Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Integrert lektorutdanning med master i nordisk

Lektor nordisk

Introduksjon

Det norske språket angår oss alle, vi høyrer det rundt oss heile tida, og det er ein del av historia og kulturen vår. Vil du bli ein av dei engasjerte lærarane som formidlar kunnskap om denne viktige delen av livet?

Norskfaget står heilt sentralt i skulen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. Gjennom studiet lærer du både om den historiske utviklinga til dei nordiske språka og korleis moderne språk er strukturerte. Ein tek for seg språkbruksanalyse, talemål og norrønt. I andrespråksopplæringa ser ein for eksempel på korleis ulike innvandrarar lærer seg norsk.

Litteraturundervisninga gir deg innblikk i norsk og nordisk kulturhistorie. I løpet av studiet lærer du om norsk litteratur før og etter 1900, frå sagalitteraturen og Edda-diktinga til sakprosa og nyare fiksjonslitteratur. Du møter sentrale forfattarskap og ulike sjangrar.

Store delar av arbeidslivet krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Ein blir betre i norsk av å lese og skrive, og ei av dei viktigaste oppgåvene til framtidige norsklærarar vil vere å skape leselyst og skriveglede!

Visste du at ...

Norske lærarar er dei lærarane i verda som er mest nøgde med yrket sitt.

Studievegar

Profesjonsstudium

På det femårige studiet les du nordisk språk og litteratur, og dessutan eitt anna undervisningsfag. Du tek mastergrad i nordisk, og som det andre faget kan du velje mellom engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium, historie og religion. Gjennom studiet lærer du korleis kunnskap blir utvikla, du reflekterer over faget og over korleis du kan formidle det. Du blir først og fremst kvalifisert til undervisning i den vidaregåande skulen, men også for mellomtrinnet og ungdomsskulen.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Du kan òg utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Forsking

Samanlikna med eit språk som engelsk er dei nordiske språka svært lite utforska. Aktuelle forskingsfelt er språkhistorie og språket si rolle i det moderne samfunnet. Likeeins dannar litteraturen i dei nordiske språka utgangspunkt for både historiske og systematiske studiar. Sist, men ikkje minst: Det er stor trong for forsking som relaterer seg til det som skjer i norskfaget i skulen.

Sjå også desse studia

Lektorutdanning med master i framandspråk, språkfaga, språk og interkulturell kommunikasjon, retorikk, pedagogikk.

Andre studievegar

Du kan også utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Oppbygging

Dei tre første åra inneheld innføringsemne, tre semester med nordisk språk og litteratur (fag 1), og to semester i det støttefaget du vel (fag 2). Moglege støttefag til nordisk er engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium, historie eller religionsvitskap. Kvart semester vil det også bli arrangert ei programsamling for alle studentane på programmet, og i det første, tredje og femte semesteret blir det skuleerfaring i ei veke. Kurs i pedagogikk og fagdidaktikk går gjennom heile studiet. Praksisen ligg i det sjuande og åttande semesteret, og du skriv masteroppgåva di i dei to siste semestra.

I tabellen kan du sjå eit eksempel på korleis studiet kan leggjast opp. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å leggje opp studieløpet. Du finn den detaljerte studieplanen for programmet på uib.no/utdanning

Semester og emne

1. semester Examen philosophicum, Examen facultatum, innføring i pedagogikk, skoleerfaring

2. semester Emne i fag 1

3. semester Emne i fag 1, fagdidaktikk og skoleerfaring

4. semester Emne i fag 2

5. semester Emne i fag 2, fagdidaktikk, pedagogikk og skoleerfaring

6. semester Emne i fag 1 og fagdidaktikk

7. semester Emne i fag 1, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis

8. semester Emne i fag 1, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis

9. semester Masteroppgåve i fag 1 (nordisk)

10. semester Masteroppgåve i fag 1 (nordisk)

Utveksling

Det finst i dag gode alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Om du ønskjer studieopphald i utlandet som ein del av lektorutdanninga, bør det leggjast til det sjette semesteret. Tidlegare studentar har til dømes hatt studieopphald i Danmark og på Island.

Yrkesvegar

Lektorutdanninga med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskolen (mellom- og ungdomssteget) og i vidaregåande skule. Utdanninga vil gi deg grunnlag for undervisning i norsk og det faget du vel som fag 2.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, dansk og svensk. Dersom du som fag II vel eit framandspråk, vil (delar av) undervisninga vere på det aktuelle språket.

Studiestart

Haustsemesteret.

Mål og innhald

Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Det fyrste studieåret i nordiskfaget er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygt som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og gir innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men likevel vil hovudtyngda i studiet liggje på norsk språk og norsk litteratur. I kor stor grad studenten arbeider med nordiske eller reint norske fagområde, vil òg studenten sjølv kunne avgjere.

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

 

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullførd lektorutdanning i nordisk er kjenneteikna med å ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, dugleikar og generell kompetanse.

 

Kunnskap er kjenneteikna med at kandidaten skal

- ha eit solid grunnlag i nordistikken med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faget

- ha innsikt i korleis språket er oppbygt som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag

- ha kunnskap om sentrale nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie

- ha grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk

- ha kunnskap om relevante skulefag

- ha kjennskap til vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og kan arbeide sjølvstendig med omfattande og krevjande faglege oppgåver

- ha ei grunnleggjande forståing av dei respektive vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

 

Dugleikar er kjenneteikna med at kandidaten skal

- kunne meistre relevante skriftlege og munnlege presentasjonar

- ha tileigna seg normene for akademisk skriving i masterfaget

- ha utvikla dugleikar for praktisk yrkesutøving

- kunne gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med forskingsetiske normer.

 

Generell kompetanse er kjenneteikna med at kandidaten skal

- kunne tilretteleggje for læring

- vere ansvarleg og kompetent til å ta medansvar for elevar si læring og utvikling

- kunne kritisk reflektere og samtale kring fag, undervisning og læring

- kunne bidra til vidare fagleg og profesjonell utvikling.

Opptakskrav

  • Generell studiekompetanse eller realkompetanse
  • LÆRAR: Minst karakter 3 i matematikk og norsk og minst 35 skolepoeng

Politiattest (jf. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10)

Innføringsemne

Integrert lektorutdanning med master i nordisk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA111, Innføring i pedagogikk, 10 stp.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er norskeksamen i felles allmenne fag ved studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skule.

Obligatoriske emne / spesialisering

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytte til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på 70-110 sider, etterfølgd av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Prosjektet for masteroppgåva skal vere godkjent i eit prosjektførebuande emne før arbeidet tek til. Det er gjort meir greie for masteroppgåvearbeidet i ein eigen emneplan.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer. For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet). 

Krav til progresjon i studiet

Det vert stilt både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.

Yrkesvegar

Integrert lektorutdanning med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskulen (mellom- og ungdomstrinnet) og i vidaregåande skule. Lektorutdanninga gir undervisningskompetanse i norsk og det faget ein vel som fag II.

Rekkefølje for emne i studiet

1. semester: Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: språk og kommunikasjon, 10 stp.

- PEDA111, Innføring i pedagogikk, 10 stp.

- 5 dagar skuleerfaring

 

2. semester: Nordisk 100-nivå

- NOSP102 Nordisk: Moderne språk, 15 stp.

- NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900, 15 stp.

 

3. semester: Nordisk 100-nivå, fagdidaktikk i fag I

- NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen, 15 stp.

- NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning, 10 stp.

- NODI101, Norskdidaktikk, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til norskdidaktikk

 

4. semester: Fag II 100-nivå, 30 stp.:

Engelsk: ENG101, ENG125

Fransk: FRAN101, FRAN103

Spansk: SPLA101, SPLA103

Tysk: TYS111, TYS112

Religion: RELV101, RELV105

Historie: HIS102 (obligatorisk), og eitt av emna HIS116, HIS115, HIS108, HIM101 eller HIS111

 

5. semester: Fag II 100-nivå, pedagogikk, fagdidaktikk i fag II

- Fagemne (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 20 stp.

Engelsk: ENG106L, ENG122L

Fransk: FRAN114, FRAN105

Spansk: SPLA105, SPLA106

Tysk: TYS123, TYS124

Religion: RELV102, RELV103L

Historie: HIS101, HIS120

- PEDA112, pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag II og PEDA112

 

6. semester: Nordisk 200-nivå, fagdidaktikk i fag I

- NODI201, Norskdidaktikk, 5 stp.

- Fagemne, 25 stp.

Eitt av desse emna skal veljast:

NOLI210-L Nordisk: Litterær analyse og teori for integrert lektorutdanning

NOSP210-L Nordisk: Språkbruksanalyse for integrert lektorutdanning

 

Dersom ein vel NOLI210-L, skal eitt av desse emna veljast:

NORAN251-L Andrespråkslæring og -undervisning for integrert lektorutdanning

NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve

NOSP251: Nordisk: Språkleg variasjon og endring med bacheloroppgåve

 

Dersom ein vel NOSP210-L, skal eitt av desse emna veljast:

NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori

NOLI251 Nordisk: Litterært fordjupingsemne 1

 

7. semester: Nordisk 300-nivå, pedagogikk, fagdidaktikk i fag II og praksis

- Fagemne, 15. stp.

Eitt av desse emna skal veljast:

NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi 1

NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C

NOLI320 Nordisk: Litterært særemne

NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B

NOSP314 Nordisk: Språk i Norden

NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne

NOSP322 Nordisk: Namnegransking

NOSP325 Nordisk: Grammatikk og semantikk

- PEDA113, pedagogikk, 10 stp.

- Fagdidaktikk i fag II, 5 stp.

- 60 timar praksis

 

8. semester: Nordisk 300-nivå, pedagogikk, fagdidaktikk i fag I og praksis

- NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne, 15 stp.

- PEDA114, pedagogikk, 5 stp.

- NODI302, Norskdidaktikk, 10 stp.

- 60 timar praksis

 

9. semester og 10. semester: Nordisk 300-nivå

NOLISP350, Mastergradsoppgåve i nordisk, 60 stp.

 

Praksis gir ikkje studiepoeng, men er ein obligatorisk del av pedagogikk og fagdidaktikk.

Adminstrativ ansvarleg

Det humanistiske fakultet

E-post: lektor@hf.uib.no

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Fagansvarleg

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Karakterskala

Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F. Praksis, utvalde obligatoriske aktivitetar og NOLISP300 vert vurderte med greidd/ikkje greidd.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Meir infomasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til lektorutdanning med master i nordisk.

Opptakskrav

LÆRER: Minst karakter 3 i matematikk og norsk og minst 35 skolepoeng

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass. Poengrensa er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

26

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Læringsutbyte/resultat

Ein kandidat med fullførd lektorutdanning i nordisk er kjenneteikna med å ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, dugleikar og generell kompetanse.

 

Kunnskap er kjenneteikna med at kandidaten skal

- ha eit solid grunnlag i nordistikken med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faget

- ha innsikt i korleis språket er oppbygt som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag

- ha kunnskap om sentrale nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie

- ha grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk

- ha kunnskap om relevante skulefag

- ha kjennskap til vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og kan arbeide sjølvstendig med omfattande og krevjande faglege oppgåver

- ha ei grunnleggjande forståing av dei respektive vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

 

Dugleikar er kjenneteikna med at kandidaten skal

- kunne meistre relevante skriftlege og munnlege presentasjonar

- ha tileigna seg normene for akademisk skriving i masterfaget

- ha utvikla dugleikar for praktisk yrkesutøving

- kunne gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med forskingsetiske normer.

 

Generell kompetanse er kjenneteikna med at kandidaten skal

- kunne tilretteleggje for læring

- vere ansvarleg og kompetent til å ta medansvar for elevar si læring og utvikling

- kunne kritisk reflektere og samtale kring fag, undervisning og læring

- kunne bidra til vidare fagleg og profesjonell utvikling.

MAHF-LÆNO/Masterprogram - lærerutdanning
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet lektorutdanning (krav: 30 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1
PEDA111 Innføring i pedagogikk 10 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
Masterprogram - lærerutdanning - spesialisering (krav: 90 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 15 1-6 2
NODI101 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 1-6 3
NOSP103-L Nordisk: Språkhistorie og talemål for integrert lektorutdanning 10 1-6 3
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen 15 1-6 3
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
NOSP102 Nordisk: Moderne språk 15 1-6 2
Masterprogram - lærerutdanning - pedagogikkemner
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PEDA112 Læringsprosessens møtepunkt: Læring, undervisning og vurdering 5 5
PEDA113 Læringsmiljø: Organisering og leiing 10 7
PEDA114 Læraren sin profesjonalitet og yrkesidentitet 5 8
ILPRA101 Første praksisperiode 0 7
ILPRA102 Andre praksisperiode 0 8
Masterprogram - lærerutdanning - 6. semester - nordisk
Vel anten semesteroppgåve i litteratur eller semesteroppgåve i språk
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
MAHFLÆNO - 6. semester - Semesteroppgåve i litteratur (krav: 30 SP)
Semesteroppgåve i litteratur
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOSP210-L Språkbruksanalyse for integrert lektorutdanning 10 6
NODI201 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 6
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori 15 6
NOLI251 Nordisk: Litterært fordypningsemne A 15 6
NOLI208 Nordisk: Fordjupingsemne I med semesteroppgåve i nordisk litteratur - 6
MAHFLÆNO - 6. semester - Semesteroppgåve i språk (krav: 30 SP)
Semesteroppgåve i språk
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLI210-L Litterær analyse og teori for integrert lektorutdanning 10 6
NODI201 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 5 6
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
NORAN251-L Andrespråkslæring og -undervisning for integrert lektorutdanning 15 6
NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgåve 15 6
NOSP251 Nordisk: Språklig variasjon og endring med bacheloroppgåve 15 6
NOSP208 Nordisk: Fordjupingsemne I med semesteroppgåve i nordisk språk - 6
Fag 2 integrert lærerutdanning nordisk
Historie som fag 2 i integrert lærarutdanning
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS102 Oversyn over nyare historie frå 1750 15 1-10 4
HIS120 Fordjupingsoppgåve i historie 5 1-10 5
HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 15 1-10 5
HIDID111 Historiedidaktikk for grunnskulen 5 1-10 5
HIDID112 Historiedidaktikk for vidaregåande skule 5 7
    Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS111 Oversikt over USA historie 15 1-10 4
HIS115 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS116 Fordjuping i nyare historie 15 1-10 4
HIS260 Fordjuping i nyare historie - 1-10 4
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie 15 1-10 4
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-10 4
Fransk som fag 2 i integrert lærerutdanning
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
FRAN101 Fransk grammatikk 15 4
FRAN103 Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk 15 4
FRANDI101 Fagdidaktikk i fransk for integrert lærarutdanning 5 5
FRAN114 Omsetjing norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på munnleg fransk) 15 5
FRAN105 Fransk litteratur (lektorutdanninga) 5 5
Spansk som fag 2 i integrert lærerutdanning
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA101 Spansk språk I 15 4
SPANDI101 Fagdidaktikk i spansk for integrert lærarutdanning - 5
SPLA106 Spansk historie 5 5
SPLA105 Spansk språk II 15 5
SPANDI111 Fagdidaktikk i spansk for Integrert lektorutdanning 2 - 7
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
SPLA104 Kultur og samfunn i Latin-Amerika 15 4
SPLA103 Latinamerikansk historie 15 4
Tysk som fag 2 i integrert lærerutdanning
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
TYS111 Grunnemne i tysk språk I 15 4
TYS112 Tyskspråkleg kultur 15 4
TYSDI101 Fagdidaktikk i tysk for integrert lærarutdanning 5 5
TYS123 Grunnemne i tysk språk II for lærarstudentar 10 5
TYSDI111 Fagdidaktikk i tysk for integrert lektorutdanning 4 5 7
TYS124 Tyskspråkleg litteratur for lærarstudentar 10 5
Engelsk som fag 2 i integrert lærerutdanning
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG101 Engelsk lingvistikk I 15 4
ENG122L Amerikansk litteratur og kultur for lærarstudentar 10 5
ENG106L Engelsk språk II for lærarstudentar 10 5
ENGDI101 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning 5 5
ENGDI111 Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning 5 7
    Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
ENG125 Britisk litteratur og kultur 15 4
ENG123 Britisk litteratur - 4
ENG124 Britisk litteratur og kultur - 4
Religionsvitenskap som fag 2 i integrert lærerutdanning (krav: 55 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion 15 4
RELDI111 Religionsdidaktikk (RLE) for grunnskolen 5 5
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam 15 5
RELDI112 Religionsdidaktikk (Religion og etikk) for videregåande skule 5 7
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV103L Hinduismen og buddhismen - Lektorutdanninga 5 4
RELV101L Innføring i religionsvitskap - lærarutdanninga - 5
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
RELV101 Innføring i religionsvitskap 15 4
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar 15 4
Masterprogram - lærerutdanning - Nordisk 300-nivå
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne 15 8
NODI302 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning 10 8
NOLISP350 Mastergradsoppgåve i nordisk 60 9-10 9
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
NOFI302 Spesialisert emne i norrøn filologi I 15 7
NOLI311 Nordisk: Litterært masteremne C 15 7
NOLI320 Nordisk: Litterært særemne 15 7
NOLI322 Nordisk: Litterært masteremne B 15 7
NOSP211 Nordisk: Språk i Norden 15 7
NOSP320 Nordisk: Språkleg særemne 15 7
NOSP322 Nordisk: Namnegransking 15 7
NOSP323 Nordisk: Språksystemet 2 15 7
NOSP308 Nordisk: Fordjuping i nordisk språk I - 7
NOLI308 Nordisk: Fordjuping i nordisk litteratur I - 7