Masterprogram i arkeologi
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i arkeologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig studium som byggjer på bachelorgraden, med ei spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng. Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng, og femnar både praktisk og teoretisk arkeologi. Det tek sikte på å øve opp studentane si evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Gjennom kurs, seminar og det individuelle arbeidet med masteroppgåva skal studenten få god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og lære seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget.
Arkeologi ved Universitetet i Bergen har ein norsk, nordisk og internasjonal profil. Det blir lagt særleg vekt på den heimlege og nordiske fortida, som blir studert i eit vidare geografisk perspektiv i dei forskjellige periodane. Studietilbodet i Bergen skil seg ut ved at undervisninga ikkje berre dekkjer norske og skandinaviske tilhøve, men dekker òg Midtausten, klassisk og afrikansk arkeologi. Arkeologane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er engasjert i prosjekter i Vest-Noreg, Fennoskandia, Nordvest- Russland i nord, og sørover til Middelhavsområdet, Midtausten og ulike område i Afrika. Felles for forskinga er at lokale prosesser og hendingar blir studert i regionale og overregionale perspektiv, ofte i eit langtidsperspektiv. Studiar av rurale og urbane landskap, erverv og busettingsmønster, teknologisk utvikling og identitet er sentrale emne.
Masteroppgåva er ein vitskapleg studie av eit emne som er valt i samråd med rettleiaren. Emna kan vere basert på arkeologiske data, men kan òg ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, eller tema innan forvalting og formidling. Gjennom skrivinga skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og meistring av metodar og teori. Instituttet har som mål å gje rettleiing innan dei fleste relevante fagområda, men tek atterhald om rettleiingskapasitet.
Rettleiar er ein sentral støttespelar i arbeidet med masteroppgåva og ein person som har arbeidd mykje med fagfeltet du vel. På denne måten får du hjelp til og velje tema og problemstillingar, du får hjelp til litteraturval og til kva kjelder ein bør bruke. Rettleiar blir tildelt i det første semesteret av masterprogrammet.
Fagleg profil
Masterprogrammet i arkeologi har både ei regional og ei internasjonal orientering. Faget legg særleg vekt på nordisk førhistorie, nordisk mellomalder, klassisk arkeologi og ikkje-europeisk arkeologi. Arkeologi ved Universitetet i Bergen har hatt eit regionalt tyngdepunkt i Vest-Noreg. Det geografiske området har dei siste tiåra blitt utvida og omfattar no også ikkje-europeisk arkeologi og klassisk arkeologi. Faget sin styrke ligg i denne todelinga; både det lokale og det globale perspektivet er varetekne. Det metodiske og teoretiske perspektivet er også blitt utvida med vektlegging av den materielle kulturen sin eigenart som studieobjekt og kjelde, og med vekt på dei romlege aspekta i samband med geografisk og kulturell kontekst, det kulturskapte landskapet.
Oppbygging av studiet
Det første året tek du ulike emne til dømes eit praksiskurs i arkeologiske feltundersøkingar og emne innanfor prosjektførebuing og metode. Det siste året er hovudsakleg konsentrert omkring masteroppgåva.
Eit masterprogram i arkeologi kan sjå slik ut:
1. semester
ARK301 Arkeologisk praksis
ARK302 Landskap, kulturminne, forvalting
2. semester
ARK303 Prosjektskildring
ARK304 Spesialemne
ARK305 Metode
3. og 4. semester
ARK350 Masteroppgåve
Masteroppgåve
Masteroppgåva er ei vitskapleg undersøking av eit emne som du vel i samråd med rettleiaren din. Emnet kan vere basert på arkeologiske data, men kan også ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne eller tema innanfor forvalting og formidling. Du skal gjennom skrivinga finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og praktisk meistring av metodar og teori.
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Opptakskrav
Ein godkjend bachelorgrad med spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Delstudium i utlandet
Fagmiljøet kan etter søknad godkjenne at relevante emne for masteroppgåva ved universitet i utlandet kan utgjere inntil 30 stp av kursdelen i mastergraden.
Meir infomasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Mål og innhald
Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig studium som byggjer på bachelorgraden, med ei spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng. Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng, og femnar både praktisk og teoretisk arkeologi. Det tek sikte på å øve opp studentane si evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Gjennom kurs, seminar og det individuelle arbeidet med masteroppgåva skal studenten få god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og lære seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget.
Arkeologi ved Universitetet i Bergen har ein norsk, nordisk og internasjonal profil. Det blir lagt særleg vekt på den heimlege og nordiske fortida, som blir studert i eit vidare geografisk perspektiv i dei forskjellige periodane. Studietilbodet i Bergen skil seg ut ved at undervisninga ikkje berre dekkjer norske og skandinaviske tilhøve, men dekker òg Midtausten, klassisk og afrikansk arkeologi. Arkeologane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er engasjert i prosjekter i Vest-Noreg, Fennoskandia, Nordvest- Russland i nord, og sørover til Middelhavsområdet, Midtausten og ulike område i Afrika. Felles for forskinga er at lokale prosesser og hendingar blir studert i regionale og overregionale perspektiv, ofte i eit langtidsperspektiv. Studiar av rurale og urbane landskap, erverv og busettingsmønster, teknologisk utvikling og identitet er sentrale emne.
Masteroppgåva er ein vitskapleg studie av eit emne som er valt i samråd med rettleiaren. Emna kan vere basert på arkeologiske data, men kan òg ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, eller tema innan forvalting og formidling. Gjennom skrivinga skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og meistring av metodar og teori. Instituttet har som mål å gje rettleiing innan dei fleste relevante fagområda, men tek atterhald om rettleiingskapasitet.
Rettleiar er ein sentral støttespelar i arbeidet med masteroppgåva og ein person som har arbeidd mykje med fagfeltet du vel. På denne måten får du hjelp til og velje tema og problemstillingar, du får hjelp til litteraturval og til kva kjelder ein bør bruke. Rettleiar blir tildelt i det første semesteret av masterprogrammet.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Masterprogrammet i arkeologi er forskingsbasert og gir ny innsikt og kunnskap om ulike faglege område, basert på analytiske metodar, faghistorisk, kritisk tilnærming og forskingsetikk. Kandidaten har kunnskap om planlegging og gjennomføring av forskingsoppgåver, og kan formulere relevante problemstillingar og omfang av aktuelt materiale. Studentane har evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Kandidaten har dessutan avansert kunnskap om det avgrensa område som handsamast i masteroppgåva.
Ferdigheiter:
Programmet gir grunnlag for ulike tilnærmingar til arkeologi i samfunnet som forvaltning, vern, formidling og forsking. Etter å ha delteke på kurs, seminar, og rettleiing og arbeidd individuelt med masteroppgåva har studenten god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og har lært seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget. Den viktigaste delen i programmet er masteroppgåva. Ein kandidat som har skrive ei masteroppgåve i arkeologi har ny kunnskap om eit nærmare avgrensa emneområde og veit korleis forskingsbasert kunnskap ervervast og formidlast gjennom analyse og argumentasjon.
Generell kompetanse:
Studentane kan formulere og gjennomføre ulike sjølvstendige prosjekt. Kandidatane kan formidle resultat gjennom kronikkar og vitskaplege artiklar. Dei har og kompetanse til analytiske og administrative oppgåver.
Opptakskrav
Ein godkjend bachelorgrad med spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng.
Tilrådde forkunnskapar
Det er tilrådd at studentane har gode engelskkunnskapar.
Obligatoriske emne / spesialisering
Følgjande emne er obligatoriske i kursdelen:
ARK301 Arkeologisk praksis, 15 stp
ARK303 Prosjektskildring, 10 stp
ARK305 Arkeologisk metode, 10 stp
Dessutan eitt av desse emna:
ARK304 Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi, 10 stp
ARK314 Advanced Field and Laboratory Methods Course, 10 stp
ARK306 Teknikkar i arkeologifaget, 10 stp
Valemne:
ARK302 Landskap, kulturminne og forvalting, 15 stp (tilrådd)
ARK312 Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne, 15 stp
Obligatorisk avslutting på andre studieår: ARK350 Mastergradsoppgåve i arkeologi, 60 stp
Tilrådde valemne
Landskap, kulturminne og forvaltning, ARK302
Rekkefølje for emne i studiet
Masterstudiet i arkeologi omfattar to delar: Det første året av studiet innheld ein kursdel (til saman 60 studiepoeng) medan andre året har fokus på sjølve masteroppgåva, eit ca. 70-siders skriftleg forskingsarbeid, under fagleg rettleiing (i alt 60 studiepoeng).
Det første haustsemesteret tek alle studentane det obligatoriske feltkurset Arkeologisk praksis (ARK301), som er eit praktisk kurs i registrering, utgravingsmetodar, dokumentasjon og rapportarbeid. Dei fleste studentar tek òg valemnet Landskap, kulturminne og forvalting (ARK302) som gir innsikt i lovverket og i ulike verneteoriar. Dette emnet gir praktisk trening i å vurdere kulturminne i ulike landskap, og dessutan i å formidle kunnskap om dei. Masterstudentar kan òg velje emnet Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne (ARK312).
Vårsemesteret omfattar tre emne, alle på 10 studiepoeng. Alle studentane må skrive ei prosjektskildring for masteroppgåva (ARK303). Vidare må alle ta emnet Arkeologiske metode (ARK305: obligatorisk) som omhandlar ulike arkeologiske analysemetodar, mellom anna GIS, datering, distribusjon og klassifikasjon, der studentane òg får praktiske oppgåver. I tillegg skal studentane velje eit tredje emne, i høve til kva tema dei planlegg å skrive masteroppgåve om. De kan vere eit spesialemne knytt til temaet for masteroppgåva (ARK304), der dei enten skriv ein artikkel eller held eit foredrag, for å utvide kunnskapsgrunnlaget i forkant av masteroppgåva. Alternativt kan dei ta et emne om teknikkar i arkeologifaget (ARK306) eller delta på eit feltarbeid i Sør-Afrika (ARK314).
Det siste året handlar om sjølve forskingsprosjektet til studenten, masteroppgåva (ARK350). Studentane arbeider individuelt og får rettleiing i utforminga av masteroppgåva. Masteroppgåva er ofte basert på primære kjelde av ulike typar. Dette kan vere arkeologiske materiale i museum, monument i landskapet, arkivmateriale, skriftlege tekstar eller intervjumateriale. Temaet blir valt og avgrensa i samråd med fagleg rettleiar, som studenten får tildelt i første semester av masterstudiet. Under studiet blir det arrangert seminar, der studentane legg fram prosjektskissene eller delar av prosjekta sine. Arbeid med forskingsproblem og kjelder kan føre til kortare eller lengre oppheld på feltarbeid eller ved museum, arkiv eller ved andre forskingsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet.
Eit masterprogram i arkeologi med start i haustsemesteret kan sjå slik ut:
1. semester:
ARK301 - Arkeologisk praksis (obligatorisk emne, 15 stp)
ARK302 - Landskap, kulturminne og forvalting (15 stp)/ Tilrådd *
2. semester:
ARK303 - Prosjektskildring (obligatorisk emne, 10 stp)
ARK305 - Arkeologisk metode (obligatorisk emne, 10 stp)
og eit av følgjande valemne:
ARK304 - Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi (10 stp)
ARK306 - Teknikkar i arkeologifaget (10 stp)
ARK314 - Advanced Field and Laboratory Methods Course (10 stp)
3. og 4. semester:
Masteroppgåva 60 stp
* Kan erstattas med ARK312 Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne
stp= studiepoeng
Krav til progresjon i studiet
Det er eit krav at masterstudenten har gjennomført kursdelen på 60 studiepoeng, før han/ho leverer masteroppgåva (ARK350, 60 stp) til sensur.
Delstudium i utlandet
Fagmiljøet kan etter søknad godkjenne at relevante emne for masteroppgåva ved universitet i utlandet kan utgjere inntil 30 stp av kursdelen i mastergraden.
Undervisningsmetodar
Masterstudentane skal bli kjent med sentrale metodar innan arkeologisk forsking, til dømes typologi, klassifikasjon og romleg distribusjon, etnoarkeologi, tekst og materiell kultur. I tillegg til at studenten skal bruke arkeologiske metodar praktisk i arbeidet med masteroppgåva.
Vurderingsformer
I løpet av masterstudiet vil studentane gjennomgå ulike vurderingsformer. I kursdelen vil dei utarbeide prosjektskisse, skrive foredrag eller artikkel, skrive rapport frå feltarbeid, og gje framføringar. Studiet blir avslutta ved vurdering av den skriftlege masteroppgåva, med påfølgjande munnleg eksaminasjon.
Karakterskala
Vi har to karakterskalaer:
1) A-F der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Begge karakterskalaer blir nytta i studieprogrammet.
Kompetanse for vidare studium
Ein mastergrad i arkeologi kan kvalifisere til opptak på Phd- studiar i arkeologi.
Yrkesvegar
Masterprogrammet i arkeologi kvalifiserer for arbeid som arkeolog innan ulike felt, særleg knytt til forvalting og formidling, innan institusjonar som: fylkeskommune, museum og universitet, og dessutan Riksantikvaren og NIKU . Sidan det er den nordeuropeiske arkeologien som har stått sterkast her i landet, er det også her dei fleste stillingane har vore.
Arbeidsplassar for ikkje-europeisk og klassisk arkeologi finn ein først og fremst på universiteta, dersom ein ikkje vil arbeide i utlandet. I tillegg finn ein arkeologar i andre stillingar innan offentleg forvalting, innan arkivarbeid, media og journalistikk, kulturarbeid i vid forstand og undervisning.
Evaluering
Masterprogrammet i arkeologi blir med jamne mellomrom evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Framlegge original dok. på oppnådd bachelor (kun bachelor fra annet lærested) | - | - | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i arkeolgi | - | - | ||||||||||
| Masterprogram i arkeologi - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masterprogram i arkeologi - kursdel- obligatoriske emner | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ARK301 | Arkeologisk praksis | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| ARK303 | Prosjektskildring | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| ARK305 | Arkeologisk metode | 10 | 1-41 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ARK304 | Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| ARK314 | Advanced Field and Laboratory Methods Course | - | 1-41 | 2 | ||||||||
| ARK306 | Teknikkar i arkeologifaget | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| ARK319 | Feltskolen i Sør-Afrika- praksis | - | 1-4 | 1 | ||||||||
| Masterprogram i arkeologi - kursdel- valgfrie emner | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ARK302 | Arkeologi: Landskap, kulturminne og forvalting | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| ARK320 | Feltskolen i Sør-Afrika- teori | - | 1-4 | 1 | ||||||||
| ARK312 | Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne | 15 | 1-4 | |||||||||
| Masterprogram i arkeologi - oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ARK350 | Arkeologi mastergradsoppgåve | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i arkeologi - veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i arkeolgi | - | - | ||||||||||