Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i lingvistikk

  • Lengde2 år
  • Studieplassar5
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov.
  • StudiestartHøst/Vår
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i lingvistikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng). Mastergraden byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande med godkjend spesialisering i allmenn lingvistikk.

Mål og innhald

Lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.

Masterprogrammet i lingvistikk gir utdjupande innsikt i moderne grammatisk og semantisk teori, psykolingvistikk, vitskapsteori og induktive, kvantitative og datamaskinelle metodar.

Fagleg profil

Dei sentrale kompetanseområda ved faggruppa er teoriar og metodar for utforsking av grammatikk, fonologi og semantikk, psykolingvistikk (empiriske studiar av korleis mennesket lærer og bruker språk), terminologi og fagspråk, og språkvitskapens vitskapsfilosofi.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Nårt programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten...

  • har avansert kunnskap innanfor lingvistikk og spesialisert innsikt i eit avgrensa område, til dømes moderne grammatisk og semantisk teori
  • har inngåande kunnskap om lingvistisk teori, vitskapsteori og lingvistiske metodar
  • kan nytte kunnskap på nye område innanfor lingvistikk
  • kan analysere lingvistiske problemstillingar med utgangspunkt i lingvistikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement
  • kan analysere eksisterande teorier, metodar og fortolkinger innanfor lingvistikken og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan bruke relevante metodar for lingvistisk forsking, til dømes korpus- og feltmetodar, og utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke datamaskinelle og kvantitative forskingsmetodar, til dømes statistikk, maskinlæring og programmering.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • kan analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar som er relevante i lingvistikken
  • kan nytte dei lingvistiske kunnskapane og ferdighetene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar lingvistiske uttrykksformer
  • kan kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til ålmenta
  • kan bidra til lingvistisk nytenking og i relevante innovasjonsprosessar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Korleis søke

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-hf for meir om opptakskrav.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad Språkvitskap. Det blir sterkt tilrådd at studenten har minst 60 studiepoeng frå eit språkfag i bachelorgraden. Ein føreset at studenten har ein slik grad av innsyn i norsk, engelsk og minst eitt anna språk at han/ho kan arbeide med døme frå desse språka.

Viss kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i lingvistikk på anna grunnlag enn det som er oppgitt må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars (for opptak til hausten), eller 1. oktober (for eventuelt suppleringsopptak til våren). Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Oppbygging

Masterprogram i lingvistikk (krav 120 SP)
Masterprogram i lingvistikk - kursdel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
LING310Datalingvistiske modellar og bruksområde151–41
LINGMETVitskapsteori og metode for språklege mastergrader151–42
DASP309Avansert statistisk metode101–42
DASP307Språkvitenskapleg skriving for master- og PhD-studenter51–42
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
LING305Lingvistikk: Moderne grammatisk og semantisk teori151–41
LING306Eksperimentell psykolingvistikk151–41
Masterprogram i lingvistikk - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingsavtale for masterstudentar i lingvistikk
Masterprogram i lingvistikk - oppgåvedel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
LING350Lingvistikk mastergradsoppgåve601–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?
More information