Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i etnomusikologi og musikkvitskap

Oppstart

Det tas for tiden ikke opp studenter på dette programmet.

Mål og innhald

Etnomusikologien og musikkvitskapen kan i stort forståast som eit felt og vil i det følgjande blir kalla musikologi. Studiet er primært knytt til forståingar av musikk i og som kultur. Faget er interdisiplinært og byggjer på teoriar og metodar frå musikkvitskap og etnomusikologi, men i tillegg også populærmusikkstudiar, litteratur- og kulturstudiar, medieforsking, historie, etnologi, antropologi, sosiologi, og andre tilgrensande fagelt og disiplinar. Med andre ord anvend forskarar eit breitt spekter av teoretiske tilnærmingar og forskingsmetodar henta frå humaniora og samfunnsvitskapen. Sentralt i studiet står kunnskap om musikk og elles musikkforståing som er relatert til kulturteori.

Faget har ein internasjonal profil med spesialisering innanfor ulike område og sjangrar. Masterstudiet er slik sett ikkje avgrensa til nokon bestemt sjanger, historisk periode, eller geografisk område. Derfor kan tema for mastergradsarbeidet finnast innan alt frå ulike former for folkemusikk, world music og klassisk musikk til populærmusikk eller jazz, eller det kan dreia seg om musikalsk tradisjonsoverføring, musikalske institusjonar og ritual (studiet at det me kallar musikalsk praksis). Musikologien har dei siste 25 åra arbeidd med studiet av lyduttrykk i vid forstand, i ei verd der samspelet mellom det "lokale" og "globale" ikkje lenger er fastlagt på eintydig vis. Musikken si rolle i historia og kulturell kontekst er ikkje eintydig og opnar difor for studiar på tvers av etablerte posisjonar. I denne samanhengen står studiet av musikalsk produksjon og den sosiale og estetiske rolla som musikken spelar i konstruksjon av sosiale identitetar - i kultur, historie og samfunn - sentralt. Ulike dimensjonar som kjønn og seksualitet, rase og etnisitet, sosial tilhørighet og klasse er nokre av dei fenomena musikologien diskuterer knytt til ulike historiske periodar og ulike samfunn. Mange forskarar arbeider med den måten musikken sirkulerer på i det moderne mediesamfunnet. På dette området nærmar musikologien seg fagområde som medievitskap og cultural studies.

Meir infomasjon

studierettleiar@grieg.uib.no

Søknadsprosedyre

Programmet har ikkje opptak i 2010.

Programansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk.

Administrativt ansvarleg

studieveileder@grieg.uib.no

Planforslag

Masterstudiet i Etnomusikologi og musikkvitskap består av dei obligatoriske emna

- Musikkforsking 301: Kulturelle og sosiale tilnærmingar (15 studiepoeng)

- Musikkforsking 302: Fordjupingsemne (15 studiepoeng)

- Musikkforsking 303: Metodologiske tilnærmingar (15 studiepoeng) (medrekna prosjektskisse for masteroppgåva)

- valfritt emne (15 studiepoeng), og

- Masteroppgåva (60 studiepoeng).

Masterstudiet er tilrettelagt som heiltidsstudium over fire semester. Opptak av nye studentar skjer om sommaren. Musikkforsking 301 og 302 vert tekne i første semester. Musikkforsking 303 og valfritt emne vert tekne i andre semester. Arbeidet med masteroppgåva skjer i tredje og fjerde semester. Individuell rettleiing skjer gjennom heile studiet, sjølv om oppnemning av hovudrettleiar først skjer i andre semester, i samband med at problemstilling og tema for masteroppgåva vert endeleg utforma.

MAHF-MUEMV/Masterprogram i etnomusikologi og musikkvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for masterstudenter - -
Masterprogram i etnomusikologi og musikkvitenskap (krav: 105 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MUEM350 Mastergradsoppgåve 60 1-4 3
MUEM303 Musikkforsking 303: Metodologiske tilnærmingar 15 1-6 2
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
MUEM304 Komparative musikkstudier 15 1-6 2
Valfritt
SP S A
Veiledningsavtale for masterstudenter - -
Valgemne (krav: 15 SP)