Hjem

Utdanning

Master

Masterprogram i norrøn filologi

  • Lengde2 år
  • Studieplassar5
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i norrøn filologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Programmet byggjer på bachelorgrad med spesialisering i norrøn filologi, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.

Mål og innhald

Masterstudiet i norrøn filologi er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Masterprogrammet i norrøn filologi skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Studiet har som mål å formidle vitskapleg teori og metode og historia til faget, og dei studerande skal under studiet utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldemateriale og vitskaplege framstillingar. Masterstudiet i norrøn filologi kan danne grunnlag for ei vidare forskarutdanning (ph.d.); dette krev gjennomgåande gode prestasjonar på studiet.

Studiet er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne - t.d. diakrone eller synkrone språklege emne, islandske soger, norrøn mytologi og religion eller nordisk faglitteratur i mellomalderen og tidleg moderne tid. Samtidig skal studiet gjennomførast innanfor eit breitt og interdisiplinært fagspektrum, t.d. i samband med studiar i mellomalderlatin. Studiet skal gje kandidatane grunnlag for å halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand.

Masterprogrammet i norrøn filologi skil seg ut ved stor breidd i forskingsemna og individuell tilpassing av studiet i samråd med rettleiar.

Fagleg profil

Utover undervisningstilbodet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium kan det i nokre tilfelle vere plass for masterstudentar på dei nasjonale forskarkursa som mellomaldermiljøa i Bergen, Oslo og Trondheim samarbeider om å arrangere.

Studiestart - semester

Haust/ vår

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- har solid kunnskap om historia til den norrøne litteraturen og dei systematiske hovudområda i den norrøne filologien

- har djuptgåande kunnskapar innanfor eige spesialfelt (masteroppgåva)

- har omfattande og god kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar

- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i norrønfilologien

- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor fagområdet

- har grunnleggjande kjennskap til forskings- og yrkesetiske spørsmål innanfor filologi og mellomalderforsking

Dugleikar/Ferdigheiter

Kandidaten

- kan planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing

- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking innanfor fagområda i den norrøne filologien

- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer

- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei

- kan formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av den norrøne filologien, både språklege og litterære emne; kan undervise og rettleie elevar, studentar og andre

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege emne, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Utveksling

Delstudium i utlandet

Masterstudentar i norrøn filologi kan etter søknad få innpassa studiepoeng på masternivå frå andre norske eller utanlandske lærestader. Det mest opplagde er eit opphald i utlandet i det andre og/eller tredje semesteret; studentane kan nytta seg av Erasmus- og andre utvekslingsavtaler mellom UiB og utanlandske universitet. Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utvekslinga blir gjennomført.

Korleis søke

Opptakskrav

Masterstudiet er adgangsregulert.

Masterstudiet i norrøn filologi byggjer på oppnådd bachelorgrad med spesialisering i norrøn filologi, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar. Kandidatar må ha karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa. Studentar som har oppnådd bachelorgraden med ein annan studiebakgrunn, kan ta kontakt og søkje om særskilt opptak på mastergraden i norrøn filologi.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet

Studiestart - semester

Haust/ vår

Oppbygging

Masterprogram i norrøn filologi (krav 120 SP)
Masterprogram i norrøn filologi - kursdel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
NOFI300Norrøn filologi spesialisert emne I151–41
NOFI302Norrøn filologi spesialisert emne II151–42
NOFI303Norrøn filologi spesialisert emne III151–43
NOFI304Norrøn filologi spesialisert emne IV151–44
Masterprogram i norrøn filologi - veiledningskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingsavtale for masterstudentar i norrøn filologi
Masterprogram i norrøn filologi - oppgåvedel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
NOFI350Norrøn filologi masteroppgåve601–41
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

hf-norron.jpg

nærbilde av element på tavle fra norrøn tid

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?
More information