Hjem
Click

Utdanning

Integrert master/Profesjonsstudium

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap

  • Studiepoeng300
  • PoenggrenseNytt program
  • Lengde5 år
  • Studieplassar11
  • StudiestartHaust
  • SpråkNorsk/Framandspråk
  • StudieplanLes studieplan

Introduksjon

Introduksjon

Lektorutdanninga gir deg både den faglege og pedagogiske kompetansen du treng for å bli ein dyktig og engasjert lærar. Læraren som får elevane til å undre seg over religion og religiøsitet på tvers av kulturar og som set fortid, notid og framtid i samanheng.

Gjennom studiet får du undervisningskompetanse i to fag. Du fordjupar deg i historie eller religionsvitskap. Her skriv du ei masteroppgåve, som enten kan ha ein rein fagleg profil eller vere meir retta mot undervisning og læring i faget. Oppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid som gjer deg rusta til både å undervise og forske i faget. Kva andre fag du kan velje, står nærare omtalt i studieplanen.

Praksis er knytt til begge faga dine, og skal førebu deg på kvardagen som møter deg når du er ferdig utdanna.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Lektorutdanninga med master i historie eller religionsvitskap kvalifiserer for tilsetting i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.

I tillegg kvalifiserer utdanninga for doktorgradsstudium i relevante program.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • har avansert kunnskap i dei valde faga og spesialisert innsikt i eit profesjonsrelevant fagområde
  • har inngåande kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodar i faglege, fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål
  • har inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk, og kan nytte denne på nye område som er relevante for profesjonsutøvinga
  • har kunnskap om utvikling av skolen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskingsfag og brei forståing for skolen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
  • har kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om rettane deira i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om samiske tilhøve

Ferdigheiter
Studenten

  • kan orientere seg i faglitteratur, analysere og ha ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
  • kan bruke faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder på ein sjølvstendig måte til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike område
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap sjølvstendig til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande dugleikar og planlegge og leie undervisning på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere undervisning
  • kan tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan ha ei kritisk, sjølvstendig tilnærming til digitale verktøy og nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon og rettleie unge i den digitale kvardagen
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetansen deira, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
  • kan faget godt nok til å vere trygg i undervisningssamanheng, og kan kommunisere godt i faga
  • kan følgje normene for akademisk skriving i masterfaget

Generell kompetanse
Studenten

  • kan bidra til innovasjonsprosessar og nytenking, gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid og legge til rette for at ein kan involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit høgt fagleg nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskingsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan på sjølvstendig grunnlag vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skolen og blant kollegaer
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er fristen for å søke 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO).

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til lektorutdanning i historie eller religionsvitenskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og minst karakter 4 i matematikk (224 timar) og 3 i norsk (393 timar) og minst 35 skolepoeng. Ved opptak til studiet må òg leggast fram politiattest.

Overgangsordninger

Overgang mellom dei 5-årige lektorutdanningane ved HF blir berre innvilga om det er mogeleg i høve til studieplanen. Søknad om overgang mellom lektorutdanning med master i nordisk, lektorutdanning med master i framandspråk og lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap, må sendast på e-post til post@hf.uib.no.

Studieretningar

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no 55 58 93 70 (10.00 - 14.00)