Hjem

Allmenn litteraturvitskap, master, 2 år

På masterstudiet i litteraturvitskap får du styrka evna til kritisk å analysere alle slags tekstar, både skjønnlitterære og faglitterære. Samfunnet treng denne kompetansen mellom anna for å ta vare på den litterære kulturarven, og for å halde i hevd den kritiske lesinga av alle typar tekstar.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Som masterstudent i allmenn litteraturvitskap får du ei omfattande innsikt i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar. Du lærer litteraturvitskaplege metodar knytt til fleire sjangrar, som dramatikk, lyrikk, roman og essayistikk. 

Du arbeider med litteratur og litteraturteori historisk, analytisk og komparativt. I masteroppgåva får du òg god tid til å gå i djupna på eit tema du interesserer deg for.   

Du vil kunne svare på spørsmål som:   

  • Kan vi bruke litterær analyse til å forstå alle typar tekstar?   
  • Kva er litteraturen si oppgåve i samfunnet?   
  • Kva skil det litterære språket frå andre måtar å bruke språket på?   

Med ein mastergrad i allmenn litteraturvitskap har du:   

  • inngåande akademisk kunnskap innanfor litteraturvitskap og litteraturformidling 
  • evne til å analysere problemstillingar med utgangspunkt i litteraturvitskapens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet 
  • innsikt i faget sitt nedslagsfelt ved universiteta og høgskulane, og ved kulturinstitusjonar som museum eller bibliotek, forlag, presse og i media generelt  

Studiekvardag 

Som masterstudent i litteraturvitskap er du midt i det litterære feltet og den litterære kulturen. Du blir del av eit godt læringsmiljø med andre entusiastiske studentar. Du møter engasjerte fagfolk som driv  forsking, formidling og litteraturkritikk i den norske litterære offentlegheita og får gjerne kontakt med det rike litterære livet i byen, som forfattarar, Skrivekunstakademiet, Litteraturhuset og Bergen Offentlege Bibliotek.  

Programmet har undervisning i form av forelesingar og seminar, cirka sju timar kvar veke. I tillegg blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei rettleia masteroppgåve. 

Om du skriv masteroppgåve om eit tema knytt til ei aktiv forskargruppe, vil du kunne delta der. Dette er spesielt aktuelt for deg som har forskingsambisjonar. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.  

Kva kan du jobbe som? 

Utdanninga gir grunnlag for å arbeide innan skoleverket, forlagsbransjen, media/kommunikasjon og alle former for kulturformidling.   

Framtidige arbeidsgjevarar vil sette pris på at du kan:  

  • skrive og formidle eit sjølvstendig akademisk arbeid både i og utanfor fagmiljøet, i eit presist språk   
  • tole å få og gi konstruktiv kritikk, og å sjå utviklingspotensialet og vurdere kvaliteten av eigne og andre sine skriftlege arbeid   
  • tenke analytisk og kritisk på måtar som kan bidra til nye perspektiv overalt der ein les og skriv tekst   

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet i litteraturvitskap er eit toårig studium som startar i august.     

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:  

1. semester 

2. semester

 3. og 4. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er lagt opp til at du kan reise på utveksling i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Studierettleiar hjelper deg med å planlegge utvekslinga. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Mastergrad kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-program. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar.lle@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les studieplanen her

Søk her