Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i filosofi

Studieretningar:

ingressbilde

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i filosofi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Ein mastergrad i filosofi skal gje studenten ei djupare forståing av sentrale filosofiske problemområde. Det blir lagt vekt på at studenten kan arbeide sjølvstendig med filosofiske problem og vise forståing for desse i ein systematisk og historisk samanheng. Mastergradsstudiet gjev ein brei kompetanse, m.a. til undervisning i den vidaregåande skulen. Studiet dannar og grunnlag for forskarutdanning utover masternivå.

Fagleg profil

Filosofi er eit stort og samansett fagfelt. Det er mogleg å fordjupe seg både i dei store tenkjarane frå filosofihistoria og i sentrale problemstillingar innanfor samtidsfilosofien. Etikk og politisk filosofi, epistemologi eller kunnskapsteori, estetikk, filosofi og litteratur, vitskapsfilosofi, sinnsfilosofi, filosofisk antropologi, fenomenologi, eksistensialisme, feministisk filosofi og språkfilosofi er mellom områda som Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar kan tilby kvalifisert rettleiing i.  

 

Masteroppgåve

Masteroppgåva FILO350 blir skriven innanfor eit sjølvvalt emne som rettleiaren har godkjent. Instituttet har som mål å kunne tilby rettleiing innanfor eit breitt spekter av fagområde. Rettleiaren følgjer skriveprosessen og gir råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du må sjølv arbeide kritisk og metodisk med masteroppgåva. Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Opptakskrav

Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i filosofi, eller tilsvarande. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette verte akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ynskjer å søkje opptak til masterprogram i filosofi på anna grunnlag enn godkjent spesialisering i filosofi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og omtale av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.

Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Delstudium i utlandet

Instituttet vil utarbeide tilrettelagte utvekslingsopplegg for studentar som ynskjer eit utanlandsopphald som del av masterprogrammet i filosofi.

Meir infomasjon

studierettleiar@fof.uib.no / 55 58 21 49

Omfang

120 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Mål og innhald

Ein mastergrad i filosofi skal gje studenten ei djupare forståing av sentrale filosofiske problemområde. Det blir lagt vekt på at studenten kan arbeide sjølvstendig med filosofiske problem og vise forståing for desse i ein systematisk og historisk samanheng. Mastergradsstudiet gjev ein brei kompetanse, m.a. til undervisning i den vidaregåande skulen. Studiet dannar og grunnlag for forskarutdanning utover masternivå.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskap:

Ein masterkandidat i filosofi skal ha

  • Bred oversikt over filosofiske problemstillinger både i teoretisk og praktisk filosofi
  • Fordypning i ett filosofisk hovedområde knyttet til masteroppgaven
  • oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar i samtidsfilosofien
  • Kunnskap om aktuelle forskningsspørsmål innenfor tema knyttet til masteroppgaven

Dugleik:

Ein masterkandidat skal kunne

  • Sette seg inn i forskningslitteraturen på sentrale områder av filosofifaget
  • Vurdere ny forskningslitteratur på sitt spesialområde
  • Bruke sine filosofiske kunnskaper til å belyse aktuelle problemstillinger i andre fag og i samfunnsspørsmål

Kompetanse:

Masterstudiet i filosofi vil gi kompetanse

  • til å utarbeide et selvstendig forskningsprosjekt
  • i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning kvalifisering for undervisning i filosofi i videregående skole
  • for opptak til doktorgradsstudiet i filosofi

Opptakskrav

Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i filosofi, eller tilsvarande. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette verte akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ynskjer å søkje opptak til masterprogram i filosofi på anna grunnlag enn godkjent spesialisering i filosofi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og omtale av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.

Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Obligatoriske emne / spesialisering

Dei obligatoriske emna er:

  • FIL311 (Masterseminar 1 - 5stp.)
  • FIL312 (Filosofiske kjelder og kjeldekritikk - 5stp.)
  • FIL313 (Masterseminar 2 - 5stp.)
  • FIL314 (Ope forskingsemne i filosofi - 15stp.)
  • FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve - 60stp.)

Dei 30 valfrie studiepoenga kan veljast frå følgjande emne:

  • FIL310 (Ope forskingsemne i filosofi - 10stp.)
  • FIL315 (Masteremne i fenomenologi og ekistensfilosofi - 10stp.)
  • FIL316 (Masteremne i moderne politisk teori - 10stp.)
  • FIL317 (Masteremne i Wittgensteinstudiar - 10stp.)
  • FIL318 (Masteremne i estetikk - 10stp.)
  • FIL319 (Masteremne i vitskapsfilosofi - 10stp.)
  • FIL320 (Masteremne i metafysikk - 10stp.)
  • FIL328 (Masteremne i moralfilosofi - 10stp.)
  • FIL329 (Masteremne i nyare fransk filosofi - 10stp.)
  • FIL333 (Masteremne i filosofien i antikken - 10stp.)
  • FIL335 (Masteremne i sinnsfilosofi - 10stp.)
  • FIL336 (Masteremne i miljøetikk - 10stp.)
  • FIL337 (Masteremne i politisk idéhistorie - 10stp.)
  • FIL339 (Velferdsstaten sitt normative fundament - 10stp.)

Tilrådde valemne

Studentar kan byte eit av dei valfrie emna med eit emne på 300-nivå frå eit anna fag. Dei bør då velje eit emne som er relevant for masteroppgåva. Instituttet rår studentane til å velje emne i samråd med rettleiar

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng

Rekkefølje for emne i studiet

Tilrådd progresjon i studiet:

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til to år.

Delstudium i utlandet

Instituttet vil utarbeide tilrettelagte utvekslingsopplegg for studentar som ynskjer eit utanlandsopphald som del av masterprogrammet i filosofi.

Undervisningsmetodar

Gjennom masterprogrammet vert det nytta varierte undervisningsformer. Sjå emneplan for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom masterprogrammet vert det nytta ulike vurderingsformer. Sjå vurderingsforma på det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Fullført masterprogram i filosofi kvalifiserar til å søkje om opptak på PhD-program.

Yrkesvegar

Filosofi som fag gjev ein særs brei kompetanse når det gjeld å sjå samanhengar mellom ulike fagfelt og problemstillingar og det å setje fagområde og samfunnstilhøve inn i eit samlande perspektiv. Difor høver filosofi godt som grunnlag for arbeid i sektorar der kommunikasjon og argumentasjon er viktig. Til dømes innan skule, kulturliv, media og informasjonsarbeid både i offentleg og i privat sektor.

Ved å byggje ut mastergraden med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er ein kvalifisert til stilling som lektor i skulen.Ein mastergrad i filosofi dannar og grunnlag for opptak til PhD og ei vidare forskingskarriere.

Evaluering

Programmet som heilskap og dei einskilde emna vert evaluert med jamne mellomrom.

Fagansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier.

Adminstrativ ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

For nærmere informasjon:

studierettleiar@fof.uib.no / 55 58 21 49

MAHF-FILO/Masterprogram i filosofi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Masterprogram i filosofi - kursdel (krav: 60 SP)
Obligatoriske emner (krav: 30 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FIL311 Masterseminar 1 5 1-4 1
FIL312 Filosofiske kjelder og kjeldekritikk 5 1-4 1
FIL313 Masterseminar 2 5 1-4 2
FIL314 Ope forskningsemne i filosofi 15 1-4 2
Valgfrie emner (krav: 30 SP)
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
FIL310 Ope forskingsemne i filosofi 10 1-4
FIL315 Masteremne i fenomenologi og eksistensfilosofi 10 1-4
FIL316 Masteremne i moderne politisk teori 10 1-4
FIL317 Masteremne i Wittgensteinstudiar 10 1-4
FIL318 Masteremne i estetikk 10 1-4
FIL319 Masteremne i vitskapsfilosofi 10 1-4
FIL320 Masteremne i metafysikk 10 1-4
FIL328 Masteremne i moralfilosofi 10 1-4
FIL329 Masteremne i nyare fransk filosofi 10 1-4
FIL333 Masteremne i filosofien i antikken 10 1-4
FIL335 Masteremne i sinnsfilosofi 10 1-4
FIL336 Masteremne i miljøetikk 10 1-4
FIL337 Masteremne i politisk idéhistorie 10 1-4
FIL339 Velferdsstaten sitt normative fundament 10 1-4
Masterprogram i filosofi - oppgave (krav: 60 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FILO350 Filosofi mastergradsoppgåve 60 1-4 3