Hjem
Click

Utdanning

Bachelorprogram i miljø- og ressursfag, samfunnsvitskapelig retning

  • Studiepoeng180
  • Poenggrense50.2/47.3
  • Lengde3 år
  • Studieplassar9 (Talet på studieplassar kan bli justert)

Introduksjon

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet hausten 2017.

Kva kan du bli

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag legg vekt på auka samfunnsorientering og erkjenning av kor viktig det er å ha ein tverrfagleg bakgrunn. Tverrfagleg utdanning gir eit godt grunnlag for å utvikle den kompetansen som dei enkelte verksemdene treng. Dermed er din kompetanse ein ressurs i næringsliv og forvalting. Det er dessutan nyttig med ein tverrfagleg bakgrunn dersom du siktar deg inn mot ei forskarkarriere.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Studievegar

  • Bachelor (3 år)

Det treårige studiet kombinerer miljø- og ressursemne frå både naturvitskapane og frå samfunnsvitskapane. Studentar på bachelorprogramma i miljø- og ressursfag vel mellom studievegane kjemi eller biologi for den naturvitskapelege retninga og samfunnsøkonomi eller geografi for den samfunnsvitskaplege retninga. Emne frå studievegen inngår i spesialiseringa saman med tverrfaglege emne, naturvitskaplege emne og samfunnsfaglege emne.

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du søke på eit toårig masterprogram i geografi, samfunnsøkonomi, kjemi eller biologi. Kvalifisering til dei ulike masterprogramma blir gjort ved å velje ein studieveg mot ønska masterprogram.

  • Forsking

Forskinga på fagfeltet kombinerer fag som biologi, kjemi, geografi og økonomi, ein kombinasjon som vil være nødvendig for løysing av viktige miljø- og ressursutfordringar både i eit lokalt, regional, nasjonalt og globalt perspektiv.

  •  Sjå også desse studia

Geografi, biologi, kjemi, samfunnsøkonomi, utviklingsstudiar.

Overgangsordningar

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Oppbygging

Oppbygging

 Bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag skal innehalde innføringsemnet ex.phil., og 90 studie¬poeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor miljø- og ressursfag. Du kan velje delar av dei siste 80 studiepoenga frå andre fag. Valemne må veljast etter valt studievei.

Alle studentane på programmet har eit felles førstesemester med emna ECON100, MNF115 og KJEM100. Innføringsemnet ex.phil tar ein i 2. semester (vår).

Programmet er bygd opp følgande obligatoriske emne (kvart på 10 studiepoeng)

  • EXPHIL - examen philosophicum (seminar eller eksamensmodell)
  • MNF115 Naturvitskaplege perspektiv på berekraftig utvikling
  • KJEM100 Kjemi i naturen eller KJEM110 Kjemi og energi
  • GEO281 Miljøforvaltning og planleggin
  • ECON116 Miljø- og ressursøkonomi
  • MNF110 Miljø, klima og historia til mennesket
  • FIL236 Miljøetikk

I tillegg vel du 30 studiepoeng med spesifiserte miljø- og ressursemne frå ei valt studieveg (Studieveg mot master i geografi, samfunnsøkonomi eller biologi).

Følgande emne anbefalast som spesialisering i dei ulike studievegane:

Semestra for emne blir tilpassa eigne ønske og kva studieplassar som er tilgjengelege. Dersom du skal gå vidare på eit masterprogram, må du fylle opptakskrava for det aktuelle programmet, og bruke dei som rettleiing når du vel dei valfrie emna dine. Miljø- og ressursstudium inngår i dei fleste faga ved universitetet og kan derfor kombinerast med ei rekkje fag innanfor naturvitskap, samfunnsvitskap, historisk-filosofiske fag, jus og psykologi. Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, seminar og skriving for læring.

Anbefalte emnekombinasjonar for kvalifisering til masteropptak ved de ulike programma knytta til miljø- og ressurs finnst her: http://www.uib.no/bio/56400/bachelor-i-milj%C3%B8-og-ressursfag

Bachelorprogram i miljø- og ressurssstudier (krav 180 SP)
Studieretning
Bachelorprogram i miljø- og ressursfag, samfunnsvitskapleg retning (krav 180 SP)
Innføringsemne (krav 10 SP)
Seminarmodellen på ex.phil er eit tilbud i 2.semester til studentar på miljø- og ressursfag, biologi, havbruksbiologi og fiskehelse
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–82
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell102
Spesialisering (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON116Miljø- og ressursøkonomi 101–61
GEO281Miljøforvaltning og planlegging101–63
KJEM100Kjemi i naturen101–61
MNF115Naturfagleg perspektiv på berekraftig utvikling101–61
FIL236Miljøetikk101–63
MNF110Miljø, klima og menneskets historie101–63
Studievei
Studievei geografi (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GEO111Landformdannande prosessar151–62
GEO124Regional utvikling151–62
Studievei samfunnsøkonomi (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON110Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori101–64
ECON130Makroøkonomi I101–64
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON140Matematikk for økonomer101–64
ECON141Videregående matematikk og optimering101–64
Valfritt emne (krav 80 SP)
Vel fritt emnar som til saman utgjer 80 studiepoeng
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

 Generell studiekompetanse

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiar på:

studierettleiar.mnfa@uib.no

eller på telefon 55 58 30 30