Hjem

Arkeologi, master, 2 år

Innan arkeologifaget forskar, analyserer og tolkar vi dei ulike kulturhistoriske spora i landskapet. Som arkeolog blir du ein viktig formidlar av mennesket si fortid, både i Noreg og internasjonalt. Innanfor arkeologifaget har vi eit langsiktig perspektiv og ei tverrfagleg tilnærming til menneske, natur og kultur.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Arkeologiutdanninga ved Universitetet i Bergen er unik i si faglege samansetting, da vi ikkje berre tilbyr undervisning og rettleiing innan alle dei forhistoriske og historiske periodane innan europeisk arkeologi og Middelhavområdets arkeologi, men også innan zooarkeologi og miljøarkeologi. På masterprogrammet i arkeologi lærer du: 

  • å studere eit kjeldemateriale, kategorisere og analysere, og skrive ein tekst basert på dette 
  • å jobbe sjølvstendig som forskar, men også i team, med arkeologisk utgraving og rapportering 
  • å vere kritisk til kjelder og tolking 
  • å anvende ulike analyseverktøy, som geografiske informasjonssystem (GIS), i tillegg til arkeologisk utgraving og registrering 

Studiekvardag 

Masterstudiet i arkeologi er eit allsidig studium med ca. 2–4 timar undervisning i veka. Aktivitetane varierer frå semester til semester: 1. semester består hovudsakleg av forelesingar og seminar, mens 2. semester gir erfaring i feltarbeid. Feltkurset, som varer i ca. tre veker, gir kunnskap i arkeologisk utgraving og registrering, og bidrar til samhald og eit godt studiemiljø. I 3. og 4. semester skriv du masteroppgåve under rettleiing.  

Undervisninga gir kontakt med potensielle arbeidsgjevarar og innblikk i dei praksisområda du kan jobbe med etter studiet.  

Som masterstudent får du eigen lesesalplass. Det finst også moglegheiter for arbeidspraksis under studiet, til dømes i Vestland fylkeskommune.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di. 

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i arkeologi kvalifiserer du til arbeid som arkeolog ved arkeologiske utgravingar og registreringar, og som sakshandsamar innan kulturminnevern og kulturminneforvaltning. 

Arkeologar jobbar også med forsking, undervisning og formidling ved ulike forskingsinstitusjonar og innan museumssektoren. Arkeologar jobbar også i andre typar offentlege og private verksemder innan kulturfeltet. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging  

Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig fulltidsstudium som startar i august og januar, med hovudopptak i august.   

Studieløpet på masterprogrammet i arkeologi kan sjå slik ut: 

1. semester  

2. semester    

3. og 4. semester   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester til Storbritannia, Tyskland, Danmark eller Sverige.  Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter

Etter masterutdanning kan du gå vidare og ta ein doktorgrad (ph.d.) som kan kvalifisere til vitskaplege stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren. UiB tilbyr etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid, og korleis skrive vitskaplege artiklar.   

    Spørsmål om studiet? 

    Telefon: +47 55 58 93 70 

    E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no 

    Studieplan 

    Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp

    Les heile studieplanen

    Søk her