Hjem

Engelsk, master 2 år

Engelsk er sannsynlegvis det viktigaste språket i verda i dag. Med mastergrad i engelsk forbetrar du kunnskapane dine i engelskspråkleg lingvistikk, litteratur og kultur, medan du utfører sjølvstendig forsking i form av ei masteroppgåve.
  • Lengde2 År
  • Plassar

    13

  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med ein mastergrad i engelsk får du evne til å kritisk evaluere teoriar innan lingvistikk og litteraturvitskap og funn i empiriske studiar. Du arbeider både sjølvstendig og i samarbeid med andre. 

Du kan velje å spesialisere deg innan lingvistikk, der du kan utforske tema innan for eksempel språkvariasjon og -endring, språkhistorie, språkbruk, språkhaldningar, språktileigning, osv. Du lærer om teori og metode innan lingvistikk, ser på funn frå lingvistiske studium og lærer korleis du kan samle inn og analysere eigne data.  

Alternativt kan du spesialisere deg innan engelskspråkleg litteratur og kultur, både historisk og i samtida. Du utforskar litterære sjangrar og korleis engelsk litteratur har utvikla seg fram til i dag. Du lærer om teori og metode innan litteraturvitskap – korleis du kan analysere og tolke litteratur, lese tekstar inngåande, analysere dei i lys av litteraturhistorie og litterær form, og opprette dine eigne tolkingar.   

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg forskingsprosjekt på eit tema du vel frå eit av hovudemna i programmet:   

  • Lingvistikk  
  • Litteratur og/eller kultur  

Studiekvardag 

Som masterstudent på engelsk jobbar du side om side med andre masterstudentar innan ni forskjellige språkfag. I lesesalane blir du del av eit hyggeleg miljø der studentar og tilsette kjem frå heile verda. Kontakten mellom studentar og tilsette er uformell og stemninga er god. Fordi studiet ikkje har så mange studentar, er miljøet svært godt. Det andre året av programmet bruker du til å skrive masteroppgåva. Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Med mastergrad i engelsk lærer du å lese på ein grundig måte og evaluere kjelder, kommunisere tydeleg og forstå litteraturen sin innverkand på samfunn og enkeltmenneske. Mastergrad i engelsk kvalifiserer deg for jobbar i både privat og offentleg sektor.    

Våre tidlegare studentar jobbar innan  

  • omsetting 
  • eksportindustri  
  • offentleg administrasjon 
  • undervisning – både i utlandet og i Noreg.   
  • turisme 
  • næringsliv 

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Programmet går over fire semester og startar om hausten.   

1. og 2. semester  

Allereie i første semester får du velje spesialisering for dei neste åra. Du kan velje mellom 

  • litteratur/kultur  
  • lingvistikk   
  • kombinasjon av desse 

Engelsk tilbyr mange spennande emne som del av spesialiseringa. Du får følge ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. I andre semester får du velje tema for di masteroppgåve. 

3. og 4. semester   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan velje å ta andre semesteret som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta i Storbritannia, USA, Australia eller New Zealand. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Du kan halde fram innan akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.)   

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no 

    Studieplan

    Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

    Les heile studieplanen

    Søk her