Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i utviklingsstudiar

ingressbilde

Introduksjon

Kva er årsaka til at nokre land ikkje kjem seg ut av fattigdommen? Kvifor er det så vanskeleg å fordele ressursane i verda? Er det maktrelasjonar på lokale, nasjonale eller globale nivå? Er det politiske, økonomiske, sosiale eller kulturelle tilhøve?

I takt med aukande globalisering og at fleire og fleire politiske og økonomiske spørsmål blir globale spørsmål, er det viktig å få meir kunnskap om utvikling og utviklingsprosessar i ulike deler av verda. Behovet for kunnskap i samband med handel og multilateral og bilateral bistand er også sentralt.

Gjennom utviklingsstudiet får du ei innføring i samfunn, levevilkår og maktutøving i land i Afrika, Asia og Latin Amerika. Innføringa er ikkje avgrensa til ein enkelt måte å forstå utvikling på, men gjev deg innsikt i synspunkta til fleire ulike disiplinar.

Du lærer om sosiale og kulturelle tilhøve, lokale konsekvensar av globale prosessar, forvalting av naturressursar, fattigdom, politisk og økonomisk makt. Du får kunnskapar om ulike former for globalisering som til dømes kva rolle kolonisering og bistanden spelar, og korleis desse over tid har verka på globale og lokale maktrelasjonar og fattigdom.

Studievegar

Bachelor

I løpet av det treårige studiet spesialiserer du deg i ei av dei ulike fagretningane: Sosialantropologi, administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi eller samfunnsøkonomi.

Master

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i det faget du vel å spesialisere deg i. Felles for masterprogramma er at dei skal styrkje dei analytiske og metodiske evnene dine. For alle masterprogramma blir det lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeidet med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking i ulike kurs og seminar.

Forsking

Utviklingsrelatert forsking er eit hovudsatsingsområde for UiB. Det er stor tematisk og geografisk breidde på dei prosjekta forskarar arbeider med. I stillehavsområdet blir det blant anna forska på kulturarv i møte med global, politisk økonomi. I Latin-Amerika og Afrika blir det forska på utvikling, teknologi og konflikt i samband med den internasjonale olje- og gassindustrien. I Midtausten forskar ein på emne som kultur, folk og statar som ligg i møtepunktet mellom kontinenta.

Visste du at ...

Mot slutten av studiet er det eit tilrettelagt utanlandsopphald ved eit universitet i Asia, Afrika eller Latin-Amerika. Dette er ei unik moglegheit til å oppleve utviklingsproblematikken på nært hald og tileigne seg kunnskap om eit spesifikt område.

Overgangsordninger

Det er mogleg å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no.

Oppbygging

I dei to første semestra av programmet i utviklingsstudiar følgjer du eit felles opplegg. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar skal innehalde 20 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. samt fire emne frå dei medverkande faga; administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi (samla 1 års studium). Vidare skal du ta tre semester med spesialisering innan eitt av dei fire medverkande faga, samt eitt semester med utviklingsrelaterte studiar ved eit universitet i sør.

Utveksling

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar legg opp til eit studieopphald på eit semester ved eit universitet i Afrika, Asia eller Sør-Amerika.

Yrkesvegar

Gjennomføring av bachelorprogrammet vil kvalifisere for arbeid i norske og internasjonale organisasjonar og offentlege etatar som arbeider med bistand og utvikling. Erfaringar frå det tilrådde utanlandsopphaldet vil styrkje desse kvalifikasjonane.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i utviklingsstudiar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Poenggrenser ved forrige opptak: 46,5 / 45,4

Det første talet er ordinær kvote (ORD). Det andre talet er ordinær førstegangsvitnemålskvote (ORDF). Sistnemde er det som tidlegare vart kalla primærvitnemål.

Antall studieplasser

55 (talet på studieplassar kan bli justert).

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, sjå studere.uib.no/samfunn eller ta kontakt med studierettleiar på Institutt for sosialantropologi:

studierettleiar@sosantr.uib.no


Graden

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar fører fram til graden bachelor i utviklingsstudiar. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

For å få ein grad i utviklingsstudiar må du spesialisere deg i eitt av faga administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi eller sosialantropologi . Spesialiseringa du vel gir opptaksgrunnlag til masterstudium i faget.

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar har som føremål å gi ei forskingsbasert og fleirfagleg innføring i levevilkår og maktutøving i ulike samfunn, og globale prosessar i samband med multilateral og bilateral bistand. Ulike samfunnsvitskaplege perspektiv og tilnærmingar vert kombinerte. Eit hovudmål med studieprogrammet er å få fram variasjonane mellom samfunn, inkludert lokale, sosiale og kulturelle tilhøve og maktrelasjonar på lokale, nasjonale og globale nivå. Eit anna hovudmål er å kaste lys over både dei kreative og produktive og dei marginaliserande og undertrykkjande prosessane i ulike land og statar. Bachelorprogrammet førebur for ein lærar- eller forskarkarriere, for arbeid i internasjonale bistandsorganisasjonar, og for arbeid i ulike bedrifter og organisasjonar.

Utviklingsrelatert forsking er eit hovudsatsingsområde for Universitetet i Bergen. Studieprogrammet gir undervisning forankra i forsking ved institutta: administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, sosialantropologi og økonomi. Studenten får ei fleirfagleg forståing av sosiale og kulturelle tilhøve, lokale konsekvensar av globale prosessar, forvaltning av naturressursar, fattigdom, politisk og økonomisk makt, og andre relevante felt med utgangspunkt i universitetet si pågåande forsking i ulike deler av verda. I løpet av studiet får studentane tilbod om eit utanlandsopphald ved eit universitet i sør. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar inkluderer ei fagleg fordjuping i eit av dei medverkande faga, noko som gir grunnlag for masterstudiar i det valde fordjupingsfaget.

Utviklingsstudiet fokuserer på problemstillingar som har samband med sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske endringsprosessar. Dei som underviser på studieprogrammet er erfarne utviklingsforskarar frå områda geografi, sosialantropologi, statsvitskap (administrasjon og organisasjonsvitskap) og økonomi. Det er eit mål at du heilt frå starten av skal bli engasjert i tverrfaglege spørsmål i aktuell forsking, og at du stiller deg open til dialogar mellom dei ulike faglege perspektiva. For å styrkje dette engasjementet gir studiet høve til eit studieopphald ved eit universitet i sør. I løpet av studiet er du mellom anna innom emne som omhandlar:

  • Global utvikling
  • Stat og forvalting i utviklingsland
  • Ressursforvalting og utvikling
  • Utviklingsøkonomi
  • Sosialantropologi, intervensjon og utvikling

I dei to første semestra av programmet i utviklingsstudiar følgjer du eit felles opplegg. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar skal innehalde 20 studiepoeng med innføringsemne medrekna Ex.phil., samt fire emne frå dei medverkande faga; administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi (samla 1 års studium). Vidare må du ta tre semester med spesialisering innan eitt av dei fire medverkande faga. I det femte semesteret blir det gitt tilbod om eit utanlandsopphald ved eit universitet i Asia, Afrika eller Sør-Amerika. For deg som ikkje ønskjer å gjennomføre eit opphald i utviklingsland, blir det gitt tilbod om enda eit semester med undervisning, anten i emne frå dei medverkande faga, eller i relevante emne frå andre fag ved universitetet. I det siste semesteret skal du skrive ei bacheloroppgåve. Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusere på utviklingsrelaterte tema med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphaldet.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført bachelorgraden i utviklingsstudiar skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

  • Kandidaten skal ha tileigna seg brei kunnskap over globale utviklingsprosessar og global-lokale relasjonar.
  • Basert på element frå ulike fag som inngår i programmet, dvs., geografi, sosialantropologi, statsvitskap og økonomi, skal kandidaten ha utvikla innsikt i og forståing av utviklingsproblematikken.
  • Kandidaten skal ha opparbeidt seg kunnskap om korleis ulike aktørar (samfunn, bevegelsar, nettverk osb.) møter globale utfordringar og endringar.
  • Gjennom utanlandsopphald på eit universitet i Sør skal kandidaten ha gjort seg erfaringar og tileigna seg relevant kunnskap for studiet.

Ferdigheter

  • Kandidaten skal kunne undersøke, tenkje kritisk og reflektere over sosiale handlingar, institusjonar og naturlege system.
  • Kandidaten skal ha tileigna seg evne gjennom arbeid med kvalitativ og kvantitativ metode til å analysere komplekse utviklingsrelaterte problemstillingar.
  • Gjennom arbeidet med bacheloressayet (basert på utanlandsopphald og/eller litteraturstudiar) skal kandidaten ha oppøvd evne til å formulere presise og relevante problemstillingar, undersøke disse og framstille resultata.
  • Kandidaten skal ha fått fagleg relevant trening i å utforme ein akademisk tekst.

Generell kompetanse

  • Kandidaten skal ha trena opp evne til ryddig skriftleg og munnleg framstilling.
  • Kandidaten skal ha tileigna seg evne til sjølvstendig studie- og forskingsarbeid, organisering og planlegging av eige arbeid innanfor fristar.
  • Kandidaten skal kjenne til og respektere vitskaplege grunnverdiar.
  • Kandidaten skal kjenne til og respektere det forskingsetiske rammeverket.

Spesialisering

Sosialantropologi

Spesialisering i sosialantropologi skal ha gitt kandidaten grunnleggande kunnskap om teori, faghistorie, empiriske felt og geografiske regionar, samt antropologiske perspektiv på utviklingsproblematikk. Faget presenterer holistiske og praksisorienterte perspektiv på tematikkar knytt til global utviklings- og maktforhold.

Samfunnsøkonomi

Med spesialisering i samfunnsøkonomi skal kandidaten ha tileigna seg elementær kunnskap om analytiske og empiriske metodar i økonomi. Dette inneber at kandidaten kan forstå forskingslitteratur innan økonomi og formidle disse både munnleg og skriftleg.

Administrasjon og organisasjonsvitskap

Med administrasjon og organisasjonsvitskap som spesialisering skal kandidaten ha tileigna seg grunnkunnskapar, faktisk, metodisk og teoretisk i statsvitskap og kjenne til sentrale utviklingsteoretiske bidrag i faget. Faget er særleg oppteke av korleis politikkens organisering påverkar folks levekår og ulike samfunns relasjonar til andre og til globale utviklings- og maktforhold.

Geografi

Med geografi som spesialisering skal kandidaten ha tileigna seg grunnkunnskapar om analytiske og empiriske metodar i geografi-faget, og sentrale utviklingsteoretiske bidrag faget har utvikla med fokus på forholdet mellom natur og samfunn. Han/ho skal kunne forstå forskingslitteratur og formidle disse både munnleg og skriftleg.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Ex.phil., GLOB101, ECON115, GEO131, AORG106 og SANT220

Obligatoriske emne / spesialisering

Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusera på utviklingsrelaterte tema, med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphald.

Rekkefølje for emne i studiet

  • 1. semester: Ex.phil, GLOB101, ECON115
  • 2. semester: GEO131, AORG106, SANT220
  • 3. og 4. semester: Spesialisering i eitt av faga sosialantropologi, geografi, administrasjons- og organisasjonsvitskap eller samfunnsøkonomi
  • 5. semester: Tilrettelagt utvekslingsopphald ved eit universitet i sør, eventuelt fleire emne ved UiB.
  • 6. semester: Spesialisering, inklusiv bacheloressay

Delstudium i utlandet

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar legg opp til eit studieopphald på eit semester ved eit universitet i Afrika, Asia eller Sør-Amerika. Opphaldet er meint som ein moglegheit for studentane til å ta utviklingsrelaterte emne ved ein annan institusjon, samt få erfaring med samfunn og utdanning i eit land i sør.

Delstudiet inngår som ein integrert del av bachelorprogrammet. Det blir tilbudd råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad og innpassing av utanlandsstudiet i graden. Det anbefalast at utanlandsstudiet leggjast til 5. semester.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Kompetanse for vidare studium

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i det faget du vel å spesialisere deg i. Felles for masterprogramma er at dei skal styrkje dei analytiske og metodiske evnene dine. For alle masterprogramma blir det lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeidet med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking i ulike kurs og seminar.

Yrkesvegar

Gjennomføring av bachelorprogrammet vil kvalifisere for arbeid i norske og internasjonale organisasjonar og offentlege etatar som arbeider med bistand og utvikling. Erfaringar frå det tilrådde utanlandsopphaldet vil styrkje desse kvalifikasjonane.

Evaluering

Programmet evaluerast av ekstern programsensor.

Fagansvarleg

Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, Institutt for geografi, Institutt for sosialantropologi og Institutt for økonomi

v/ Programstyret i utviklingsstudiar

E-post: studieveileder@sosantr.uib.no

Telefon: (+47) 55 58 94 51

Administrativ ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: post@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/studieprogram/BASV-UTVIK

Telefon (+47) 55 58 92 50

Faks: (+47) 55 58 92 60

BASV-UTVIK/Bachelorprogram i utviklingsstudiar
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Obligatorisk emne
SP S A
Obligatorisk utenlandsopphold, Utviklingsstudier - -
Førsteårseme i utviklingsstudier (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-2 1
GLOB101 Global utvikling 10 1
ECON115 Utviklingsøkonomi I 10 1
GEO131 Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden 10 2
AORG106 Stat og forvaltning i utviklingsland 10 2
SANT220 Anthropology, Intervention and Development 10 2
Spesialisering i utviklingsstudier (krav: 90 SP)
Spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitenskap (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
AORG101 Organisasjonsteori 15 3-6 3
AORG104 Politisk teori og styreformar 15 3-6 4
AORG250 Bacheloroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap 15 3-6 6
MET102 Samfunnsvitskapleg metode 15 3-6 4
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
AORG209 Politisk styring og organisering 15 3-6 6
AORG210 Organisasjonsteori 15 3-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
AORG107 EU og internasjonale organisasjonar 15 3-6 3
AORG103 Politikk og forvalting 15 3-6 3
Spesialisering i geografi (krav: 90 SP)
GEO250 er obligatorisk for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudier som veljar spesialisering i geografi, men kan erstattast med geografifeltkurs på 200-nivå.
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO115 Kartografi og feltkartlegging 5 1-6 4
GEO204 Kvantitativ metode -1 5 1-6 4
GEO250 Bacheloroppgåve for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar og Bachelorprogram i Latin-Amerikastudiet 10 1-6 6
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO206 Kvalitativ analyse 5 1-6 4
GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis 10 1-6 3
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO111 Landformdannande prosessar 15 1-6 4
GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi 15 1-6 3
GEO121 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og stad 15 1-6 4
GEO123 Regional utvikling 10 1-6 3
GEO151 Feltkurs i samfunnsgeografi 5 1-6 3
GEO212 Terrestriske klima- og miljøendringar 15 1-6 6
GEO221 Globalisering og stadsutvikling 10 1-6 6
GEO231 Teorier om utvikling og migrasjon 10 1-6 3
GEO281 Miljøforvaltning og planlegging 10 1-6 3
GEO282 Kulturlandskapets geografi 10 1-6 6
GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs 10 1-6 6
GEO292 Regionalgeografisk feltkurs 10 1-6 6
Spesialisering i samfunnsøkonomi (krav: 90 SP)
Det er mulig å bytte ut emnet ECON140 med ECON141
Obligatoriske kurs i 2. eller 4. semester: ECON 110, 130, 140.
Obligatoriske kurs i påfølgende semester: ECON 210, 230, 240.
Utenlandsopphold i 3. eller 5. semester
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsøkonomi 10 1-6 4
ECON130 Makroøkonomi I 10 1-6 4
ECON140 Matematikk for økonomer 10 1-6 4
ECON210 Velferd og økonomisk politikk 10 1-6 5
ECON230 Makroøkonomi II 10 1-6 5
ECON240 Statistikk og økonometri 10 1-6 5
ECON290 Bacheloroppgave 10 1-6 6
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON121 Helseøkonomi 10 1-6 6
ECON160 Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk 10 1-6 6
ECON216 Miljø- og ressursøkonomi I 10 1-6 6
ECON218 Næringsstruktur og internasjonal handel 10 1-6 6
ECON220 Velferdsstatens økonomi 10 1-6 6
ECON228 Europeisk økonomisk integrasjon 10 1-6 6
ECON261 Investering og finansiering I 10 1-6 6
ECON141 Videregående matematikk og optimering 10 1-6 4
ECON231 Internasjonal makroøkonomi 10 1-6 6
ECON225 Politisk økonomi - økonomiske perspektiver 10 1-6 4
Spesialisering i sosialantropologi (krav: 90 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv 15 1-6 4
SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi 15 1-6 4
SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon 15 1-6 3
SANT105 Makt: uttrykk og løyning 15 1-6 3
SANT215 Komparativ regional etnografi 15 2-6 6
SANT260 Bacheloroppgåve 15 2-6 6
Studieopphold i utlandet (krav: 30 SP)
I utgangspunktet er det lagt opp til utreise i 5.semester, men du kan unntaksvis søkje om å reise 3. eller 4. semester. Ved spesialisering i samfunnsøkonomi kan du reise ut i 3. eller 5. semester.
Obligatorisk emne
SP S A
Obligatorisk utenlandsopphold, Utviklingsstudier - -
Permisjon for bachelorstudentar