Hjem

Utøvande musikk eller komposisjon, master, 2 år

Masterstudiet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar innan sjangrane klassisk, jazz og tradisjonsmusikk. Studiet legg vekt på å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil og styrke evna til fagleg refleksjon og sjølvstende.
  • Lengde2 År
  • Plassar12
  • KarakterkravMinimum C
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

  • å analysere og drøfte musikkfaglege problemstillingar med utgangspunkt i musikken si historie, tradisjonar, stil og estetikk, og musikken sin funksjon i kultur og samfunn 
  • å analysere og ta kritisk stilling til materiale frå kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og bruke dette i eige arbeid 
  • å realisere og formidle eigne kunstnariske intensjonar med ein tydeleg personleg profil 
  • å bruke kunnskap til å utvide eigne musikalske perspektiv og gjennomføre sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid 
  • på ein kritisk og reflektert måte å artikulere og drøfte musikkfaglege spørsmål, både innanfor fagmiljøet og i kontakt med publikum 
  • å vise sjølvstende i møte med krevjande kunstnariske utfordringar, og ved å initiere, gjennomføre og leie ulike prosjekt 
  • å bidra til utvikling og fornying i musikklivet og musikkbransjen 
  • å ha innsikt i etiske problemstillingar knytt til kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og arbeide i tråd med gjeldande etiske normer 

Studiekvardag

Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid. Undervisninga elles er felles. 

Masterstudiet har eit internasjonalt studentmiljø og brukar engelsk som kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga. I tillegg til undervisning frå eit høgt kvalifisert fagpersonale inviterer programmet nasjonale og internasjonale gjester til å halde seminar og meisterklassar. 

Fagpersonalet ved Griegakademiet er internasjonalt aktive utøvarar, komponistar og forskarar. Det er mange ulike spesialiseringar i fagmiljøet, blant anna historisk oppføringspraksis, lied-interpretasjon, opera, kammermusikk, norsk musikk og samtidsmusikk. 

Kva kan du jobbe som? 

Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist , orkestermusikar, lærar ved universitet/høgskole, i vidaregående skole og i kulturskolen. Ein kvalifiserer seg også for arbeid i det frivillige musikklivet og ved ulike kulturinstitusjonar. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen for studiestart høsten 2024 er 15. desember 2023. Du kan søke fra 1.november 2023. 

Les om opptakskrav og søk opptak til master i utøvende musikk eller komposisjon her: søk opptak 

Studiets oppbygging  

Masterprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Emnekoden i parentes.   

1.semester (haust): 

  • Prosjektarbeid I, Innføring I arbeidsmetodar (MUV301, 15 studiepoeng) 
  • Konsertframføring I (MUV310, 15 stp) eller Spesialemne I for komponistar (MUV316, 15 stp) 

2.semester (vår): 

  • Prosjektarbeid II ( MUV302, 15 stp) 
  • Konsertframføring II (MUV310, 15 stp) eller Spesialemne for komponistar II (MUV316, 15 stp) 

3. og 4. semester (haust og vår): 

  • same emnefor utøvarar og komponistar: Masterprosjekt (MUV351, 20 stp) 
  • Mastereksamen I utøving eller komposisjon (MUV352, 40 stp)  

Utveksling

Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald (normalt i 3. semester) ved ein utanlandsk institusjon. 

Les om utveksling her 

Spørsmål om studiet? 

E-post: studieveileder@kmd.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Studieplan Utøvande musikk eller komposisjon, master

 

Les mer om studiet på sidene til Institutt for kunst, musikk og design