Masterprogram i italiensk
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust.
Mål og innhald
Italiensk masterstudium vil normalt vera eit 4 semesters
fulltidsstudium som representerer ei fagleg fordjuping bygd på
italiensk frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om fire emne
(ITAL301-304) på til saman 60 stp og ei masteroppgåve
(ITAL350) på 60 stp.
Masterstudiet i italiensk skal gje høve til spesialisering i
språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg lei. Spesialiseringa skal
tuftast på eit breitt og inngåande oversyn over dei viktigaste
fagdisiplinane og har som føresetnad at den munnlege og
skriftlege dugleiken i italiensk språk stendig vert utvida med basis
i kjennskap til den italienske kulturen i notid og fortid.
Læringsutbyte
Ved fullført mastergrad
Kunnskapar: Kandidaten
- har brei generell kunnskap innanfor faget og
djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale
problemstillingane og metodane innanfor fagområdet
- kjenner normene for akademisk skriving
Ferdigheiter: Kandidaten
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med
problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kan setja seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og
tolkingar innanfor fagområdet
- kan skaffe seg og nytte kunnskap på nye område innanfor
faget
- kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller
utviklingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske
normer
Generell kompetanse: Kandidaten
- kan bruke IKT-verktøy som er naudsynte for å
gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
- har kompetanse til å sjølvstendig kunne halde fram med
eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kan uttrykkja på italiensk faglege problemstillingar,
analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
- kjenner til relevante kommunikative sjangrar
- kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved
fagområdet
Oppstart
Haust.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:
http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Poenggrense ved siste opptak
Bachelorgrad med spesialisering i italiensk (90 studiepoeng). Om kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag. Studentar som ønskjer å søkja opptak til masterprogram i italiensk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vera godkjend spesialisering i faget (sjå studieplanen for italiensk bachelornivå), må søkja om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og omtale av dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Delstudium i utlandet
Studentane kan reisa på utveksling og ta emna ITAL303 og/eller ITAL304 i utlandet. Det er òg høve til å reisa på feltarbeid i samband med masteroppgåva.
Mål og innhald
Italiensk masterstudium vil normalt vera eit 4 semesters
fulltidsstudium som representerer ei fagleg fordjuping bygd på
italiensk frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om fire emne
(ITAL301-304) på til saman 60 stp og ei masteroppgåve
(ITAL350) på 60 stp.
Masterstudiet i italiensk skal gje høve til spesialisering i
språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg lei. Spesialiseringa skal
tuftast på eit breitt og inngåande oversyn over dei viktigaste
fagdisiplinane og har som føresetnad at den munnlege og
skriftlege dugleiken i italiensk språk stendig vert utvida med basis
i kjennskap til den italienske kulturen i notid og fortid.
Rekkefølje for emne i studiet
Rekkjefølgja for emna i programmet er normalt denne:
ITAL301/Italiensk språkhistorie og omsetjing (15 stp.), haust
ITAL302/Italiensk litteratur: Tekststudium og teori (15 stp.), haust
ITAL303/Italiensk valemne (15 stp.), vår
ITAL304/Italiensk teoriemne (15 stp.), vår
ITAL350/ Italiensk masteroppgåve (60 stp.)
ITAL303 har status som valemne og kan òg bli henta frå andre fag eller andre institusjonar i inn- og utland etter eit opplegg som i kvart einskilt høve må godkjennast av seksjonen. LITT300 Komparativ litteratur for framandspråk kan erstatte ITAL303. Arbeidet med masteroppgåva (ITAL350) utgjer normalt det andre året i masterstudiet, men i samråd med rettleiar bør studenten byrja å planleggja oppgåva allereie i kursdelen av studiet. Når emnet for oppgåva er fastsett, skal student og rettleiar teikna rettleiingskontrakt.
Krav til progresjon i studiet
Emna ITAL303 og ITAL304 byggjer på emna ITAL301 og ITAL302.
Student og rettleiar må teikna rettleiingskontrakt seinast i løpet av det andre semesteret i masterstudiet.
Undervisningsmetodar
Mykje av undervisninga kan bli gjeven i form av individuell rettleiing.
Evaluering
Programmet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.
Yrkesvegar
Masterprogrammet i italiensk gir god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgare nivå, og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Masterprogrammet i italiensk er også utgangspunkt for forskarutdanning innan italiensk lingvistikk og litteraturvitskap.
Delstudium i utlandet
Studentane kan reisa på utveksling og ta emna ITAL303 og/eller ITAL304 i utlandet. Det er òg høve til å reisa på feltarbeid i samband med masteroppgåva.
Meir infomasjon
studierettleiar@if.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i italiensk-kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| ITAL301 | Italiensk språkhistorie og omsetjing | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| ITAL302 | Italiensk litteratur: tekstsudium og teori | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| ITAL304 | Italiensk teoriemne | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ITAL303 | Italiensk valemne | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LITT300 | Komparativ litteratur for framandspråk | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i italiensk- oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ITAL350 | Italiensk mastergradsoppgåve | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i italiensk- veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i italiensk | - | - | ||||||||||