Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i arabisk

ingressbilde

Oppstart

Haust.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i arabisk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Mastergraden i arabisk skal gi studentane djupare fagleg og metodisk innsyn, dels gjennom eit utvida studium av språket og dels gjennom eit djupare studium av eit avgrensa område, der studentane får rettleiing. Det problemet som masteroppgåva konsentrerer seg om, kan til dømes være språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk, osb. Det kan òg liggja innanfor andre disiplinar som til dømes økonomi, politikk, jus, utviklingsstudiar, sosionomi, med meir, når studenten kan presentera gode grunnar for det. I slike høve vil studenten kunna få ein siderettleiar frå eit relevant institutt eller senter. I oppgåva skal en vise at en har førstehandskjennskap til kjeldematerialet, kritisk overblikk over tidlegare forsking og evne til å bruke vitskapleg synsmåte og metode.

Mål og innhald

Masterprogrammet i arabisk skal gi deg solid fagleg og metodisk innsikt. Studiet har to hovuddelar, ein kursdel og ei masteroppgåve. I kursdelen skal du arbeide med eit utvida studium av språket, litteraturen og andre aspekt ved det arabiske samfunnet. I den siste delen av studiet skal du skrive ei masteroppgåve. Du blir oppmoda om å leggje inn eit opphald i eit arabisktalande land som ein del av studiet.

Fagleg profil

Masterprogrammet i arabisk er prega av stor breidd i forskingsemna og den tverrfaglege profilen. Dei fagleg tilsette har særleg erfaring med språk og kultur i Egypt, Syria, Sudan, Tyrkia og Iran. Faget har i tillegg eit tett samarbeid med Senter for Midtausten- og islamske studiar, som samlar all kompetanse om Midtausten ved UiB. Tverrfaglege masterseminar er eitt av tilboda frå senteret.

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i arabisk kan sjå slik ut:

1. semester:


2. semester:

  • ARA303- Metodologi 1 (eller anna metodologiemne) 15 sp
  • ARA304- Metodologi 2 (eller anna metodologiemne) 15 sp


3. og 4. semester:

  • ARA350- Masteroppgåve 60 sp (ev. datainnsamling)

sp= studiepoeng

Masteroppgåve

Masteroppgåva er ei vitskapleg undersøking av eit emne som du vel i samråd med rettleiaren din. Problemet som masteroppgåva konsentrerer seg om kan vere språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk eller noko anna. Du kan også velje eit tverrfagleg tema, for eksempel innanfor andre disiplinar som økonomi, politikk, jus, utviklingsstudium eller sosiologi. I oppgåva skal du vise at du har førstehandskjennskap til kjeldematerialet, kritisk overblikk over tidlegare forsking og evne til å bruke vitskapleg synsmåte og metode. I tillegg kan evna til å formidle forsking til eit breiare publikum vere viktig.

Metode

Fordi masteroppgåva i arabisk kan skrivast innan mange ulike emne, vil ho krevje eit tilsvarande spekter av metodar. For alle typar masteroppgåver gjeld det at ein vesentleg del av studietida må gå med til å samle materiale og setje seg inn i den vitskaplege diskusjonen omkring det temaet som er valt.

Oppstart

Haust.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak til masterstudiet er 90 studiepoeng i arabisk, eller tilsvarande. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i arabisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å være godkjend spesialisering i arabisk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og omtale av dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Poenggrense ved siste opptak

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.

Delstudium i utlandet

Etter godkjend søknad, kan studentane skifta ARA301 og ARA302 ut med kurs ved ein utanlandsk institusjon. Dessutan kan, etter avtale med rettleiaren, ARA350 skrivast i utlandet.

Meir infomasjon

uib.no/fremmedsprak
studierettleiar@if.uib.no / 55 58 23 33

Mål og innhald

Mastergraden i arabisk skal gi studentane djupare fagleg og metodisk innsyn, dels gjennom eit utvida studium av språket og dels gjennom eit djupare studium av eit avgrensa område, der studentane får rettleiing. Det problemet som masteroppgåva konsentrerer seg om, kan til dømes være språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk, osb. Det kan òg liggja innanfor andre disiplinar som til dømes økonomi, politikk, jus, utviklingsstudiar, sosionomi, med meir, når studenten kan presentera gode grunnar for det. I slike høve vil studenten kunna få ein siderettleiar frå eit relevant institutt eller senter. I oppgåva skal en vise at en har førstehandskjennskap til kjeldematerialet, kritisk overblikk over tidlegare forsking og evne til å bruke vitskapleg synsmåte og metode.

Læringsutbyte/resultat

Opplegget skal både kontrollera og utdjupa dei allmenne språkkunnskapane og teoretiske kunnskapane som studentane vil trenga for å bruka arabisk som forskingsreiskap. Oppgåva skal vise at studentane har førstehandskjennskap til kjeldematerialet, kritisk overblikk over tidlegare forsking og evne til å bruke vitskapleg synsmåte og metode.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak til masterstudiet er 90 studiepoeng i arabisk, eller tilsvarande. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i arabisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å være godkjend spesialisering i arabisk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og omtale av dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre mastergraden i arabisk må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Innføringsemne

Ingen

Obligatoriske emne / spesialisering

ARA301, ARA302 og ARA350

Tilrådde valemne

ARA303 og ARA304 eller tilsvarande.

Studentar som ønskjer å ta andre emne blir tilrådde å ta fakultetet sine fellesemne i språkvitskap, litteratur eller religion, samt andre emne som kan utdjupe studenten sitt teoretiske grunnlag for å skrive masteroppgåva.

Rekkefølje for emne i studiet

ARA301 Fellespensum (15 sp), haust, obligatorisk. Bygger på ARA201 og ARA252, eller tilsvarande.

ARA302 Særpensum (15 sp), haust, obligatorisk. Bygger på ARA201 og ARA252, eller tilsvarande.

ARA303 Metodologi 1 (15 sp), vår, valfri. Bygger på ARA301 og ARA302.

ARA304 Metodologi 2 (15 sp), vår, valfri. Bygger på ARA301 og ARA302.

ARA350 Masteroppgåva (60 sp), vår og haust, obligatorisk. Bygger på ARA301-304.

Emne som kan skiftast ut: Det er mogleg å skifta metodologiemna (ARA303, ARA304) og, etter særskilt søknad, ARA302, ut med emne frå andre institutt eller institusjonar.

Krav til progresjon i studiet

Mastergraden er normert til fire semester fulltidsstudium.

Studiet omfattar eit fellespensum (15 studiepoeng), eit disiplinorientert pensum (15 studiepoeng), eit fagspesifikt metodologisk fordjupingssemester, som består av to emne på 15 studiepoeng kvar, og skriving av ei masteroppgåve (60 studiepoeng). Masteroppgåva og anna skriftleg arbeid skal til vanleg leverast på eit skandinavisk språk eller på engelsk.

Det første semesteret av masteropplegget blir som regel brukt til språkstudiet og val av emne for masteroppgåva. Seinast i løpet av andre semester blir det utpeika og godkjent ein rettleiar (eventuelt også ein siderettleiar) for studentane. Den allmenne delen av mastergradsavtala blir underskriven ved starten av studiet. Rettleiingsavtala kan bli underskriven samstundes, eller i starten av det andre semesteret.

Hovudopptak til masterstudiet skjer om hausten.

Progresjonstabell med start om hausten:

1. semester: ARA301 og ARA302

2. semester: ARA303 og ARA304 (eller andre metodologiemne)

3. semester: datainnsamling/oppgåveskriving

4. semester: oppgåveskriving

Progresjonstabell med start om våren:

1. semester: ARA303 og ARA304 (eller andre metodologiemne)

2. semester: ARA301 og ARA302

3. semester: datainnsamling/oppgåveskriving

4. semester: oppgåveskriving

NB. Eksamen i ARA303 og ARA304 kan utsetjast til slutten av tredje semester for å gi studentane høve til å være eit heilt år i eit arabisktalande land.

Delstudium i utlandet

Etter godkjend søknad, kan studentane skifta ARA301 og ARA302 ut med kurs ved ein utanlandsk institusjon. Dessutan kan, etter avtale med rettleiaren, ARA350 skrivast i utlandet.

Undervisningsmetodar

Kursa inneheld normalt felles førelesingar og felles eller individuell rettleiing. Førelesingane omfattar utdjupande tekstanalysar samt diskusjon av grammatiske fenomen i arabisk. Pensumet inneheld både klassiske og moderne arabiske tekstar, som presenterer et breitt utval av skjønnlitteraturtekstar, fagprosa og pressetekstar.

Vurderingsformer

Skoleeksamen, munnleg eksamen, heimeeksamen og oppgåver.

Kompetanse for vidare studium

Studiet har som mål å utvikle kompetanse til å halda fram med forsking som baserer seg på arabiske kjelder (doktorgrad eller anna profesjonell forsking).

Yrkesvegar

Masterprogrammet i arabisk kvalifiserer for arbeid der kjennskap til arabisk er etterspurd. Døme på dette kan være offentlege etatar, utviklingsarbeid og institusjonar i Noreg som har kontaktar med arabisktalande land. Innan media og journalistikk treng ein menneske med kunnskap om arabisktalande land, språk og litteratur, delar av næringslivet rettar seg mot marknader i Midtausten, og internasjonale organisasjonar har tidvis bruk for konsulentar, ekspertar og hjelpearbeidarar med arabisk språk- og kulturkompetanse. Utdanninga kan òg brukast til undervisning og forsking ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt.

Evaluering

Opplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

MAHF-ARAB/Masterprogram i arabisk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Masterprogram i arabisk - kursdel (krav: 60 SP)
Masterprogram i arabisk - kursdel- obligatoriske emner
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ARA301 Arabisk fellesspråkpensum 15 1-4 1
ARA302 Arabisk særpensumspråk 15 1-4 1
ARA303 Arabisk: Metodologi I 15 1-4 2
ARA304 Arabisk: Metodologi II 15 1-4 2
Masterprogram i arabisk - kursdel- valgfrie emner
Masterprogram i arabisk - oppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ARA350 Arabisk mastergradsoppgåve 60 1-4 3
Masterprogram i arabisk - veiledningskontrakt
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterstudenter i arabisk - -