Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Integrert lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk)

Lektor framandspråk

Introduksjon

Har du lyst å bli «den gode språklæraren» som blir etterlyst i media? Læraren som både er fagleg dyktig og ein god pedagog som kan motivere elevane til læring?

Noreg er eit lite land i ei stor verd, og det å kunne fleire språk er ein avgjerande kompetanse for oss nordmenn. Næringslivet etterspør språkkunnskapar, og ein stadig meir internasjonalisert arbeidsmarknad krev folk som meistrar ulike framandspråk. Dei som ikkje er i stand til å kommunisere på tvers av språkgrenser blir ofte ståande på sidelinja, både i arbeidslivet og sosialt.

Den norske skulen legg stor vekt på framandspråkopplæringa. Engelskundervisninga startar allereie i første klasse på barneskulen, og andre framandspråk blir introduserte på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. God kommunikasjon er avhengig av språkleg kompetanse, men også av kunnskap om kulturelle likskapar og skilnader og ulike samfunnstilhøve rundt omkring i verda. Den gode språklæraren skal spreie språkglede. For språk ¿ det å lære språk, bruke språk og dukke ned i ein annan kultur ¿ er noko av det mest morosame og utviklande ein kan halde på med.

Visste du at ...

Å styrke opplæringa i framandspråk er eit satsingsområde for dagens regjering.

Studievegar

Profesjonsstudium

På det femårige studiet studerer du to fag som du blir kvalifisert til å undervise i. Du tek mastergrad i eitt av språkfaga engelsk, fransk eller tysk. I tillegg vel du eit anna fag - eit språkfag, historie eller religionsvitskap - som du skal studere i to semester. Gjennom studiet lærer du korleis kunnskap blir utvikla, du reflekterer over faga og over korleis du kan formidle dei. I tillegg har du praksis i skulen. Du blir først og fremst kvalifisert til undervisning i den vidaregåande skulen, men også for mellomtrinnet og ungdomsskulen.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Du kan òg utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Dette studiet er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Forsking

Kva er språk? Kva er kommunikasjon? Korleis nyttar ein språk i ulike situasjonar? Det er ikkje berre i den reint språkfaglege forskinga ein arbeider med desse spørsmåla - dei er også svært relevante for forsking på framandspråklæring og framandspråkundervisning. Dette forskingsfeltet aukar både nasjonalt og internasjonalt, og det er framleis mykje vi ikkje veit om korleis ein lærer nye språk. Ved å forske på korleis elevar lærer framandspråk og korleis ein best kan leggje til rette for læring, oppnår ein viktig kunnskap samfunnet kan dra nytte av i skulen og med omsyn til målet om livslang læring.

Sjå også desse studia

Lektorutdanning med master i nordisk, språkfaga, språk og interkulturell kommunikasjon, retorikk, pedagogikk.

Andre studievegar

Du kan også utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Oppbygging

Dei tre første åra inneheld innføringsemne, tre semester med anten engelsk, fransk eller tysk (fag 1), og to semester i det støttefaget du vel (fag 2). Moglege støttefag er anten engelsk, fransk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk, nordisk, historie eller religionsvitskap. Kvart semester vil det også bli arrangert ei programsamling for alle studentane på programmet, og i det første, tredje og femte semesteret blir det skuleerfaring i ei veke. Kurs i pedagogikk og fagdidaktikk går gjennom heile studiet. Praksisen ligg i det sjuande og åttande semesteret, og du skriv masteroppgåva di i dei to siste semestra.

I tabellen kan du sjå eit eksempel på korleis studiet kan leggast opp. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å legge opp studieløpet. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum, Examen facultatum, innføring i pedagogikk, skoleerfaring

2. semester Emne i fag 1

3. semester Emne i fag 1, fagdidaktikk og skoleerfaring

4. semester Emne i fag 2

5. semester Emne i fag 2, fagdidaktikk, pedagogikk og skoleerfaring

6. semester Emne i fag 1 og fagdidaktikk

7. semester Emne i fag 1, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis

8. semester Emne i fag 1, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis

9. semester Masteroppgåve i fag 1 (engelsk, fransk eller tysk)

10. semester Masteroppgåve i fag 1 (engelsk, fransk eller tysk)

Utveksling

For deg som vil ta lektorutdanning i eit framandspråk, vil det vere ein stor fordel om du legg inn eit utanlandsopphald. Det er lagt til rette for at du kan ta det sjette semesteret av utdanninga i utlandet. Tidlegare studentar har til dømes reist til York og Caen, men UiB har også avtaler med ei rekkje andre universitet i Europa og elles i verda. Du vil òg få tilbod om kortare studieopphald i utlandet som del av studiet.

Yrkesvegar

Lektorutdanninga med master i engelsk, fransk eller tysk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskulen (mellom- og ungdomssteget) og i vidaregåande skule. Utdanninga vil gi deg grunnlag for undervisning i to fag.

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag I (engelsk, fransk eller tysk) vil oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart

Haustsemesteret

Mål og innhald

Integrert lektorutdanning med master i framandspråk utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Framandspråkstudiet skal både gje teoretisk kunnskap om språk og praktisk dugleik i språk. Emna kan her vere knytte til t.d. språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing, grammatisk analyse. Men eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve og ikkje minst litteratur. Gjennom tekstlesing er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet som vert studert. På høgare nivå i studiet vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lærarutdanningsprogrammet. Studentane vert oppmoda om å velje eit anna språkfag i tillegg til masterfaget.

Læringsutbyte/resultat

 

Ved fullført mastergrad skal kandidatane:

Ha eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga.

Ha ei grunnleggjande forståing av dei respektive vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Ha vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i.

Ha grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk

Ha kjennskap til vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og kunne arbeide sjølvstendig med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

Ha utvikla analytisk tenking,samt dugleik i teoretisk og praktisk problemløysing.

Kunne meistre skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Ha evne til kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Ha utvikla dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Ha teoretisk kunnskap om og praktisk dugleik i det/dei språket/a som mastergraden omfattar

Ha tileigna seg normene for akademisk skriving i fordjupingsfaget.

Opptakskrav

  • Generell studiekompetanse eller realkompetanse
  • LÆRER: Minst karakter 3 i matematikk og norsk og minst 35 skolepoeng
  • Politiattest (jf. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10)

Innføringsemne

Integrert lektorutdanning med master i framandspråk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA111, Innføring i pedagogikk, 10 stp.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er 5-timars kurset i engelsk og fordjuping frå Vg3 i andre framandspråk.

I undervisning og pensum vert det lagt til grunn at studenten på førehand har teke Examen facultatum - Språk og kommunikasjon.

Obligatoriske emne / spesialisering

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk.

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

 

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70¿110 sider, etterfylgt av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Det er gjort nærmare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Krav til progresjon i studiet

Det vert stilt både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærare informasjon.

Yrkesvegar

Integrert lektorutdanning med master i framandspråk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskolen (mellom- og ungdomstrinnet) og i vidaregåande skole. Lektorutdanninga gir undervisningskompetanse i to fag.

Rekkefølje for emne i studiet

1. semester: Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum, Språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA111, Innføring i pedagogikk, 10 stp.

- 5 dagar skuleerfaring

2. semester: Fag I 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG101, ENG125 ( ENG123 eller ENG124)

Fransk: FRAN101, FRAN103

Tysk: TYS111, TYS112

3. semester:

- Fag 1, 100-nivå, 25 stp:

Engelsk: ENG106 og ENG122L, eller ENG106L og ENG122

Fransk: FRAN114, FRAN105, FRAN106

Tysk: TYS113, TYS124

- Fagdidaktikk i fag I, 5 stp.: ENGDI101, FRANDI101 eller TYSDI101

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk

4. semester: Fag II 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG101, ENG125

Fransk: FRAN101, FRAN103

Spansk: SPLA101, SPLA103

Tysk: TYS111, TYS112

Nordisk: NOSP102, NOLI102

Religion: RELV101, RELV105

Historie: HIS102 (obligatorisk), og eitt av emna:HIS116, HIS115, HIS108, HIM101 eller HIS111

5. semester: Fag II 100-nivå, pedagogikk, fagdidaktikk i fag II

- Fagemne (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 20 stp.

Engelsk: ENG106L, ENG122L

Fransk: FRAN114, FRAN105

Spansk: SPLA105, SPLA106

Tysk: TYS123, TYS124

Nordisk: NOSP103-L, NOLI103-L

Religion:RELV102, RELV103L

Historie: HIS101, HIS120

- PEDA112, pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag II og PEDA112

6. semester:

- Fag I 200-nivå, 25 stp.

Engelsk: ENG251 og ENG212L eller ENG252 og ENG211L

Fransk: FRAN201L og FRAN253 og FRANDI201, eller FRAN201 og FRAN253L

Tysk: TYS251 og TYS202L eller TYS252 og TYS201L

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp: ENGDI201, FRANDI201, TYSDI201

7. semester: Fag I 300-nivå, pedagogikk, fagdidaktikk i fag II og praksis

- Fagemne, 15 stp:

Engelsk: ENG321 eller ENG322 eller ENG331L eller ENG332L

Fransk: FRAN301 eller FRAN303 eller FRAN304

Tysk: TYS311

- PEDA113, pedagogikk, 10 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp

- 60 timar praksis

8. semester: Fag I 300-nivå, pedagogikk, fagdidaktikk i fag I og praksis

- Fagemne, 15 stp:

Engelsk:ENG325 eller ENG326 eller ENG335L eller ENG336L

Fransk: FRAN302 eller FRAN303 eller FRAN304

Tysk: TYS314 eller TYS315 eller TYS316 eller TYS317

- PEDA114, pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i fag I, 10 stp: ENGDI301, FRANDI301, TYSDI301

- 60 timar praksis

9. semester (haust) og 10. semester (vår): Fag I 300-nivå

Masteroppgåve, 60 stp: ENG350 / FRAN350 / TYS350

Adminstrativ ansvarleg

Det humanistiske fakultet

E-post: lektor@hf.uib.no

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Fagansvarleg

Institutt for framandspråk

Karakterskala

Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F. Praksis og utvalde obligatoriske aktivitetar vert vurderte med greidd/ikkje greidd.

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Meir infomasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til lektorutdanning med master i framandspråk.

Opptakskrav

LÆRER: Minst karakter 3 i matematikk og norsk og minst 35 skolepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar i engelsk som svarer til Vg2 og Vg3 med godt resultat, og i fransk eller tysk tilsvarande nivå 2.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 44,4

Førstegongsvitnemål: 44,5

Antall studieplasser

34

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Læringsutbyte/resultat

 

Ved fullført mastergrad skal kandidatane:

Ha eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga.

Ha ei grunnleggjande forståing av dei respektive vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Ha vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i.

Ha grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk

Ha kjennskap til vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og kunne arbeide sjølvstendig med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

Ha utvikla analytisk tenking,samt dugleik i teoretisk og praktisk problemløysing.

Kunne meistre skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Ha evne til kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Ha utvikla dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Ha teoretisk kunnskap om og praktisk dugleik i det/dei språket/a som mastergraden omfattar

Ha tileigna seg normene for akademisk skriving i fordjupingsfaget.

MAHF-LÆFR/Masterprogram lektorutdanning
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet lektorutdanning (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1
PEDA111 Innføring i pedagogikk 10 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
Masterprogram - lektorutdanning - pedagogikk (krav: 20 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PEDA112 Læringsprosessens møtepunkt: Læring, undervisning og vurdering 5 5
PEDA113 Læringsmiljø: Organisering og leiing 10 7
PEDA114 Læraren sin profesjonalitet og yrkesidentitet 5 8
ILPRA101 Første praksisperiode 0 7
ILPRA102 Andre praksisperiode 0 8
Masterprogram - lektorutdanning - spesialiseringer (krav: 90 SP)
Spesialisering i engelsk (krav: 90 SP)
Spesialisering i engelsk - obligatoriske emner (krav: 90 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG101 Engelsk lingvistikk I 15 2
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG125 Britisk litteratur og kultur 15 2
ENG123 Britisk litteratur - 2
ENG124 Britisk litteratur og kultur - 2
Spesialisering i engelsk - 3. semester (krav: 25 SP)
Velg variant
Spesialisering i engelsk - 3. sem 10 stp litteratur/15 stp språk (krav: 30 SP)
Variant med redusert litteraturemne
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG122L Amerikansk litteratur og kultur for lærarstudentar 10 1-6 3
ENG106 Engelsk lingvistikk II 15 1-6 3
ENGDI101 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 1-6 3
Spesialisering i engelsk - 3. sem 15 stp litteratur/10 stp språk (krav: 30 SP)
Variant med redusert språkemne
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur 15 1-6 3
ENG106L Engelsk språk II for lærarstudentar 10 1-6 3
ENGDI101 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 1-6 3
Spesialisering i engelsk - 6. semester
Vel variant
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Spesialisering i engelsk - 6. sem. - Bacheloroppgave i språk (krav: 30 SP)
Variant med redusert litteraturemne
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG212L Engelskspråkleg litteratur og kultur for lærarstudentar 10 1-6 6
ENG251 Bacheloroppgave i engelsk språk 15 1-6 6
ENGDI201 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 1-6 6
Spesialisering i engelsk - 6. sem. - Bacheloroppgave i litteratur (krav: 30 SP)
Variant med redusert språkemne
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG211L Engelsk språk for lærarstudentar 10 1-6 6
ENG252 Bacheloroppgave i engelskspråkleg litteratur og kultur 15 1-6 6
ENGDI201 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 1-6 6
Spesialisering i engelsk - 7. semester
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG301 Masteremne i lingvistikk I 15 7
ENG302 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I 15 7
ENG303 Masteremne i engelsk lingvistikk II 15 7
ENG304 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II 15 7
Spesialisering i engelsk - 8. semester
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENGDI301 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning 10 8
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG305 Masteremne i lingvistikk III 15 8
ENG306 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III 15 8
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk V 15 8
ENG310 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 15 8
Spesialisering i engelsk - 9. & 10. semester
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG350 Engelsk mastergradsoppgåve 60 9-10 9
Spesialisering i engelsk - fag 2 (krav: 60 SP)
Historie som fag 2 i integrert lærarutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 15 1-10 4
HIS120 Fordjupingsoppgåve i historie 5 1-10 5
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 15 1-10 5
HIDID111 Historiedidaktikk for grunnskulen 5 1-10 5
HIDID112 Historiedidaktikk for vidaregåande skule 5 7
        Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS111 Oversikt over USA historie 15 1-10 4
HIS115 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS116 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS260 Fordjuping i nyare historie - 1-10 4
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie 15 1-10 4
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-10 4
Fransk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN101 Fransk grammatikk 15 4
FRAN103 Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk 15 4
FRANDI101 Fagdidaktikk i fransk for integrert lærarutdanning 5 5
FRAN114 Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) 15 5
FRAN105 Fransk litteratur (lektorutdanninga) 5 5
Spansk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA101 Spansk språk I 15 4
SPANDI101 Fagdidaktikk i spansk for integrert lærarutdanning - 5
SPLA106 Spansk historie 5 5
SPLA105 Spansk språk II 15 5
SPANDI111 Fagdidaktikk i spansk for Integrert lektorutdanning 2 - 7
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika 15 4
SPLA103 Latinamerikansk historie 15 4
Tysk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS111 Grunnemne i tysk språk I 15 4
TYS112 Tyskspråkleg kultur 15 4
TYSDI101 Fagdidaktikk i tysk for integrert lærarutdanning 5 5
TYS123 Grunnemne i tysk språk II for lærarstudentar 10 5
TYSDI111 Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 4 5 7
TYS124 Tyskspråkleg litteratur for lærarstudentar 10 5
Nordisk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 15 4
NOSP102 Nordisk: Moderne språk 15 4
NOLI103-L Nordisk: Den eldre litteraturen for integrert lærarutdanning 10 5
NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning 10 5
NODI101 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 5
NODI111 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 7
Religionsvitenskap som fag 2 i integrert lærerutdanning (krav: 55 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion 15 4
RELDI111 Religionsdidaktikk (RLE) for grunnskolen 5 5
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam 15 5
RELDI112 Religionsdidaktikk (Religion og etikk) for videregåande skule 5 7
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV103L Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanninga 5 4
RELV101L Innføring i religionsvitskap - lærarutdanninga - 5
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV101 Innføring i religionsvitskap 15 4
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar 15 4
Spesialisering i fransk
Spesialisering i fransk - obligatoriske emner (krav: 60 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN101 Fransk grammatikk 15 1-6 2
FRAN103 Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk 15 1-6 2
FRAN114 Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) 15 1-6 3
FRANDI101 Fagdidaktikk i fransk for integrert lærarutdanning 5 1-6 3
FRAN105 Fransk litteratur (lektorutdanninga) 5 1-6 3
FRAN106 Franskspråkleg litteratur frå det 20. århundre (lektorutdanninga) 5 1-6 3
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Spesialisering i fransk - sjette semester (krav: 30 SP)
Vel variant
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Spesialisering i fransk - sjette semester - Semesteroppgåve i litterat (krav: 30 SP)
Semesteroppgåve i litteratur
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN253 Fordjuping i fransk litteratur 15 1-6 6
FRAN201L Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing for integrert lektorutdanning 10 1-6 6
FRANDI201 Fagdidaktikk i fransk for integrert lærarutdanning 2 5 1-6 6
Spesialisering i fransk - sjette semester - Semesteroppgåve i språk (krav: 30 SP)
Semesteroppgåve i språk
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN253L Fordjuping i fransk litteratur med didaktisk vinkling for integrert lektorutdanning 15 1-6 6
FRAN201 Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing 15 1-6 6
Spesialisering i fransk - fag 2
Historie som fag 2 i integrert lærarutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 15 1-10 4
HIS120 Fordjupingsoppgåve i historie 5 1-10 5
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 15 1-10 5
HIDID111 Historiedidaktikk for grunnskulen 5 1-10 5
HIDID112 Historiedidaktikk for vidaregåande skule 5 7
        Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS111 Oversikt over USA historie 15 1-10 4
HIS115 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS116 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS260 Fordjuping i nyare historie - 1-10 4
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie 15 1-10 4
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-10 4
Engelsk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG101 Engelsk lingvistikk I 15 4
ENG122L Amerikansk litteratur og kultur for lærarstudentar 10 5
ENG106L Engelsk språk II for lærarstudentar 10 5
ENGDI101 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 5
ENGDI111 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning 5 7
        Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG125 Britisk litteratur og kultur 15 4
ENG123 Britisk litteratur - 4
ENG124 Britisk litteratur og kultur - 4
Spansk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA101 Spansk språk I 15 4
SPANDI101 Fagdidaktikk i spansk for integrert lærarutdanning - 5
SPLA106 Spansk historie 5 5
SPLA105 Spansk språk II 15 5
SPANDI111 Fagdidaktikk i spansk for Integrert lektorutdanning 2 - 7
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika 15 4
SPLA103 Latinamerikansk historie 15 4
Tysk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS111 Grunnemne i tysk språk I 15 4
TYS112 Tyskspråkleg kultur 15 4
TYSDI101 Fagdidaktikk i tysk for integrert lærarutdanning 5 5
TYS123 Grunnemne i tysk språk II for lærarstudentar 10 5
TYSDI111 Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 4 5 7
TYS124 Tyskspråkleg litteratur for lærarstudentar 10 5
Nordisk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 15 4
NOSP102 Nordisk: Moderne språk 15 4
NOLI103-L Nordisk: Den eldre litteraturen for integrert lærarutdanning 10 5
NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning 10 5
NODI101 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 5
NODI111 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 7
Religionsvitenskap som fag 2 i integrert lærerutdanning (krav: 55 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion 15 4
RELDI111 Religionsdidaktikk (RLE) for grunnskolen 5 5
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam 15 5
RELDI112 Religionsdidaktikk (Religion og etikk) for videregåande skule 5 7
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV103L Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanninga 5 4
RELV101L Innføring i religionsvitskap - lærarutdanninga - 5
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV101 Innføring i religionsvitskap 15 4
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar 15 4
Spesialisering i fransk - 7. og 8. semester
7.semester vel mellom FRAN301, FRAN303 eller FRAN304. 8.semester vel mellom FRAN302, FRAN303 eller FRAN304.
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRANDI301 Fagdidaktikk i fransk for integrert lektorutdanning 3 10 8
      Vel minst to emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN301 Teori, metode og litterære verk 15 7
FRAN303 Seminaremne I, språkleg eller litterært 15 7-8
FRAN304 Seminaremne, språkleg eller litterært II 15 7-8
FRAN305 Teoretiske retningar i språk- og litteraturvitskap etter 1900 15 7-8
FRAN302 Grammatikk, omsetjing og middelalderfransk 15 8
Spesialisering i fransk - 9. & 10. semester
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN350 Fransk mastergradsoppgåve 60 9-10 9
Spesialisering i tysk (krav: 90 SP)
Spesialisering i tysk (krav: 90 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS111 Grunnemne i tysk språk I 15 1-6 2
TYS112 Tyskspråkleg kultur 15 1-6 2
TYS124 Tyskspråkleg litteratur for lærarstudentar 10 1-6 3
TYS113 Grunnemne i tysk språk II 15 1-6 3
TYSDI101 Fagdidaktikk i tysk for integrert lærarutdanning 5 1-6 3
TYSDI201 Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 5 6
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Spesialisering i tysk - sjette semester (krav: 30 SP)
Vel variant
Spesialisering i tysk - sjette semester - Semesteroppgåve i litteratur
Semesteroppgåve i litteratur
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS201L Fordjuping i tysk språk for integrert lektorutdanning 10 6
TYS252 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur bacheloroppgåve 15 6
Spesialisering i tysk - sjette semester - Semesteroppgåve i språk
Semesteroppgåve i språk
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS202L Fordjuping i tyskspråkleg litteratur for integrert lektorutdanning 10 6
TYS251 Fordjuping i tysk språk med bacheloroppgåve 15 6
Spesialisering i tysk - fag 2 (krav: 90 SP)
Historie som fag 2 i integrert lærarutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 15 1-10 4
HIS120 Fordjupingsoppgåve i historie 5 1-10 5
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 15 1-10 5
HIDID111 Historiedidaktikk for grunnskulen 5 1-10 5
HIDID112 Historiedidaktikk for vidaregåande skule 5 7
        Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS111 Oversikt over USA historie 15 1-10 4
HIS115 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS116 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS260 Fordjuping i nyare historie - 1-10 4
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie 15 1-10 4
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-10 4
Engelsk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG101 Engelsk lingvistikk I 15 4
ENG122L Amerikansk litteratur og kultur for lærarstudentar 10 5
ENG106L Engelsk språk II for lærarstudentar 10 5
ENGDI101 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 5
ENGDI111 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning 5 7
        Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG125 Britisk litteratur og kultur 15 4
ENG123 Britisk litteratur - 4
ENG124 Britisk litteratur og kultur - 4
Spansk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA101 Spansk språk I 15 4
SPANDI101 Fagdidaktikk i spansk for integrert lærarutdanning - 5
SPLA106 Spansk historie 5 5
SPLA105 Spansk språk II 15 5
SPANDI111 Fagdidaktikk i spansk for Integrert lektorutdanning 2 - 7
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika 15 4
SPLA103 Latinamerikansk historie 15 4
Fransk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN101 Fransk grammatikk 15 4
FRAN103 Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk 15 4
FRANDI101 Fagdidaktikk i fransk for integrert lærarutdanning 5 5
FRAN114 Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) 15 5
FRAN105 Fransk litteratur (lektorutdanninga) 5 5
Nordisk som fag 2 i integrert lærerutdanning
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 15 4
NOSP102 Nordisk: Moderne språk 15 4
NOLI103-L Nordisk: Den eldre litteraturen for integrert lærarutdanning 10 5
NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning 10 5
NODI101 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 5
NODI111 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 7
Religionsvitenskap som fag 2 i integrert lærerutdanning (krav: 55 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion 15 4
RELDI111 Religionsdidaktikk (RLE) for grunnskolen 5 5
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam 15 5
RELDI112 Religionsdidaktikk (Religion og etikk) for videregåande skule 5 7
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV103L Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanninga 5 4
RELV101L Innføring i religionsvitskap - lærarutdanninga - 5
        Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV101 Innføring i religionsvitskap 15 4
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar 15 4
Spesialisering i tysk - 7. og 8. semester
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS311 Moderne tysk språk, litteratur og kultur 15 7
TYSDI301 Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 3 10 8
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS314 Seminaremne i tysk språk II 15 8
TYS315 Seminaremne i tyskspråkleg litteratur II 15 8
TYS316 Seminaremne i tysk språkvitskap 15 8
TYS317 Seminaremne i tysk litteraturvitskap 15 8
Spesialisering i tysk - 9. & 10. semester
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS350 Tysk mastergradsoppgåve 60 9-10 9