Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i gresk

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • Studieplassar2
  • StudiestartHaust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
  • SpråkNorsk
  • StudieplanLes studieplan

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i gresk. Studiet er toårig (120 studiepoeng). Mastergraden byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande med godkjend spesialisering i gresk.

Mål og innhald

Masterstudiet i gresk skal gje høve til spesialisering tufta på eit breitt og djupt oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane, og har som føresetnad at dugleiken i gresk språk stendig vert utvida med basis i kjennskap til gresk kultur. Jamsides filologisk, språkvitskapleg og litteraturvitskapleg spesialisering, vert spesialiseringar i ulike historiske disiplinar (t.d. politisk historia, filosofihistorie, idéhistorie) godkjende i den mun oppgåva tek utgangspunkt i skriftlege kjelder på gresk.

Fagleg profil

Masterstudiet i gresk studerer litterære og epigrafiske tekstar frå alle periodar, inkludert den bysantinske.

Metode

Filologiske studiar av tekstar på originalspråket er sjølve grunnlaget. Det kan gjelde litterære eller faglitterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. Men ettersom dei problema som masteroppgåva er konsentrert om kan vere av språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religions-historisk, resepsjonshistorisk (osv.) karakter, blir også andre metodar relevante.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal vise at du kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, at du er fortruleg med vitskapleg metode, og at du meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar. Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum for studiet og skal utførast under individuell rettleiing. Du skal her bruke og dokumentere greske språkkunnskapar, andre relevante forkunnskapar og metodisk handlag. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. frå den antikke mellomalderen eller tidleg moderne tid. Problemstillinga kan vere av språkleg eller litteraturvitskapleg art (eller nærme seg religionshistorie, resepsjonshistorie osv.), men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein mastergrad i gresk vil kvalifisere for arbeid innan skolesektoren og forskingsinstitusjonar på høgare nivå, og til dømes til forlag, aviser og kulturformidling. Graden gir dessutan eit godt allment grunnlag for arbeid i verksemder som verdset avansert språkleg kompetanse, kritisk-analytisk evne og innsikt i dei lange linjene i den europeiske kulturhistoria.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten..

  • har inngående kunnskap innanfor gammalgresk språk, litteratur, historie og kultur og utdjupa kunnskapar innanfor eit avgrensa område.
  • har grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori, metode og etikk, og om de sentrale problemstillingane innanfor fagområdet.

Dugleikar

Kandidaten..

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar.
  • kan setja seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet.
  • kan bruke aktuelle metodar til sjølvstendig forsking i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
  • kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye område innanfor faget .
  • kan nytte akademisk kunnskap og relevante forskingsresultat på ein kritisk måte.

Generell kompetanse

Kandidaten..

  • har kompetanse til sjølvstendig å kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
  • kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor fagfeltet.
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.
  • kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i gresk kan sjå slik ut:

1. semester:

GRE301- Gresk tekstpensum I 15 sp

GRE303- Gresk valemne 15 sp

2. semester:

GRE307 - Særpensum 15 sp

GRE308 - Teori og metode med prosjektførebuing 15 sp

3. og 4. semester:

GRE350- Masteroppgåve 60 sp

sp= studiepoeng

Masterprogram i gresk (krav 120 SP)
Masterprogram i gresk - kursdel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE301Gresk tekstpensum I151–41
GRE307Gresk: Særpensum (masternivå)151–42
GRE308Gresk: Teori og metode med prosjektførebuing151–42
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE303Gresk valemne151–41
RET102Klassisk retorikk151–41
ANT202Antikkens litteratur151–41
LAT100Innføring i latin101–41
ARK103Kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og Norden i tidsrommet ca. 1000 f.Kr.-570 e.Kr.151–41
KUN121Kunst og arkitektur i antikk og mellomalder (ca. 600 f.Kr.-1400)151–41
FIL120Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida101–41
FIL122Eit filosofisk originalverk frå antikken til opplysningstida51–41
HIS101Oversyn over eldre historie til 1750151–41
HIS113Fordjuping i eldre historie151–41
HIS114Fordjuping i eldre historie151–41
LINGMETVitskapsteori og metode for språklege mastergrader151–41
Masterprogram i gresk - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingsavtale for masterstudentar i gresk
Masterprogram i gresk - oppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
GRE350Gresk mastergradsoppgåve601–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Nærare informasjon hos studierettleiar.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Opptakskrav

Masterprogrammet i gresk byggjer på oppnådd bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i gresk eller tilsvarande. For informasjon om krava til ei spesialisering i gresk, sjå studieplanen for bachelorprogrammet i gresk.

Studentar som har oppnådd bachelorgraden med ei anna studiebakgrunn, kan søkje om særskilt opptak til masterprogrammet i gresk.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Gresk

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95