Masterprogram i region og regionalisering
Programmet tilbys av
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i region og regionalisering. Studiet er toårig (120 sp).
Mål og innhald
Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit auka behov for kompetanse i offentleg forvaltning, hos planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Programmet er profilert mot desse felta.
Dei som tek avgjerder i næringsliv og offentleg forvaltning vil i framtida stå ovanfor store omstillingsoppgåver når det gjeld utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Masterprogrammet skal utdanne kandidatar som er kvalifiserte for å utføre desse oppgåvene.
Masterprogrammet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Det juridiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det humanistiske fakultet. Programmet tek sikte på å utdanne kandidatar som har innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei, korleis dei fungerer og korleis dei utviklar seg. Kandidatane vil også få grunnleggande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil få kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna.
Programmet tilbyr ei tverrfagleg innføring i temaet region og regionalisering. Gjennom studiet får studentane breiare kompetanse og kunnskapsbase om regional utvikling, landskap, natur- og kulturmiljøforvaltning.
Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt. Den europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2004, og verdsarvlista over natur- og kulturmiljø er eksempel på viktige dokument som stiller nye krav til heilskapstenking og eit overordna kunnskapsperspektiv og viktige samfunnsfelt. Dette er sentrale tema i regionale prosessar verda over og representerer nye politiske utfordringar, anten det handlar om næringsutvikling og turisme eller om forvaltning av samfunnet sine økologiske og historiske miljøverdiar.
Fagleg profil
Programmet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Det humanistiske fakultet, Det juridiske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultet. Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt.
Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande. Opptaksgrunnlaget vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april.
Delstudium i utlandet
Programmet opnar for studiar i utlandet i følgje ordningar ved det faget studenten skriv masteroppgåve i.
Meir infomasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i region og regionalisering.
Vitnemål vert skrive ut av Det humanistiske fakultet.
Studiet er toårig (120 sp).
Undervisningsspråk
Til vanleg norsk
Mål og innhald
Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit auka behov for kompetanse i offentleg forvaltning, hos planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Programmet er profilert mot desse felta.
Dei som tek avgjerder i næringsliv og offentleg forvaltning vil i framtida stå ovanfor store omstillingsoppgåver når det gjeld utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Masterprogrammet skal utdanne kandidatar som er kvalifiserte for å utføre desse oppgåvene.
Masterprogrammet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Det juridiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det humanistiske fakultet. Programmet tek sikte på å utdanne kandidatar som har innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei, korleis dei fungerer og korleis dei utviklar seg. Kandidatane vil også få grunnleggande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil få kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna.
Programmet tilbyr ei tverrfagleg innføring i temaet region og regionalisering. Gjennom studiet får studentane breiare kompetanse og kunnskapsbase om regional utvikling, landskap, natur- og kulturmiljøforvaltning.
Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt. Den europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2004, og verdsarvlista over natur- og kulturmiljø er eksempel på viktige dokument som stiller nye krav til heilskapstenking og eit overordna kunnskapsperspektiv og viktige samfunnsfelt. Dette er sentrale tema i regionale prosessar verda over og representerer nye politiske utfordringar, anten det handlar om næringsutvikling og turisme eller om forvaltning av samfunnet sine økologiske og historiske miljøverdiar.
Læringsutbyte/resultat
Studiet skal gje studentane ein tverrfagleg basis og dyktiggjere dei innanfor region og regionaliseringsprosessar. På den eine sida skal dei tileigne seg kunnskap om relevante teoriar, modellar for forståing, og metode. På den andre sida skal dei oppnå tverrfaglege ferdigheiter i å gjere bruk av denne kunnskapen i eigen praksis.
Studentar som tek masterprogrammet vil få grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter i å gjennomføre eit forskingsprosjekt. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal dei få erfaring med, og utvikle ei forståing for kva regionar og regionalisering har hatt å seie historisk og kva regionar tyder i dag, gjennom å planlegge og å gjennomføre eit forskingsretta prosjekt. Studentane skal meistre å sjå regionar som prosessar og dei skal ha kjennskap og evne teoretisering omkring variasjon i region og regionaliseringsprosessar.
Dei skal også få styrkje evna til heilskapleg vurdering av komplekse sakstilhøve og styrkje si kritiske tenking i høve til politiske prosessar og økonomiske interesser innom eit regionperspektiv.
Etter at dei obligatoriske kursa er gjennomførde skal studenten:
- kunne analysere, drøfte og definere regionar og ha kjennskap til regional utvikling og omstillingsteoriar for menneske, stader og regionar.
- danna seg forståing for både natur-og kulturmiljø og dessutan historiske endringar i regionar.
- ha kunnskap om forvaltningslæra og korleis denne gjer seg gjeldande i regionar i forhold til større einingar slik som stat, og større område opp mot globale einingar.
Studenten skal kunne gjere greie for forhold i regionar i eit geografisk, natur- og kulturhistorisk og juridisk perspektiv, noko som er viktig for handsaming av regionale spørsmål i politiske og økonomiske avgjerdsorgan og i forvaltningssaker.
Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande. Opptaksgrunnlaget vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Obligatoriske emne / spesialisering
Det første semesteret omfattar undervisning i REG302 Natur-og kulturmiljøforvaltning, REG303 Forvaltningsrett og REG311 Prosjektskildring. Denne undervisninga er felles for alle som er tatt opp på programmet.
I andre semester vil det undervisast i emnet GEO324 Føretaksstrategiar, næringstruktur og regional utvikling som også inngår i alle desse emna.
Studentane skal i dette semesteret også fordjupe seg vidare. Her kan dei ta spesialiserte emne som er relevante for programmet. Kursa er sett saman på grunnlag av eksisterande kurstilbod frå dei institutta som har fagleg tilknyting til dei ulike tema.
Innpassing av emne som vert tatt ved andre lærestader, må godkjennast av programstyret.
Tilrådde valemne
I samråd med rettleiar.
Omfang masteroppgåva
REG350 masteroppgåve (60 stp), haust / vår. Omfanget på oppgåva skal vere på om lag 70-110 sider.
Rekkefølje for emne i studiet
REG311 - Prosjektskildring (10stp), haust
REG302 - Natur og kulturmiljøforvaltning (10 stp), haust
REG303 - Forvaltningsrett (10 stp), haust
GEO324 - Føretaksstrategiar, næringsstruktur og regional utvikling (10 stp), vår
Kurs frå eige fagområde (20 stp), vår
Krav til progresjon i studiet
Gjennomføringa av studiet byggjer på føresetnader for normal studieprogresjon.
Før studenten leverer masteroppgåva, må alle emne i kursdelen vere greidde. Sjå emneplanane for nærare opplysingar.
Studiestader
Ansvaret for GEO324 ligg ved SV-fakultetet, Institutt for geografi.
Det administrative ansvaret for REG311 og REG302 ligg ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Undervisninga vert delt mellom fleire fag på Det humanistiske fakultet (arkeologi, kulturvitskap, historie og nordisk) og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (Institutt for geovitskap, Geofysisk institutt og Institutt for biologi).
REG303 Forvaltningsrett høyrer fagleg sett inn under Det juridiske fakultet.
Delstudium i utlandet
Programmet opnar for studiar i utlandet i følgje ordningar ved det faget studenten skriv masteroppgåve i.
Undervisningsmetodar
Undervisninga inneheld forelesingar, seminar, sjølvstudium, og skriftlege og munnlege studentpresentasjonar.
Undervisning og rettleiing vert normalt utført av tilsette ved Universitetet i Bergen, men det kan også vere aktuelt å trekkje inn undervisningskrefter frå andre institusjonar.
Rettleiingskontrakt skal lagast i samråd med rettleiars institutt og avtalen skal godkjennast av instituttet (AHKR).
Vurderingsformer
I programmet nyttast ulike vurderingsformer, sjå dei ulike emneplanane.
Karakterskala
Studieprogrammet bruker skalaen A-F ved graderte vurderingar og "greidd/ikkje greidd" ved ikkje-graderte vurderingar.
Yrkesvegar
Kandidatane kan kvalifisera seg for å gå inn i ei rekkje ulike stillingar innanfor offentleg og privat verksemd, mellom anna oppgåver innan næringsutvikling, planlegging og natur-og kulturmiljøforvaltning.
Mulige sektorar kan òg vere offentleg forvaltning på alle nivå, særleg innanfor arealplanlegging og kultur-og naturforvaltning, og dessutan mediebedrift, opplevingsindustri og turisme. Faget er også aktuelt som vidare spesialisering for journalistar og innanfor andre medieorienterte yrke.
Evaluering
Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrings¬system.
Fagansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Programstyret for Masterprogrammet i region og regionalisering.
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet .
Adminstrativ ansvarleg
studierettleiar@ahkr.uib.no.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Obligatoriske emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| GEO324 | Firm Strategies, Governance and Regional Development | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| REG302 | Natur og kulturmiljøforvaltning | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| REG303 | Forvaltningsrett | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| REG311 | Prosjektskildring | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| Valgemner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Masteroppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| REG350 | Region og regionalisering, mastergradsoppgåve | 60 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| REG350AHKR60 | Region og regionalisering, mastergradsoppgåve | 60 | 3-4 | 3 | ||||||||
| REG350GEO60 | Region og regionalisering, mastergradsoppgåve | 60 | 3-4 | 3 | ||||||||