Hjem

Digital kultur, master, 2 år

Teknologi har innverknad på oss kvar einaste dag, men vi kan også ha ein innverknad på teknologien. På digital kultur ser vi nærmare på korleis vi kontrollerer og vel teknologi som kan vere til nytte for samfunnet.
  • Lengde2 År
  • Plassar9
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Gjennom masterstudiet i digital kultur lærer du å reflektere kritisk rundt tema som teknologihistorie og teknologikultur, og du får praktisk erfaring med webdesign og andre kreative webprosjekt. Aktuelle tema for masteroppgåva kan vere e-bøker, selfies, dataspel og læring, og digital poesi.  

Digital kultur er eit fagfelt som utviklar seg raskt og er kjenneteikna ved metodologisk pluralisme. Metodane omfattar algoritmiske metodar som blir brukte i koding, historiske metodar, tekstanalyse og forklarande metodar, statistikkmetodar og kvalitative data.  

Med ein mastergrad i digital kultur

  • har du inngåande kunnskap om eit sentralt tema innan digital kultur   
  • har du kunnskap om og erfaring med fagleg argumentasjon, diskusjon og presentasjon 
  • veit du korleis du skal produsere akademiske tekstar på eit avansert nivå   
  • kan du bruke metodar og analyseverktøy som er nødvendige for å fullføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor fagområdet du har valt 

Studiekvardag 

Som masterstudent på digital kultur held du til i HF-bygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Her får du eigen lesesalsplass og arbeider side om side med andre masterstudentar. Du blir del av eit levande, internasjonalt miljø og får nyte godt av uformell og god kontakt både med studentar og tilsette.  

Om du vil påverke utviklinga av studieprogrammet, kan du stille som studentrepresentant i programstyret for digital kultur, eller lage sosiale og akademiske arrangement som del av fagutvalet for digital kultur.  

I ei vanleg veke går du på ei eller to forelesingar, og brukar resten av tida til sjølvstudium. Vanlegvis er alle klasseromsaktivitetar og innleveringsoppgåver obligatoriske. I tillegg har du seminar og individuell rettleiing.   

Undervisninga er forskingsbasert. Det betyr at metodar, tema og emne vi underviser i er valde ut i samsvar med relevant, ny forsking ved instituttet.  

Du kjem også til å lese og forske mykje på eiga hand. 

Kva kan du jobbe som? 

Våre tidlegare studentar arbeider i så ulike fagfelt som   

  • teknologijournalistikk  
  • webdesign, undervisning  
  • administrasjon og utvikling av bedriftsinformasjonssystem  
  • nyskaping i mobiltenestebransjen  
  • kunst  
  • kultur   
  • programmering  

Med vår tids raske teknologiske endringar, treng vi ikkje berre folk som kan programmere datamaskiner, vi treng òg folk som forstår korleis teknologi påverkar oss og som veit korleis ein kan bruke den digitale teknologien for å forbetre samfunnet. Masterstudiet i digital kultur utdannar fagfolk som kan bruke teknologi på ein kreativ måte, og som kan analysere effektar av teknologisk endring.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

1. semester 

2. semester   

3. og 4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Vi anbefaler særleg eit opphald ved eit av partnaruniversiteta våre i NORDPLUS Nordic Digital Culture Network. Du kan også studere ved eit av dei andre anbefalte partnaruniversiteta.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Med mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare forskingsarbeid, du kan for eksempel ta ei forskarutdanning (ph.d.) i digital kultur. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen