Hjem

Sosiologi, bachelor, 3 år

I sosiologistudiet lærer du å analysere korleis menneske blir forma av samfunnet dei lever i, og korleis menneska skaper samfunnet gjennom daglege praksisar og handlingar.
  • Lengde3 År
  • Ordinær40,8
  • Primær39,1
  • Plassar105
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Ein ferdig utdanna bachelorstudent i sosiologi  

  • kan gjere greie for korleis samfunnsforholda har blitt til, og korleis dei blir endra 
  • kan gjere greie for korleis samfunnsforholda kan skape livssjansar og sette grenser for menneske 
  • kan gjere greie for sentrale trekk ved den sosiologiske faghistoria og dei teoretiske perspektiva, og ved omgrepa som oftast vert brukt i faget 
  • kan gjere greie for sosiologiske forståingar av endringsprosessar på område som sosial ulikskap, familieliv, arbeidsliv, velferdsstat, kjønnsrelasjonar, globalisering, migrasjon og etniske relasjonar 

På metodekursa lærer du ulike forskingsmetodar som statistisk analyse, intervju og observasjon. Korleis går ein fram for å samle inn ulike typar forskingsdata? Korleis analyserer  ein desse? Og kva er det rimeleg å slutte frå ulike typar data? Verktøya er svært nyttige i arbeidslivet og rustar deg for mange jobbar i arbeidslivet. 

Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Sosiologisk institutt og fagutvalet legg godt til rette for at du skal føle seg inkludert.

Bachelorprogrammet i sosiologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Gjennom studiet blir du introdusert for fleire emne og tema før du skal i gang med å skrive bacheloroppgåva. Innan då har du gjerne funne eit tema du er spesielt interessert i innanfor sosiologien, og du får fordjupe deg i dette. 

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene. Som sosiologistudent vil du halde til på SV-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. 

Meir informasjon under

Sosiologi, bachelor

Produsent:
UiB

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva kan du jobbe som? 

Du utdannar deg ikkje til eit spesifikt yrke ved å ta ein bachelorgrad i sosiologi, men du lærer teori og metodar gjennom studiet som du kan bruke i mange forskjellige jobbar. For eksempel lærer du metodeverktøy for gjennomføring av undersøkingar og analysar, og du får teorikunnskapar om menneskelege relasjonar og om korleis ulike sider av samfunnet fungerer.  

Våre tidlegare studentar jobbar med 

  • administrativt arbeid i kommunar, fylkeskommunar og stat 
  • bedriftsutvikling 
  • internasjonalt arbeid 
  • arbeid i departement 
  • politikk 
  • utdanning og opplæring 
  • forsking 
  • ideelle organisasjonar 
  • prosjektarbeid 
  • informasjons- og kommunikasjonsarbeid 

Meir informasjon under

Sosiologi

Produsent:
UiB

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i sosiologi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Slik er studiet lagt opp:

1. semester, haust  

  • SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester, vår

3. semester, haust

  • SOS122 Nyare sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)
  • SOS123 Det norske samfunn i endring (10 studiepoeng) 
  • MET104 Kvantitative metoder (10 studiepoeng) 

4. semester, vår

  • Frie studiepoeng: utveksling eller valemne (30 studiepoeng)

5.semester, haust

  • Frie studiepoeng: utveksling eller valemne (30 studiepoeng)

6. semester, vår:

  • SOS203 Sosiologisk forsking: Teori og metode (10 studiepoeng) 
  • SOS204 Bacheloroppgåve i sosiologi (10 studiepoeng) 
  • Valemne i sosiologi (10 studiepoeng) 

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester. 90 studiepoeng sosiologiske emne utgjer spesialiseringa i sosiologi. Og 60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din. Du kan velje opne UiB-emne eller dra på utveksling i utlandet. 

Sjå oversikt over alle emne

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.

Utveksling

Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk, og internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, og det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester. Vi har utvekslingsavtalar med mange universitet i store delar av verda. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorgraden kan du fortsette studia og søke på masterprogrammet i sosiologi. Da kan du rette masteroppgåva inn mot det yrkesområdet du vil jobbe med. 

Les om sosiologar i arbeid.

Spørsmål om studiet?

Telefon: + 47 55 58 98 50

E-post: studieveileder.sos@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her