Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Oppbygging
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Kontakt
- Opptak
- Læringsutbyte
- Studieløp
Introduksjon
Kvifor kan musikkterapi vere ei god tilnærming for klientar som er lite motiverte for verbal terapi? Kva tyder «den fyrste song» og musikalsk identitet i den siste stund?
Faget og forskingsfeltet musikkterapi fokuserer på relasjonar mellom musikk og helse, i kliniske situasjonar og i kvardagskontekstar. Musikkterapi som profesjon er knytt til ulike praksisfelt, i barnehage, skule, kulturskule, eldreomsorg, psykisk helsevern, sjukehus, fengsel og ettervern. I musikkterapi er det vanleg med ei aktiv tilnærming der klienten sjølv er med på å skape musikk saman med musikkterapeuten. Den norske musikkterapitradisjonen legg stor vekt på ressursorientering og brukarmedverknad og på musikkterapiens relasjon til kultur og samfunn.
I løpet av studiet arbeider studentane med både musikalsk kompetanse, mellommenneskeleg sensitivitet og evne til teoretisk refleksjon. Slik vil kandidaten kvalifisere seg til å legge til rette for helsefremjande musikkutfalding, til å møte menneske med respekt og forståing og til å grunngi, vidareutvikle og formidle eige arbeid.
Visste du at ...
GAMUT er ein leiande aktør innan internasjonal forskingsformidling i musikkterapi, som utgivar av to internasjonale tidsskrift: Nordic Journal of Music Therapy, profilert vitskapleg tidsskrift publisert i samarbeid med Routledge, og Voices: A World Forum for Music Therapy, eit verdsomspennande elektronisk tidsskrift med open access.
Studievegar
Profesjonsstudium
Det femårige studiet inneheld humanistiske, psykologiske, musikkfaglege og musikkterapeutiske emne. Det er to valemne i studiet, med høve til å velje innanfor eit endå breiare spekter av emne. Utdanninga kvalifiserer for musikkterapeutisk yrkesutøving i helsevesenet, pedagogiske kontekstar og samfunnet elles, og skal setje studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gir ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gir grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium.
Forsking
GAMUT, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (www.gamut.no), er eit toneangivande fagmiljø internasjonalt, med forsking på dei sentrale fagfelta i studiet, som for eksempel musikk som helseressurs i lokalsamfunnet og musikkterapi i psykisk helsevern, kriminalomsorg, nevrorehabilitering og eldreomsorg. Nokre prosjekt fokuserer på prosessar og klientperspektiv medan andre fokuserer meir på effekten av musikkterapi.
Sjå også desse studia
Utøvande musikk eller komposisjon, psykologi.
Oppbygging
Programmet inneheld ex.phil. og ex.fac. og emne i musikkterapi, musikkfag, psykologi, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. I løpet av studietida skal kandidaten ha ulike praksisperiodar, med observasjon og deltaking hjå praksislærarar på ulike musikkterapeutiske felt. Studiet blir avslutta med ei masteroppgåve. I tabellen ser du eit eksempel på korleis studiet kan byggjast opp. Du finn studieplanen for programmet på uib.no/utdanning.
Semester og emne
1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum
2. semester Musikkterapi, psykologi
3. semester Pedagogikk, musikkteoretisk emne
4. semester Samspel og bruksmusikk
5. semester Valemne
6. semester Samfunnsmusikkterapi, fordjupningsemne
7. semester Musikkterapiteori, habilitering og medisin, improvisasjon
8. semester Forskingsmetode
9. semester Masteroppgåve, psykisk helsearbeid og eldreomsorg, profesjonskunnskap
10. semester Masteroppgåve
Utveksling
UiB er aktivt i eit konsortium av ni internasjonale universitet (i Australia, Europa og USA) som satsar på forsking og utdanning innan musikkterapi. Dette gjer det mogleg å utvikle avtaler for utveksling av forskarar og studentar. I tredje studieår er valemna organiserte slik at det er rom for eitt semesters opphald i utlandet. Studentane kan då også velje relevante emne i for eksempel musikk, psykologi, samfunnsfag eller helsefag. Fjerde studieår er det ein blokkpraksisperiode som opnar for opphald i utlandet. Fleire studentar har for eksempel nytta seg av kontaktane fagmiljøet har i New York og tatt praksisperioden sin der.
Yrkesvegar
Dersom du vel musikkterapistudiet, kvalifiserer du deg til eit yrke som er i rask vekst og utvikling både her i landet og internasjonalt. Mange musikkterapeutar arbeider i helsesektoren, men mange arbeider også i skule og kulturskule, gjerne med samarbeidsrelasjonar til kulturlivet i lokalsamfunnet. Musikkterapi handlar derfor ikkje berre om terapi i tradisjonell forstand, men òg om førebyggjande og helsefremjande arbeid. Det at faget og yrket er ungt og dynamisk, gjer musikkterapi til eit spennande felt for fagpersonar som ønskjer å bidra aktivt til nyskaping og fagleg utvikling.
Graden
Utdanninga er femårig og fører fram til mastergrad.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet. Enkelte førelesingar vil vere på engelsk.
Mål og innhald
Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen, skal kvalifisere for musikkterapeutisk yrkesutøving i helsevesenet, pedagogiske kontekstar og samfunnet elles og skal setje studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gjev ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gjev grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med integrert mastergrad i musikkterapi skal ha utvikla:
- praktisk-metodisk dugleik og kreativitet innan musikk, slik at kandidaten er i stand til å engasjere menneske i helsefremjande musikalsk praksis
- mellommenneskelege sensitivitet og kommunikasjonsevne, slik at kandidaten kan møte menneske med respekt og forståing
- evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet, slik at kandidaten kan grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid
- djupneforståing av eige fag og breiddeorientering i høve til feltet musikk og helse, slik at kandidaten er i stand til å samarbeide med andre fagpersonar og med brukarar og pårørande
- kjennskap til sentrale kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og evne til å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det er i tillegg opptaksprøve for alle søkjarar og opptak skjer etter ei heilskapleg vurdering der det blir lagt vekt på karakterar og på kandidaten si gjennomføring av opptaksprøva. Opptaksprøva har tre hovudkomponentar: i) innstudert materiale på hovud- og biinstrument, ii) prøve i dialogisk improvisasjon og bruksinstrument (vanlegvis piano eller gitar), og iii) intervju. Det er ein føresetnad for opptak at søkjaren skriv under på løfte om teieplikt og leverer godkjend politiattest. Etter nærare gitte reglar vil det vere høve til å søkje om innpass i det integrerte masterprogrammet, sjå nedanfor under Innpassingsmodellar.
Innføringsemne
Integrert master i musikkterapi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne. Førstesemesterstudiet er sett saman av Ex.phil (10 stp) og Ex.fac, akademisk skriving (10 stp) ved Det humanistiske fakultet. Dei siste 10 stp av første semester er normalt PSYK100 / Innføring i psykologi. For innpassingsstudentar vil tilsvarande innføringsemne frå andre fakultet kunne godkjennast.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar inkluderer praktisk erfaring frå arbeid med menneske med særlege behov og teoretisk og praktisk dugleik i musikk minimum tilsvarande godt avgangsnivå for musikklinje på vidaregåande skule. Praktisk dugleik i musikk må omfatte hovudinstrumentdugleik og bruksmusikkompetanse på eit akkompagnementsinstrument. Breidde i høve til (bi)instrument og sjangerkunnskap er ein fordel.
Obligatoriske emne / spesialisering
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
EXPHIL-HF / Examen philosophicum
EXFAC00AS / Examen facultatum, Akademisk skriving 2
PSYK100 / Innføring i psykologi
PSYK101 / Generell psykologi 1 eller PSYK102 / Generell psykologi 2 (15 stp)
MUF101 / Musikk, kultur og samfunn (15 stp)
MUTP101 / Innføring i musikkterapi (15 stp)
MUTP102 / Musikkterapeutisk bruksmusikk (15 stp)
MUTP201 / Musikkterapi i pedagogiske kontekstar (15 stp.)
MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi (15 stp.)
MUTP203 / Musikkterapeutisk samspel (15 stp)
MUTP204 / Musikkterapi fordjuping (15 stp)
MUTP301 / Musikkterapi i habilitering og medisinske kontekstar (15 stp)
MUTP302 / Musikkterapeutisk improvisasjon (15 stp)
MUTP303 / Musikkterapeutisk profesjonskunnskap (15 stp)
MUTP304 / Musikkterapi i psykisk helsearbeid og eldreomsorg (15 stp)
MUTP311 / Musikkterapiteori (15 stp)
MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode (15 stp)
MUTP350 / Masteroppgåve i musikkterapi (30 stp) eller MUTP360 / Masteroppgåve i musikkterapi (60 stp).
Tilrådde valemne
Valemne innan nærskylde fag som musikk, psykologi, sosiologi, antropologi, pedagogikk, medisin eller andre helsefag vil kunne vere relevante. Tilrådde valemne vil kunne inkludere:
- MUTP200 / Hovedinstrument musikkterapi
- MUTP111 / Musikk og hjerne
- relevante musikkemne ved Griegakademiet - Institutt for musikk, t.d. MUG105 / Music in World Cultures
- andre relevante emne frå Det humanistiske fakultet, t.d. KUVI102 / Kulturvitskap og/eller FIL224 / Filosofisk estetikk
- relevante emne ved Psykologisk fakultet, t.d. PSYK101 eller PSYK102 (avhengig av kva studenten har tatt som obligatorisk emne) og/eller PSYK109 / Motivasjonspsykologi
- relevante emne ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, t.d. SANT100 / Invitasjon til sosialantropologi og/eller SANT101 / Menneske, kultur og samfunn: Innføring i sosialantropologi
- relevante emne ved andre fakultet ved UiB
- relevante emne ved andre nasjonale eller internasjonale utdanningsinstitusjonar
Tilrådde valemne vil vere under kontinuerleg utvikling, etter som musikkterapi utviklar seg som fag og forskingsfelt ved UiB og i eit internasjonalt forskingsnettverk. Studentar vert difor oppmoda til å velje valemne i samråd med fagpersonalet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, mappevurdering, semesteroppgåve, foredrag og munnleg/praktisk prøve. Sjå elles emneplanen for det einskilde emnet. For å bestå det integrerte mastergradsstudiet i musikkterapi, må kandidaten få godkjend alle obligatoriske aktivitetar og eksamenskrav innanfor dei ulike emne.
Krav til progresjon i studiet
MUTP101 må vere gjennomført og bestått før ein kan avlegga eksamen i MUTP201 og MUTP202. Unntaket er studentar med individuelt tilpassa utdanningsplanar, som har høve til å ta eksamen i MUTP101 parallelt med eksamen på MUTP201 eller MUTP202.
Alle kurs på 100- og 200-nivå vere fullførte og godkjende før kurs på 300-nivå. Unntaket er studentar som har søkt og fått godkjent opptak til Forskingslinja
Rekkefølje for emne i studiet
Tabell 1 skisserer normalprogresjonen i studiet, der det er lagt vekt på kontinuitet i høve til innhaldskomponentar, samstundes som det i femte semester er skapt rom for nasjonal/internasjonal utveksling. Innpassingsstudentar får individuelt tilpassa utdanningsplanar, sjå nedanfor.
Emne (15 stp)
Emne (15 stp)
1. sem
Ex. Phil
Ex. fac (akademisk skriving)
2. sem
MUTP101 / Innføring i musikkterapi
PSYK101 / Generell psykologi 1,
eller PSYK102 /Generell psykologi 2
3. sem
MUTP201 / MT i pedagogiske kontekstar
MUF101 /Musikk, kultur og samf.
MUTP102 / MT bruksmusikk
4. sem
MUTP203 / Musikkterapeutisk samspel
MUF101 /Musikk, kultur og samf.
MUTP102 / MT bruksmusikk
5. sem
Valemne 1
Valemne 2
6. sem
MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi
MUTP250 / Musikkterapi fordjuping
7. sem
MUTP311 / Musikkterapiteori
*MUTP301 /MT i hab og med k
MUTP302 /
MT improvisasjon
8. sem
MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode
*MUTP301 /MT i hab og med k
MUTP302 /
MT improvisasjon
9. sem
MUTP350 / Masteroppgåve
*MUTP304 /
MT i psyk ha og eo
MUTP303 /MT profesjonskunnskap
10. sem
MUTP350 / Masteroppgåve
*MUTP304 /
MT i psyk ha og eo
MUTP303 /MT profesjonskunnskap
Tabell 1: Normalprogresjonen i integrert masterprogram i musikkterapi.
Variant av normalprogresjon: Forskingslinje
Forskingslinja gjer det mogeleg å velje MUTP311 og MUTP312 som valemne tredje studieår. Det blir då skapt rom for å skrive ei masteroppgåve på 60 stp. Søknadsfrist til Forskingslinja er 15. april i fjerde semester. For å kunne søkje, må snittkarakteren for dei fire første semester vere B eller betre.
Emne (15 stp)
Emne (15 stp)
1. sem
Ex. Phil
Ex. fac (akademisk skriving)
2. sem
MUTP101 /
Innføring i musikkterapi
PSYK101 / Generell psykologi 1,
eller PSYK102 / Generell psykologi 2
3. sem
MUTP201 / Musikkterapi i ped. kontekstar
MUF101 / Musikk, kultur og samf.
MUTP102 / MT bruksmusikk
4. sem
MUTP203 / Musikkterapeutisk samspel
MUF101 /Musikk, kultur og samf.
MUTP102 / MT bruksmusikk
5. sem
MUTP311 / Musikkterapiteori
MUTP250 / Musikkterapi fordjuping
6. sem
MUTP312 / Musikkterapeutisk forskingsmetode
MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi
7. sem
MUTP360 / Masteroppgåve
*MUTP301 /MT i hab og med k
MUTP302 /
MT improvisasjon
8. sem
MUTP360 / Masteroppgåve
*MUTP301 /MT i hab og med k
MUTP302 /
MT improvisasjon
9. sem
MUTP360 / Masteroppgåve
*MUTP304 /
MT i psyk ha og eo
MUTP303 /MT profesjonskunnskap
10. sem
MUTP360 / Masteroppgåve
*MUTP304 /
MT i psyk ha og eo
MUTP303 /MT profesjonskunnskap
Tabell 2: Progresjon for studentar på Forskingslinja ved integrert masterprogram i musikkterapi.
*Desse emna går etter rotasjonsprinsippet, der MUTP301 har oppstart oddetalsår og MUTP304 partalsår.
Innpassingsmodellar
Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi gjev rom for innpassing av følgjande grupper søkjarar:
1) Søkjarar med alternativt førstesemester (Ex.phil, Ex.fac og eventuelt fagspesifikt emne) kan søkje om godkjenning av dette som ekvivalent med det førstesemesteropplegget som er skissert i normalprogresjonen.
2) Søkjarar med minimum 15 stp psykologi kan søkje om å få godkjend dette som ekvivalent med PSYK101 eller PSYK102.
3) Søkjarar med minimum 15, 30 eller 45 stp musikk kan søkje om å få godkjend dette som ekvivalent med MUF101, MUTP102 og/eller MUTP203.
4) Søkjarar med relevante emne i musikkterapi eller i musikk og helse kan søkje om å få desse godkjende som ekvivalente med MUTP101, MUTP201, MUTP202 og/eller MUTP204.
5) Søkjarar med relevante høgskule- og universitetsfag (som t.d. musikk, pedagogikk, medisin, helsefag, sosiologi eller antropologi) kan søkje å få godkjend 15 eller 30 stp som ekvivalent med eitt eller to valemne i studieprogrammet.
6) Søkjarar med godkjend bachelorgrad eller tilsvarande kan søkje om fritak frå førstesemesteremna og dessutan aktuelle emne på 100- og 200-nivå, dersom søkjaren har tatt emne som kan vurderast som ekvivalente med emne i den integrerte mastergraden i musikkterapi.
7) Studentar med godkjend utanlandsk bachelorgrad eller tilsvarande i musikkterapi eller med fullført bachelorgrad eller tilsvarande inklusiv årsstudium i musikkterapi eller musikk og helse kan søkje om å få godkjend dette som ekvivalent med dei seks første semestera i studiet. Desse studentane kan byrje direkte på sjuande semester, dersom avlagt grad ved annan institusjon inneheld ei spesialisering som kan godkjennast som ekvivalent med spesialiseringa i integrert masterprogram i musikkterapi ved UiB.
8) Søkjarar med godkjend bachelorgrad eller tilsvarande og dessutan toårig vidareutdanning i musikkterapi eller tilsvarande kan søkje om innpass til den vitskapelege delen av sjuande til tiande semester, og følgjer altså undervisninga i emna MUTP311, MUTP312 og MUTP350.
Søknader om innpass vurderast individuelt. Det blir gjennomført opptaksprøver for innpassingssøkjarar i gruppe 1 til 7. For innpassingsstudentar er det eit generelt karakterkrav på C eller betre for dei emne som blir godkjende som ekvivalente med emne i den integrerte mastergraden i musikkterapi.
Søkjarar i gruppe 1 til 7 er vanlegvis heiltidsstudentar og får individuelt tilpassa utdanningsplanar, så langt dette er praktisk mogeleg. Søkjarar i gruppe 8 følgjer normalprogresjonen for dei to siste studieåra, men følgjer altså berre halvparten av emna, og blir difor deltidsstudentar.
Adminstrativ ansvarleg
Griegakademiet, institutt for musikk
studierettleiar@grieg.uib.no
Delstudium i utlandet
Du kan ta delar av utdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, og det er skapt rom for nasjonal/internasjonal utveksling i det femte semesteret. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Kompetanse for vidare studium
Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi kvalifiserer til opptak til PhD-utdanning.
Studiestader
Bergen
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmetkan det blinytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, individuell rettleiing, grupperettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg kjem interne konsertar og liknande arrangement.
Ut i frå målsetjing og skissert læringsutbyte for studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider både med teoretisk og akademisk refleksjon, med musikalsk og metodisk kompetanse og med personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som krev sjølvstende og samstundes evne til samarbeid og problemløysing. Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis (gjeld MUTP201, MUTP202, MUTP301 og MUTP304).
Eiga pensumliste blir utarbeidd.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Det blir gjennomført kontinuerleg evaluering, med sikte på forbetring og utvikling av studiet. Studieevaluering skjer i form av spørjeskjema og munnlege evalueringar i gruppe. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd og blir gjenstand for drøfting om aktuelle utviklingstiltak.
Meir infomasjon
Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og Femårig integrert masterprogram i musikkterapi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MUSUIB: Opptaksprøve.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Antall studieplasser
12
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med integrert mastergrad i musikkterapi skal ha utvikla:
- praktisk-metodisk dugleik og kreativitet innan musikk, slik at kandidaten er i stand til å engasjere menneske i helsefremjande musikalsk praksis
- mellommenneskelege sensitivitet og kommunikasjonsevne, slik at kandidaten kan møte menneske med respekt og forståing
- evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i sentrale verdiar og teoriar innan fagområdet, slik at kandidaten kan grunngje, vidareutvikle og formidle eige arbeid
- djupneforståing av eige fag og breiddeorientering i høve til feltet musikk og helse, slik at kandidaten er i stand til å samarbeide med andre fagpersonar og med brukarar og pårørande
- kjennskap til sentrale kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og evne til å bruke relevant forskingsmetodikk for utvikling av ny kunnskap.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Femårig integrert masterprogram i musikkterapi - studieløp (krav: 300 SP) | ||||||||||||
| Standard studieløp (krav: 300 SP) | ||||||||||||
| 1.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Innføringsemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-10 | 1 | ||||||||
| PSYK100 | Innføring i psykologi | 10 | 1-10 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-10 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-10 | 1 | ||||||||
| 2.semester (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP101 | Innføring i musikkterapi | 15 | 1-10 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PSYK101 | Generell psykologi 1 | 15 | 1-10 | 2 | ||||||||
| PSYK102 | Generell psykologi 2 | 15 | 1-10 | 2 | ||||||||
| 2.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUF101 | Musikk, kultur, samfunn | 15 | 1-10 | 3 | ||||||||
| MUTP102 | Musikkterapeutisk bruksmusikk | 15 | 1-10 | 3 | ||||||||
| MUTP201 | Musikkterapi i pedagogiske kontekstar | 15 | 1-10 | 3 | ||||||||
| MUTP203 | Musikkterapeutisk samspel | 15 | 1-10 | 3 | ||||||||
| 3.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Standardløp - 3.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP202 | Samfunnsmusikkterapi | 15 | 1-10 | 6 | ||||||||
| MUTP204 | Musikkterapi fordjupning | 15 | 1-10 | 6 | ||||||||
| Velgemner 5.semester (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Forskingslinje - 3.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP204 | Musikkterapi fordjupning | 15 | 1-10 | 5 | ||||||||
| MUTP311 | Musikkterapiteori | 15 | 1-10 | 5 | ||||||||
| MUTP202 | Samfunnsmusikkterapi | 15 | 1-10 | 6 | ||||||||
| MUTP312 | Musikkterapeutisk forskingsmetode | 15 | 1-10 | 6 | ||||||||
| 300-nivå (krav: 120 SP) | ||||||||||||
| Standardløp 300-nivå (krav: 120 SP) | ||||||||||||
| 4.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP301 | Musikkterapi i habilitering og medisinske kontekstar | 15 | 1-10 | 7 | ||||||||
| MUTP302 | Musikkterapeutisk improvisasjon | 15 | 1-10 | 7 | ||||||||
| MUTP311 | Musikkterapiteori | 15 | 1-10 | 7 | ||||||||
| MUTP312 | Musikkterapeutisk forskingsmetode | 15 | 1-10 | 8 | ||||||||
| 5.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP303 | Musikkterapeutisk profesjonskunnskap | - | 1-10 | 9 | ||||||||
| MUTP304 | Musikkterapi i psykisk helsearbeid og eldreomsorg | 15 | 1-10 | 9 | ||||||||
| MUTP350 | Masteroppgåve i musikkterapi | 30 | 1-10 | 9 | ||||||||
| Forskingslinje 300-nivå (krav: 120 SP) | ||||||||||||
| 4.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP301 | Musikkterapi i habilitering og medisinske kontekstar | 15 | 1-10 | 7 | ||||||||
| MUTP302 | Musikkterapeutisk improvisasjon | 15 | 1-10 | 7 | ||||||||
| MUTP311 | Musikkterapiteori | 15 | 1-10 | 7 | ||||||||
| MUTP312 | Musikkterapeutisk forskingsmetode | 15 | 1-10 | 8 | ||||||||
| 5.studieår (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MUTP303 | Musikkterapeutisk profesjonskunnskap | - | 1-10 | 9 | ||||||||
| MUTP304 | Musikkterapi i psykisk helsearbeid og eldreomsorg | 15 | 1-10 | 9 | ||||||||
| MUTP350 | Masteroppgåve i musikkterapi | 30 | 1-10 | 9 | ||||||||
| Studenter med innpassing av tidligere utdanning (krav: 300 SP) | ||||||||||||
| Tidlegare utdanning (innpassa) | ||||||||||||
| Emne du må ta | ||||||||||||