Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i folkehelse og helsefremjande arbeid

ingressbilde

Introduksjon

Helsefremjande arbeid utgjer ein viktig del av dei sentrale helsepolitiske føringane i Noreg. Korleis kan ein sikre befolkninga betre helse og trivsel gjennom tiltak i lokalsamfunn, skule, arbeidsliv og helsetenesta? Kva har sosiale forskjellar og ulike levekår å seie for helsa i befolkninga? Korleis kan ein evaluere verknaden av helsefremjande tiltak?

Helsefremjande arbeid rettar seg mot heile den sosiale ramma som menneska lev liva sine i. Å ha god helse inneber å kunne medverke som sjølvstendig samfunnsmedlem på ein meiningsfylt måte. Kva har økonomiske, kulturelle og samfunnsmessige faktorar å seie for den enkelte si helse? Og kva har desse faktorane å seie for dei ulike arenaene som har innverknad på helsa, slik som familie, nabolag, skule, arbeidsplass eller den kommunen vi lev våre liv i?

Utdanninga opnar for tilsetjing i offentleg forvalting, næringsliv, frivillige organisasjonar og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse og korleis ein kan fremje helse er etterspurt.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet er tverrfagleg og inneheld emne frå samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag. Vårsemesteret i det andre studieåret vil ein konkret jobbe med eit forskingsprosjekt i praksisfeltet helsefremjande arbeid, anten i fylkeskommune, kommune eller frivillig sektor.

Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i helsefag, som for eksempel helsefremjande arbeid og helsepsykologi, i tillegg til det engelskspråklege Master´s programme in Health Promotion. Det finst òg andre relevante masterstudium i Noreg og utlandet som du kan søkje på.

Forsking

UiB har eit eige senter som forskar på helsefremjande arbeid, miljø og livsstil, og som er det leiande senteret i Norden innanfor dette fagområdet. Vi har ulike forskingsprosjekt der vi ser på verknaden av helsefremjande tiltak i skulen, i familien og på arbeidsplassen.

Sjå også desse studia

Generell psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, profesjonsstudiet i psykologi, samfunnsøkonomi, administrasjon og organisasjonsvitskap, sosiologi, medisin, odontologi, tannpleie, farmasi, human ernæring.

Visste du at ...

For et par år sia deltok nokre studentar på prosjektet ´Mangfald i praksis´, der målet er at fleire kvalifiserte innvandrarar skal bli tilsett på ulike nivå i Bergen kommune.

Oppbygging

Studieprogrammet skal innehalde følgjande:

  • 30 studiepoeng med innføringsemne.
  • 90 studiepoeng med spesialisering innanfor folkehelse og helsefremjande arbeid inkludert metode.
  • 60 studiepoeng valfrie emne der alle eller delar kan veljast frå andre fag.

Under ser du korleis bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid er lagt opp.

1. semester

2. semester

3. semester

  • Valfrie emne (15 sp)
  • ECON121 Helseøkonomi (10 sp)
  • HEMB201 Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)

4. semester

  • HEMB210 Settingar og evaluering av helsefremjande arbeid (15 sp)
  • HEMB111 Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp)

5. semester

  • Valfrie emne (30 sp)

6. semester

  • Valfrie emne (15 sp)
  • HEMB200 Bacheloroppgåve (15 sp)

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du må gjerne ta eitt eller fleire emne ved andre universitet. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet (sjå oversikta under oppbygging). Fleire av våre studentar har hatt svært utbytterike opphald ved andre universitet.

Yrkesvegar

Gjennom studiet får du brei og nyttig kompetanse i folkehelse og helsefremjande arbeid. Å evaluere og utvikle helsefremjande tiltak er òg sentralt. Denne kompetansen opnar for arbeid i offentleg forvalting, næringsliv, frivillige organisasjonar og anna arbeidsliv der kunnskap om helse og trivsel er etterspurd.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 46,7
Førstegangsvitnemål: 40,4

Antall studieplasser

40

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10

Mål og innhald

Bachelor i helsefremjande arbeid skal gje studentane kvalifikasjonar innan folkehelsearbeid, særskild helsefremjande og førebyggjande arbeid. Studentane skal tileigne seg oversyn over helsetilstanden i befolkninga på viktige område som fysisk og psykisk helse, samt risikofaktorar og ressursfaktorar for helse. Studiet rettar fokus mot samfunn og individ, lovgjevnad, økonomi og kva dette har å seie for helse og sjukdom hjå menneske. Studentene skal vidare vere i stand til å vurdere verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, og ha innsyn i utvikling og evaluering av ulike tiltak.

Graden er eit samarbeidsprosjekt mellom Det psykologiske fakultet, Det samfunnsvitskaplige fakultet, Det historisk-filosofiske fakultet og Det medisinske fakultet. Avdeling for utdanning og helse ved Det psykologiske fakultet har koordineringsansvar for graden.

Opptakskrav

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er der ingen særskilde krav til forkunnskapar.

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no/info/

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid.

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt og om fagspesifikk historie og vitskapsteori. Førstesemesterstudiet utgjer 30 studiepoeng og er satt saman av:

  • Ex.phil. (10 sp) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking.
  • EXFAC03P: Examen facultatum, psykologi (10 sp) tek for seg faget sitt teoretiske og metodiske fundament.
  • POH100: Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid.

Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

Obligatoriske emne / spesialisering

Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:

  • PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) gir ei innføring i metode, og det tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. (Dei som har PSYK102 frå før tek PSYK202B).
  • HEMB110: Folkehelse og helsefremjande arbeid (15 sp) vil gje ei introduksjon og trekkja fram nokre av dei tverrfaglege utfordringane innanfor feltet helsefremjande arbeid.
  • ECON221: Helseøkonomi (10 sp). Emnet høyrer til SV-fakultetet.
  • HEMB201: Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)
  • HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) vil setje helsefremjande arbeid inn i ein vidare historisk og kulturell samanheng. Emnet høyrer til HF-fakultetet.
  • HEMB210: Settinger og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp) vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å betre forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak.
  • HEMB200: Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skriftleg arbeid. Vidare er oppgåva ein god moglegheit til å gå i djupet på eit relevant tema

Alle emna som går inn i spesialiseringa er obligatorisk for graden. PSYK202A kan etter søknad erstattast med tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

  • Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Studentane kan her få innpass for tidligare godkjend høgare utdanning eller ta godkjende emne på høgare utdanning i utlandet. I dei valfrie emna kan du velje nesten alle fag på høgskule- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag.

Rekkefølje for emne i studiet

Ingen, men det tilrås at ein følgjer planforslaget.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du må gjerne ta eitt eller fleire emne ved andre universitet. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet (sjå oversikta under oppbygging). Fleire av våre studentar har hatt svært utbytterike opphald ved andre universitet.

Undervisningsmetodar

I undervisninga vert det nytta varierte læringsformer som førelesingar, gruppearbeid, seminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Einskilde emne vil nytte "Problembasert Læring" (PBL) som læringsform. Det vert lagt opp til aktiv studentdeltaking i undervisninga i form av diskusjon og framlegg av eige og grupper sitt arbeid.

Administrativ ansvarleg

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10

Vurdering / Eksamensformer

I samband med kvart einskilde emne vert det gitt skriftlege oppgåver eller eksamenar. Ved godkjenning av emne er deltaking i øvingar, presentasjonar og aktivitetar som kursleiaren fastsett ein føresetnad.

Yrkesvegar

Utdanninga opnar for yrkesmoglegheiter i helseforvaltninga og frivillige organisasjonar. Studiet vil også gje kompetanse for tilsetjing innan skule og anna arbeidsliv der kunnskapar om folkehelse og helsefremjande arbeid er etterspurd.


Studiet vil gje grunnlag for opptak til den internasjonale "Master of Philosophy in health promotion" utdanninga og Masterprogrammet i helsefag - helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultet.

Læremiddelomtale

Ressursliste med anbefalt litteratur vil bli gitt til kvart emne.

Planforslag

1. semester:

  • Examen philosophicum (10 sp)
  • EXFAC03P: Examen facultatum (10 sp)
  • POH100: Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)

2. semester:

  • HEMB100: Helsefremjande arbeid og .helsepsykologi (15 sp)
  • PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) (eller PSYK202B for dei som har PSYK102 frå før)

3. semester:

  • HEMB101: Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk (15 sp)
  • ECON221: Helseøkonomi (10 sp) - SV-fakultetet
  • HEMB201: Litteratursøk og litteratursyntese (5 sp)

4. semester:

  • HEMB202: Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak (15 sp)
  • HEMB111: Historiske og kulturelle perspektiv på helse (15 sp) - HF-fakultetet

5. semester:

  • Valfrie emne (30 sp)

6. semester:

  • HEMB200 Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid (15 sp)
  • Valfrie emne (15 sp)
BATF-HEFR/Bachelorprogram i folkehelse og helsefremjande arbeid
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Innføringsemner - pedagogikk og helsefremmende arbeid (krav: 30 SP)
Husk at du må velge en av exphil-variantene.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC03P Examen facultatum, Psykologi 10 1-6 1
POH100 Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-PSSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Spesialisering i folkehelse og helsefremmende arbeid (krav: 90 SP)
PSYK202A eller PSYK202B er obligatorisk emne i spesialiseringen. Velg PSYK202A med mindre du har PSYK102 fra før. PSYK202A og PSYK102 overlapper og gir en studiepoengreduksjon på 5 studiepoeng. Dersom du har PSYK102 fra før velger du PSYK202B.
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HEMB110 Folkehelse og helsefremjande arbeid 15 1-6 2
ECON121 Helseøkonomi 10 1-6 3
HEMB201 Litteratursøk og litteratursyntese 5 1-6 3
HEMB111 Historiske og kulturelle perspektiv på helse 15 1-6 4
HEMB210 Settingar og evaluering av helsefremjande arbeid 15 1-6 4
HEMB200 Bacheloroppgåve i helsefremjande arbeid 15 1-6 6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
PSYK202A Psykologiske forskingsmetodar A 15 1-6 2
PSYK202B Psykologiske forskningsmetoder B 15 1-6 2
Valfrie emne (60 studiepoeng) (krav: 60 SP)