Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i engelsk

ingressbilde

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i engelsk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Mastergrad i engelsk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og er samansett av to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester

Fagleg profil

Engelsk er eit stort og samansett fagfelt. Instituttet tilbyr emnestudium og rettleiing på ei rekkje forskjellige område innanfor britisk, amerikansk og annan engelskspråkleg litteratur og kultur. Felles for alle emnestudia er at ein teoretisk basis ligg til grunn.

Instituttet har brei fagleg ekspertise i engelsk språk og kan tilby rettleiing innanfor ei rekkje område som blant anna: anvend lingvistikk, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsteori, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk, diskursanalyse eller kombinasjonar av desse.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Opptakskrav

Søkjarar med utdanning frå Noreg

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

 

Søkjarar med utdanning frå utlandet

Søkjarar med utdanning frå utlandet må ha fullført og bestått ei lågare grad (Bachelor) på tre eller fire år frå ein godkjend høgare utdanningsinstitusjon. Bachelorgraden må innehelde ei spesialisering i engelsk tilsvarande ca. 1 ½ års fulltidsstudium.

 

Søkjarar vert vurdert ut frå oppnådde resultat i tidlegare studium. Generelt må studentane ha oppnådd «First class», «Upper 2nd Class» eller gjennomsnittkarakteren B eller betre.

 

I tillegg til ein bachelorgrad i engelsk må alle søkjarar dokumentere dugleik i engelsk språk gjennom for eksempel International English Language Testing Service (IELTS) eller Test of English as a Foreign Language (TOEFL). Kravet for opptak til master i engelsk er 7,5 på IELTS, 590 på TOEFL (paper) eller 96 på TOEFL IBT (internet based).

 

For informasjon om opptak som sjølfinansiert internasjonal masterstudent eller kvotestudent se: http://www.uib.no/education/admission/master/international-applicants-residing-abroad

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i engelsk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i engelsk, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

 

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Poenggrense ved siste opptak

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Meir infomasjon

studierettleiar@if.uib.no / 55 58 22 98

Mål og innhald

Mastergrad i engelsk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og er samansett av to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester

Læringsutbyte/resultat

Mastergradsstudiet i engelsk har som mål

- å utdjupe kunnskapane som studenten har med seg frå tidlegare engelskstudium gjennom eit spesialisert studium i engelsk lingvistikk eller i engelskspråkleg litteratur eller kultur.

- å utvikle ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom teoretisk og metodisk skolering i dei einskilde kurs

emnene

- å erhverve kjenneskap til nyere forskning innen de ulike emnene

 

For å nå desse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen og ta aktivt del i seminar som blir haldne. Særleg arbeidet med masteroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid.

Opptakskrav

Søkjarar med utdanning frå Noreg

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

 

Søkjarar med utdanning frå utlandet

Søkjarar med utdanning frå utlandet må ha fullført og bestått ei lågare grad (Bachelor) på tre eller fire år frå ein godkjend høgare utdanningsinstitusjon. Bachelorgraden må innehelde ei spesialisering i engelsk tilsvarande ca. 1 ½ års fulltidsstudium.

 

Søkjarar vert vurdert ut frå oppnådde resultat i tidlegare studium. Generelt må studentane ha oppnådd «First class», «Upper 2nd Class» eller gjennomsnittkarakteren B eller betre.

 

I tillegg til ein bachelorgrad i engelsk må alle søkjarar dokumentere dugleik i engelsk språk gjennom for eksempel International English Language Testing Service (IELTS) eller Test of English as a Foreign Language (TOEFL). Kravet for opptak til master i engelsk er 7,5 på IELTS, 590 på TOEFL (paper) eller 96 på TOEFL IBT (internet based).

 

For informasjon om opptak som sjølfinansiert internasjonal masterstudent eller kvotestudent se: http://www.uib.no/education/admission/master/international-applicants-residing-abroad

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i engelsk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i engelsk, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

 

Obligatoriske emne / spesialisering

Minst to av emna i kursdelen skal som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

 

Som ledd i arbeidet med masteroppgåva skal studentane halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine work-in-progress-seminar for masterstudentar (lingvistikk eller litteratur og kultur): 1. ei prosjektskisse med ein kort bibliografi, 2. eit utkast til eit kapittel av masteroppgåva, 3. ein kommentar til kapittelutkastet til ein av dei andre studentane. Det første innlegget er ei prosjektskisse som skal haldast i løpet av studenten sitt andre undervisningssemester innanfor frist satt av seminarleiar. Innlegg nummer to og tre skal haldast i 3. eller 4. semester.

Tilrådde valemne

Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET og eitt masteremne i engelsk litteratur/kultur kan bytast ut med fellesemnet LITT300.

 

I engelskspråkleg litteratur og kultur (men ikkje i engelsk språk) kan eitt emne på 200-nivå koma i staden for eit av masteremna dersom det ikkje allereie går inn i eller delvis overlappar med ein del av studenten sin bachelorgrad. Dersom kurs på 200-nivå skal godkjennast som masteremne, må pensum i kurset utvidast og vanskegraden justerast i samråd med faglærar. Studentar på 300-nivå som tek kurs på 200-nivå, må avleggje skoleeksamen.

Rekkefølje for emne i studiet

Semester

Emne

1. Haust

ENG301 Masteremne i engelsk lingvistikk I 15 stp.

ENG302 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I 15 stp.

ENG303 Masteremne i engelsk lingvistikk II 15 stp.

ENG304 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II 15 stp.

ENG307 Masteremne i engelsk lingvistikk V eller engelskspråkleg litteratur/kultur IV 15 stp.

ENG310 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 15 stp. (Emnet blir gitt etter behov)

2. Vår

ENG305 Masteremne i engelsk lingvistikk III 15 stp.

ENG306 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III 15 stp.

ENG307 Masteremne i engelsk lingvistikk V eller engelskspråkleg litteratur/kultur IV 15 stp.

ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk IV 15 stp.

ENG310 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 15 stp. (Emnet blir gitt etter behov)

3. Haust

ENG350 Masteroppgåve i engelsk

4. Vår

ENG350 Masteroppgåve i engelsk

 

 

 

Krav til progresjon i studiet

Normal studieprogresjon (30 stp/semester)

 

Som ledd i arbeidet med masteroppgåva skal studentane halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine work-in-progress-seminar for masterstudentar (lingvistikk eller litteratur og kultur): 1. ei prosjektskisse med ein kort bibliografi, 2. eit utkast til eit kapittel av masteroppgåva, 3. ein kommentar til kapittelutkastet til ein av dei andre studentane. Det første innlegget er ei prosjektskisse som skal haldast i løpet av studenten sitt andre undervisningssemester innanfor frist satt av seminarleiar. Innlegg nummer to og tre skal haldast i 3. eller 4. semester.

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Undervisningsmetodar

Forelesninger/Seminar.

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein skriftleg eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta er mappevurdering, skuleeksamen, heimeeksamen og rettleid semesteroppgåve og dei er gjort greie for under kvart einskilt emne.

 

Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærmare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.

 

Studiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kompetanse for vidare studium

Mastergrad i engelsk kan gi kompetanse for vidare studium på PhD-nivå.

Yrkesvegar

Kandidatar med mastergrad i engelsk er ei relativt ettertrakta gruppe på arbeidsmarknaden. Mange arbeider i skolen, men stadig fleire går til annan offentleg verksemd og til næringslivet. Universitet, høgskolar og forskningsinstitutt rekrutterer óg mange med master i språkfag.

Evaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

MAHF-ENG/Masterprogram i engelsk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Retningsvalg (krav: 120 SP)
Lingvistikk (krav: 120 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG321 Masteremne i engelsk lingvistikk I 15 1-4 1
ENG322 Masteremne i engelsk lingvistikk II 15 1-4 1
ENG325 Masteremne i engelsk lingvistikk III 15 1-4 2
ENG326 Masteremne i engelsk lingvistikk IV 15 1-4 2
ENG350 Engelsk mastergradsoppgåve 60 1-4 3
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk V 15 1-4
Litteratur/kultur (krav: 120 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG331 Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur I 10 1-4 1
ENG332 Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur II 10 1-4 1
ENG333 Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur III - 1-4 1
ENG335 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV 10 1-4 2
ENG336 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 10 1-4 2
ENG337 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI 10 1-4 2
ENG350 Engelsk mastergradsoppgåve 60 1-4 3
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk V 15 1-4
LITT300 Komparativ litteratur for framandspråk 15 1-4