggje og gjennomføre analysearbeid og skriftlege presentasjonar.
Generell kompetanse
- Studenten skal kunne gjere greie for viktige fagleg-etiske problemstillingar.
Som eit fremste særtrekk ved læringsutbytet ved universitetsutdanninga skal kandidaten ha utvikla sjølvstende i høve til eigen kunnskap og analytiske ferdigheiter og i høve til eige arbeid og arbeidsmetodar.
Innføringsemne
Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil., SOS100 og SV100 (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).
Rekkefølje for emne i studiet
- 1. semester: Exphil, SOS100, SV100
- 2. semester: SOS101 og MET102 eller eit valemne i rekka SOS105-116
- 3. semester: SOS103 og MET102 eller eit valemne i rekka SOS105-116
- 4. semester: frie studiepoeng
- 5. semester: frie studiepoeng
- 6. semester: SOS201 og SOS202
Delstudium i utlandet
Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta delar av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosiologi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.
Undervisningsmetodar
Undervisninga består normalt av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studielaupet bruker stort sett ulike kombinasjonar av desse eksamensformene: heimeeksamen, skriftleg eksamen og munnleg eksamen.
Karakterskala
Emna som inngår i det anbefalte studielaupet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Kompetanse for vidare studium
Bachelorprogrammet i sosiologi kvalifiserer for eit toårig masterprogram i sosiologi.
Yrkesvegar
Sosiologar med bachelorgrad i sosiologi har eit godt kompetansegrunnlag for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne vert du også kvalifisert til å undervise i skuleverket.
Sjå også her:
https://www.uib.no/sosio/ressurser/hvor-er-de-naa
Evaluering
Emna som inngår i bachelorprogrammet vert evaluert med jamne mellomrom.
Administrativ ansvarleg
Sosiologisk institutt; post@sos.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i sosiologi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Ordinær: 43,9
Førstegangsvitnemål: 40
Antall studieplasser
80 (talet på studieplassar kan bli justert).
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning
Meir informasjon
Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50
Sosiologisk institutt
studierettleiar@sos.uib.no
Læringsutbyte/resultat
Gjennom bachelorprogrammet i sosiologi skal studenten ha tileigna seg følgjande kvalifikasjonar:
Kunnskapar
- Studenten skal kunne gjere greie for dei mest sentrale trekka ved den sosiologiske faghistoria og dei teoretiske perspektiva og omgrepa som oftast blir brukte i faget.
- Studenten skal kunne gje døme på korleis slike teoretiske perspektiv og omgrep vert nytta i studiar av korleis sosial samhandling formar små og store samfunnsstrukturar og korleis samfunnsstrukturar og -prosessar formar livsvilkåra for menneskja.
- Studenten skal og kunne skildre generelle trekk ved dei vestlege moderne samfunn og deira typiske kjenneteikn langs økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle dimensjonar.
- Studenten skal kunne gjere greie for sosiologiske forståingar av endringsprosessane vi har sett og ser med omsyn til sosial lagdeling, familie, arbeidsliv, velferdsstat, kjønnsrelasjonar, globalisering, migrasjon og etniske relasjonar.
- Studenten skal, innafor eit sjøvalt sosiologisk spesialemne, kunne gjere greie for problemstillingar, teoretiske perspektiv, modellar og resultat innan nyare forsking på dei områda desse emna omhandlar.
- Studenten skal kunne gjere greie for kva hovudtypar av metodar samfunnsforskarar brukar til å skaffe og analysere data, kva slags kunnskapstypar dei gir, og i kva tilfelle dei blir brukte.
Dugleikar
- Studenten skal og kunne nytte kunnskapane sine om sosiologisk teori og metode til å skilje mellom ulike typar forklaringar på samfunnstilhøve og kunne gje grunngjevne vurderingar av kvaliteten på slike forklaringar.
- Studenten skal kunne nytte kunnskapane sine innan dei sosiologiske emneområda (sosial lagdeling, globalisering mv.) til å identifisere viktige samfunnsproblem og utviklingstendensar, hente inn og presentere relevant informasjon om desse, og delta med grunngjevne meiningar i ordskifte om samfunnstilhøve.
- Studenten skal kunne presentere og i nokon grad òg vurdere resultata som kjem fram med bruk av ulike typar metodar og sjølv bruke enklare variantar av nokre metodar.
- Gjennom innlevering av ei rekke mindre skriftlege arbeid og ei lengre bacheloroppgåve, som og presenterast og forsvarast munnleg, skal kandidaten ha lært å utvikle samfunnsfaglege problemstillingar under rettleiing og ha oppnådd praktisk dugleik i innsamling av informasjon og i skriftleg og munnleg presentasjon.
- Særleg i arbeidet med bacheloroppgåva har kandidaten også lært å planleggje og gjennomføre analysearbeid og skriftlege presentasjonar.
Generell kompetanse
- Studenten skal kunne gjere greie for viktige fagleg-etiske problemstillingar.
Som eit fremste særtrekk ved læringsutbytet ved universitetsutdanninga skal kandidaten ha utvikla sjølvstende i høve til eigen kunnskap og analytiske ferdigheiter og i høve til eige arbeid og arbeidsmetodar.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i sosiologi skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne. Vi rår deg til å studere emna invitasjon til sosiologi (SOS100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Vidare skal programmet innehalde 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor sosiologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| For å kvalifisere til opptak på PPU i samfunnsfagdidaktikk må du ha SOS101, SOS103, MET102 og 15 studiepoeng valfrie emne i sosiologi. Merk: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, POLØK100, SANT100, GLOB101 og SOS100 er innføringsemne og tel ikkje som opptaksgrunnlag for PPU. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, 1 år | - | - | ||||||||||
| Førstesemesteremne ved SV | ||||||||||||
| Ex.phil. og eitt innføringsemne er obligatorisk for å oppnå ein bachelorgrad. Dei fleste studieprogram tilrår i tillegg eitt ekstra innføringsemne som ein integrert del av førstesemesterstudiet sitt. NB! Husk at exfac/innføringsemne frå andre studieprogram gir fritak. | ||||||||||||
| Exphil (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-SVSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-SVEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Innføringsemner ved SV (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du kan ha maksimalt 20 studiepoeng innføringsemne i tillegg til ex.phil. | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SV100 | Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| AORG100 | Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| ECON100 | Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GEO100 | Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| GLOB101 | Examen facultatum - Global utvikling | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INFO100 | Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| MEVI100 | Examen facultatum - Introduksjon til media og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SAMPOL100 | Examen facultatum - Innføring i samanliknande politikk | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SOS100 | Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| SANT100 | Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| POLØK100 | Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Spesialisering i sosiologi (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Obligatoriske emner (krav: 75 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MET102 | Samfunnsvitskapleg metode | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS103 | Samfunnsstrukturer i endring | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS101 | Sosiologisk teori: Klassiske perspektiv | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS201 | Sosiologisk teori: Nyare perspektiv | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| SOS202 | Bacheloroppgåve i sosiologi | 15 | 1-6 | 6 | ||||||||
| Valgemner (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Du må velge ett av emnene SOS105-116 i tillegg til de obligatorsike emnene for å få en bachelorgrad i sosiologi. | ||||||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| SOS105 | Arbeid under kapitalismen | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS106 | Økonomisk sosiologi | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS108 | Utdanning og samfunn | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS109 | The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations | 15 | 1-6 | 2 | ||||||||
| SOS110 | Global Dynamics | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS111 | Familien i endring | 15 | 1-6 | 3 | ||||||||
| SOS112 | Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS113 | Velferd og ulikhet | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS114 | Social Inequality in Europe | - | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS115 | Miljøsosiologi | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| SOS116 | Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet | 15 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt blant emne som til saman utgjer 60 studiepoeng | ||||||||||||
| Permisjon for bachelorstudentar | ||||||||||||