Hjem

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i TV-produksjon

  • Lengde3 år
  • Poenggrense48,5 / 44,8
  • Studieplassar22
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng180

Introduksjon

Introduksjon

Bachelorprogrammet i TV-produksjon er ei yrkesretta utdanning som gir deg allsidig kompetanse og kunnskap i arbeidet med TV-innhald, som spenner frå dokumentar til underhaldning og drama.

Studiet er praksisnært, og gir deg erfaring med eit breitt spekter av sjangrar og format. Undervisninga består av forelesningar, teknisk opplæring, workshops, praktiske øvingar og produksjonar. Siste året spesialiserer du deg innanfor éin av dei desse fagfunksjonane: foto, regi, lyd, klipp eller produsent. Det faglege fokuset ligg på idéutvikling og historieforteljing, som skal tilføre mediebransjen og mediebrukarar gode idear og dyktige formidlarar.

Utdanninga er lokalisert i Media City Bergen, der aktørar som NRK, TV2 og Bergens Tidende held til. Det er lagt opp til samarbeid med medieselskap både innanfor og utanfor denne medieklynga. Bransjenærleiken, og det at bachelorprogrammet i TV-produksjon er eit universitetsstudium, gjer det unikt i nasjonal samanheng. Det praktiske arbeidet blir såleis utfylt og gjort meir innhaldsrikt gjennom akademiske forelesningar og seminar, som set det heile inn i ein større samanheng. Studiet legg vekt på å utnytte vekselverknaden mellom teori og praksis, og trekker inn akademiske tilnærmingar som har relevans for det praktiske arbeidet, slik som film- og TV-historie, sjangerteori og dramaturgi.

Dette studiet er ei allsidig, bransjenær og praktisk retta utdanning, som supplerer handverksmessige ferdigheiter med historiske, estetiske og analytiske perspektiv på konvensjonar og verkemiddel.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i tv-produksjon kvalifiserer deg til arbeid innanfor film- og tv-produksjon, både i større organisasjonar og som sjølvstendige film- og tv-skaparar. Dei kan også gå inn i store multimediale mediehus som opererer på fleire plattformer. Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medium sikrar at du er vel førebudd på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innanfor alle delane av det mangslungne medie-, kunst- kommunikasjons- og informasjonsfeltet.

Vidare studium

Studiet kan byggast ut med eit masterstudium i manusutvikling for seriar eller masterstudium i medievitskap.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har bred kunnskap om produksjonsprosessar frå idéutvikling til ferdig produksjon for tv
  • har god kunnskap om ulike tradisjonar, sjangrar og format innanfor tv, samt deira narrative og stilistiske konvensjonar
  • har solid kunnskap om forteljeteknikk og dramaturgi
  • har inngåande kunnskap om dei ulike publiseringsplattformene og deira moglegheiter og avgrensingar
  • har god kunnskap om relevante aktørar i mediebransjen sine standardar, strategiar og aktuelle prioriteringar når det gjeld teknisk produksjon og utforming av innhald
  • har god kunnskap om akademiske omgrep og perspektiv som er direkte og indirekte relevante for produksjon av ulike typar tv-innhald
  • har god kunnskap om marknadsmessige og juridiske aspekt ved produksjon og distribusjon av tv-innhald.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan planlegga og produsera ulike typar tv-innhald
  • kan utvikla idear, konsept og forteljingar for ulike typar tv-innhald
  • meistrar utstyr til opptak av tv-produksjonar, og kan tilpassa bruken av utstyret og deira verkemiddel til innhald og sjanger
  • kan utføra dei arbeidsoppgåvene som ligg til si spesialisering i regi, foto, redigering, produksjon eller lyd på bransjenivå.
  • kan grunngje tekniske og kreative val på ulike stadium i ein produksjonsprosess ut frå relevante faglege kriterium
  • meistrar ulike typar programvare i etterarbeidet
  • kan bruka ulike publiseringsplattformer og handtera ulike filformat
  • kan reflektera over, og uttykkja seg om, det praktiske arbeidets handverksmessige, etiske og estetiske dimensjonar
  • kan skriva og tenka akademisk, det vil seia at kandidaten meistrar skriftlege akademiske konvensjonar, kan finna fram til relevante akademiske kjelder, og nytta desse kjeldene analytisk

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har god innsikt i metodiske, etiske og opphavsrettslege problemstillingar i audiovisuelle produksjonar
  • forstår dei ulike arbeidsrollene og (sam)arbeidsfordelinga på ulike typar tv-produksjonar
  • kan planlegga og gjennomføra varierte oppgåver innan tv-produksjonar som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan formidla sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksla synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan tv-produksjonar
  • kan reflektera kritisk over eigen praksis med utgangspunkt i akademiske perspektiv og tenkemåtar.
  • kan vurdera og analysera audiovisuelle produksjonar med utgangspunkt i deira estetiske og tekniske kvalitetar

Oppbygging

Oppbygging

Bachelorprogrammet i TV-produksjon er på totalt 180 studiepoeng.

Bachelorprogram i TV-produksjon (krav 180 SP)
Førstesemesteret i Bachelorprogram TV-produksjon (krav 20 SP)
Exphil (krav 10 SP)
Vel mellom seminar- eller eksamensmodell av ex.phil.
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-SVSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-SVEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Obligatoriske innføringsemne (krav 10 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MEPRO100Examen facultatum - Medieproduksjon og akademisk skriving101
Studieforløp, Bachelorprogram i TV-produksjon (krav 160 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
TVP101Introduksjon til TV-produksjon101
TVP102Det visuelle språket302
TVP103Konsept og manus for fiksjonsforteljingar og underhaldningsformat303
TVP104Konsept- og formatutvikling for dokumentariske sjangrar304
TVP201Utplassering/webserie305
TVP250Bacheloroppgåve i TV-produksjon306
Permisjon for bachelorstudentar
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Det er i utgangspunktet ikkje lagt opp til utveksling i løpet av ein bachelorgrad i TV-produksjon. Dersom du ønsker å reise på utveksling, kan ein gjere det i fjerde semester. Planlegginga må du gjere i samarbeid med studierettleiar og emna du tar i utlandet må vere godkjent av instituttet på førehand. Det må også ha same faglege innhald som emnet som går i fjerde semester av bachelorgraden.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april. For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars. Du søker gjennom Samordna opptak

bachelor_tv_produksjon.jpg

Bachelorprogram i TV-produksjon
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?