Masterprogram i latin
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret.
Ta kontakt for informasjon.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i latin. Studiet er toårig (120 studiepoeng). Mastergraden byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande med godkjend spesialisering i latin.
Mål og innhald
Den latinske litteraturen oppstod om lag 200 f.Kr, og latin var det fremste kulturspråket i Vest-Europa gjennom antikken, mellomalderen og tidleg moderne tid. Fram mot rundt 1700 var latin det sams språket ikkje berre innan diplomati, jus og teologi, men òg innan dikting, filosofi og vitskap. På masterprogrammet i latin kan ein studere tekstar frå heile dette tidsrommet.
Studiet er normert til to år og består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Programmet har som mål å auke den generelle kunnskapen om latinsk språk, litteratur, historie og kultur:
- gjennom lesekurs som skal veljast for å komplettere det studenten har lese tidlegare (LAT301 og LAT303)
- ved å gi studenten dei kunnskapane i vitskapleg metode som trengst for å kunne skrive masteroppgåva (LAT304)
- ved å gjere han/ho meir fortruleg med den eller dei tekstane som masteroppgåva skal handle om og med den relevante forskingslitteraturen (LAT305)
- gjennom studenten si eiga utarbeiding av ei prosjektskisse som skal leggjast fram til diskusjon (LAT306)
Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet (LAT350), og skal gjerast under individuell rettleiing. Studenten skal her gjere bruk av og dokumentere sine latinske språkkunnskapar, andre relevante forkunnskapar og sitt metodiske handlag. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument, osv. frå antikken, mellomalderen eller tidleg moderne tid. Problemstellinga kan vere av språk- eller litteraturvitskapleg art eller nærme seg andre greiner av antikkvitskapen, som antikkens historie, religionshistorie, resepsjonshistorie, osv., men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.
Studenten skal delta i metode- og oppgåveseminara til faggruppa med gradvis auka krav til aktiv medverknad, og vere med på dei forskarkursa som blir arrangerte over relevante tema og metodar.
Fagleg profil
Masterprogrammet i latin studerer tekstar frå alle periodar - antikken, mellomalderen og tidleg moderne tid (nylatin). Faggruppa underviser og rettleier i klassisk latin og nylatin, mens fakultetet sitt Senter for mellomalderstudiar (CMS) tek seg av mellomalderlatinen.
Oppbygging av studiet
Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:
1. semester:
LAT301- Latin tekstpensum 15 sp
LAT303- Valemne 15 sp
2. semester:
LAT304- Metodekurs 10 sp
LAT305- Særpensum 10 sp
LAT306- Prosjektførebuing 10 sp
3. og 4. semester:
LAT350- Masteroppgåve 60 sp
sp= studiepoeng
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal vise at du kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, at du er fortruleg med vitskapleg metode, og at du meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. frå den antikke mellomalderen eller tidleg moderne tid. Problemstillinga kan vere av språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg art (eller nærme seg religionshistorie, resepsjonshistorie osv.), men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.
Metode
Filologiske studiar av tekstar på originalspråket er sjølve grunnlaget. Det kan gjelde litterære eller faglitterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. Men ettersom dei problema som masteroppgåva er konsentrert om kan vere av språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk (osv.) karakter, blir også andre metodar relevante.
Oppstart
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret.
Ta kontakt for informasjon.
Opptakskrav
Studiet byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i latin på minst 90 sp. Viss kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 sp i spesialisering/fordjuping, kan dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i latin på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i latin, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars (for opptak til hausten), eller 1. oktober (for eventuelt suppleringsopptak til våren). Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:
http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Poenggrense ved siste opptak
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.
Delstudium i utlandet
Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.
Nærare informasjon hos studierettleiar.
Meir infomasjon
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95
Omfang
120 studiepoeng
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
Den latinske litteraturen oppstod om lag 200 f.Kr, og latin var det fremste kulturspråket i Vest-Europa gjennom antikken, mellomalderen og tidleg moderne tid. Fram mot rundt 1700 var latin det sams språket ikkje berre innan diplomati, jus og teologi, men òg innan dikting, filosofi og vitskap. På masterprogrammet i latin kan ein studere tekstar frå heile dette tidsrommet.
Studiet er normert til to år og består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Programmet har som mål å auke den generelle kunnskapen om latinsk språk, litteratur, historie og kultur:
- gjennom lesekurs som skal veljast for å komplettere det studenten har lese tidlegare (LAT301 og LAT303)
- ved å gi studenten dei kunnskapane i vitskapleg metode som trengst for å kunne skrive masteroppgåva (LAT304)
- ved å gjere han/ho meir fortruleg med den eller dei tekstane som masteroppgåva skal handle om og med den relevante forskingslitteraturen (LAT305)
- gjennom studenten si eiga utarbeiding av ei prosjektskisse som skal leggjast fram til diskusjon (LAT306)
Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet (LAT350), og skal gjerast under individuell rettleiing. Studenten skal her gjere bruk av og dokumentere sine latinske språkkunnskapar, andre relevante forkunnskapar og sitt metodiske handlag. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument, osv. frå antikken, mellomalderen eller tidleg moderne tid. Problemstellinga kan vere av språk- eller litteraturvitskapleg art eller nærme seg andre greiner av antikkvitskapen, som antikkens historie, religionshistorie, resepsjonshistorie, osv., men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.
Studenten skal delta i metode- og oppgåveseminara til faggruppa med gradvis auka krav til aktiv medverknad, og vere med på dei forskarkursa som blir arrangerte over relevante tema og metodar.
Læringsutbyte/resultat
Ein kandidat med mastergrad i latin frå Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen skal kunne:
- ha brei, generell kunnskap innanfor latinsk språk, litteratur, historie og kultur
- ha djuptgåande kunnskap innan sitt spesialfelt (masteroppgåva)
- ha grunnleggjande kunnskap om vitskapleg teori, metode og etikk
- stille seg kritisk til eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar på fagområdet
- bruke aktuelle metodar til sjølvstendig forsking
- nytte akademisk kunnskap og relevante forskingsresultat på ein kritisk måte
- nytte eigen kunnskap på nye område innanfor fagfeltet
- tileigne seg nye kunnskapar og nytte dei på fagområdet
- kunne kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor fagfeltet
Opptakskrav
Studiet byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i latin på minst 90 sp. Viss kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 sp i spesialisering/fordjuping, kan dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i latin på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i latin, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars (for opptak til hausten), eller 1. oktober (for eventuelt suppleringsopptak til våren). Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Obligatoriske emne / spesialisering
Desse emna er obligatoriske:
LAT301 Latin tekstpensum I (15 sp)
LAT304 Metodekurs (10sp)
LAT305 Særpensum (10sp)
LAT306 Prosjektførebuing (10sp)
LAT350 Latin mastergradsoppgåve (60sp)
Tilrådde valemne
Eitt av desse emna kan veljast:
LAT303 Valemne (15sp)
LITTEHF (15 sp)
LINGMET (15 sp)
GRE101 Gresk elementærkurs (15 sp)
Omfang masteroppgåva
Mastergradsoppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider.
Rekkefølje for emne i studiet
Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:
1. semester:
LAT301- Latin tekstpensum (15 sp)
LAT303- Valemne (15 sp)
2. semester:
LAT304- Metodekurs (10 sp)
LAT305- Særpensum (10 sp)
LAT306- Prosjektførebuing (10 sp)
3. og 4. semester:
LAT350- Latin mastergradsoppgåve (60 sp)
Krav til progresjon i studiet
Normalprogresjon er 30 studiepoeng i semesteret.
Delstudium i utlandet
Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.
Nærare informasjon hos studierettleiar.
Undervisningsmetodar
Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Kompetanse for vidare studium
Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i latin. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.
Yrkesvegar
Latinstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Fagansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
Adminstrativ ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i latin - kursdel (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Masterprogram i latin - kursdel- obligatorisk emner (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| LAT301 | Latin tekstpensum I (masternivå) | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| LAT304 | Latin: Metodekurs (masternivå) | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LAT305 | Latin: Særpensum (masternivå) | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| LAT306 | Latin: Prosjektførebuing | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LAT303 | Latin valemne (masternivå) | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| LITTEHF | Litteraturteori - fellesemne | - | 1-4 | 1 | ||||||||
| LINGMET | Metodeemne for språklege mastergradar | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| GRE101 | Gresk elementærkurs | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Masterprogram i latin - oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| LAT350 | Latin mastergradsoppgåve | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i latin | - | - | ||||||||||